Sensasjonsoppslag, sanseleg sjeldsynt sinnrik skottbenk – på Västagården i Lima i Sverige

Västagården i Lima er Limas Hembygdsgård og består av ei flott samling av hus som opphavleg var bygd på garden frå 1780-talet og framover. Det er supplert med fleire eldre hus, dei eldste frå 1500-talet. Det er ei svært rik samling av gjenstandar på gården som ligg vakkert til med utsikt over dalgangen til Västerdalaälven. Foto: Roald Renmælmo
Västagården i Lima er Limas Hembygdsgård og består av ei flott samling av hus som opphavleg var bygd på garden frå 1780-talet og framover. Det er supplert med fleire eldre hus, dei eldste frå 1500-talet. Det er ei svært rik samling av gjenstandar på gården som ligg vakkert til med utsikt over dalgangen til Västerdalaälven. Desse flotte bygningane kan by på mange «uoppdaga» skatter for oss som leiter etter verktøy og gamle reiskapar. Siv Holmin og Mattias Helje gløttar inn i rommet på leiting etter skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

Etterkvart byrjar vi å få kjennskap til skottbenkar og tradisjonen kring bruken av desse frå dei fleste områda i Noreg. Våre kolleger i Sverige har ikkje vore like heldige i sine søk etter skottbenkar og kjelder. Vi har presentert nokre bilete og nokre skriftlege kjelder her på bloggen tidlegare. Det har vore skrive om strykbänk, fogbänk og fogbock. Det er heilt klart at slike benkar må ha vore utbreidde også i Sverige. Det har så langt ikkje vore nokon som har klart å oppdrive ein gamal original slik benk i Sverige. Difor var eg veldig spent då eg fekk vere med Mattias Helje til Västagården, Hembygdsgården i Lima, for å sjå på noko som han trudde var ein skottbenk. Vi fekk med oss Mattias Thuresson frå Lima Hembygdsförening til å låse oss inn og finne fram til huset der benken stod lagra. Og ganske riktig, der stod ein flott gamal skottbenk som Hembygdsforeninga har samla inn og tatt vare på.

Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Dette kan vere fyste steg på vegen for å gjere skottbenkrørsla til eit samnordisk prosjekt. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenk på Västagården

Skottbenken har kome frå ein lokal båtbyggar og snikkar som heitte Nisslars Per Persson (1809 -1886). Han heldt til på Mojanisgården i Husom, ei grend (by på svensk) på andre sida av Västerdalaälven for Västagården. Det har vore ei oppfatning om at benken har hatt samband med båtbygging og såleis var han utstilt saman med nokre av Limabåtane på Västagården. Det var fyst etter at Mattias Helje var på seminar i høvelmaking og bruk av skottbenk i Trondheim han forstod at benken måtte vere ein skottbenk.

Skottbenken er bygd opp på tilsvarande måte som mange av dei norske benkane. To bukkar som har eit fast langbord og eitt laust som vert spent saman med kilar. Langborda er 5,15 meter lang og benken har arbeidshøgd på 29
Skottbenken er bygd opp på tilsvarande måte som mange av dei norske benkane. To bukkar som har eit fast langbord og eitt laust som vert spent saman med kilar. Langborda er 5,15 meter lang og benken har arbeidshøgd på 29″, ca 76 cm. Foto: Roald Renmælmo

På Västagården er det samla svært mykje spennande av gamle reiskapar. Det kan nok ha samband med at området er rikt på handverk og tradisjonar og at Lima Hembygdsförening  vart danna så tidleg som i 1909 og har arbeidd aktivt for å samle inn og ta vare på hus og gjenstandar. Det har også vore gjort mykje viktig innsamlingsarbeid av tradisjonsstoff i dette området, arbeidet til Niss Hjalmar M Mattson (1905 – 1973) må særleg nemnast. Han samla inn store mengder tradisjonsstoff om handverk i bygdene i Västerdalarna. For Lima sin del er det særleg smihandverk og båtbygging han har fokusert på. Eg ville likevel ikkje bli overraska om det finnast noko om tradisjonen knytt til skottbenken i materialet etter Niss Hjalmar. Arbeidet som blir gjort, og har vore gjort av dei mange Hembygdsforeiningane i Sverige er ganske formidabelt. I dag er det kring 1400 hembygdsgårdar rundt om i Sverige.  Eg er sikker på at det må finnast skottbenkar på fleire av desse hembygdgårdane. Her er det ein jobb å gjere for våre svenske vener. Kanskje ei mobilisering gjennom Sveriges Hembygdsförbund kunne vere noko? Vi snakkar om 2000 hembygdsforeninger i heile landet så her er det eit potensiale.

Det er lokalisert fleire originale skottbenkar i Lima. Vi kjenner til ein benk i privat eige, men som ikkje er dokumentert for å kome på bloggen enda. I tillegg kjende Mattias Helje til at det fram til nyleg hadde vore ein skottbenk på ein gard i som hadde vore utsett for litt for hard «rydding». Det resulterte i at skottbenken dessverre vart borte, truleg vart han brent. At det i eit relativt lite område i Sverige er oppdaga så mykje som tre skottbenkar er ganske fantastisk. Det gjer meg overtydd om at vi har store mørketal når det gjeld skottbenkar i Sverige.

Galleri av skottbenken på Västagården

Klikk på eit av bileta for visningsmodus og naviger mellom bileta med piltaster.

Skottbenken ser ut til å ha furu i alle delar av tre. Bukkane er truleg berre hogd til med øks. Langborda og drevsponene er saga på oppgangssag, men vi kan ikkje sikkert utelukke handsag. Den store avstanden mellom langborda gjer det mogleg å sette opp benken for å høvle bord på flasken. At det har vore gjort er den flotte haken som står i benken eit prov på.

Jarnklo

Mange takk til Mattias Helje som tipsa om denne flotte benken i Lima. Eg vil også takke Mattias Thuresson som stilte opp og slapp meg inn på Västagården. Har du tips om skottbenkar i Noreg, Sverige eller i andre land så er vi veldig glade for å motta tips om dette. Her kan du tipse oss: Tips oss om skottbenk

Köl-räcku, eller «kolreke» som det ville kallast på norsk, snikra av Nisslars Per Persson. Desse var brukt til å skuffe smikol med i Lima. Vår mann med skottbenken bygde ikkje berre båtar men snikra også slikt som dette. Foto: Mattias Helje

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

11 tankar på “Sensasjonsoppslag, sanseleg sjeldsynt sinnrik skottbenk – på Västagården i Lima i Sverige”

  1. Vi har en båt som vi tror er en Lima-båt oppe på Trysil bygdetun. Grunnen til at jeg skriver dette er at det har vært mye kontakt mellom Ljørdalen og Lima. Ljørdalen var også kjent for sine spillemenn som bla. tok båtreisen til Lima for å spille.

    Veier og fremkomst – Ljørdals elv

    Frå tida kring 1780. Utdrag av „Beskrivelse over Trysild preestegjeld i Aggershuus stift i Norge forfattet af stedets prest Axel Christian Smith i året 1784″.

    Ljørdals elv. Denne elv holder omtrent 1/3 bredde mod Trysildelven. Den er næsten overalt strømmende og derfor så grund at den de fleste steder både kan vades og rides. Imidlertid have man dog båder i denne elv af samme skabning som de før beskrevne og hvor strømmende end Ljørdalselven rinder have dog opsidderne i denne dal både mad og færdighed til igjennem mange fosser at seile lige ud til Lima sogns kirke i Dalarne i Sverrige, og ere heller ikke bange for at skåtte tilbage, skjønt tilbagereisen sker mange gange langsommere og besværligere.

    I den hele dal, Ljørdalen, hvorigjennem Ljørdalselven rinder, findes kun 8 gårde og 7 opsiddere, foruten nogle få pladse; da den dog kunde — ja isandhed burde — skaffe brug og næring til snese familier. Quægavlen måtte være deres meste næring. Nu næsten hvert år bortfryser kornet i denne dal, fornemmelig på Nordre Ljørdalen og Gamle Ljørdalen. Ny-Ljørdalen som ligger længst mod sør, følgelig ikke så gandske høit op til fjelds som de andre, er ikke så aldeles udsat for dette onde. Ellers er Ljørdalen næsten på alle sider omringet af de nøgne fjelde, så at, når vi, som boe ved Trysild elv, aleene have Trysildfjeldet i dagligt øiesyn, så vise fjeldene sig for hine fra alle sider. (Nordens Alper, Kjølens rand.)

    Kanskje vi burde se om det noen skottbenker her også?

    Likar

    1. Limabåtar er utbreidde også utanfor Lima. Her er det samla litt dokumentasjon om Limabåtar: https://www.youtube.com/watch?v=0lXOkbbKK0Y

      Eg har ikkje sjølv vore i Ljørdalen så eg er ikkje kjent i det området. Som du sjølv er inne på har dei tydelegvis hatt mykje kontakt med områda på svensk side der vi finn skottbenkar. Både i Våler og Elverum har det vore vanleg med skottbenkar ut frå svara på spørjelistene om Snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling. Nord for Femunden er det mange skottbenkar i bygder som Os og Tolga. Frå Os har eg sett ein skottbenk som er konstruert på akkurat same måten som den i Lima. https://skottbenk.wordpress.com/2014/12/30/norsk-skottbenk-union-i-2014/img_0360-version-2/

      Det er derfor all grunn til å tru at det skal vere fleire skottbenkar i områda der du arbeider. Du får gjere nokre søk på gardane.

      Takk for tipset om dette området.

      Likar

  2. Artig med svenskebenk fra Lima, som atpåtil har noe med en båtbygger å gjøre. Man kan jo tenke seg at en slik benk ikke har noe med båtbygging å gjøre. Min erfaring fra kyststrøk tilsier foreksempel at det bare er overkanten på ripebordet som i noen tilfeller (som på sognebåten) er «skutt på benken», dvs at den er helt strak og at skytingen foregår før bordet monteres på båten. Så etterskytes bordet litt når det er på plass i båten. I Østerdalen og Trysil står vi ovenfor en helt annen båtbyggertradisjon hvor alle bordlengene er hele, og går uskaret fra stevn til stevn. På Trysilbåten, som jeg dokumenterte for Håndverksregisteret på midten av 1990tallet, er ALLE bordene snorslått og helt strake i overkant. De fire første bordene er i tillegg strake i underkant også. Limabåten og Trysilbåten har et tett slektskap da de har fulle bordlengder og er bygget med king (kramper, og ikke saum). Jeg lurer på i hvilken grad Limabåten har strake bordkanter i overkant og at skottbenken således faktisk har noe med båtbygging å gjøre. I følge lenken til Limabåter som Roald har lagt ut ser det ut som om de øverste bordene ikke er skutt strake, men bordene lengre ned kan være rette i overkanten. Jeg har lest det som står om bordlegningen der, og det går ihvertfall klart fram at alle bordene er ferdigtilpasset i både under- og overkant før de settes fast i båten. Ellers ser jeg at skottbenken fra Lima også ser ut til å være i korteste laget for båtbord, men grei for kjølen på småbåter. Nok båtsnakk på en mandag. Nå skal jeg høvle noen lister på JarleBenken her på Folkemuseet.

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget