Strykebenkinteressa breier seg i Ryfylke

Jan Gunnar Helmikstøl har gjennom mange år vore med oss på Ryfylkemuseet på forskjellige prosjekt. Han er genuint interessert i tradisjonshandverk. Han er blant anna smed, knivmakar og tømrar. Nå har han endeleg funne høve til å få snekra seg ein strykebenk. Og han dreg med seg fleire i arbeidet. Det er ein flott miljøskapande samlingstad dei har i redskapshuset på Heia i Strand. Der alle er velkomne. Den vidare teksten og bileta har eg fått tilsendt frå Jan Gunnar.

jgh1
Jan Gunnar Helmikstøl med strykebenken frå Bråtveit i Suldal.

For fleire år sidan, då Ryfylkemuseet restaurerte den store løa i Vigatunet, Hjelmeland, fortalde Sven Hoftun om skottbenkar. Eller strykebenk som var det lokala navnet i Suldal i følge Sven. Han tipsa og om Norsk Skottbenkunion som eg har fulgt med på etter dette.

Nå er det sånn at eg treff og drøser med mange eldre folk. Og eg hadde strykebenkar longt framme i hovudet då eg traff på Ragnar Ritland. Han hadde dei første 20 åra av livet på ein veglause heiagard longt til fjells. Eg spurde sjølvsagt om han hadde høyrt om strykebenkar. Ragnar var stille ei stund, men til slutt kom det: «Strykebenk,- det har eg ståande i løå heima på Ritland. Eg va med å høvla golvbord når me la nytt golv på Raukleiv i 1960 årå«. Dette var kjekt og gjorde meg bare meir interesserte i desse benkane.

Så ein dag traff eg på Johannes Bråtveit. Han er født og har vakse opp i Bråtveit, som er ein gard på sørsidå av Suldalsvatnet. Dette er i sama området som Sven og dei har funne og registrert fleire strykebenkar. Johannes fortalde dei hadde strykebenk på garden og at dei og hadde høvlane som høyrte til.

This slideshow requires JavaScript.

Tidå har gått. Eg var på Ritland og tok bilder av benken men denne dagen var både eg og Ragnar nokså travle. Bildene blei dårlige og eg har ikkje fått målt den opp ennå. Den i Bråtveit eig svogeren min, og eg har ikkje hatt noko hast med å ta bilder og måle den opp. Dette til tross for gjentatte oppfordringar frå Sven om å gjera det.

Fortidsminneforeningen avd. Ryfylke starta opp et opplæringsprosjekt i 2018. Ei løe skulle rekonstruerast og reisast  på garden Håheller i Lysefjorden. Dette prosjektet skulle gjennomførast på same måte som dei kursa Ryfylkemuseet har arrangert mange av, og museet skulle og vere samarbeidspartnar. Eit av dei viktige prinsippa er at løa skulle produserast og reisast med same verktøy og på same måte som dei brukte dei som bygde denne i 1760-1790.

Løa i Håheller er nå reiste. Det mangler ein del ennå før den er heilt ferdig, men det nermar seg slutten. Våren 2020 skulle det arrangerast kurs i å laga labankdører og me skulle kun nytta høvlar og håndverktøy. Odd Bakka, som er ein kamerat av meg, ville vera med på dette kurset og ringte ein dag for å melda seg på. Me diskuterte korleis desse dørene sko lagast og eg kom då sjølvsagt inn på dette med strykebenkar. Det blei stilt ei stund i telefonen og så kom det: «Eg trur beint fram eg har ein slek ein benk ståande i løå på Gurograv.» (Gurograv er ein husmannsplass som høyrer til garden Odd har på Nesflaten i Suldal. Dette er og midt i området Sven og dei har funne så monge strykebenkar). Ganske rett! Etter et par timar kom der et bilde på telefonen min av ein skikkelig fine strykebenk. Nå blei Odd Bakka meir interessert i dette, og han begynte å sjå etter høvlane som høyrte til. Og jammmen dukka desse og opp.

Eg har heilt sidan eg høyrte om strykebenkar hatt lyst å laga min eigen, men det har aldri blitt noko av. Nå ville me trenga desse i arbeidet med dørene og det blei motiverande å laga dei. Me kunne låna museet sine men hadde lyst å vera sjølvhjelpne. Under arbeidet med løa i Håheller har det vore med mange forskjellige folk. Nokre få med tømrarbakgrunn, men mest folk med interesse for gammalt håndtverk.

Sommaren 2019 meldte det seg ein kar i frå Stavanger og sa han hadde lyst til å vera med i dette prosjektet i Lysefjorden. Han heite Cato Jøsang Vågen, var då 22 år og utdanna tømrar. Eg hadde merkt meg dette navnet frå før av, då Cato er svært aktiv på sidene/gruppene på Facebook som handler om tradisjonshåndtverk og gammalt verktøy. Her hadde eg lagt merke til at han hadde svært gode svar når nokon spurte om forskjellig som handla om det. Cato var med oss fleire gonger i Håheller og han viste seg å vera ein svært flinke handverkar. Kombinerar ein dette med å stå på i jobben blir slike folk fort uvurderlige for dei som har ansvar for framdrifta i et prosjekt. Cato har og hatt det travelt då han i tillegg til å vera tømrar i Stavanger tek tilleggsutdanning på Fagskolen i Hordaland på linja for klassisk bygningshåndverk og restaurering. Han visste godt kva ein skottbenk var og var lett og be då eg spurte om han ville vera med å laga kvar vår strykebenk til dette kurset. Så kunne han få sin med seg heim etterpå. Begge hadde eit mål om å søka medlemskap i Skottbenkunionen på sikt.

jgh2
Cato Jøsang Vågen ved strykebenken frå Gurograv på Nes i Suldal.
jgh4
Strykebenken frå Gurograv

Eg henta dei to strykebenkane i Suldal og var innom Ryfylkemuseet for få ei innføring i å laga labankdører kun med hjelp av håndhøvlar. Dei viste meg og strykebenken dei hadde på verkstaden og me diskuterte litt forskjellar og sånt. Ein svært nyttige tur!

Cato og eg bestemte oss for å laga benkane våre ut i frå den gamle frå Gurograv på Nes, blanda med museet sin. Me brukte restmaterialar eg hadde til overs frå då me bygde det stora redskapshuset me har som kurslokale. Dette er heimeskore på ei lita bandsag eg har. 3×5 tomms av lerk, furu og gran. Langborda måtte me skjæra te dette prosjektet. Cato hadde ikkje prøvt å saga material før. Nå fekk han saga sine egne langbord til strykebenken sin. Då me arbeidde med desse benkane kom der som vanleg andre interessert og ville vera med. Det blei nokre kjekke stunder med snekring av strykebenker. Under labankdør-kurset var dei uunnværlige. På det mesta var alle fira benkene i bruk. Både dei gamle og dei nye.

Forfattar: Sven Hoftun

Driftsleiar og snikkar hjå Ryfylkemuseet.

3 tankar på “Strykebenkinteressa breier seg i Ryfylke”

  1. Dette var ein skikkelig gladsak å få inn på bloggen, noko som lyser opp i elles så dystre tider med virus som slår ut det meste av verksemda i samfunnet. Skottbenkentusiastane rundt om i landet står på og ser til at denne delen av samfunnet fungerer som det skal. Flott jobba av Jan Gunnar Helmikstøl å finne så mange lokale strykebenkar og verktøy. Det kunne kanskje vore verdt å undersøkje litt meir kring det Ragnar Ritland kan om strykebenken og bruken av han? Det kan vere spor av ein lokal levande tradisjon der det kan dukke opp interessant tradisjonskunnskap.

    Vi får gratulere så mykje til både Jan Gunnar Helmikstøl og Cato Jøsang Vågen med kvar sin nybygde strykebenk. Dette kvalifiserer til medlemsskap i Norsk Skottbenk Union. Når de får laga litt høvlar til benkane (skottokse og okshøvel) så er dei også kvalifiserte til å bere det eksklusive arbeidsforkleet til Norsk Skottbenk Union.

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s