Nok ein skottbenk oppdaga i Telemark!

Her om dagen fekk vi inn eit rykande ferskt skottbenktips frå Bjørn Strander som er museumshandverkar på Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan. Under ei befaring på garden Sebrekke i grenda Attrå i Tinn kommune i Telemark kom han over både ein gamal høvelbenk og ein skottbenk på den gamle låven på garden. Skottbenken er så langt ikkje nøye dokumentert eller målt opp, men vi har fått nokre bilete som Bjørn har teke av benken der han står plassert, berre delvis tilgjengeleg.

Skottbenken på Sebrekke verkar å vere bygd på tilsvarande måte som mange andre benkar vi har sett, men med den skilnaden at den har jarnskruve med sveiv. Foto: Bjørn Strander
Sveiva ser ut til å vere smidd. Elles er det mykje bruksspor på langborda som det brukar å vere på slike gamle skottbenkar. Foto: Bjørn Strander
Sjølve foten på skottbenken verkar å vere solid tappa saman og dette er nok ein skottbenk som har vore god i bruk. Sikkert ein fin modell for våre følgarar i Telemark. Foto: Bjørn Strander

Vi er klar over at Telemark fylke no er slått saman med Vestfold, men i desse tider er det mykje usikkert kring framtida til desse samanslåtte fylka. Vi vel derfor å organisere bloggpostane våre etter geografisk plassering basert på den gamle fylkesstrukturen frå før regionreforma. Denne benken vert altså plassert i det som var Telemark. Frå før har vi presentert ein annan skottbenk i Telemark, den frå Sudistog Tveiten i Vinje. Den benken vart grundig dokumentert og målt opp av Adrian Moltu Steger, student på tradisjonelt bygghandverk på NTNU.

Vi har også fått tips om nok ein skottbenk i Tinn, også det ein benk som står på ein gamal låve hos tømraren Hans Marumsrud. Basert på tidlegare erfaringar frå andre område i Noreg kan vi sjå for oss at det kan dukke opp mange fleire skottbenkar i desse traktene i Telemark. Når fyrst nokon har oppdaga ein benk eller to så brukar det å dukke opp fleire på gardane i området. Frå Norsk Folkeminnesamling har eg døme på at Steinar Kollkjen frå Tokke i Telemark nemner det som må vere skottbenk og korleis han vert brukt, men han nemner ikkje namnet skottbenk. Så langt har eg ingen kjelder på lokale nemningar på skottbenk i Telemark. Med denne oppdaginga av skottbenken i Attrå i Tinn så håpar vi det vert ny giv i skottbenkmiljøet i Telemark og at ein både finn mange gamle skottbenkar og også kjelder/informantar som kan gi oss informasjon om lokale nemningar og handverkstradisjonen knytt til desse benkane.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: