Category Archives: 5

Skottbenk frå Bredalslien

Skottbenken slik det var mulig å fotografere hele, benken er 483 cm lang, den bredeste langplanken er opptil 38 cm bred. Foto: Ivar Jørstad
Skottbenken på Bredalslia i Os. Benken er 483 cm lang, den bredeste langplanken er opptil 38 cm bred. Foto: Ivar Jørstad

Vi har tidlegare skrive om tømraren Ivar Jørstad som søkte og fekk opptak i unionen. Der kjem det fram at Ivar hadde skottbenk som sjølvvald oppgåve på kurset i bygningsvern ved fagskolen på Røros. Ein del av oppgåva gjekk ut på å byggje sin eige skottbenk slik vi kunne lese i bloggposten, ein del av oppgåva gjekk ut på å registrere og måle opp ein gamal original skottbenk. Ivar leita etter skottbenkar på sine heimtrakter utan å finne noko. Han slo derfor til då han fekk tips om ein gamal skottbenk på garden Bredalslia i Os i Nord-Østerdalen. Denne benken har han målt opp og fotografert og dette er informasjon han gjerne deler med oss her på bloggen. Bileta og resten av teksten er hans arbeid.

Bredalslia gård, Os i Hedmark. Foto: Ivar Jørstad
Bredalslia gård, Os i Hedmark. Foto: Ivar Jørstad

Undersøkelsen av skottbenken på Bredalslia kom i stand ved at Kolbjørn Vegar Os hadde fått tips om benken og ringte eier og spurte om lov til å komme. I juni 2015 var jeg der, tok bilder, målte, undersøkte og tegnet skisser. Redskaper var blokk, blyant, lommelykt, bandmål og tommestokk.

Skottbenken på Bredalslia er en godt bevart benk, den er trolig fra 1906 eller tidligere. Jeg fant en påtegning på en av langplankene av de som kan ha laget den: «Gerhard P. J. Bredalslien og Peder J. Bredalslien 18/6 1906». Siden den er såpass gammel forventet jeg å finne mål som passet med gamle norske tommer, men det viste seg å stemme dårlig. Det kan kanskje skyldes at materialene er tilhogd, ikke sagd, jeg fant ingen sagspor fra tilvirkinga. Jeg oppgir derfor mål i cm. Dette er en stor og tung skottbenk, først og fremst fordi langplankene er såpass grove. Fast langplanke 483 cm x 24,7-25,2 cm, bevegelig langplanke 480 cm x 38-32cm, begge med tykkelse 5,8-6,0 cm. Som de fleste skottbenker har den 2 bukker av solide dimensjoner, fotstykket av 17,3×10,5cm, lengde 65,2cm. Beina varierer litt ca. 11,7 cm x 14,3 cm, losholten mellom beina er ca 14,3 x 6,5 cm. Skruene er grove. Gjengene er helt runde i bunnen og flate på toppen.

Målsett skisse av skottbenken fra Bredalslia. Skisse: Ivar Jørstad
Målsett skisse av skottbenken fra Bredalslia. Skisse: Ivar Jørstad

Det at langplankene ikke har samme bredde byr på utfordringer med vekslende fuktinnhold i treverket, den breieste vil svelle mer enn den smale i fuktig vær, og tilsvarende krype mer i tørt vær. Dette var tydelig justert på denne benken. På den annen side gjør en særs brei planke benken stødig, den smalere langplanken gjør det også enklere å høydejustere bordet som skal skytes, hånda kommer bedre til innunder. Materialene i benken på Bredalslia er mest furu. Furua har til dels ganske stor kvist, vanlig voksehastighet for distriktet (1-2mm mellom årringer) og har vist seg å holde stabiliteten gjennom mange år. Bjørk finner vi i skruene, beina skruene sitter i og de to lektene mellom beina. Spikerne er blanke/rustne, de ser smidd ut, men kan også være klippspiker.

Som redaktør for bloggen kan eg legge til at skottbenken har ein del fellestrekk med benken til Per Volden som er frå same kommune. Også skottbenken frå Feragen har mange felles trekk i detaljar med denne benken frå Bredalslia. Det er mogleg dette har vore ein vanleg form på skottbenkane i dette området og at desse bevarte er typiske for dei gamle benkane i området. Det er også artig at Ivar har laga seg skottbenk etter modell etter benken til Jarle Hugstmyr. Denne er igjen sterkt inspirert av skottbenken til Per Volden og altså beslekta i type med benken i Bredalslia.

Sensasjonsoppslag, sanseleg sjeldsynt sinnrik skottbenk – på Västagården i Lima i Sverige

Västagården i Lima er Limas Hembygdsgård og består av ei flott samling av hus som opphavleg var bygd på garden frå 1780-talet og framover. Det er supplert med fleire eldre hus, dei eldste frå 1500-talet. Det er ei svært rik samling av gjenstandar på gården som ligg vakkert til med utsikt over dalgangen til Västerdalaälven. Foto: Roald Renmælmo
Västagården i Lima er Limas Hembygdsgård og består av ei flott samling av hus som opphavleg var bygd på garden frå 1780-talet og framover. Det er supplert med fleire eldre hus, dei eldste frå 1500-talet. Det er ei svært rik samling av gjenstandar på gården som ligg vakkert til med utsikt over dalgangen til Västerdalaälven. Desse flotte bygningane kan by på mange «uoppdaga» skatter for oss som leiter etter verktøy og gamle reiskapar. Siv Holmin og Mattias Helje gløttar inn i rommet på leiting etter skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

Etterkvart byrjar vi å få kjennskap til skottbenkar og tradisjonen kring bruken av desse frå dei fleste områda i Noreg. Våre kolleger i Sverige har ikkje vore like heldige i sine søk etter skottbenkar og kjelder. Vi har presentert nokre bilete og nokre skriftlege kjelder her på bloggen tidlegare. Det har vore skrive om strykbänk, fogbänk og fogbock. Det er heilt klart at slike benkar må ha vore utbreidde også i Sverige. Det har så langt ikkje vore nokon som har klart å oppdrive ein gamal original slik benk i Sverige. Difor var eg veldig spent då eg fekk vere med Mattias Helje til Västagården, Hembygdsgården i Lima, for å sjå på noko som han trudde var ein skottbenk. Vi fekk med oss Mattias Thuresson frå Lima Hembygdsförening til å låse oss inn og finne fram til huset der benken stod lagra. Og ganske riktig, der stod ein flott gamal skottbenk som Hembygdsforeninga har samla inn og tatt vare på.

Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Dette kan vere fyste steg på vegen for å gjere skottbenkrørsla til eit samnordisk prosjekt. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenk på Västagården

Skottbenken har kome frå ein lokal båtbyggar og snikkar som heitte Nisslars Per Persson (1809 -1886). Han heldt til på Mojanisgården i Husom, ei grend (by på svensk) på andre sida av Västerdalaälven for Västagården. Det har vore ei oppfatning om at benken har hatt samband med båtbygging og såleis var han utstilt saman med nokre av Limabåtane på Västagården. Det var fyst etter at Mattias Helje var på seminar i høvelmaking og bruk av skottbenk i Trondheim han forstod at benken måtte vere ein skottbenk.

Skottbenken er bygd opp på tilsvarande måte som mange av dei norske benkane. To bukkar som har eit fast langbord og eitt laust som vert spent saman med kilar. Langborda er 5,15 meter lang og benken har arbeidshøgd på 29
Skottbenken er bygd opp på tilsvarande måte som mange av dei norske benkane. To bukkar som har eit fast langbord og eitt laust som vert spent saman med kilar. Langborda er 5,15 meter lang og benken har arbeidshøgd på 29″, ca 76 cm. Foto: Roald Renmælmo

På Västagården er det samla svært mykje spennande av gamle reiskapar. Det kan nok ha samband med at området er rikt på handverk og tradisjonar og at Lima Hembygdsförening  vart danna så tidleg som i 1909 og har arbeidd aktivt for å samle inn og ta vare på hus og gjenstandar. Det har også vore gjort mykje viktig innsamlingsarbeid av tradisjonsstoff i dette området, arbeidet til Niss Hjalmar M Mattson (1905 – 1973) må særleg nemnast. Han samla inn store mengder tradisjonsstoff om handverk i bygdene i Västerdalarna. For Lima sin del er det særleg smihandverk og båtbygging han har fokusert på. Eg ville likevel ikkje bli overraska om det finnast noko om tradisjonen knytt til skottbenken i materialet etter Niss Hjalmar. Arbeidet som blir gjort, og har vore gjort av dei mange Hembygdsforeiningane i Sverige er ganske formidabelt. I dag er det kring 1400 hembygdsgårdar rundt om i Sverige.  Eg er sikker på at det må finnast skottbenkar på fleire av desse hembygdgårdane. Her er det ein jobb å gjere for våre svenske vener. Kanskje ei mobilisering gjennom Sveriges Hembygdsförbund kunne vere noko? Vi snakkar om 2000 hembygdsforeninger i heile landet så her er det eit potensiale.

Det er lokalisert fleire originale skottbenkar i Lima. Vi kjenner til ein benk i privat eige, men som ikkje er dokumentert for å kome på bloggen enda. I tillegg kjende Mattias Helje til at det fram til nyleg hadde vore ein skottbenk på ein gard i som hadde vore utsett for litt for hard «rydding». Det resulterte i at skottbenken dessverre vart borte, truleg vart han brent. At det i eit relativt lite område i Sverige er oppdaga så mykje som tre skottbenkar er ganske fantastisk. Det gjer meg overtydd om at vi har store mørketal når det gjeld skottbenkar i Sverige.

Galleri av skottbenken på Västagården

Klikk på eit av bileta for visningsmodus og naviger mellom bileta med piltaster.

Skottbenken ser ut til å ha furu i alle delar av tre. Bukkane er truleg berre hogd til med øks. Langborda og drevsponene er saga på oppgangssag, men vi kan ikkje sikkert utelukke handsag. Den store avstanden mellom langborda gjer det mogleg å sette opp benken for å høvle bord på flasken. At det har vore gjort er den flotte haken som står i benken eit prov på.

Jarnklo

Mange takk til Mattias Helje som tipsa om denne flotte benken i Lima. Eg vil også takke Mattias Thuresson som stilte opp og slapp meg inn på Västagården. Har du tips om skottbenkar i Noreg, Sverige eller i andre land så er vi veldig glade for å motta tips om dette. Her kan du tipse oss: Tips oss om skottbenk

Köl-räcku, eller «kolreke» som det ville kallast på norsk, snikra av Nisslars Per Persson. Desse var brukt til å skuffe smikol med i Lima. Vår mann med skottbenken bygde ikkje berre båtar men snikra også slikt som dette. Foto: Mattias Helje