Category Archives: 5,25 meter

Skottbenk frå Nesset i Balsfjord

_P7C3500 - Version 2
Skottbenk frå Neset ved Fjellfroskvatnet i Balsfjord. Gunnar Nesset (t.v.) og student Henrik Jenssen drøftar detaljar kring bruken av benken.

For meg starta leitinga etter skottbenkar i Troms for nærare 20 år sidan. Den fyrste tida har det vore veldig flott om eg hadde hatt kjennskap til Gunnar Nesset ved Langvatn i Balsfjord og skottbenken han har tatt vare på etter faren. Det hadde gjort vegen mykje kortare til å finne fram til gode modellar for skottbenk og finne fram til meir om arbeidsmåten og bruken av skottbenken.

Noko av det som er mest spennande ved å leite etter skottbenkar og kartlegge tradisjonen kring bruken av dei er i kor mykje som finnast rundt på gardane i landet, men likevel er det veldig vanskeleg å finne på annan måte enn å oppsøke gardane og leite etter benkane sjølv. I faglitteraturen i snikkarfaget og tømrarfaget er temaet omtrent ikkje eksisterande.

Henrik Jenssen er student på tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim og har gjennom utdanninga vore mykje borti skottbenken og bruken av den. Sist haust hadde studentane i heimeoppgåve å finne, registrere og måle opp ein lokal skottbenk. Henrik strevde med å finne ein benk som ikkje var registrert tidlegare og endte opp med å måle opp ein skottbenk frå Kverndal i Målselv. Den skottbenken har tidlegare vore skrive om her på bloggen.

For nokre veker sidan var Henrik i ein familiebursdag og kom der i prat med Gunnar Nesset frå nabolaget til garden Henrik kjem frå ved Fjellfroskvatnet i Balsfjord. I løpet av samtalen kom det fram at Gunnar hadde vore med og høvla golvbord for hand og også hadde tatt vare på skottbenken som dei brukte i samband med høvlinga. Henrik gjorde akkurat som han skulle, og ringte meg så snart han kunne, og meldte frå om skottbenken. Nokre dagar seinare, tidlegare i denne veka, reiste eg saman med Henrik for å sjå på skottbenken til Gunnar. Skottbenken var lagra i saghuset hans og vi fekk tatt den fram og sette den saman utanfor huset for nærare undersøking.

IMG_0026
Henrik Jenssen er i gang med å måle opp skottbenken frå Nesset. Foto: Roald Renmælmo

Vi såg ganske snart at skottbenken var veldig fint laga og i god stand. Benken var laga slik at det eine faste langbordet var grada fast i føtene og det andre er laust. Føtene er laga heilt i bjørk og langborda er av furu. Sjølv om det var ein del stor kvist i langborda verka det som dei er veldig stabile. Begge langborda såg ut til å vere ganske rette. Skruven på den eine foten manglar sidan den er i bruk i ein høvelbenk. Det ser ut som både føtene og langborda er sett inn med tjære som overflatebehandling.

Denne skottbenken ser ut til å vere veldig godt tilpassa å kunne demonterast for transport og vere rask og montere. Føtene verkar å vere veldig solid og godt laga. Dette er ein framifrå modell å snikre etter for den som skal lage seg ein skottbenk som ein kan ha med seg rundt på byggeplassar. Gunnar meinte benken i hovudsak hadde vore brukt til å høvle golvbord, men den ser ut til å kunne fungere bra til det meste av material som er opp til 11″ bredde på og opp til 3″ tjukne.

_P7C3479
Gunnar viser prinsippet for høvling av golvbord med golvplog. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenk frå Kverndal i Målselv

Frå garden Kverndal i Målselv har eg fått denne skottbenken. Benken ser ut til å vore brukt over lengre tid og har vore gjennom modifisering og reparasjonar. Det kan sjå ut som det har vore skruvar til fastspenning av borda frå starten? Det er i alle fall bora hol som peikar i den retninga. Mi tolking er at benken har hatt eit system med kilar for å spenne fast borda men slike kilar er ikkje bevart saman med benken.

Skottbenk frå garden Kverndal i Målselv Kommune. Benken har tidlegare truleg hatt stramming med skruvar men er no tilpassa bruk med kilestramming. Foto: Siv Holmin
Skottbenk frå garden Kverndal i Målselv Kommune. Benken har tidlegare truleg hatt stramming med skruvar men er no tilpassa bruk med kilestramming. Foto: Siv Holmin

Langborda på skottbenken er 5,26 meter lange og dimensjonen er 45 x 193 mm. Høgda på føtene gjer benken 75 cm høg frå underkant av fot til overkanten på langborda. Langborda har også ein del spor som kan tyde på at det har vore høvla bord på flasken. I lengderetninga er det spor etter at det har vore skråband frå foten og opp i langborda.

Langbord skottbenk
Det lause langbordet har ein fot som kviler på spenntappen. Foten er stiva av med eit bord som er spikra fast til langbordet og foten. Foto: Siv Holmin
Det er også skråband på tvers for å gjere føtene stødigare. Foto: Siv Holmin
Det er også skråband på tvers for å gjere føtene stødigare. Foto: Siv Holmin