I dag har eg vore ein runde for å sjå på hus og verktøy i områda sør for Trondheim. Eitt av stoppa var på det flotte anlegget til Skaun Bygdamuseum i Skaun kommune i Sør-Trøndelag. Her har dei samla ei rekke interessante bygningar frå området og samla gjenstandar. Eg spurte sjølvsagt etter om det var skottbenkar i samlinga der. Det viste seg at vår kontaktmann på museet hadde ein skottbenk heime hos seg og meinte det også var ein på museet. Etter eit lite søk spora vi opp ein komplett skottbenk, tre lause bukkar til skottbenk og to skottoksar. I tillegg var det ei rekke andre høvlar som verka å høyre saman med bruk på skottbenk. Det er kva vi kan kalle full klaff. 🙂 Det var også tydeleg at det var omgrepet skottbenk som var i bruk i dette området.

Lause bukkar til skottbenkar har vi funne ein god del av i Sør-Trøndelag og nokre av dei har vi skrive om tidlegare på bloggen. I tillegg har vi ein komplett skottbenk frå Leksvik som har liknande oppbygging som nokre av dei lause bukkane. Tradisjonen i Skaun er også tydeleg på at desse lause bukkane er delar av ein skottbenk og at det er berre langborda som manglar. Omvisaren vår på museet kunne fortelje at slike skottbenkar også vart brukt til å spenne fast stokken i når ein skulle hogge medfar i veggtømmer i samband med tømring av hus. Det er ei særs spennande opplysning og kan høve godt med den store bredda vi ser på denne skottbenken under. 🙂

Den komplette skottbenken har total lengd på 8 alen, har 30″ arbeidshøgd og har to bukkar som held oppe langborda. Han vert stramma med skruvar.
I samlinga med snikkarverktøy var det to særs fine skottoksar som eg fekk fotografert. Begge har lister som er avtagbare og som er festa i sida. Begge har bakre handtak montert ganske langt fram, så nær høvelstålet som mogleg. Dette er ein detalj som eg har prøvd ut med tanke på at det gjer det lettare å bruke høvelen når ein høvlar aleine. Då vert det lettare å få trykk på tanna så ho tar godt. Med nyslipt stål så tar høvelen godt, medan når stålet ikkje tar så godt lengre, må det trykk til på høvelen for at han skal ta. Då er det ein fordel om det bakre handtaket er montert lengre fram, nærare senter av høvelen.
Det er nok framleis mykje spennande som ventar på å bli oppdaga i Sør-Trøndelag. Her er det mykje å boltre seg i for medlemmane av Norsk Skottbenk Union.