Instruksjon i bygging av skottbenk

Det er eit krav at du må ha bygd din eige skottbenk om du vil bli medlem i Norsk Skottbenk Union. Her har vi samla informasjon om korleis ein kan gå fram om ein vil bygge seg sin eige skottbenk.

Modellar og verkemåte

Bloggen er full av postar som presenterer ulike gamle skottbenkar. Her kan du klikke deg inn på desse postane. Vi har nyleg posta på engelsk om korleis ein kan laste ned ein 3D modell av skottbenk for å få oversikt over alle detaljane.

Lag dine eigne høvlar til skottbenken

Vi har presentert ei rekke bloggpostar som viser arbeidsmåten med å lage seg ein golvploghøvel til skottbenk. Her kan du sjå gjennom desse postane.

Skruvar og skruveverktøy

Ein skottbenk må ha ei eller anna form for mekanisme som kan spenne fast bordet. Skruvar av tre er ganske vanleg og er i tillegg svært praktisk. Skruvar av tre er det best å lage sjølv sidan det er vanskeleg å få tak i ferdige som kan passe til skottbenken. Verktøy for å lage slike skruvar er ikkje så utbreidd i sal for tida, særleg ikkje verktøy av god kvalitet. Eit alternativ kan vere å få tak i gamalt verktøy som kan settast i stand til å fungere godt.

Maria Grönberg har skrive ei oppgåve om korleis ein kan gå fram for å sette i stand og tilpasse slike verktøy. Denne kan lastast ned frå sidene til Göteborgs universitet :

https://gupea.ub.gu.se/handle/2077/30068

Ole Jørgen har kjøpt eit nytt verktøysett og laga seg ei flott kasse for oppbevaring. Bileta av dette kan vere til inspirasjon til oss alle for å kome i gang med skruveproduksjon. Det er ikkje så ofte ein brukar slikt verktøy så det kan vere fint å samarbeide fleire om eitt sett med verktøy. Til skottbenk er det vanleg å bruke kring 2″ diameter på skruvane. Produksjon av treskruvar er ein sentral del av tradisjonen knytt til skottbenken og er såleis også ein viktig del av verksemda til Norsk Skottbenk union. Fullverdige medlemmar i Norsk Skottbenk union bør helst ha kompetanse og verktøy til å lage eigne treskruvar.

Verktøysettet som har gjort det mogleg for fleire av medlemmane å lage skruvar til sine skottbenkar. Foto: Ole Jørgen Schreiner
Verktøysett som har gjort det mogleg for fleire av medlemmane å lage skruvar til sine skottbenkar. Foto: Ole Jørgen Schreiner
Gjengesnitt i bruk. Foto: Ole Jørgen Schreiner
Gjengesnitt i bruk.
Foto: Ole Jørgen Schreiner

Korleis få tak i verktøy til produksjon av gjengar?

Det er ikkje så sjeldan ein kjem over gamalt verktøy til produksjon av tregjengar. Då er det viktig å ha ein gjengtapp som ikkje er skada i skjeret slik at det blir vanskeleg å slipe den. Gjengesnittet til å lage skruvane kan ein også lage seg sjølv ut frå beskrivelsen i oppgåva til Maria Grönberg som det er lenka til i teksten over. Ein treng enten ein, eller to, skjer til snittet. Det kan ein heilt sikkert få ein verktøysmed til å smi emne til. Så langt veit eg ikkje om nokon verktøysmed som har byrja å produsere gjengetappar.

Det er mogleg å få tak i både rimelig og litt dyrare gjengeverktøy av det som vert produsert i dag. Dei rimelige verktøya kan fungere for å lage nokre få sett med skruvar, helst i litt mindre dimensjon. For seriøs produksjon av skruvar, eller for dei store dimensjonane så fungerer dei rimelige verktøya nokså dårleg. Heldigvis er det mogleg å få tak i verktøy av god kvalitet og desse to tyske forhandlarane kan levere verktøy som gjer jobben på ein profesjonell måte:

Weibler

Dieter Schmid Fine Tools

5 tankar på “Instruksjon i bygging av skottbenk”

Kommenter innlegget