Category Archives: Ord og uttrykk

Strykebenkar i øvre Suldal

Ryfylkemuseet er godkjent opplæringsbedrift. Og for tida er det Ådne Jordebrekk Fermann som er lærling hjå oss, på andre året. Han har fått i oppdrag å dokumentere ein strykebenk som vart meldt inn til museet. Det var eigaren som vart medviten om kva han hadde ståande etter å ha lese «Strykebenkjen», ein artikkel i 2015-årboka til Ryfylkemuseet, «Talande Ting». I denne samanhengen oppdaga Ådne at der stod ein heime på Tufteskog og. Den vidare teksten og foto er av Ådne, om ikkje anna er nemt.

Det er til nå funne 3 ulike skottbenkar i øvre Suldal, innanfor eit område kring 5 kilometer. Gardane Tufteskog, Roaldkvam og Nordmork har kvar sin.

Desse er ganske like i utsjånad. Dei er lagde av grovt materiale, der berre langborda er høvla. Det ein også ser er at det faste langbordet ikkje er felt inn i staven, men spikra inntil. Materialet som er brukt er furu, noko som var lett tilgjengeleg.

Tufteskog (Gnr 66, bnr 1)

Benken på Tufteskog er forholdsvis kort i samanlikning til både den i Nordmork og Roalkvam med ei lengde på berre 294,5 cm. Den har mest sannsynlig blitt brukt til å skyte 4 alen lange bord. Høgden på benken er 82 cm, noko som gir ei god arbeidshøgde, samtidig som du får nok tyngde over høvelen.

Langbordet er 2,5×21 cm. Sjølve foten er 630 lang, med ei høgd på 8cm og tjukna på 10 cm. Stavane har ei høgd på 81 cm, der stavane som langbordet er festa i er 5×9 cm, medan dei to andre er 9x9cm. Legg merke til at den eine staven er bladskøyta med foten, medan den andre er tappa nedi foten. Mellom stavane oppe er det eit mellomrom på 18cm. Tverroken er 2,5×10 cm, og er samanføyd inn i stavane ved hjelp av svalehale og spiker. Det er to på kvar side.

Legg merke til hòlet i kvar fot, kva kan det være brukt til?

Det lause langbordet og kilar var ikkje funne, men det vart funnen ein skottokse med hol etter meier som kan ha vore brukt på denne benken.

Ut i frå folketeljing i 1900 er det truleg Knut T. Tufteskog (f. 1859) som har brukt denne, utifrå at han var tømmermann av yrke.

Roaldkvam (Gnr 65, bnr 1)

Dei same likheitstrekka finn du i denne benken; bygd av grove materialar, det faste langbordet er spikra inntil staven og berre langborda er høvla.

Langbordet er på 390 cm, og har ei arbeidshøgde på 79 cm. Langbordet er i dimensjon 3×21 cm. Bredda mellom det faste, og det lause langbordet er 12 cm på det breiaste.

Staven har ei høgda på 79 cm og er 8×10 cm. Alle fire føtene er bladskøyta med foten. Foten er ca. 60 cm langt og er 5×10 cm. Tverroken er festa med svalehale på begge sider av staven.

Treverket som har vorte brukt i denne strykebenken er furu. Dette var det treverket det var mest av på garden, og det som dermed var mest brukt.

Verken kilar eller skotthøvel vart funnen på staden.

Nordmork (Gnr 69, bnr 1)

RFF2014-056-007
Frå Nordmark i øvre Suldal. Om lag 3 m lang og ei høgd på 78 cm. Foto: Ryfylkemuseet

Denne strykebenken er om lag 3m lang og har ein arbeidshøgde på 78 cm. Benken er av øksa materiale, noko som er ulikt i forhold til dei to andre i området. Den har også to knektar utanpå den eine staven som er noko usikkert kva det har tent til. Sjå og tidlegare bloggpost om Samanlikning av strykebenkar frå Suldal.

Samanlikning

I og med at desse benkene er innanfor eit område på 5 km, så er det ikkje mykje forskjellar og finne, og dei forskjellane som er, er ganske små. Dei har nok hatt same oppfatning om korleis ein strykebenk skal sjå ut.

Alle desse tre benkane er så å seie heilt like i oppbygning. Det er lite å skilje desse på. Noko som er likt er blant anna:

  • Det faste langbordet er ikkje felt inni staven, men spikra inntil
  • Material dimensjonen er nokså lik.
  • Tverrokane er felt inni med svalehale, og spikra fast.
  • Grovt materiale

Men det finnast ulikheiter også:

  • Benken i Roaldkvam er ca 90 cm lenger enn desse andre
  • Benken i Nordmark har knektar utpå staven på eine sida
  • Benken i Nordmark er av øksa materiale, medan desse andre er skorne på sirkelsag.

Av Ådne Jordebrekk Fermann

Strykebenken på Øystad i Suldal

Studentane på tradisjonelt bygghandverk på NTNU har i tradisjonsfaglig fordypning i oppgåve å finne, registrere og måle opp ein lokal skottbenk frå sitt område. Student og medlem i unionen, Sven Hoftun, har posta sitt oppgåvesvar på bloggen med oppmåling av strykebenken i Hoftun. Etter han posta kom det inn spørsmål om korleis kilane kan ha sett ut og Sven svarar at det blir posta om ein tilsvarande benk frå same område som også har kilane bevart. Her følgjer tekst og dokumentasjon frå student Kjell Gunnar Haraldseid på Ryfylkemuseet.

Strykebenken på Øystad i Suldal
Strykebenken på Øystad i Suldal. Foto: Kjell Gunnar Haraldseid

På garden Øystad i Suldal, Rogaland hadde de stående en strykebenk, lengde 319 cm, høyde cm 75 med originale kiler. Bukkane er laga av furu og alle delene er grovt tilhogde med øks, det er noe vannkant på enkelte deler. Stavene er 75 cm høye og blir bundet sammen med tverrbord som er felt inn i stavene med svalehale og spikret. Alle fellingene er grovt utført og ingen er helt like. Den ene foten har en tverrfot som har vært spikret i golvet.

Strykebenk
Strykebenken sett fra enden med kilen på plass. Det er slått på et bord på begge bukkene for å gjøre kilegangen mindre. Foto: Kjell Gunnar Haraldseid

Langbordene er og laget i furu og har høvlet innside og topp men ellers grov overflate. På enden av langbordene kan man se spor etter bruk av øks. Det faste langbordet har en dimensjon på 3190 mm lengde, høyde 170 mm og tykkelse 25 mm. Det løse langbordet er likt bortsett ifra høyden som er 185 mm.

Langbord
Spor etter felling eller kapping med øks. Foto: Kjell Gunnar Haraldseid
Fast langbord
Det faste langbordet er ikke felt inn i staven men står på fot slik som det løse og er festet i staven med spiker. Foto: Kjell Gunnar Haraldseid
Fot
Tverrfot enkelt innfelt og grovt tilhogd mellom stavene.
Kiler
Kilene er av furu, grovt laga og har noe vannkant og ulik lengde.

Arbeidshøyden på strykebenken er 75 cm og det er rundt 5 cm lavere enn det som vi finner på de andre benkene her i Suldal. Høyden gjør at man kommer godt over høvelen og får ført kreftene ned i arbeidsstykket. Lengden på benken gjør at man kan høvle 5 alna bord og ha litt lenge igjen på benken.

Strykebenken
Strykebenken montert

Strykebenk

Strykebenken i Hoftun, Suldal

Denne benken dukka tilfeldig opp under synfaring av eit vedlikehaldsprosjekt på eit stabbur i Hoftun, Suldal. Den stod stua vekk bak ein del ting på lemmen. Og det var eit heilt lite løft som måtte til, for å få den fram og ut i lyset for dokumentering.

2017-11-13 10.54.56
Strykbenken i Hoftun

Benken måler 4500mm i lengda og er 875mm frå gulv til øvre kant langbord. Benken føyer seg rett inn i rekka av andre benker frå Suldal i utforming og funksjon. I dette tilfellet er all materialen skoren på sirkelsag og det er berre innsida og øvre kanten av langborda som er høvla.

2017-11-13 10.56.09
Her ser me merkinga for plassering og uttaking til svalehalen.

Studerer me litt på oppmerkinga er det tydeleg nokre punkter som er avgjerande. Til dømes er dette øvre kanten på borda med svalehale som held beina saman. Denne høgda må vera lik på begge sider for at ikkje høgda på det lause langbordet skal endra seg ved forskjellige tjukner på arbedstykket. Dette er avgjerande for om den ferdighøvla kanten er vinkel i forhold til innsida på det faste langbordet. Vinkelen på svalehalen ser ut til å vera utført på frihand, då djupna på hakket ikkje er lik på nokon av dei.

Ser me tilbake på blogginlegget om Samanlikning av strykebenkar frå Suldal og studerer biletet av Nordmarkbenken, har den knektar spikra fast til beina på baksida. Restar av ein slik knekt er der og på eine foten på benken frå Hoftun. På den andre foten er der spor som fortel om at der har vore ein. På same måten som på Nordmarkbenken, ser det ut som om denne ikkje har gått heilt opp slik at den fluktar med øvre kant på beina. Det er fortsatt uklart for meg kva denne har vore nytta til. Det verkar for meg som om den vert for smal til å lagre materialar på (jf. Nordmarkbenken).

Krossbanda ser ut som om dei kan vera tilført ved eit seinare høve. Dette samsvarar med fleire andre benker eg har studert. Men dei er komt til før knektane forsvant, då borda er tilpassa spora etter knektane. Det er berre innfestinga av det faste langbordet som utgjer avstivinga i lengda om ein ikke har skrå- eller krossband. Dette er erfaringsvis nok, då benkane me brukar på museet ikkje har ekstra avstiving i lengda. Dette er Kolbeinstveitbenken som er i stålhallen pga lengda og ein nylaga, kortare variant av same som passar betre på verkstaden.

2017-11-13 10.55.44
Hoftunbenken på baksida

Når det gjeld oppmåling av benkane frå Suldal, har eg begynt å tenkje på kor nøye det er med å detaljteikne dei. Eg tolkar at benkane er noko som er laga til på plassen av til dømes ein omreisande snikkar. Han har nok ikkje hatt med seg strykebenken på trøsykkelen. Alle benkane eg har sett på til nå, er av forholdsvis grove og tildels vinne materialar.  Det varierar og om rettsida på langborda vender inn eller ut. Det som er avgjerande for å få til ein strykebenk som fungerer etter intensjonen er:

  • at lengda på langborda må stå i høve til arbeidstykka ein skal høvle.
  • arbeidshøgda på benken må vera lageleg
  • lik høgd i øvre kant, framme og bak, på samhaldet mellom beina
  • at øvre kanten på samhaldet er vinkelrett med innsida på det faste langbordet.
  •  at øvre kanten på langborda er i vinkel til innsida på det faste bordet
  • at langborda er beine etter lengda

Med dette i bakhovudet, og med tanke på samanlikningsgrunnlaget, har eg berre laga ei enkel skisse med nokre hovudmål om ein vil lage ein tilsvarande benk. S-C458-17111412160

Alle foto er tekne av underteikna.

Nye oppdagingar i Norsk folkeminnesamling

Høvling av golvbord på skottbenk. Foto: Roald Renmælmo
Høvling av golvbord på skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

Eg har tidlegare skrive ein del om dei funna eg gjort om skottbenken i spørjelistene om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk folkeminnesamling. Eg rekna med at eg hadde gått gjennom alt av relevante svar i dette materialet i samband med min store gjennomgang og analyse. I førre veke var eg tilbake på Blindern saman med studentar i tradisjonelt bygghandverk, Terje Planke og smedstipendiat Øystein Myhre. Føremålet vårt var å gå gjennom andre spørjelister om smedhandverket, timbremannsyrket og husbygging. Også desse spørjelistene vart sendt ut på 1930-talet og inneheld mykje spennande materiale. Særleg for oss handverkarar er det veldig spennande å sjølv få lese gjennom kva våre forgjengarar har skrive og forklart om sitt handverk i for kring 80 år sidan. I gjennomgangen av dette materialet dukka det faktisk opp eit svar på spørjelista om snikkarhandverket mellom svara om timbremannsyrket. Det var svar frå Olav Furuset frå Jømna ved Elverum. Det har kome inn i 1946 og Olav skriv at han har samla inn stoffet i Bjølsetgrenda ved Jømna stasjon. Det tyder på at han skrive ned etter handverkarar som ikkje er namngjevne i svaret hans, men som han har vurdert som kunnskapsrike innan dette fagområdet.

Olav Furuset skriv dette som svar på spørsmålet om høvelbenken:

«Når dei arbeidte bord brukte dei plogbenk. Det var to stabber med eit skår i. I dette sette ein 2 plankar. Den eine feste dei i skårsida i stabben. Den andre var laus. Millom desse to plankane la dei bordet dei skulle arbeide. Så slo dei kilen mellom det lause bordet og sida på skåret i stabben. Fyrst teljet dei tå med øks det grøvste. Fyrst risse dei sjølvsagt op så dei hadde noko å halde seg ette. Etter teljinga skjøt dei tå resten med skjøtoksen. Skulde dei så laga pløyde bord brukte dei not og fjørplog. Etterpå strøk dei av kvasskantane med semshøvel. Nå dei så hadde laga staffen var dei ferdige med bordet.»

Det han nemner som plogbenk verkar å ha sett ut og verka noko tilsvarande som benken som eg har skrive om frå Lima i Sverige. Etter beskrivelsen var nok stabbane av noko liknande utforming. Beskrivelsen frå Jømna er nok den som geografisk ligg nærast Lima av alle spørjelistesvara i Norsk Folkeminnesamling. Det er ca 16 mil å kjøre mellom Lima og Jømna, men det har vore ein del kontakt og handel mellom folk i desse områda tidlegare. Det er derfor ikkje spesielt merkeleg at det er slektskap mellom skottbenkane (plogbenkane) i dette området. Artig er det også at Olav har med mange ord i forklaringa si om korleis benken vart brukt. Han får også med at dei brukte semshøvel til å stryke av kvasskantane. Dette er noko som eg har sett spor etter på gamle golvbord i Målselv og andre stader så det var artig å sjå at det også er beskrive i tekst.

Kanting av golvbord, eller som Olav Furuset skriv, "telje tå det grøvste med øks". Her er bordet snorslått med sotsnor for å få nokolunde rett kant. Foto: Roald Renmælmo
Kanting av golvbord, eller som Olav Furuset skriv, «telje tå det grøvste med øks». Her er bordet snorslått med sotsnor for å få nokolunde rett kant. Foto: Roald Renmælmo

 

 

Nytt medlem teke opp, den fyrste med Føibænk

Magnus Wammen er den fryste frå Vestfold som vert teken opp som medlem i Norsk Skottbenk Union. Frå dette fylket har vi berre kjennskap til nemninga Føibænk på arbeidsbenken som vi kjenner som skottbenk, rettbenk eller strykebenk andre stader i landet. Foto: Magnus Wammen
Magnus Wammen er den fryste frå Vestfold som vert teken opp som medlem i Norsk Skottbenk Union. Frå dette fylket har vi berre kjennskap til nemninga Føibænk på arbeidsbenken som vi kjenner som skottbenk, rettbenk eller strykebenk andre stader i landet. Foto: Magnus Wammen
Magnus Wammen har tidlegare tipsa oss om golvbord med laus fjør. No har vi fått tilsendt nødvendig dokumentasjon som grunnlag for opptak i Norsk Skottbenk Union og kan ynskje han velkommen som medlem. Han er den andre frå Norsk Folkemuseum som offisielt vert teken opp som medlem etter at Ole Jørgen Schreiner vart teken opp tidlegare i år. Magnus har nok hatt benken sin ei tid etter å ha snikra han men vi har ikkje fått dokumentasjonen før i dag. Magnus er den fyrste frå Vestfold som vert medlem og sjølv om han har snikra benken sin med grunnlag i ein rettbenk som Arne Berg har fotografert i Midte Gauldal så er han oppteken av å følgje den lokale tradisjonen kring bruken av nemningar. I svara på spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling har vi frå før vore inne på svaret frå Ole Bråvoll i Andebu i Vestfold som nemner «Føibænk». Føibænk er så langt det einaste namnet på skottbenk som vi kjenner frå Vestfold. Det er derfor veldig bra at Magnus tek opp at tradisjonen frå sitt heimfylke og nyttar nemninga føibænk. Under følgjer tekst og bilete frå Magnus Wammen.
Føibænk laga av Magnus Wammen. Foto: Magnus Wammen
Føibænk laga av Magnus Wammen. Foto: Magnus Wammen
«Rettbenken er en etterligning av en benk fra et fotografi tatt av en benk ifra Midtre Gauldal i Sør Trøndelag. Bildet er tatt av Arne Berg og finns på Digitalt museum. Benken har der benevnelsen Rettbenk.
Ivar Jørstad som også har laget en rettbenk tipset meg om boka Vestfoldmål:ord og vendinger fra Andebu av Ole Bråvoll, (siden jeg bor nord i Vestfold) der benevner han benken som Føibænk. Hvor han beskriver » 2-3 ukanta bord fra oppgangssaga blei festa med kiler i to slike krakker – føibenk- og javnet på kanten med oks- el. bjønnhøvvel til f.eks veggebord. Låveflak blei kanta der»
Min rettbenk/føibænk er 2` 6 1/2"(80cm) høy og 20` lang. Rettborda er dim. 1 3/4"x6". Foto: Magnus Wammen
Min rettbenk/føibænk er 2` 6 1/2″(80cm) høy og 20` lang. Rettborda er dim. 1 3/4″x6″. Bilet viser høvling av gulv til nytt snekkerverksted på gården. Gulvet skal ha løs fjør etter inspirasjon fra gulv med løs fjør som ligger andre steder på låven.Foto: Magnus Wammen
Skruene og vingemuttern er av bjørk. Laget av samme gjengesnitt som beskrevet i benken til Ole Jørgen Schreiner, på denne bloggen. Benken fungerer veldig bra, stramming av skruene er effektive, særlig etter at de har fått et strøk med kokt linolje.
Jeg har laget en dybdestopp ved at jeg ha borra gjennom en tommesdymling som jeg slår i, etter at en side er retta av og skal snu bordet. Da får jeg paralelle bord som kan skjøtes i lengden. Foto: Magnus Wammen
Jeg har laget en dybdestopp ved at jeg ha borra gjennom en tommesdymling (like under rettborda) som jeg slår i, etter at en side er retta av og skal snu bordet. Da får jeg paralelle bord som kan skjøtes i lengden. Foto: Magnus Wammen
Av vidreutvikling  som er på trappene å få smidd en benkestopp som kan slåes i enden av rettbordet når jeg innimellom trenger et langt anlegg for å høvle lange lengder på flasken.

Skotbenk i Jølster og Gloppen

Digitalisering av vår nasjonale bokskatt er det store arbeidet som Nasjonalbiblioteket held på med for tida. No har dei kome opp i meir enn 185 000 norske bøker som er skanna og tilgjengelege i den «Digitale bokhylla«.  Desse bøkene er saman med mykje anna materiale tilgjengeleg gjennom ein kraftig søkjemotor der ein søkjer på alt innhald i fri tekst. Etterkvart som behaldninga av digitaliserte bøker aukar er det spanande å gjere gamle søk i fritekst på nytt. Søk som skottbenk, skotbenk, rettbenk og strykebenk er det sjølvsagt å foreta med jamne mellomrom. Då eg søkte i dag kom det opp nokre nye treff på skotbenk. Eit av desse var boka «Jølstramålet«, Daniel Dvergsdal, Jølster Mållag, 1996. Her står oppslaget:

Skót`bænke  m  Skotbenk. Når dei skulle høvle golvbord, laga dei seg ein slags rettholt som var heilt bein, og så høvla dei kvart bord etter denne, dvs. skotbenken.

Også boka «Målføret i Gloppen«, Audun Fitje, Sandane 1995 dukka opp. Her står oppslaget:

Skotbenk

Skotbenk, benk der ein skyt saman, set saman bord til breidare bordflater. 

Vi kjenner ikkje til eit særleg aktivt miljø som driv med skottbenk i Sogn og Fjordane i dag. Her er det rom for å skape meir aktivitet og undersøkje om det finnast mange gamle og spennande skottbenkar rundt om i fylket. Eg har fått tips om at det er ting på gang.

Golvbord med laus fjør

På min veg har eg ikkje støtt på golvbord med høvla not og laus fjør. Eg har stadig møtt på folk som har snakka om slike golvbord utan at dei har hatt noko konkret å vise til. Eg har derfor etterspurt konkrete døme på slike gamle golvbord. Etter mange år har det omsider dukka opp eit døme. Magnus Wammen, som er ein av frontfigurane i rettbenkligaen på Austlandet, har funne døme på golvbord med laus fjør på garden sin, Tuft i Sande i Vestfold. Garden ligg akkurat på fylkesgrensa mellom Buskerud og Vestfold.

Golvbord med laus fjør. Foto: Magnus Wammen
Golvbord med laus fjør. Dette er låvegolvet på Tuft i Sande i Vestfold. Foto: Magnus Wammen
Låvegolvet med laus fjør er i den eldste delen av låven. Alderen på dette er ikkje kjent. Foto: Magnus Wammen
Låvegolvet med laus fjør er i den eldste delen av låven. Alderen på dette er ikkje kjent. Foto: Magnus Wammen
Oppmåling av golvbord i låvegolvet. Oppmålingsteikning av Magnus Wammen
Oppmåling av golvbord i låvegolvet. Oppmålingsteikning av Magnus Wammen

Magnus har så langt berre studert golvet slik det ligg. Han har derfor ikkje fått undersøkt korleis høvlinga av nota kan vere gjort eller korleis fjøra er produsert. Dette siste er veldig interessant sidan høvling av så smekre materialar kan vere ei utfordring. Oppdeling av så små dimensjonar måtte nok gjerast med grindsag eller splitthøvel om dette var før sirkelsaga vart vanleg. Sirkelsaga gjorde det mogleg å sage så smekre dimensjonar på ein effektiv måte. Undersida av golvborda har spor etter oppgangssag eller rammesag. Dei kan likevel vere frå tida etter at sirkelsaga vart vanleg på 1860-talet.

Undersida av golvet med laus fjør. Spora tyder på at det er saga på ei oppgangssag/rammesag. Borda er lagt med marg opp og er hogd til på tjukna for å ligge på åsane. Foto: Magnus Wammen
Undersida av golvet med laus fjør. Spora tyder på at det er saga på ei oppgangssag/rammesag. Borda er lagt med marg opp og er hogd til på tjukna for å ligge på åsane. Foto: Magnus Wammen
Inspirert av låvegolvet sitt har Magnus produsert eit golv til verkstaden sin. Her er noko arbeid gjort maskinelt, men kantane skal skytast på rettbenken før legging. Foto: Magnus Wammen
Inspirert av låvegolvet sitt har Magnus produsert eit golv til verkstaden sin. Her er noko arbeid gjort maskinelt, men kantane skal skytast på rettbenken før legging. Han har antyda at vi i samband med dette skal få bilete av ein rettbenk i bruk her på bloggen. Det blir i så fall ei historisk hending. Foto: Magnus Wammen

Strykebenk i Bruvik kyrkje på Osterøy

Det har vore ganske stille frå våre sympatisørar på Vestlandet når det gjeld å presentere nye eller gamle strykebenkar her på bloggen. Vi kan lese på andre bloggar at det er litt aktivitet sjølv om det ikkje når heilt fram til oss som følgjer spent med her på bloggen om det skal dukke opp noko snart. Enn så lenge har vi ikkje fått presentert ordentleg ein einaste gamal original benk frå Hordaland eller Sogn og Fjordane. No har det omsider kome inn tips frå Arne Høyland om ein strykebenk på Osterøy. Han skriv litt om det på sin eige blogg Byggjeskikk.

Bukk til strykebenk. Denne står  i dag i Bruvik kyrkje på Osterøy. Foto: Arne Høyland
Bukk til strykebenk. Denne står i dag i Bruvik kyrkje på Osterøy. Foto: Arne Høyland

Bukken er ein type som minner mykje om dei vi finn i Trøndelag og på Nordmøre. Han har vore stramma med kile som blir slått gjennom ein spenntapp. Langborda har vore festa i ein fals på stavane slik som er vanleg. Truleg har dei vore festa med spikar eller skruvar. Arne foreslår at bukken har vore brukt i ein skottbenk som har vore brukt i samband bygging av kyrkja. Bruvik kyrkje vart bygd i 1867 av byggmeister Ole Vangberg. Ole finn vi som busett i Bergen i 1885 i følgje folketeljinga det året. Då er han registrert som byggmeister på adressa Wesenbergsmuget 4, gård nr. 23-7c. Han er då ført opp som fødd  i 1833 i Frosten pr. Trondhjem som fødestad og kona med Strinden Trondhjem som fødestad. Det kan kanskje forklare korfor denne bukken har så mykje felles med tilsvarande i områda rundt Trondheim? Det er ikkje godt å vite om benken har vore laga etter lokale tradisjonar, eller om det var byggmeisteren frå Trøndelag som stod for utforminga basert på sin tradisjon? Uansett er det i alle fall veldig artig at benken er teke vare på i kyrkja og at han mest truleg kan knytast til byggjearbeidet i 1867.

Det er no mogleg for medlemmar og sympatisørar å gjere nærare undersøkingar av både benken og kyrkja. Det er store sjansar for at det kan finnast material i kyrkja som har vore høvla på denne benken. Ole Vangberg var og byggmeister på ei rekkje kyrkjer på Vestlandet og ei oversikt over det finnast i Norsk kunsterleksikon som har eit eige oppslag om Vangberg. Kanskje kan det vere tilsvarande benkar i nokon av dei andre kyrkjene? Eg vil rette ei stor takk til Arne Høyland som tipsa om denne benken.

«Bruvik kirkested mot Hananipa» av Odd Roar Aalborg - Eige arbeid. Lisensiert under CC BY-SA 3.0 no gjennom Wikimedia Commons - https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Bruvik_kirkested_mot_Hananipa.jpg#/media/File:Bruvik_kirkested_mot_Hananipa.jpg
«Bruvik kirkested mot Hananipa» av Odd Roar Aalborg – Eige arbeid. Lisensiert under CC BY-SA 3.0 no gjennom Wikimedia Commons – https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Bruvik_kirkested_mot_Hananipa.jpg#/media/File:Bruvik_kirkested_mot_Hananipa.jpg

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 4

Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord til enten golv eller tak. To mann sit og høvlar takåsar med okshøvel og to mann høvlar bord på flasken med okshøvel. Legg merke til at det eine langbordet på skottbenken ligg på diagonalen mellom føtene for at det skal bil stødigare å høvle bordet på flasken. Hodeplagga dei har på seg indikerer at dette er midt på sommaren i den tida mygga er på sitt verste. Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge var lensmann Indre Finnmark på 1920-1940-talet og tok ei mengd med foto frå sine reiser. Fotoet er skanna av De Samiske Samlinger i Karasjok. Hans namnebror og etterkomar Aage Hegge følgjer bloggen og har latt oss bruke biletet.
Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord.  Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge var lensmann Indre Finnmark på 1920-1940-talet og tok ei mengd med foto frå sine reiser. Det er frå omlag same tid som ein fekk inn svar på spørjelista om snikkarhandverket.

Eg held fram med gjennomgangen av svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesmling. Eg har frå før posta del 1del 2 og del 3 med gjennomgang av  dei andre fylka i Noreg. Dette er siste delen i denne serien og med den har eg presentert alle svara på spørjelista som har med noko om skottbenk. Den generelle innleiinga som beskriv materialet og arbeidsmåten min er med i del 1.

Vest-Agder

Knut Lauvdal i Laudal (i dag Marnadal kommune) skriv: For lang stykke bruka dei skottbenk, og stykki vart festa med klamrer og bløygar.

Frå Vest-Agder var det totalt 10 svar på spørjelista. Berre eitt av svara går inn på skottbenk og brukar det som nemning.

Aust-Agder

Helga Løvland i Froland skriv: For å høvle lange bord eller planker sette dei op plankekrakk.

Magnild Hagelia i Gjerstad skriv: Til retteleg lange ting vart bruka «strykebenk«. Den sette dei op for kvart høve, t. d. når dei høvla golvplank.

Knut Homme i Valle skriv: Strøbenk bruka dei når ein ting var for lang på vanleg høvelbenk. D.v.s. tvo plankar som stend jamsides på smalkantene, den eine fast og den andre laus, som fær bløyga ho innåt emnet.

Frå Aust-Agder var det totalt 9 svar på spørjelista og 3 av dei har med strykebenk. Nemninga plankekrakk kan ha ei anna meining enn skottbenk. Nemninga strøbenk kan vere skrivefeil og kan ha vore meint strøkbenk? Det kan og vere at ordet vert uttala strøbenk i Setesdalen?

Telemark

Steinar Kollkjen i Mo (i dag Tokke kommune) skriv: I gamal tid er bruka 2 upptømra tverrtre. Yver desse var lagd 2 plankar hell liknande. I millom desse var so det som skulde høvlast sett. I tverrtreene var bløygar på utsida. Når desse var slegne til var det som skulde høvlast klemd godt til. Det var helst til pløying – not og fjær – dette var brukt. Til å jamne hadde dei ein høvl som gjekk på meiar, ein på kvar side. Denne kalla dei «lokårn«.

Frå Telemark  var det totalt 10 svar på spørjelista og berre eitt av desse går inn på noko som eg tolkar som skottbenk. Her kalla han høvelen med meiar for «lokårn». Lokar er elles ei vanleg nemning på ein langhøvel, gjerne brukt til lagging. Det er ein del likskapstrekk mellom skyting av stavar til lagging og skyting av lange bord på skottbenk så her kan det vere samband.

Vestfold

Ole Bråvoll i Andebu skriv: Hussnikkern bruke føibænk å tømmermannsbænk

Lars M. Ramberg i Botne (i dag Holmestrand kommune) skriv: Til høvling av lange bord og planker hadde de et par bokker (krakker) som de satte opp ved siden av en veg(g?). De la da planken oppå  og slog den fast med kile.

I Vestfold var det berre 2 svar totalt på spørjelista og båe desse har med noko som eg tolkar som ein skottbenk. Berre ein av dei har med nemninga føibænk som då er einaste døme på nemning frå fylket. Sidan 100% av svara frå Vestfold har med skottbenken så bør det vere mogleg å finne gamle benkar rundt på gardane. Så langt har vi ikkje eit einaste døme på gamle benkar frå dette fylket.

 Østfold

Hans Stumberg i Idd (i dag Halden kommune) skriv: Foruten høvelbenken hadde man en lang planke påheftet en kloss, så det man skulde bearbeide blev festet omtrent slik: (ufullstendig skisse, ikkje attgjeve her) Dette kaldes en «strøkbenk«. Sansynligvis var denne kjent før høvelbenken. (…..) De brukte strøkbenken når det gjaldt å feste lange stykker som ikke fikk plass på høvelbenken.

Arne Sandem i Spydeberg skriv: «Feibænk» bruktes for retning av gulvbord.

Båstad i Trøgstad skriv: Jeg kan ikke huske andet i min tid end Høvelbenken blev benyttet. Kun naar store stykker skulde okses, saa var der sat op en benk av planker som var indrettet slik at man baade okset og brukte ploughøvlen (oksebenk).

Frå Østfold var det 7 svar totalt på spørjelista, 3 av desse har med skottbenken.  Nemningane er strøkbenk, feibænk og oksebenk. Feibænk er ganske nær opp til føibænk som Ole Bråvoll i Andebu i Vestfold skriv. Eg er usikker på kva ordet skriv seg frå? Kan det ha samband med fuge slik som svenske fogbock og danske fugbænk? Eller kan det ha samband med å pløye slik som pløybenk? Det er vel nærliggande å tenkje seg at ein har hatt utveksling med Sverige og Danmark og at nemningane kan ha gått begge vegar over grensene. Vi har ikkje kunne spora opp gamle skottbenkar i Østfold så langt. Medlemmane av Norsk Skottbenk Union i Østfold  bør undersøkje i om det kan finnast noko i heimfylket sitt.

Skottbenken på museet i Karasjok. Langbordet er 4.5 meter langt og 3,5 x 20 cm i rota og 3,5 x 17,5 cm i toppenden. Benken er ca 63 cm høg frå marka og opp til overkant av langbordet. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken på De Samiske Samlinger  i Karasjok i Finnmark. Kanskje finnast det skottbenk, feibænk, strøkbenk, oksebenk eller strykebenk i samlingane til eit av musea i desse fylka som vi ikkje har døme på benkar frå?  Foto: Roald Renmælmo

I Oslo, Akershus og Buskerud er det ikkje med noko om skottbenk i svara. I Akershus var det 6 svar og i Buskerud var det også 6 svar. Frå Oslo var det derimot ingen svar på spørjelista. Om vi då legg til Finnmark som hadde berre eitt svar på spørjelista, men utan opplysningar om skottbenk, så har vi totalt 4 fylke som vi ikkje har opplysningar om skottbenk i svara på spørjelista.

Frå Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold og Østfold var det totalt 38 svar på spørjelista om snikkarhandverket. 10 av svara har med skottbenken i ei eller anna form. Det er ingen som har teikningar eller detaljerte forklaringar på utforminga av benken. Knut Homme frå Valle og Steinar Kollkjen frå Tokke har forklaringar som er i tråd med utforminga på skottbenkar vi kjenner frå før her på bloggen. Felles for alle desse fylka er at vi ikkje har døme på gamle originale skottbenkar i dette området. Det er også sparsamt med skriftlege kjelder om skottbenken frå dette området. Vi har aktive skottbenkbrukarar både i Østfold og Telemark. Det er soleis håp om at det kan dukke opp benkar i desse områda.

 

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 3

Einar Strand høvlar på sin nylaga skottbenk. Den låge benken til venstre er for å høvle flask på borda før kanthøvling. Foto: Roald Renmælmo
Einar Strand i Nord-Trøndelag høvlar med skottokse på sin nylaga skottbenk. Skottbenken er laga med utgangspunkt i gamle originale skottbenkar.  Den låge benken til venstre er for å høvle flask på borda før kanthøvling. Foto: Roald Renmælmo

Eg held fram med gjennomgangen av svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesmling. Eg har frå før posta del 1. og del 2 med gjennomgang av dei nordlegare og austlegare fylka. Den generelle innleiinga som beskriv materialet og arbeidsmåten min er med i del 1.

Sogn og Fjordane

Ivar Rauboti i Balestrand skriv: Ikkje kjent noko redskap i staden for høvelbenk, men til å kantstryka lengere  bord og plankar hadde dei strokbenk.

G. G. Bekmann i Hafslo (i dag ein del av Luster kommune) skriv: Strjukebenk: planke med trekloss og blegg.

Helge Dale i Hafslo (i dag ein del av Luster kommune) skriv: Når det var berre kantskjoting brukte dei strokbeink, strukebeink, tvo plankar festa loddbeint til stolpar, mellom plankane festa dei bordet som skulde «skjotast«.

K. Gjesme i Lærdal skriv: Dei brukte, å brukar endå, ein skåtbeink til å beinskjota bori i. Han saog paolag soleis ut. 1. (plo) aos te ha unde. 2. Ein planke pao kor sia. 3. Imødlo dei plankad´n bore so ska hevlast beint. 4. Føted´n me klemma uppe før plankad´n. 5. Kjila te å slao plankad´n å bore fast me.

Skisse av skåtbeink av K. Gjesme i Lærdal. Tala på skissa er forklara i teksten.
Skisse av skåtbeink av K. Gjesme i Lærdal. Tala på skissa er forklara i teksten. 1. (plo) aos te ha unde. 2. Ein planke pao kor sia. 3. Imødlo dei plankad´n bore so ska hevlast beint. 4. Føted´n me klemma uppe før plankad´n. 5. Kjila te å slao plankad´n å bore fast me.

A. B. Vansråk i Kyrkjebø (i dag ein del av Høyanger kommune) skriv: Skotbenk

Anders Barmen i Selje skriv: Når ein skulde «skyta» kanten på t.d. uferdige bordkledsbord hadde dei ein «skotbenk» med nokre kilar i staden for skrue.

M. H. Berstad i Selje skriv: Ein bruka «skotbenk» med «benkehakjo», ja skotbenken var nytta heilt til 1890-åra. 

Wilhelm Kvalheim i Volda (svaret gjeld for Vågsøy) skriv: Skotbenken laga ein av ein lang planke og kunde verta laga for høvet når ein bygde eller vølte hus.

Skotbenk som illustrerer svaret frå Wilhelm Kvalheim
Skotbenk som illustrerer svaret frå Wilhelm Kvalheim

Olav Sagen i Årdal skriv: Skotbenk som dei skaut bordi på.

I Sogn og Fjordane kom det inn til saman 15 svar på spørjelista. Heile 9 av svara nemner skottbenken med ein eller annan skrivemåte. 6 av svara har nemninga skotbenk eller varianten skåtbeink. 3 av svara har nemninga strokbenk eller strjukebenk. Det er nokre av forklaringane og teikningane som tyder på at desse svara beskriv andre typar benkar enn det vi vanlegvis snakkar om med skotbenk. Skåtbeinken som K. Gjesme har teikna er bygd opp på ein annan måte enn dei vanlege. Han er bygd opp med ein kraftig ås (aos te ha unde) som står på føter. Tilsvarande seg eg ser for meg kan stemme med korleis nokre av svara frå Møre og Romsdal beskriv i posten om Skottbenken i Norsk Folkeminnesamling, del 2. Benken som Wilhelm Kvalheim har teikna minner ein del om benken som Arne Høyland har skrive om på sin blogg.

Hordaland

Haldor Kåstad i Bruvik (delt mellom Osterøy og Vaksdal, dette gjeld truleg Vaksdal) skriv: Til å retta materialen vart den set i rettebenken, so var ein 8 alen lång, med påsett 2 klåsser frå undersiden, med håkar tå tre festa det fast, brugtes kjilar. Den arbeidsmåten brukes endå i bygder dei har skog og ikkje når the å få det opparbeidt på masjinar.

Knut Dalen i Røldal (i dag ein del av Odda Kommune) skriv: Strykebenken var bere i bruk når ein skulde kanthøvla lange bord, t.d. golvbord. Ein bruko da meihøvle. Han vart kalla so av di han hadde «meiar«, smale ripor på båe sidor av solen. Det bordet som skulde høvlast rett i kant , vart sett fast millom tvo bord som høyrde til benken. Benken sine bord laut vera heilt retta og nøgje vinkla i øvre kant. Når eit bord skulde rettast, let ein det stikka litt høgare upp enn benken sine bord. Meiane på høvlen gjekk då på ustida av det bordet ein høvla, og når bordet var nedhøvla slik at meiane tok benkebordi, var kanten på det rett.

Skisse av strykebenk i svaret frå Knut Dalen.
Skisse av strykebenk i svaret frå Knut Dalen.

Frå Hordaland var det heile 19 svar på spørjelista om snikkarhandverket. Berre to av desse har med noko om strykebenken eller rettebenken, som er dei to nemningane som er brukt.  Heldigvis er båe dei to svara ganske utfyllande og detaljerte. Knut Dalen har og med ei skisse som viser korleis strykebenken ser ut og korleis ein kiler fast borda.

Rogaland

Lars Gjels i Jelsa (i dag Suldal kommune) skriv: «Strykebenk» laga man mangesteds naar det trenges for at kantstryke og pløie gulvbord o. lign. Gjøres av 2 mand med okshøvel langt bedre end med langhøvel, festes med 2 kiler i strygebenken

Edvard Kageberg i Sjernarøy (i dag Finnøy kommune) skriv: Dei brukte strykebenk til å stryka (høvla) av bordi på kanten. Ein strykebenk var to krakkar med eit fast bord og eit laust bord. Når flatsida skulde høvlast sat dei på bordi og det gjer mange snikkarar endå.

Jon Line i Time skriv: Høvelbenk og strygebenk sa dei.

I  Rogaland var det til saman 10 svar på spørjelista og 3 av desse har med med strykebenk eller strygebenk. Lars Gjels får også med at når ein er 2 mann med okshøvel så høvlar ein lang betre enn med langhøvel.

Samanlagt for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland var det 44 svar på spørjelista. 14 av svara har med skottbenken som svar på korleis ein festar lange emne som skal høvlast. Så langt har vi berre presentert originale strykebenkar frå Rogaland tidlegare på bloggen. Det har vore skrive litt om nokre benkar i Sogn og Fjordane men desse er ikkje fullstendig dokumentert. Frå Hordaland har eg ikkje fått tips om gamle skottbenkar. Alle svara frå desse tre fylka viser at det kan vere grunn til å leite meir etter gamle skottbenkar i desse områda. Gjennomgangen av dei siste fylka kjem i ein siste bloggpost i nær framtid.