Skottbenk er ein type arbeidsbenk som stort sett har gått under radaren i faglitteraturen i snikkarfaget og tømrarfaget. Då eg byrja å leite etter tradisjonsberarar, gamle skottbenkar, litteratur og folk som kunne noko om skottbenk så var det ikkje mykje å ta tak i. Eg kom over ein skottbenk i Lavangen og ei oppmåling av ein skottbenk på Røros. Med det utgangspunktet snikra eg min fyrste skottbenk for noko meir enn 15 år sidan. Eg laga høvlar til å bruke med skottbenken og høvla dei fyrste golvborda. Eg merka snart at dette arbeidet var veldig godt egna som tema på kurs for handverkarar som driv restaureringsarbeid. Det er veldig mange gamle hus som har materialar som i si tid har vore høvla og kanta på skottbenk. Kunnskapen om bruken av benken er eit viktig premiss for å forstå dei gamle materialane. Eg heldt ein del kurs i bruk av skottbenk rundt om i landet. Eg synast det tok litt tid før det ble bygd fleire skottbenkar som ble teke i bruk av andre handverkarar. Tidleg ute var Trond Oalann og Stiftelsen Bryggen i Bergen. Det var likevel ikkje før vi byrja å halde kurs i snikring av skottbenk at det løsna. Då vart det snart fleire skottbenkar som vart tekne i bruk rundt om i handverksmiljøa. Det var på det fyste av desse kursa at ideen om å skipe Norsk Skottbenk Union vart lansert, kurset på Røros i år 2010.
Kai Johansen høvlar det fyrste bordet i sin nybygde skottbenk. Foto: Roald Renmælmo
Etterkvart kom vi i gang med å bruke denne bloggen for å organisere og formidle stoff om skottbenken og bruken av skottbenk. På sida «Om Norsk Skottbenk Union» har vi skrive om kva vi arbeider med og korleis ein kan bli medlem. For å bli medlem må ein ha snikra sin eige skottbenk og få dette publisert på bloggen. Gjennom bloggen har vi fått registrert skottbenkar i dei fleste områda i landet. Vi byrjar også å få ein ganske stor mengde med fagstoff om skottbenken og bruken av den. Det manglar framleis ein del område i landet og vi er alltid interessert i tips om gamle skottbenkar. Her kan du tipse oss:
På bloggen prøver vi aktivt å bruke kategoriar for å organisere stoffet vårt. I høgre marg står ein boks med overskrift: «Oversikt over geografi og tema». Der kan du gå inn på ulike tema og på geografi på land, fylke og kommunenivå. Her kan du sjå om det er registrert skottbenkar i ditt lokalområde. Ein del av bloggpostane våre som er registrert på kommunar er frå svar på spørjelistene om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Då er det berre snakk om skriftlege kjelder om skottbenkar i dei aktuelle kommunane, det er ikkje sikkert ein finn bevarte skottbenkar i dei same områda.
Pløyving av golvbord.
Det å lage sin eige skottbenk, lage sine høvlar og høvle golvbord er ei flott oppleving og gir mykje erfaring som er nyttig og viktig for å bli ein god tradisjonssnikkar. Vi arbeider for at fleire skal få slike opplevingar og erfaringar. Dette er målbart gjennom dei nybygde skottbenkane og det nylaga verktøyet som stadig vert presentert her på bloggen. Bli med på dette viktige arbeidet for å attreise denne viktige handverkskunnskapen. Leit fram gamle skottbenkar, bygg deg skottbenk, lag deg høvlar og bruk dei aktivt. Del gjerne dette med andre gjennom bloggen.
De som har vore med ei stund på bloggen har kanskje danna seg eit bilete av korleis ein arbeider med skottbenk i praksis? På eit par tidlegare postar om skottbenk og golvbordhøvling har eg fått spørsmål om å legge ut litt film som viser arbeidsmåten. Eg har gjort nokre enkle opptak av høvling som eg har klipt saman for å gi eit inntrykk av arbeidsmåten. Dette har eg lagt på youtube og lenka til det her i denne posten. Eg håpar det kan gjere bruken av skottbenken meir forståeleg. Dette er meint som eit første forsøk på å vise korleis eg pløyer golvbord. Kom gjerne med innspel på korleis det kan gjerast betre. Det er mogleg å legge inn kommentarar og slikt, men det krev litt meir arbeid og planlegging. Bruk kommentarfeltet til innspel eller send til meg på e-post.
Materialen til golvborda eg høvlar er furu som eg sjølv har plukka ut på rot i ulike skogsområde her i Målselv. Furuene er først og fremst plukka ut på grunnlag av ei visuell vurdering av stamme og krone. Til golvbord vil eg helst ha ein nokolunde bein og rund stamme. Dimensjonen kan variere men eg har prøvd å ta ut tre som har 10-12″ diameter i toppen på ein rotstokk som er kring 6 meter lang. Det er ein fordel med lite og/eller små kvist i rotstokken. Tørrkvist kan også vere ei utfordring. Nokre fine andrestokkar kan også bli til bra golvbord men desse får eg sjeldan på 6 meters lengde i skogane i Målselv. Då vert dei kappa på fall som det heiter. Eg kappar dei på ein stad der det høver med toppdiameter, kvist eller avsmaling. Dei må berre vere lange nok til å passe med dei kortaste golvborda. I mitt fall er det 2,5 meter. Til golvbord bryr eg meg ikkje i så stor grad om furuene er vinde eller solvinde (hørevridd eller venstrevridd) i veden. Golvbord som er 5/4″ tjukke kan som regel rettast nok i høvlinga og spikrast ned på åsane eller tilfararane sjølv om dei har vinna seg under tørking.
Når eg leitar tømmer er det gjerne i område der eg veit at det finnast furu av den kvaliteten eg er ute etter. Det er sjeldan å finne heile bestand med god kvalitet på tømmeret. Eg plukkar då ut dei furuene som eg vurderer som høvelege til mitt føremål og merkar desse med band slik som Siv Holmin har gjort her. Nokre gongar kan eg sjølv hogge tømmeret, andre gongar er det skogeigaren sjølv som høgg og driv fram. Eg tar ut berre dei trea eg treng og lar resten stå. Foto: Roald RenmælmoBord som er saga av tømmer som er vindt, altså høgrevridd, vil få motved på høgre side og medved på venstre side. Her er det markert med piler med blyant. Når eg høvlar slike bord ser eg med eint gong på strukturen i overflata på bordet at veden går mot den retninga eg høvlar. Biletet er tatt med baklys frå vindauget og då vert det skygge av fibrane som står opp i høgre side av bordet. Venstre side ser glattare ut. Dette bordet er saga på ei sirkelsag som gir jamn fin skuroverflate. Bord saga på oppgangssag vert mykje tydelegare enn det vi ser på dette bordet. Kvisten vi ser i biletet er ein svartkvist. Heldigvis er den ikkje av den lause typen, men ein som sit fast i bordet. Foto: Roald Renmælmo
Bord som er vinne eller solvinne kan gjerne vri seg under tørk. Dette er eit vinnt bord sett frå enden. Når slik vinning blir for kraftig blir det vanskeleg å få høvla det slett. Foto: Roald Renmælmo
Sett frå sida ser vi at bordet løftar seg frå benken med kring 1″ i høgre bakkant når det er spennt opp med ei tvinge flatt med benken i framkant. Foto: Roald Renmælmo
På høgre side av margen riv høvelen i motveden på vinne bord. Om borda er solvinne blir det tilsvarande på venstre side av margen. Det blir verst utriving med grovstilt høvel med stor sponåpning. Det går an å stille skrubboksen litt finare for å begrense utrivinga. Kvasst høvelstål er uansett det viktigaste for å redusere slik utriving. Foto: Roald Renmælmo
Ein god slettokse kan gi eit bra resultat i overflata på bordet sjølv om ein høvlar motved. Tørr material og kvass høveltann er viktig for å få eit godt resultat. Sjølvsagt må høvelen fungere godt elles også. Foto: Roald Renmælmo
Tømmeret eg har tatt ut er saga til 5/4″ bord med rot/topp avsmaling. Desse borda skal brukast til kledingsbord, takbord og golvbord. I utgangspunktet tenkjer eg meg å bruke alle dei borda som er mogleg å bruke. Eg vil helst ikkje sortere ut bord unødig. Eg tenkjer meg at handverkarane som bygde hus i den tida eg undersøkjer, det meste av 1800-talet, kanskje ikkje hadde høve til å velje bort så mykje material? Korleis sorterer ein då dei ulike kvalitetane bord til ulike typar bruk? Eg vil helst ha takbord utan kvist som gir lekkasje og samstundes med mest mogleg alved. Eg vil helst ha kledingsbord som er sterke og med mest mogleg alved. Til golvbord har eg difor plukka ut bord med lite alved og med ein del kvist. Eg vil prøve ut kor grensa går for kva bord som kan nyttast til golvbord utan at eg kjenner meg ukomfortabel med resultatet.
Ein del kvist treng ikkje å vere noko større problem. Det er verre når kvisten er av typen laus svartkvist. Slike har ein tendens til å ramle ut under høvling. Er det kvist heilt i kanten av bordet går det an å hogge bort litt meir ved i kanten for å kome inn på heil ved. Er det fjørkvist i flata på bordet kan dette vere verre. Mange av borda eg har tatt ut til golvbord er saga langt ut i stokken. Då har dei gjerne laus tørrkvist nær midten. Eg vil ikkje ha hol i golvet mitt så eg prøvar ut ein måte for å reparere slike bord. Arbeidsmåten har eg tenkt meg fram til på eige hand. Tilsvarande spunsar har eg sett i golv frå slutten av 1800-talet men då kan det vere vanskeleg å vite om det er seinare reparasjonar eller gjort slik eg viser under. På slutten av 1800-talet var det truleg anten hornlim (beinlim) eller kaseinlim som var vanleg brukt til slike reparasjonar som dette. Eg har ikkje gjort eit stort poeng av val av lim og har tatt det limet som eg hadde lettast tilgjengeleg på verkstaden.
Furukvisten som er levande sit fast i veden. Den kan vere ekkel å høvle men kan gi eit bra resultat. Kvist som har vore død lenge medan furua har vokse gir kvist slik som dette. Det kallast svartkvist. Svartkvisten kan vere delvis fast, i alle fall i ei side av bordet. Her har kvisten ramla ut under høvling. Her kan eg høvle ned kanten ekstra og høvle fjør på bordet og såleis fjerne det meste av holet etter kvisten. Foto: Roald Renmælmo
Svartkvist som ikkje ligg i kanten av bordet. Her blir det ikkje problem med pløyinga. Om kvisten sit fast kan bordet nyttast. Denne kvisten er laus. Saman med tre andre tilsvarande kvistar var denne med å sørgje for at eg kasserte bordet til golvbord. Foto: Roald Renmælmo
Svartkvist med råte går gjerne i oppløysing under høvling. Slike kvistar treng ikkje å lage hol gjennom bordet. I dette bordet var det berre ein slik kvist så eg valde å lage ein reparasjon. Foto: Roald Renmælmo
Eg lagar til ein trebit som er tjukk nok til å fylle holet etter kvisten og stor nok til å dekke holet. Kvalitet og årringgmønster kan gjerne vere tilsvarande som bordet. Foto: Roald Renmælmo
Eg har høvla sidene på spunsen litt skrå slik at han er konisk og vil fylle holet eg skal tappe ut. Eg spenner fast spunsen over staden eg skal felle han inn og merkar rundt sidene. Foto: Roald Renmælmo
Det er merka ferdig for uthogging av hol for spunsen. Pass på kva veg spunsen skal stå. Foto: Roald Renmælmo
Eit kvasst tappjarn og ei klubbe trengs for å hogge ut holet. Foto: Roald Renmælmo
Holet er ferdig hogd ut. For å få ei god flate i botn kan ein bruke ein grunnhøvel for å jamne det siste. Foto: Roald Renmælmo
Eg fyller holet og sidene med lim. Her brukar eg vanleg kvitlim men lim som fyller ut holrom kan vere ein fordel. Foto: Roald Renmælmo
Eg set på ei kraftig tvinge og spenner fast spunsen. Pass på at spunsen ikkje er for trong. Bordet kan sprekke. Foto: Roald Renmælmo
Etter at liminga av spunsen har tørka høvlar eg ned til rett høgd med skrubboksen. Foto: Roald Renmælmo
Her er høgda grovjustert med skrubboksen. Foto: Roald Renmælmo
Eg høvlar over til slutt med slettoksen. På siste høveltaka høvlar eg heile flata på bordet med slettoksen. Merk at dette må gjerast før pløying av bordet. Foto: Roald Renmælmo
Den ferdige spunsen vert synleg men gir ei slett og fin overflate. Tilsvarande spunsar har eg sett i nokre golvbord frå slutten av 1800-talet. Framgangsmåten har eg prøvd meg fram til sjølv. Foto: Roald Renmælmo
Den nyaste skottbenken min er laga med skottbenken frå Kverndal i Målselv som førebilete. Eg tolkar det slik at skottbenken frå Kverndal har hatt kilar for å spenne fast borda. Det er få spor etter kilane og sjølve kilane er heller ikkje bevart. Korleis desse har sett ut er det vanskeleg å seie noko sikkert om. Det er få av skottbenkane med kilestramming som har bevart kilar. Det er med andre ord lite å gå ut frå for å finne ei løysing på problemet med kilar. Eg laga meg nokre lange kilar for å prøve ut skottbenken. Desse stramma godt og fungerte men var store og uhandterlege. Det var også vanskeleg å bruke dei med berre ei hand. Som regel må ein halde bordet som skal spennast fast med eine handa og stramme kilen med den andre. Det har vore tungvindt å bruke skottbenken på grunn av dette. Når eg skulle til å høvle eit litt større kvantum med golvbord bestemte eg meg for å modifisere kilen på skottbenken før eg byrja på golvbordhøvlinga.
Skottbenken har to føter som kvar har to faste stolpar som er spent saman med ein spenntapp. Det eine langbordet er fast i den eine stolpen, det andre er festa i ein kloss som kviler på spenntappen. For å spenne fast bordet kiler eg mellom den andre stolpen og klossen på langbordet. Foto: Roald Renmælmo
Eit problem med kilestramminga var å betjene den med berre ei hand. For å løyse det problemet har eg laga til ein laus kloss som kviler på spenntappen og som har ei utsparing som kilen går gjennom. Då står kilen på plass av seg sjølv. Foto: Roald Renmælmo
Kilen er ca 10 cm brei og litt over 40 cm lang. Skråen er 1/10, for kvar 10 cm lengde vert den 1 cm tjukkare. Denne er ca 10 mm i spissen og 50 mm i bakkant. Foto: Roald Renmælmo
Kilen på plass i utsparinga i klossen. Nede er det tappa ut i klossen for at den skal stå stødig på spenntappen. Foto: Roald Renmælmo
Kilen og klossen sett ovafrå. Foto: Roald Renmælmo
Systemet fungerer fint så langt. Det er passe kon på kilen til at han er lett å stramme og lett å få laus. Det er ikkje gjort nokon tilpasningar i resten av skottbenken så denne løysinga kan vere i tråd med spor på den originale skottbenken frå Kverndal. Eg har hatt skottbenk med skruvar frå starten sjølv. Med det som utgangspunkt har eg opplevd at skottbenkane med kilestramming har fungert riktig bra. Eg har endra syn på den saken. Kilane og denne skottbenken verkar å vere både funksjonell og effektiv i bruk, kanskje mellom dei fremste i landet?
Tjære har vore vanleg til overflatebehandling av treverk utandørs. I nyare tid har det vore mest til stavkyrkjene og til trebåtar ein har brukt tjære. Tidlegare var tjære noko som ein måtte ha på ein normalt utstyrt gard for å smørje det meste av reiskap av treverk som vart brukt utandørs. Eg har ikkje belegg for å hevde at det har vore utbreidd å bruke tjære på høvlar og anna snikkarverktøy. Eg har ikkje funne skriftlege kjelder som tyder på det, ei heller tradisjonsberarar som har snakka om dette. Likevel har eg hatt lyst til å prøve å bruke tjære for å sjå korleis det blir i praktisk bruk. Farge og overflate på enkelte av dei gamle høvlane mine kan minne om treverk som er tjærebreidd.
Skottokse laga av Siv Holmin. Høvelen er laga i bjørk og er smurt inn med varm tjære som først var kokt omlag ein time. Tjæra var frå tjæremila til Sverre Opdahl i 2007. Høvelen var smurt med rein tjære. Det første året var overflata litt seig men heldt seg likevel nokså rein. No, etter 3 år, verkar overflata hard og sterk. Det verkar som det meste av farge ligg i fernissen og slitasjen får fram den lyse bjørka under. Forsøket viser at tjære kan fungere som overflatebehandling på høvlar. Resultatet kan minne om det ein ser på enkelte gamle høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Tjære
Tjære kan ein produsere av mange ulike råstoff og på ulike måtar. Når eg snakkar om tjære så er det produsert i tjæremile med fururot som råmateriale. I Indre Troms har vi lange og sterke tradisjonar på produksjon av tjære. På 1930-talet var nok produksjonen på sitt største, det i ei tid kor det var lite produksjon elles i landet. Enda i dag er det fleire som brenner mile på tradisjonelt vis i området. Dei siste åra har det særleg vore UL Freidig, ungdomslaget i nedre Bardu som har vore aktive med sine tjæremiler. Desse milene er opparbeidd av medlemmane og brent som ei sosial hending som inkluderer heile bygda.
Tapping av tjære i nedre Bardu i 2012. Foto: Roald Renmælmo
Tjæremila på Ala i 2012. Mila vart brent i regi av UL Freidig. Foto: Roald Renmælmo
Tjæremila på Ala i nedre Bardu i 2012. Foto: Roald Renmælmo
Det har vore, og er framleis, tradisjonar i tjærebrenning i andre område i landsdelen. I 2007 var eg med og dokumenterte brenninga av ei tjæremile med Sverre Opdahl i Skoganvarre i Finnmark. Sverre brukte i stor grad nedfallsfuru som råstoff til mila men hadde også ein del større røter av særleg feit furu. Med på brenninga var Arne Graven frå Karasjok. Klikk på bileta for å vise dei større og med tekst. Bruk piltastane på tastaturet for å gå mellom bilete i visningsmodus.
Ein stubbe med god ved til tjærrabrenning. Denne er frå Målselv og er ikkje dei som Sverre Opdahl brukte. Slike gamle stubbar kan gjerne vere frå 50 -100 år gamle og all geiveden er råtna bort. Foto: Roald Renmælmo
Ein stubbe med god ved til tjærrabrenning. Denne er frå Målselv og er ikkje dei som Sverre Opdahl brukte. Foto: Roald Renmælmo
Sverre brukar kombinasjon av stammeved og røtter. Han er konsekvent på å berre bruke den feitaste alveden som er tung og metta av harpiks. Foto: Arne Graven
Hoggestabben og øksa som Sverre bruker til spiking av tjæreveden. Foto: Roald Renmælmo
Sverre Opdahl kløyver tjærraved til mila. Foto: Arne Graven
Sverre Opdahl hogger bort fausk, den råtne geitveden. Slik ved må ikkje kome med veden som skal inn i mila. Den vil trekke til seg tjære som så brenner opp. Foto: Arne Graven
Det er store mengder med ved som går med sjølv til ei relativt lita mile. Foto: Arne Graven
Tjæremila til Sverre sett forfra. Han har gravd ut for å lage forsenking for tappinga. Foto: Roald Renmælmo
Mila er ferdig lagt inn. Foto: Arne Graven
Tova ligger klar til pålegging ved sida av den ferdig ilagte mila. Sverre står klar i bakgrunnen. Foto: Roald Renmælmo
Tekkingstorva er hogd til og er lagt klar til bruk. Foto: Arne Graven
Sverre legger på den første rullen med torv. Foto: Roald Renmælmo
Sverre tenner på mila nederst. legg merke til at torva ligger klar i rullar på toppen så det skal gå raskt å rulle dei ned. Foto: Roald Renmælmo
Sverre har tent på mila langs foten. Det er omlag 50 cm mellom kvart punkt han har tent på. Foto: Roald Renmælmo
Sverre legger torv på sida av dei stadene som har tatt skikkeleg fyr. Han følger med at det begynnner å brenne under torvene. Foto: Roald Renmælmo
Det begynner å bli varmt nok på toppen men det skal helst flamme opp før det er klart for å legge på torv for å tette toppen. Foto: Roald Renmælmo
Det er god fyr i mila og alt er klart til tapping. Foto: Roald Renmælmo
Det begynner å kome tjære frå mila. Foto: Roald Renmælmo
Ein del av tova har brent opp og vi har lagt på litt torv på dei varmaste stadane. Foto: Roald Renmælmo
Sverre fekk omlag 200 liter tjære av denne mila som er rekna som ei lita mile etter gamal målestokk. Botn av mila har form som ei trakt der diameteren er ca 3,2 meter der ytterkanten av veden ligg. Senter ligg ca 1 meter djupare. Milebotn blir tekt med never og så ender traktforma i eit rør som samlar om tjærra. Når Sverre fyrer på veden rundt er det viktig å få jamn varme rundt heile og så dekke til med torv for å halde varmen inne og presse ut tjærra av veden. Det er harpiksen i veden som blir pressa ut og blir til tjære. Inger Marie Egenberg har arbeidd mykje med tjære og tjærebrenning og har skrive ein del om emnet for den som vil lese meir om dette. Rolf Bakkeslett har også dokumentert ei tjæremile som ble brent i Nordreisa i 1982.
Eg har tatt opp litt videofilm som viser sjølve brenninga av mila med Sverre Opdahl i 2007.
Eg har tilgang på tjære av ulike kvalitetar frå tjæremiler eg kjenner godt ved å sjølv ha vore med på brenninga. Slik sett har eg kontroll på råstoffet. Gjennom forsøk på 3 høvlar så langt har eg ikkje vorte overtydd om at tjære ikkje kan fungere. Overflate og farge kan likne på den som er på enkelte gamle høvlar. Det gjenstår å prøve ulike variantar av påføring av tjære på høvlane. Eg har berre prøvd rein tjære. Blanding av tjære, linolje og terpentin er ganske vanleg mellom dei som smør hytteveggane sine. Det gir meir inntrenging og lysare farge. Eg er ikkje sikker på at det er ønskeleg på høvlane? På den første skottbenken eg laga brukte eg ei slik blanding på krakkar og langbord. Det har fungert veldig bra.
For ferniss på høvlar er tynning med sprit også eit alternativ som kan prøvast. Eg trur ein viktig funksjon til fernissen er at den dannar ein film som både held overflata rein og bremsar fuktvandring og sørgjer for at høvelstokken vert meir stabil. Utfordringa med rein tjære er den lange tørketida. Også til bruk på stavkyrkjene er det viktig å få tjæra til å tørke og bli liggande utanpå materialen for å beskytte best mogleg. Arbeidet til Inger Marie Egenberg viser at kvaliteten på tjæra har avgjerande betydning for korleis den dannar film. At den er milebrent på tradisjonelt vis er avgjerande. Dei ulike tappingane i løpet av brenninga av mila har tjæra ulik kvalitet. Tidleg i brenninga kjem det tjære som lettare dannar film. Ved tradisjonell milebrenning er det mogleg å halde dei ulike fraksjonane skilde. Eg vil skaffe meg tjære av ulike fraksjonar for å samanlikne det på høvlane.
Reinsleden er bygd av Johan Beddari i Pasvik. Eg penslar på rein tjære på treverket som er bjørk. Foto: Siv HolminEg brukar ei bensinfyrt blåselampe for å brenne tjæren inn i veden. På denne måten vert overflata snarare tørr og kleber mindre. Arbeidsmåten har eg lært av sledemakaren Johan Beddari. Foto: Siv Holmin
Eit spørsmål som også kan vere greitt å stille er om snikkaren har sett inn høvlane med ei form for grunning med dei same dei var ferdige? Det er i alle fall slåande at fargen på mange av høvlane er tydeleg i fernissen og ikkje har trekt særleg inn i treverket. Limvatn (sterkt utvatna hornlim) er noko eg har prøvd på mine høvlar. Det mettar treverket der det er motved eller endeved. Då trekker ikkje treverket ulikt i riktig så stor grad. Eg tenkjer meg at snikkaren gjerne har laga høvlar etter behov. Då har han kanskje ville ta høvelen i bruk så snart han er ferdig. Mine erfaringar med å ta nylaga høvlar i bruk er at dei snart blir skitne. Særleg den lyse bjørka trekker til seg skitt og blir ikkje spesielt fin. Å smørje slike høvlar med ein farga ferniss av eitt eller anna slag fjernar ikkje denne misfarginga. Ved å smørje høvelen med limvatn blir overflata lettare å halde rein fram til han får ferniss.
Som dei føregåande postane dei siste dagane så er denne også om framgangsmåten for å lage golvplog med utgangspunkt i eit sett med originale plogar frå fyste halvdel av 1800-talet. Høvelen er funksjonell men handtaka skal formast til og kantane på høvelen skal rundast som på den gamle høvelen. Klikk på bileta for å opne dei i visningsmodus og få fram teksten som høyrer med.
Lengda på høvelen vart merka opp og vinkla rundt i samband med oppmerking av høvelstokken. Dette er forklart i den første posten om høvelmakinga. Den originale høvelen er støthøvla i endeveden men det er spor etter saga på eit par stader. Om det har vore ei bakksag eller ei grindsag er vanskeleg å seie. Eg sagar med ei bakksag. Foto: Roald Renmælmo
Rundinga av kantane har ei markert avslutning eit stykke ned på sida. Denne markeringa er gjort med ripmot frå undersida. Foto: Roald Renmælmo
Kantane er runda mot ein riss som er ein liten ¼» frå kanten. Eg stilte ripmoten på 5,5 mm og ripa tydeleg til kvar side. Foto: Roald Renmælmo
Med ein sletthøvel høvlar eg kanten. Først lagar eg ein fas på 45 grader som får ei flate på litt over 4 mm. Bredda på flata omlag like stor som summen av flatene som står att inn til rissen. Så rundar eg ut frå denne flata ut mot rissen. Foto: Roald Renmælmo
Eg stikk djupare med eit tappjarn der rundinga skal avsluttast i endane. Tappjarnet går i rissen som er merka på sida. Foto: Roald Renmælmo
På kantane i endane brukar eg eit stemjarn og stikk ut veden på same måte som med høvlinga. Foto: Roald Renmælmo
Her er det skore ein 45 grader fas ned til stoppmerket. Foto: Roald Renmælmo
Alle kantane mot endeveden er greiast å skjere til med eit kvast stemjarn. Foto: Roald Renmælmo
Når kantane er grovskore med stemjarnet kan ein runde overgangane med ei fil. Foto: Roald Renmælmo
Det er vanleg at høvlane i mitt område har ein slagknapp av jarn i bakkant. Desse kan vere smidd spesielt til dette eller det er ein kappa spikar med stort hovud. Eg brukar 4″ eller 5″ smidd spikar som eg kappar til omlag 1 ½» – 2″ lengd. Foto: Roald Renmælmo
Eg førborar for slagknappen. Foto: Roald Renmælmo
Eg slår inn slagknappen med hammar. Fordelen med ein slagknapp av jarn er at det er lettare å justere høveltanna med ein liten hammar og ein sparar slitasje på høvelstokken. Foto: Roald Renmælmo
Mange gamle høvlar er stempla med bokstavane til han som har laga høvelen. Eg har laga meg eit lite stempel med mine bokstavar. Foto: Roald Renmælmo
Her stemplar eg 5 gongar i framkanten av høvelstokken slik det er gjort på den gamle høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Ferdig stempla høvelstokk. Foto: Roald Renmælmo
Å spikke slike handtak kan sikkert gjerast til eit lite spikkekurs. Eg vel å ikkje gå for langt inn i detaljane. Her har eg saga inn 3 mm til eit referansedjup og spikka meg inn mot dette. Foto: Roald Renmælmo
Eg har så runda endane av skafta mot ein spiss. Dette kan sikkert med fordel gjerast etter nokre malar som ein legg på emnet og merkar etter. Eg spikka på frihand etter nokre referansepunkt. Gode spikkeknivar som er skikkelig kvessa er nødvendig. Foto: Roald Renmælmo
Handtaka er runda på tilsvarande vis som høvelstokken. Eg merkar dette med passar. Foto: Roald Renmælmo
Eg spikkar rundinga på same måten. Først ein 45 grader fas og så rundar eg denne. Foto: Roald Renmælmo
Inni rundingane er det greitt å ha ein kniv med ein litt avlang spiss. Foto: Roald Renmælmo
Det er nødvendig og snu og spikke med veden. Å kjenne nokre sentrale spikkegrep før ein tar til med slikt arbeid er sikkert bra. Foto: Roald Renmælmo
Også her er det greitt å ta den siste rundinga med ei fil. Foto: Roald Renmælmo
Handtaka er ferdige og slått på plass. Høvelen står saman med nothøvelen som også er ferdig. Foto: Roald Renmælmo
Den ferdige høvelen saman med originalen. Den nye manglar overflatebehandling i ei eller anna form. Dette blir tatt opp i ein seinare post. Foto: Roald Renmælmo
No gjenstår overflatebehandling av høvelstokken før denne er ferdig. Då er det berre å slipe høvelstålet og prøvekjøre høvelen. Som regel blir det litt småjustering av kile og slikt i samband med prøvekjøringa. Det er også sentralt at dei pløgde borda passar nøyaktig saman. Det blir også ein del av prøvekjøringa, å sjå om det må til justering på høvlane.
Handtaka på okshøvlar kan festast på ulike måtar til stokken. Dette er eit kritisk punkt på høvlane og det er som regel handtaka som først blir øydelagde på slike høvlar. På høvelen eg kopierer er handtaka felt inn i eit gradspor i høvelstokken. Gradsporet er svakt konisk, det er ca 1 mm breiare i eine enden. Når handtaka er høvla tilsvarande konisk kan ein tre dei inn frå sida. På originalhøvelen er det spor etter at handtaka er gradhøvla før dei er forma til som handtak. Eg tolkar det som at dei er tilpassa til høvelstokken først og så forma til. Då kan dei ha litt ekstra lengd for å justerast når dei er ferdige. Biletserien verkar som dei førre, klikk på bilete du ynskjer å sjå og bruk piltastane for å gå mellom dei ulike bileta.
Eg startar med dimensjonerte emne som er 28 mm breie og 23 mm høge. Dei er så lange at dei ferdig stikk 3″ ut på kvar side, total lengd 226 mm ferdig. Dette er ut frå måla på handtaka på den originale høvelen. Eg høvlar graden med ein fast gradhøvel. Her brukar eg ei foring på landet for at ikkje gradsporet skal bli for djupt. Foto: Roald Renmælmo
Gradsporet er ferdig høvla på dei to emna. Det går frå null i eine enden og til det djupet som er på biletet. Foto: Roald Renmælmo
Eg stiller ripmoten inn etter bredda på gradhøvlinga på emna. Foto: Roald Renmælmo
Eg merkar djupne på gradsporet på dei stadene eg skal felle inn handtaka. Plasseringa på desse er tatt ut frå den originale høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Eg måler vinkelen på graden på handtaka med svaivinkel og låser vinkelen. Foto: Roald Renmælmo
Eg fører over denne vinkelen på høvelstokken der eg skal felle inn handtaket. Eg vinklar på begge sider av stokken det som blir eine sida av hantaket. Foto: Roald Renmælmo
Eg plasserer handtaka oppå høvelstokken og sentrer dei og merkar av på handtaket der det treff kanten på høvelstokken på kvar side. Foto: Roald Renmælmo
Målet fører eg over på høveslstokken langs rissen etter ripmoten. Då har eg bredda på gradsporet slik at det passar med handtaket. Foto: Roald Renmælmo
Frå dette merket vinklar eg over med same vinkelmål som eg har stilt inn svaivinkelen på. Foto: Roald Renmælmo
Eg tar tilsvarande mål på andre sida. Foto: Roald Renmælmo
Her fører eg også over same mål med passar. Foto: Roald Renmælmo
Og vinklar over med svaivinkelen. Foto: Roald Renmælmo
Eg rissar over mellom streka på sidene for å ha betre styring på saga. Foto: Roald Renmælmo
Eg sagar med ei fintanna sag heilt i kanten på streken på kvar side + eit sagskår på midten. Foto: Roald Renmælmo
Eit smalt stemjarn høver godt for å skjere ut veden mellom sagskåra. Foto: Roald Renmælmo
Når ein har målt rett, merka rett og saga rett så skal det bli rett, men det er greitt å prøve. Når eg saga slik at streken stod att i kanten av sagskåret vart det passe trongt. Foto: Roald Renmælmo
Eg kan tre handtaket lett på inn men må slå med ein lett hammar den siste biten. Det skal vere så trongt at du også må slå det laus med hammaren. Ver forsiktig med å slå for hardt eller for mykje. Det kan kløyve ut veden i høvelstokken. Foto: Roald Renmælmo
Tilsvarande saging for det andre handtaket. Det er greitt å tilpasse eitt i gongen slik at du kan justere på det andre handtaket etter erfaringane med det første. Foto: Roald Renmælmo
Utskjering av gradspor for det andre handtaket. Foto: Roald Renmælmo
No er handtaka ferdig tilpassa. For høvling av kantar og slikt må dei av ein gong. Merk dei slik at du ikkje byter plass på dei når du set dei fast permanent. Foto: Roald Renmælmo
Ein høvel må ha ein kile som låser høveltanna godt og som ikkje stoppar høvelspona på tur opp gjennom sponrommet. Kilen må ligge plant mot høveltanna og passe godt i kilegangen. For å få til dette er det lurt å sjekke om høveltanna er rimeleg flat oppå. Om ho er det kan du høvle kilen plan på det som vert undersida og det gjer arbeidet mykje enklare. Elles må du kanskje justere kilen etter tanna. Det er også viktig at høveltanna er tilpassa godt til senga og ligg stødig. Er tanna ujamn så må du justere senga etter det. Er tanna for ujamn kan det løne seg å slipe eller file til tanna på undersida. Det er ikkje uvanleg å sjå spor etter slik filing på undersida av gamle høvelstål. Framsida av kilegangen må vere mest mogleg plan, ha same koning på begge sider og helst vere like stor på begge sider. Er den ikkje det må du kanskje justere kilen etter korleis det ser ut, eventuelt justere kilegangen. Billedserien viser framgangsmåten for å lage kilen til høvelen. Klikk på bileta for visningsmodus. Du kan bruke piltastane på tastaturet for å gå fram og tilbake.
For å få eit mål på kor stor kilen må vere så måler eg først bredda på kilegangen, her er det 49 mm. Så måler eg lengda på kilegangen frå sponåpninga og opp. Her er det ca 2 ½». Foto: Roald Renmælmo
Så måler eg i øverkant av kilegangen, vinkelrett på stålet kor tjukk kilen må vere. Her er det ca ⅝». Foto: Roald Renmælmo
Så måler eg kor tjukk kilen må vere for å fylle ut fram mot sponåpninga. Her var det 3/16″. Foto: Roald Renmælmo
Eg høvlar til og dimensjonerer eit emne av bjørk til kile. I utgangspunktet høvlar eg det 50 mm bredt, ¾» tjukt og 5 ½» langt. Foto: Roald Renmælmo
Emnet vert vinkla rundt i eine enden. Foto: Roald Renmælmo
Frå vinklinga set eg av lengdemålet frå kilegangen, 2 ½». Foto: Roald Renmælmo
På dette lengdemålet set eg av tjukna på kilen i starten av kilgangen. Her er det ⅝». Tilsvarande set eg av 3/16″ på punktet i enden der eg vinkla over. Foto: Roald Renmælmo
Eg legg alenstokken mellom punkta eg har merka opp og rissar. Same operasjon gjer eg også på andre sida. Foto: Roald Renmælmo
Emnet er ferdig merka. Foto: Roald Renmælmo
Ei skuvtennt (langvedtanning) grindsag er høveleg til å sage ut kilen. Eg sagar på overmål og høvlar til det siste. Foto: Roald Renmælmo
Det kan vere tungvindt å høvle til ein slik kile. Eg har laga meg til ein kloss som er 2 ½» tjukk og med ei tynn list limt på som høvelstopp i framkant. Foto: Roald Renmælmo
Eg høvlar ned til streken. Foto: Roald Renmælmo
Kilen er ferdig høvla konisk. Foto: Roald Renmælmo
For å prøve kilen må han høvlast til på bredda for å gå inn i kilegangen. Her er det viktig å ikkje høvle for mykje i den tynne enden. Her bør den fylle heilt ut i sidene. I den tjukke enden kan det godt vere litt romt. Foto: Roald Renmælmo
Kilen bør slutte jamnt til kilegangen på begge sider. Foto: Roald Renmælmo
Kilen er sett i etter justering. Her er rissen for utmålinga kome akkurat ned til inngangen av kilegangen. Merkinga var med andre ord ganske presis. No merkar eg på for utsaging av åping for sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Eg sagar ut på sidene for åpninga. Pass på å sett att litt material til skråen og justering. Ikkje sag heilt til streken etter kanten av sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Eit lite hoggjarn kan brukast til å grovhogge ut veden. Eg hogg litt lett frå begge sider for å ikkje få utflising. Foto: Roald Renmælmo
Kilen har grovhogd åpning for sponrommet. Eg har også skore ut for skruven i høvelstålet. Foto: Roald Renmælmo
For å ikkje lage ein bratt vegg som spona hektar seg fast i skjer eg framkanten skrå. Foto: Roald Renmælmo
Kilen på den originale høvelen eg kopierer har innvendig runding i framkant. Denne skjer eg ut med ein kvass kniv. Foto: Roald Renmælmo
Eg grovskjer sidene innvendig på armane på kilen. Her blir det justert seinare. Foto: Roald Renmælmo
Kilen er grovskore. Foto: Roald Renmælmo
Sidene av sponrommet er utvida mot framkanten for å gi betre rom til spona. No justerer eg dei til ferdig form. Foto: Roald Renmælmo
Eg pussar også over framkanten av sponrommet etter at sidene er ferdige. Foto: Roald Renmælmo
Sponrom kan ha mange ulike utformingar og også fasing av kantane innvendig er det ulike måtar å skjere. På denne høvelen er det ganske rette fasar som er omlag 45 grader. Foto: Roald Renmælmo
Fasinga vert på same måten i framkant. Foto: Roald Renmælmo
I starten av kilgangen blir det ein skarp kant. Denne er vanleg å fase. Foto: Roald Renmælmo
Når sidene av sponrommet er ferdig merkar eg på armane på kilen for tilskjering av desse. Foto: Roald Renmælmo
Merka på armane på kilen. Foto: Roald Renmælmo
Siste finpussen av kilen og armane på kilen. Armane skal stoppe ørlite bak egga på høveltanna og så skjerast ut i spiss. Innvendig skal sida på armane vere litt skrå oppover for å føre spona oppover. Foto: Roald Renmælmo
Kilen er ferdig. Legg merke til korleis armane er avslutta framme. Dei skal danne ein jamn overgang frå sida av kilegangen slik at høvelspona ikkje har nokon stader å hekte seg fast. Foto: Roald Renmælmo
Kilen er på plass i ferdig sponrom. Foto: Roald Renmælmo
Når høveltanna er ferdig tilpassa er det klart for å høvle profilen i sålen. Dette er eit arbeid som må gjerast særs nøyaktig for at høvelen skal fungere godt. Ein god flyttplog, ein ploghøvel med stillbart land er nesten nødvendig for å få til dette arbeidet. Er du ikkje venn med ploghøvelen din på førehand så er ikkje denne høvlinga egna til å prøve den ut. Utprøving av høvelen må gjerast på førehand. Vanlege feil med slike høvlar er at landet ikkje er beint, at skøyta under ikkje er bein og at stålet ikkje sit godt eller passar til høvelen. Har du ein flyttplog med stillbar stopp på djupna så er det praktisk til dette arbeidet.
Flyttplogen til venstre i biletet er det viktigaste verktøyet til dette arbeidet. Min høvel er laga som kopi av høvelen til Knut Larsen Høis (1799-1882) og er 12″ lang. Ripmoten er også kopi av ein original som var brukt av Knut. Foto: Roald Renmælmo
Mitt utgangspunkt er at nothøvelen i plogsettet er ferdig og prøvekjørt. Den blir då referansen for høvling av profilen i sålen på fjørhøvelen. Foto: Roald Renmælmo
All merking gjer eg frå det som blir venstre side av høvelen slik høvelen er i bruk. Eg stiller først ripmoten slik at dei to spissane er 1 mm lengre frå kvarandre enn bredda på den vesle tanna som er 9,4 mm brei. Foto: Roald Renmælmo
Ripmoten blir stilt inn på riktig avstand i høve til kor den vesle tanna står. Foto: Roald Renmælmo
Nota er merka av i sålen. Foto: Roald Renmælmo
Målet blir også slått over på endeveden og eit merke for 14 mm djupne blir sett. Foto: Roald Renmælmo
Tanna på min flyttplog er bare 7 mm brei så eg høvlar sporet på 10.5 mm i to omgangar på bredda. Eg har laga meg eit anlegg for pløyinga ved å spenne fast ein 2″ x 6″ med killingfoten og støytt mot eine sida av benkehaken. Då får eg andre sida av benkehaken til å støyte emnet mot. Det er viktig å ha god støtte i sida. Foto: Roald Renmælmo
Min flyttplog har ikkje justerbar stopp på djupna. Eg høvlar då kvart høveltak i heile lengda frå bakenden til framenden og prøvar å halde jamntjukke spon. Når eg då høvlar ned til merket for djupna i begge endar så veit eg at det er høveleg rett i botn av sporet. Det krev litt øving å halde flyttplogen rett så ikkje tanna riv i sida av sporet. Prøv først på ein prøvebit. Killingfoten som held fast sidestøtta er smidd av Mattias Helje etter ein svensk modell. Foto: Roald Renmælmo
Her er det høvla til rett djupne i 7 mm bredde ned til streken. Foto: Roald Renmælmo
Flyttplogen er stilt for å høvle resten av breidda på notsporet. Foto: Roald Renmælmo
Planet mellom meiane på høvelen er 3/16″ (5 mm) djupare enn planet på meiane. Eg brukar klossen som utgjer sidestøtta som prøvekloss for innstilling av flyttplogen. Eg stiller inn høvelen og høvlar opp eit spor. Så held eg høvelstokken mot dette sporet for å sjå om det passar med merkinga mi. Foto: Roald Renmælmo
Når høvlinga av sporet mot landet er ferdig så er det bare å høvle ned fleire notspor til rett djup. Desse treng ikkje å vere så nøyaktige. Foto: Roald Renmælmo
Eg høvlar det siste sporet. Foto: Roald Renmælmo
Eg brukar ein brei semshøvel til å høvle ned ryggane mellom notspora. Foto: Roald Renmælmo
Her er profilen i sålen ferdig høvla ned til streka som er synlege i endeveden. Foto: Roald Renmælmo
Profilen er ferdig høvla og tanna er sett i for å vise. Nota er litt breiare enn spalta i høveltanna. Avstanden mellom landet og nota må målast mellom innerkant av spalta i høveltanna og til landet. Foto: Roald Renmælmo
Så langt er arbeidet med høvelen ganske likt slik det er for alle sletthøvlar og dei fleste høvlane med sponutkast midt på. Det som er spesielt på denne høvelen er den samansette høveltanna, den vesle tanna i midten som på denne høvelen justerer høgda på fjøra. Denne tanna er festa til hovudstålet med ein liten skruve for at det skal gå an å ta ståla frå kvarandre når dei skal slipast. Det er ikkje noko form for justering på denne festemåten så all lengdejustering må gjerast ved å slipe riktig lengde på vesletanna i høve til den store tanna.
Utgangspunktet mitt er å tilpasse den store tanna ferdig i senga i kilegangen. Når tanna passar nøyaktig i sidene og ligg stødig i senga så merkar eg av for holet for skruven og spalta for veslestålet. Foto: Roald Renmælmo
Her er det merka med sentermerke i skruveholet og ein svak riss for spalta. Foto: Roald Renmælmo
Det vesle stålet er tjukkare enn det store og er smidd til for å ligge på baksida der skruven går gjennom. Foto: Roald Renmælmo
Slik ser ståla ut frå sida. Foto: Roald Renmælmo
Her har eg lagt det vesle stålet på flata i senga og merka av omrisset for å hogge ut for det. Foto: Roald Renmælmo
Det vesle stålet byggjer 4 mm djupare enn det store stålet. Foto: Roald Renmælmo
Eg set av 4 mm på høvelstokken og merkar dette. Målet er frå planet til senga. Foto: Roald Renmælmo
Sidan det er så lite material som skal bort så brukar eg eit smalt stemjarn. Eg brukar eit låst fingergrep for å kontrollere jarnet så det ikkje glepp ut og skjer feil. Foto: Roald Renmælmo
Undervegs har eg prøvd om det vesle stålet passar nøyaktig. Foto: Roald Renmælmo
Her er prøving av veslestålet. Eg prøver det både laust og fastskruva til det store stålet. Det er viktig at det ikkje blir hogd for djupt. Det vesle stålet må ligge stødig mot treverket. Om det blir romt her kan det bli vibrasjon i stålet under høvling. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstålet er ferdig felt inn i stokken. Både det vesle stålet og det store stålet ligg godt an mot senga. Det er heller ikkje for romt på sida av det vesle stålet. Foto: Roald Renmælmo
Når stålet er ferdig tilpassa brukar eg det som utgangspunkt for å høvle ut fasongen, profilen i sålen på høvelen. På førehand er dei to ståla til nothøvelen og fjørhøvelen slipt til så det passar nøyaktig. Nothøvelen må skjere ei not som er ørlite vidare enn fjøra. Vi snakkar om ca 0.1 mm. Når den eine av plogane er ferdig er det den som blir referansen for høvlinga av sålen på den andre høvelen. Her er verktøyet som skal brukast, flyttplog og ripmot. Foto: Roald Renmælmo