Litteratur om skottbenk

Det tar seg stadig opp med artiklar om skottbenk og arbeidet med å høvle på skottbenk. Her vil vi freiste å samle relevant litteratur og lenkjer til nettstader som kan ha nyttig informasjon. Vi er sjølvsagt takksame for tips om nettstader og artiklar av ulike slag så lenge det handlar om skottbenk.

Skrifter:
Skottbenk, Litjbuan. Registreringsrapport av Thor-Aage Heiberg. Du kan også laste ned rapporten her på blogen: Skottbenk, Litjbuan
NFL.16629: Rettbenk fra Budalen i Sør-Trøndelag, bloggartikkel og dokumentasjonsrapport av Terje Planke
Skottbenkene på Skårvoll, Støren, artikkel av Thor-Aage Heiberg
Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken, artikkel av Roald Renmælmo
Produksjon av ny skottbenk “Jarlebenken”, rapport av Thor-Aage Heiberg
Snikkaren og høvlane, artikkel av Roald Renmælmo
Skottbenk og skottokse,  artikkel av Roald Renmælmo
Bestefarboka som Lars Aasdøl har skrive om her på bloggen.
Skottbenken, artikkel av Arne Vennevik
Handhyvlad panel i Hjo, 2003, Gunnar Almevik og Mats Renmström. Utdrag av boka.
Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, nemningar og drøfting, serie med bloggpostar av Roald Renmælmo
Nettsider:
Fugbænk 
Høvelbenkar i dansk tradisjon

2 thoughts on “Litteratur om skottbenk

  1. Jeg går på fagskoleutdanning i bygn.vern på Røros og tenkte å lage en skottbenk i selvvalgsoppgave. Finnes det noen benker fra områder sør/øst i landet, hadde vært morsomt med en som hadde geografisk tilknytning til området jeg bor (Oslo-Drammen)?

    Likar

    1. Enn så lenge har eg ikkje kjennskap til skottbenkar i ditt område. Det er sjølvsagt nokre nye benkar, både skottbenk og rettbenk på Norsk Folkemuseum på Bygdøy (også ein gamal rettbenk frå Sør-Trøndelag), men desse har ikkje rot i ein lokal tradisjon. Eg har gått gjennom svara på spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling, utan å finne svar som har med skottbenk frå Oslo, Akershus og Buskerud. Svara frå Austlandet er oppsummert her: https://skottbenk.wordpress.com/2015/04/21/skottbenk-i-norsk-folkeminnesamling-del-4/

      Det har nyleg dukka opp ein del skottbenkar i Oppland fylke og fleire av desse kunne vere gode døme som du kan vurdere å ta utgangspunkt i:
      https://skottbenk.wordpress.com/2015/05/11/skottbenk-fra-vedum-faberg/

      https://skottbenk.wordpress.com/2015/05/15/skottbenk-fra-ulsrud-vestre-gausdal/

      Terje Planke (https://skottbenk.wordpress.com/author/terjeplanke/) på Norsk Folkemuseum har ein skottokse som har vore brukt i Asker. Det er elles skrive litt i bygdebok for Hadeland om at skottbenken var i bruk i samband med bygging av slottet i Oslo i 1849. https://skottbenk.wordpress.com/2013/12/13/meir-skottbenk-pa-hadeland/
      Eg er ikkje i tvil om at det må finnast skottbenkar i dette området så du får byrje med å leite litt rundt på dine heimtrakter. Eg er veldig glad for eventuelle tips i så måte. 🙂

      Om du ser oppe i høgre marg her på bloggsida så er det eit felt der det står:
      “Oversikt over geografi og tema”

      Trykk på knappen under der det står: “Vel kategori”. Då får du opp oversikt over alt stoffet på bloggen som er merka med kategoriar. Der er det organisert etter fylke og kommunar etter dagens fylkes- og kommunegrensar. Der får du oversikt over dei områda der det er funne skottbenkar eller vi har informasjon om skottbenkar.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s