Skottbenk i Austefjorden i Volda

Det gjekk rykte om ein skottbenk i Austefjorden. Peter Brennvik hadde fått eit tips av Anders Hunnes om ein benk. Skulle dette bli den første registrerte skottbenken på Sunnmøre?

l1050260-kopi
Dei to bukkane til skottbenken. Foto: S.K.Holmin.

Den 26. november, 2016 for Kåre Løvoll og eg inn i Austefjorden og såg på to bukkar (Anders var også med). Eigaren meinte bukkane var brukt til å legge veggstokkar i for å ta ut mefar til tømring. Han hadde ikkje sett benken i bruk sjølv. Eigaren viste oss dei to bukkane. Han kjende ikkje til og hadde ikkje sett eller funne langbord som høyrde til benken.

Skottbenken

Bukkane er laga av furu, men delen som held saman dei to føtene er av bjørk. Delane har ikkje nøyaktig like mål. Det er litt variasjon på lenge bredde og tjukkleik på dei like delane. Dei er hogd til ut ifrå eit emne for å passe til bukken. Emna har ein del synleg vankant og er fasa på mange kantar.

Stavane står på ein 51-53 cm lang, ca. 12 cm høg og 15,5 cm brei fot. Denne er hogd til og det er hogd ein fas langs kanten på langsidene på oppsida. Den har margen i. Høgda på bukkane, altså lengde på stavane er 81-86 cm høge, ca 11-12 cm breie og 8-9 cm tjukke. Dei er altså ikkje kappa nøyaktig for å ha lik høgde. Det er marg i tre av stavane og ein har margen ut. Stavane står med avstand 7,5 cm på foten. Dei har tappar nede som går gjennom foten og er festa med ein rund trenagle som er 17-18 mm. Tappane på staven 8-9 cm lange (stavens tjukkleik) og 3 cm breie. Dei er runda på kantane. Så tapphola er truleg laga ved å borre to 3 cm store gjennomgåande hol og så hogd ut i mellom. Stavane er nøyaktig tilpassa flata oppå foten.

l1050264

l1050263
Stavane har tappar nede som er tappa ned i foten og festa med trenagler. Foto: S.K.Holmin.

For å halde stavane stødig saman er det eit tverrtre av rund bjørk som går gjennom eit tapphol i begge stavane. Tverrtreet er hogd ned til 4”x1” der det skal gjennom slissen. I enden som stikk ut er det laga eit hol og satt i ein trekile som gjer at staven ikkje kan pressast ut. På den eine bukken har tverrtreet fått ein sprekk i enden, så der er det forsterka med ein oppgangsaga bordbit som er tredd inn på og det er satt inn ein lang jernspiker/bolt som kile.

l1050259-kopi
Bukken med tverrtre av bjørk. Dette går gjennom tapphol i føtene. Eit bord er tredd inn på enden og festa med ein jernspiker/bolt som kile, som forsterkning, sidan tverrtreet har sprukke. Foto: S.K.Holmin.

Det er hogd ut for langborda i øverste delen av staven. Her er det hogd ut 3,5 cm djupt og 4,5 cm ved står att på staven på 8 cm (mål frå ein stav). Frå botn av utfelling for langbord og opp til toppen av stavane er det 24,5 og 25 cm på eine bukken og 22 og 23 cm på den andre bukken. Så om ein har langbord på om lag 25-27 cm høgde (dei treng kanskje ikkje å ha vore paralelle?) kan ein høvle opp til 12” breie bord. Alt etter kor høg meien er på høvelen. Tverrtret som avgrensar kor breidt bord ein kan høvle, ligg om lag 3 cm lavare enn underkant av langbordet.

Føtene står med 7,5 cm mellomrom på foten. Oppe er det 14-15 cm mellomrom etter at det er tatt ut for langborda. Om langborda er 2” tjukke kan ein høvle i underkant av 2” bord i denne benken. Utan langborda får ein plass til ein dryg 5” stokk. Det var ikkje tydlege spor etter festing av langbord på bukkane.

l1050271-kopi
Den andre bukken, der tverrtreet er festa med ein trekile. Vi ser også uthogginga for langborda øverst på stavane. Foto: S.K.Holmin.

På begge bukkane er det spikra på ein bordbit på tvers mellom stavane som går litt høgre enn tverrtreet. Det er skåre ut eit hakk i kvar av desse. Det er uklart kva nytte desse har hatt. Kanskje for å kunne bruke bukkane utan langborda og legge veggtømmer på høgkant i bukkane for å ta ut mefar? Det var ikkje synlege slitasjespor etter dette. Bordbitane er dessutan montert slik at ein kan ha på langborda også. På eine staven er det fora på litt med ei treflis i botn av utfellinga for langbordet for å kome i høgde med bordbiten? Det kan også vere at bordbitane fungerer som ei ekstra avstiving etter at bukkane har vorte slarkete. Bordbitane er oppgangsaga material og spikra med klippspiker.

Om nokon skal lage seg skottbenk på Sunnmøre kan denne vere ein fin modell. Det har truleg vore brukt kilar for å feste bordet i benken, sidan det ikkje er skruar på den. Det er sjeldan å finne originale løysingar på dette. Vi har funne få benkar med originale kilar. Så her må vi ha augene opne, kanskje det dukkar opp fleire skottbenker med langbord og kilar.

Tusen takk til Olav og Anders for triveleg møte.

Og takk til Peter som vidareformidla tipset, og Kåre som vart med.