Pløybenk i Elverum

Skottbenken
Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Dette fotografiet som vi har brukt tidlegare på bloggen får tene som illustrasjon på korleis ein pløybenk i Elverum kan ha sett ut på bakgrunn av teksten vi siterer under. Foto: Roald Renmælmo

Vi har tidlegare skrive om plogbenk på garden Stallheim i Trysil, plogbenk på garden Motens i Varaholla i Trysil og forfattaren Halvor Floden og plogbenken i Trysil. No kjem vi til nabokommunen til Trysil, Elverum, der Halvor Floden busette seg og budde i si yrkeskarriere. I Boka Elverum, IV – Tillegg til Finne-Grønns bok om Elverum, (Elverum kommune 1958) finn vi att den same Halvor Floden i redaksjonsnemnda i boka. Boka er ei slags bygdebok som beskriv geologi, arkeologi, folkemusikken, folketradisjon, historie, det gamle Elverum, seterbruket i Elverum, politisk styre, skolestell og kulturliv, kunst og litteratur, bygdemålet, matstell og handverk, idrettslivet og bureising og boligbygging. Det er gjort eit omfattande arbeid med dei ulike kapitla i boka som er skrive av ulike forfattarar som har kvar sine spesialområde. Om matstell og handverk i det gamle Elverum er det lærar Olav Furuset som skriv:

«Skulle det vera eit staseleg hus, skava ein tømmeret med trynfisken (pjål, skave, red. anm.). Andre høvla med skrubbokse og pussokse. Petter Tømmermann heldt på at ein skulle skava tømmeret om det så berre var til ei skarve utløe. Huset stod så mykje lengere da, sa han.

Tømmermannen måtte vera nøgje på meddraget, elles kunne veggen bli gissen. Han merka det ut meddraget eller klorivjua, som noen kalla denne reiskapen. Somme rita opp med hjørnet på øksa. Det måtte vera skarpe hjørner på den øksa ein hogg ut meddraget med. Lafthogginga var rekna som den største kunsta i tømmermannsyrket. For gamalt hogg ein laftet rett ned så djupt ein skulle. Men skulle ein rive eit slikt hus, slo ein lett av laftnubbane. Gudbrandsdølene gjorde noe tei kalla garpehogg, Dvs, dei let mergen eller garpen, som de sa, stå att. Tømringa vart solidare all med seg av det. I meddrag og laft la ein husmose (Hypnum). I røstet, og elles der det kunne bli svikt i veggen, gjorde tømmermannen lukur og slo i demlingar. For gamalt hogg ein lukune med augeøks. Sia kom navaren i bruk. Ein gamaldags navar åt seg ikkje nedover sjøl. Først hogg ein laus ei flis, så navarnibben fekk tak, og så var det berre å klemme og bora av alle krefter. I 1880-åra kom sentrumsboren i bruk. 

Stokksaga var lenge einaste saga tømmermannen brukte. Men sist på 1800-talet kom det etterkvart lettvintare sager. I 1870-åra kom det første vateret til bygda. Før hjelpte ein seg med loddet og vaterfjøler. I somme hus ser ein ennå golv av kløyvde tømmerstokkar. Men lenge etter at oppgangssagene kom, hende det seg ein gjorde bord for hand. Stokkane vart kløyvd med slippersag, og telgd eller høvla etterpå. Nær Dala i Løtenskogbygda var ei oppgangssag frå gamalt. Hit kom folk heilt frå Heradsbygda med sagtømmer, er det fortald. Sorperud hadde oppgangssag ved Sagbekken. Bronkegardane hadde sag ved Bronkåa. I Kverndalen har det vore sagbruk lenge. 

Panelbord gjorde ein for hand på pløybenk. Pløybenken var to stabber med skår i. Her var felt nedi to bord. Det eine var spika fast i stabbane, det andre var laust. Millom dei to borda la ein planken som skulle høvlast til. Så rissa ein opp breidda, hogg av det meste med øks, og høvla resten med skjøtoksen. Deretter kom turen til not og fjørplogen. Etterpå pussa ein bordet med semshøvlen. Staffen var det siste ein gjorde. Ein brukte mye panel der annakvart bord hadde berre not eller berre fjør på begge sider. Oluf Mørkhagen tok på seg mange byggearbeid i si tid. To av dei siste var bygningane på Grønli i Hernes og Vesterhaug i i Heradsbygda. Han hadde gjerne folk ståande heile vinteren med ymse kruslearbeid for seg. Da lånte han bort reiskap om det trengtes, for han hadde mye av det slaget. Amund Hansen Bråten og sonen hans stod ein heil vinter og gjorde holkillister til Grønlibygningen». (Magne Skrede (red), Elverum, IV – Tillegg til Finne-Grønns bok om Elverum, Elverum 1958)

Pløybenken som er beskrevet i teksten kan ha ein del felles med benken som vi tidlegare har presentert frå Västagården i Lima i Sverige. Elverum kommune grenser ikkje direkte til Lima (Malung kommune), men det er ikkje veldig store avstandar, ein kjører mellom på under ein time med bil. I teksten er det også med namn som skrubbokse, pussokse, skjøtokse, semshøvel, staff, holkillister og not og fjørplogen. Dette er nyttig informasjon for handverkarar som arbeider lokalt i området i, og kring, Elverum. Eg har også tidlegare skrive frå Elverum her på bloggen der eg siterer frå svar på spørjelista om snikkarhandverket frå Olav Furuset frå Jømna ved Elverum. Dette er same Olav Furuset som var forfattaren av kapitlet om matstell og handverk i boka Elverum. Spørjelistesvaret kom inn i 1946, altså 12 år før boka kom ut. Når ein granskar teksten om pløybenken i boka og teksten om plogbenken i spørjelista, vert det snart tydeleg at det er same teksten som er nytta begge stader. Dei fleste orda er skrive likeens og setningane er nokolunde likt utforma. Skilnaden er at han bruker plogbenk i spørjelistesvaret og pløybenk i kapitlet i boka.

Opptak av nytt medlem, med direkte opprykk som VIP medlem

Skottbenken til Hans Erik Olsen
Skottbenk og skottokse snikra av Hans Erik Olsen.

Hans Erik Olsen i Birtavarre i Kåfjord fekk oppleve kor fantastisk det er å høvle på skottbenk alt i 2012 då han var med på kurs i høvling og høvelmaking i Målselv. I ettertid har det blitt snikra fleire høvlar og i tillegg har han lagt mykje tid på å lære seg å smi eggverktøy. Når han fyrst fekk snikra sin eige skottbenk, så gjekk han nokre steg vidare ved å smi sine eigne høvelstål og snikre sine eigne høvlar til skottbenken. Det står respekt av arbeidet med å smi stål og snikre okshøvel, skottokse og eit sett med golvplogar. Dette kvalifiserer ikkje berre til opptak i Norsk Skottbenk Union, men han vert også VIP medlem på bakgrunn av å ha smidd sine eigne stål. Vi kan legge til at ståla er smidd i hans eiga smie med sideblås, trekull og belg. Frå før har vi berre smeden Jon Dahlmo som er VIP medlem. Som VIP medlem har ein høve til å bere det offisielle arbeidsforkleet til Norsk Skottbenk Union i fargen koksgrå. Hans Erik er fyrste medlem i Nord-Troms og vi håper han kan bli ein god misjonær for vidare spreiing av skottbenken i regionen. Vi gratulerer Hans Erik og ynskjer han velkommen som medlem. Teksten under og bileta i bloggposten er frå han.

Skottbenken, strykebenk eller rettebenk på Perteng, kjært barn mange navn

Da har jeg fått laget meg skottbenk. Som forbilde og i tanker har jeg sett litt på benken fra Balsfjord, Nesset, som Henrik har dokumentert på unionens nettsider, men da ikke med helt de samme mål og dimensjoner. Jeg har laget benken etter det materiale som jeg hadde liggende på låven. Bokkene er sammensatt med tapper og treplugger dimensjonen 4,5 x 4,5 toms furu og 4 x 4 toms bjørk som skruen går i gjennom, mener nok at bjørk er bedre å bruke når det skal skjæreres gjenger. Skruen har en dimensjon på 1,5 toms i diameter, det kan virke noe pinglete men har valgt å bruke det verktøyet man har tilgjengelig , materiale til skruen er gamle bordbein som er dreid ned til rett dimensjon for gjengesettet (Koreatypen). Langbordene har jeg kjøpt på materialhandelen og er av gran 2 toms 6 i dimensjon og 3,60 lang, her har jeg avrettet de litt med en håndhøvel , høgda på benken er 85 cm.

Grunnen for å lage  skottbenk er kanskje ikke direkte å høvle og pløye golvbord, men heller det å kunne rette av bord til andre formål innen snekkeri, og også å kunne sette bordene sammen med not og fjær. Så må man ha noen høvler til benken, skottokse og pløyeokser og det er et greit vinterarbeid å lage disse.

Nå har jeg muligheten til å smi høvelstålet selv i egen smie, hvor avlen er sideblåst med belg som gir luft og trekull til drivstoff. Høveltanna til skottoksen er smidd av 50 X 5 vanlig kjøpejern 355 konstruksjonsstål og stålsatt med et stykke fra en harvefjær av den gamle sorten. Stålet til pløyeoksene er litt mere sammensatte, men er stålsatt med samme prosedyre.  Den store høveltanna må ha en spalte som den lille skal ligge i , spalten kan hugges ut med meisel men her må man stålsette seg sjøl og være stødig på handa, eller ta i bruk den minste motstands vei, skjære ut spalta mekanisk med vinkelsliper eller skjærfil. Jeg satt på malingstape tegnet på målene og brukte vinkelsliper. Uansett metode så må man legge inn et filingsmonn, den siste filinga tas etter herdinga, det må ikke bli glipper i mellom tennene, da vil spon sette seg fast og høvelen tetter seg, det ville bli et dårlig verktøy til å høvle med.

Det er og ønskelig å finne og dokumentere en gammel skottbenk i Nord-Troms men så langt har jeg ikke funnet noen. Vi har ikke i musets samling heller som jeg vet om, men jeg regner med at de har vært i bruk også her, til husbygging og produksjon av golvbord og panel. Nordreisadalen og skiboten, Kvænangen er kanskje de plassene som er mest aktuelle steder å lete. Der har tilgangen til furuskog og sagbruk har vært best i regionen

Forfattaren Halvor Floden og plogbenken i Trysil

Dei siste vekene har det vore fokus på tradisjonen kring plogbenkar i Trysil der vi har presentert bilete av plogbenken i Varaholla og beskrivelsen av bruken av plogbenk på garden Stallheim i Drevdalen. Det viser seg så godt som alltid at når ein byrjar å undersøkje i eit område, så dukkar det opp fleire døme enn ein fyst hadde sett for seg. Så også når det gjeld Trysil. Vi i Norsk Skottbenk Union har fokusert på dei mest brukte nemningane som har vore brukt om skottbenken. Skottbenk er mest utbreidd, vidare er det slikt som rettbenk, strykebenk, føybenk og likande som er vanleg. Plogbenk og pløybenk er ikkje riktig så vanlege nemningar. I eit gamalt ordtak heiter det «som ein ropar i skogen får ein svar». Då tenkjer ein på at det er sitt eige ekko ein høyrer. Når vi spør folk om dei kjenner til skottbenk, eller søkjer i litteraturen etter skottbenk, så er det berre eventuelle skottbenkar vi får vite om. Folk som berre har høyrt om plogbenken eller rettbenken tenkjer kanskje ikkje på at det er det same som skottbenk? Etter tipsa om at plogbenk var den lokale nemninga i Trysil så måtte eg ta eit nytt tekst-søk i databasen til Nasjonalbiblioteket. Med eit søk på «plogbenken» fekk eg opp boka «Ein fjellgard» av forfattaren Halvor Floden. Boka viser seg å vere veldig interessant. Boka som kom ut i 1968 er ikkje så lett å få tak i lengre, men heldigvis har ho kome ut i ny og fint illustrert utgåve så seint som i 2018. Den kan tingast frå til dømes Gamle Trehus, Haugen bok eller Norli.

Halvor_floden
Halvor Floden

Halvor Floden

Halvor Floden (1884-1956) er kanskje best kjent som forfattar som står bak mange av klassikarane innan norsk barnelitteratur. Han var den fyrste barnebokforfattar som fekk statleg kunstnarløn, noko han fekk etter at han vart pensjonert som lærar. Han var lærar i Elverum frå 1905 til 1949. Floden vaks opp på nyryddingsbruket Kvanbekksetra i Trysil. Sidan han ikkje hadde odelsrett søkte han utdanning og kom inn på Elverum private lærarskule som 18 åring. Den siste boka han arbeidde med var «Ein fjellgard» som var ferdig same året som han døydde, men som fyrst vart utgjeve posthumt i 1968 som ein del av serien Norsk Folkeminnelags skrifter. Boka er ei skildring av oppveksten på Kvanbekksetra.

I forordet skriv Halvor: «Det er ikkje tanken at denne utgreiinga skal vera ei bok til utgjevings. Men eg tenkjer meg at det kan ha noko å seia at eg gir ei nokoleis utførleg skildring av det miljøet eg voks opp i, av den grunn at deg kjenner det – og at eg vonleg må vera i stand til å føre det «i pennen». Den driftsmåten som vart nytta heime på Kvanbekksetra, går no mot slutten, snart lever ingen som er oppvaksen med`n, han går inn i soga om det som «var ein gong». Ei utførleg skildring av livet og arbeidet på garden i min barndom kan med tida få kulturell interesse, og det er difor eg etlar meg til å bruke nokre vinterdagar til å feste noko om det på papiret. Eg legg til at eg skriv ikkje noko utkast, – dette blir fyrste kladden». (Halvor Floden, 1968)

Skjermbilde 2020-01-23 23.19.30

Ein fjellgard

Halvor byrjer med å innleie om å beskrive foreldra sine og Kvanbekksetra. Det var nokså dårleg med hus på garden, ettersom det var ei seter frå byrjinga. «Den garden som far hadde kjøpt, var å kalle «huslaus»: Dei gamle husa var forfalne, taka var utette. Og det var ikkje bygt til ein gard slik far og mor tenkte seg farden. Det var bygd til seter.» (Floden 1968). Vidare beskriv han korleis faren bygde opp hus etter hus og «han var sin eigen planleggjar og arkitekt, sin eigen tømmermann og til dels murar og snekker». Etterkvart som Halvor veks til og vert eldre får han også hjelpe til med dette arbeidet og gjennom det lærer han både korleis arbeidet vert gjort og det språklege i arbeidet. Skildringane av arbeidet i kapitlet «Husbygging» er særs fint skrive og er inspirerande lesnad for oss som har interesse for slikt. Det er ikkje ofte ein finn kombinasjonen av ein som har kunnskapen og tradisjonen om slikt arbeid og som også er god til å skrive.

Innreiinga

Halvor skriv: » Far leigde snikkarar til hjelp, til dømes til å snekre glas og dører.  … Sagbord og plank til innreiing og snekring skar dei på saga som høyrde til garden. Ja, det fanst ei oppgangssag nedi Kvanbekken 4-500 meter nedom garden, den saga hadde Kvanbekksetra og Skjærholla i hop. Ho kunne ikkje gå anna enn i bra flaum, difor vart gjerne saginga unnagjord om våren. Det var på denne saga far skar borda og planken til dei fleste husa som med kvart kom opp. Borda vart ikkje kanta, dei vart skorne tvert gjennom stokken. Dei var såleis mykje breiare ved rotenden enn ved toppen. Jamnast var dei breie, av ganske grovt tømmer. Dei vart godt tørka, først ute, sidan inni eldhus. All snekring måtte bli gjort med handreidskap. Den teknikken og reiskapen snekrane brukte, er truleg så godt kjend, eg skal ikkje gå vidare inn på dette emnet».  Her kunne eg sjølv gjerne sett for meg at han gjekk vidare inn på det emnet.

Vidare skriv han: «Neste etappe på bygningen (våningshuset) kom i 1889. Då vart salen mot vest sett i stand. Like eins kammerset over sengerommet til far og mor. Desse romma vart tapetserte. Eg har mang ein gong legi der og sett på taket – etter eg fekk lite grann vett på snekkerarbeide, og eg har sett kor jamt og fint borda er høvla, kor vel dei fell i hop. Der er ikkje kitta og sparkla før målinga, men ein målar sa at det trengst ikkje sparkling på slikt eit tak. Og eg hugsar kven som snekra der, koss dei hadde bordstapelen ved nordveggen, der låg han og tørka. Det var grove, ujamne bord slik dei var komne frå den gammaldagse oppgangssaga, men dei vart fine under hendene åt Johannes Talåsen og Ole Lunde. Dei brukte okshøvlen så sveitten rann, dei pløgde på plogbenken, dei var karar som kunne få det til. Da vart det au tropp opp til andre høgda. Enda gjekk eit ti-år før andre høgda av austre delen vart gjort ferdig. Før da var lagt golv der, og det store rommet vart nytta til kledebu, reiskapsrom for innreisskap – og elles til alt mogleg. Men i 1898 bygde far ei meir nymotens sag, sirkelsag med overfallshjul, oppe ved sjølve garden. Da kunne det bli sagbord til ymse, og borda kunne ein køyre til maskinhøvlings på Østby, og då trong ein vel ikkje å leige framande snekkarar til å slå på dei høvla borda. Det vart tre soverom der i andre høgda over kjøkenet.»

Vi kan tenkje oss at snikkarane kanskje hadde med seg plogbenken til gards når dei gjorde arbeidet, elles kunne det vere at han framleis finnast på Kvanbekksetra. Våningshuset står der framleis, medan ein del av dei andre husa er borte. Kanskje kan ein framleis sjå dei pløgde borda i taket som Halvor skriv om? Elles kunne ein spore opp etterkommarane etter snikkarane Johannes Talåsen og Ole Lunde og undersøkje om det kunne finnast ein plogbenk etter nokon av dei? Det er i alle fall grunn til å sjå for seg at det kan vere fleire plogbenkar å oppdrive i Trysil.

Livet på Kvanbekksetra

Vidare skriv Halvor om alle sider ved det å bu og drive ein slik gard som Kvanbekksetra. I boka er det kapittel som; Husmora og arbeidet hennar, Fjøsstellet, Mjølkestellet, Ysting, Brødbaking, Barnestell, Klevask, Framande, Handverkarar, Handverk av husens folk, Jakt og fangst og Fiske. Interessant lesing alt saman. Han skriv og om gardsdrifta gjennom eit år der han er inne på tømmerhogst, tømmerfløyting, tjørubrenning, neverløyping og liknande. Alt i alt ei fantastisk skildring av livet på ein slik gard. Det er ei bok som er anbefalt lesnad for deg som har interesse for arbeidslivet på ein gard på slutten av 1800-talet.

Verdas eldste foto av skottbenk?

Bilde 01.10.2019, 13 39 42
Utsnitt av foto av garden Tollås i Fannefjorden. Ved å blåse opp storleiken kjem det fram mange interessante detaljar, mellom anna denne flotte skottbenken som ser ut som er i bruk.

I sommar hadde Romsdalsmuseet ei fotoutstilling frå glasnegativa si tid. Eit av fotoa som blei blåst opp i storleik var eit bilete av klyngetunet på Tollås i Fannefjorden frå før tunet blei flytta ut i 1860-70 åra. Biletet er truleg frå 1868 og frå ei tid då dei fyrste fotografane byrja å operere så sjansen er stor for at dette kan vere eitt av verdas eldste fotografi av ein skottbenk? Glasplatene inneheld ein stor detaljrikdom og det ein kan sjå er at inne på  den avkledde stabburssvala står det ein skottbenk og den har nyleg vore i bruk då det høvelspon på golvet.

Bilde 01.10.2019, 13 39 26
Glasplatefoto av klyngetunet Tollås i Fannefjorden i Molde kommune. Det er i svalen på eine loftet på det tunet til venstre at vi ser skottbenken rigga opp for bruk. Fotografiet kan vere teke av fotograf Jacob Andreas Kirkhorn som var aktiv i Molde frå om lag 1866. Fotografiet er her avfotografert frå utstillinga til Romsdalsmuseet så skyggane og den vesle boksen til venstre i biletet er frå dette.

Etter dette fotografiet vart teke vart dette tunet flytta ut slik som var vanleg over det meste av landet på 1870-1880-talet. Om skottbenken framleis kan finnast på garden er så langt ikkje undersøkt, men det er mogleg? Skottbenken er tydeleg rigga for bruk og det er mogleg dei arbeider med å høvle nye bord til å kle svalen i huset den står i? Svalen har i alle fall spor etter nagla ståande kledning som er teke bort. Stativet som står midt på tunet lurer eg på om kan vere ei mara, stativ, for å tørke saga bord på? I så fall kan det vere eit større byggjeprosjekt dei er ferdig med, eller skal til med, og at skottbenken er rigga i samband med dette arbeidet? Det er ikkje bord å sjå på mara, så dette er noko usikkert.

Bilde 01.10.2019, 13 39 36
Utsnitt som viser svalen med skottbenken. Torvtaket ser ut til å vere nokså nytekt. 

Foto og noko av teksten er det Øyvind Vestad, student på Tradisjonelt bygghandverk, som står bak. Han er tilsett på Romsdalsmuset som handverkar og har då høve til å sjå denne flotte fotoutstillinga kvar dag.

Det finnast også eit bilete på digitalt museum av dette tunet og det er teke frå ein annan vinkel. Garden Tollås på Solemdalen. Biletet ser ut til å vere teke på same tid då både skottbenken og mykje av det som ligg på tunet der ser ut som å stå på same måte. Fotoet på digitalt museum har oppgjeve at fotografen er ukjent, men det er vel nokså sannsynleg at det er same fotograf på desse to fotografia?

Er det andre som kjenner til eldre foto av skottbenkar? Kan vi gå ut frå at dette fotografiet som truleg er frå siste del av 1860-talet er verdas eldste fotografi av ein skottbenk? Eg er særs takksam for alle innspel på dette.

Skottbenk frå Nesset i Balsfjord

_P7C3500 - Version 2
Skottbenk frå Neset ved Fjellfroskvatnet i Balsfjord. Gunnar Nesset (t.v.) og student Henrik Jenssen drøftar detaljar kring bruken av benken.

For meg starta leitinga etter skottbenkar i Troms for nærare 20 år sidan. Den fyrste tida har det vore veldig flott om eg hadde hatt kjennskap til Gunnar Nesset ved Langvatn i Balsfjord og skottbenken han har tatt vare på etter faren. Det hadde gjort vegen mykje kortare til å finne fram til gode modellar for skottbenk og finne fram til meir om arbeidsmåten og bruken av skottbenken.

Noko av det som er mest spennande ved å leite etter skottbenkar og kartlegge tradisjonen kring bruken av dei er i kor mykje som finnast rundt på gardane i landet, men likevel er det veldig vanskeleg å finne på annan måte enn å oppsøke gardane og leite etter benkane sjølv. I faglitteraturen i snikkarfaget og tømrarfaget er temaet omtrent ikkje eksisterande.

Henrik Jenssen er student på tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim og har gjennom utdanninga vore mykje borti skottbenken og bruken av den. Sist haust hadde studentane i heimeoppgåve å finne, registrere og måle opp ein lokal skottbenk. Henrik strevde med å finne ein benk som ikkje var registrert tidlegare og endte opp med å måle opp ein skottbenk frå Kverndal i Målselv. Den skottbenken har tidlegare vore skrive om her på bloggen.

For nokre veker sidan var Henrik i ein familiebursdag og kom der i prat med Gunnar Nesset frå nabolaget til garden Henrik kjem frå ved Fjellfroskvatnet i Balsfjord. I løpet av samtalen kom det fram at Gunnar hadde vore med og høvla golvbord for hand og også hadde tatt vare på skottbenken som dei brukte i samband med høvlinga. Henrik gjorde akkurat som han skulle, og ringte meg så snart han kunne, og meldte frå om skottbenken. Nokre dagar seinare, tidlegare i denne veka, reiste eg saman med Henrik for å sjå på skottbenken til Gunnar. Skottbenken var lagra i saghuset hans og vi fekk tatt den fram og sette den saman utanfor huset for nærare undersøking.

IMG_0026
Henrik Jenssen er i gang med å måle opp skottbenken frå Nesset. Foto: Roald Renmælmo

Vi såg ganske snart at skottbenken var veldig fint laga og i god stand. Benken var laga slik at det eine faste langbordet var grada fast i føtene og det andre er laust. Føtene er laga heilt i bjørk og langborda er av furu. Sjølv om det var ein del stor kvist i langborda verka det som dei er veldig stabile. Begge langborda såg ut til å vere ganske rette. Skruven på den eine foten manglar sidan den er i bruk i ein høvelbenk. Det ser ut som både føtene og langborda er sett inn med tjære som overflatebehandling.

Denne skottbenken ser ut til å vere veldig godt tilpassa å kunne demonterast for transport og vere rask og montere. Føtene verkar å vere veldig solid og godt laga. Dette er ein framifrå modell å snikre etter for den som skal lage seg ein skottbenk som ein kan ha med seg rundt på byggeplassar. Gunnar meinte benken i hovudsak hadde vore brukt til å høvle golvbord, men den ser ut til å kunne fungere bra til det meste av material som er opp til 11″ bredde på og opp til 3″ tjukne.

_P7C3479
Gunnar viser prinsippet for høvling av golvbord med golvplog. Foto: Roald Renmælmo

Kva er det med skottbenken?

Skottbenk
Einar Strand, bygningsvernrådgjevar i Nord-Trøndelag fylkeskommune demonstrerer bruk av skottbenk til høvling av golvbord. (Foto: Roald Renmælmo)

Tittelen på denne bloggposten er identisk med tittelen på ein artikkel eg har skrive til den ferske jubileumsboka som markerer 15 års jubileet til Norsk Kulturminnefond. Heile artikkelen kan du enten lese i boka «Fornemmelse av fortida – fordel for framtida, Kulturminnefondet, 2018», eller i ein digital versjon av artikkelen; https://www.academia.edu/36404419/Kva_er_det_med_skottbenken

Skottbenken

Om du har vore aktiv i handverks- og bygningsvernmiljøet i Noreg dei siste åra har du neppe unngått å få med deg at det har vore ein del snakk om noko som heiter skottbenk? Under bygningsvernkongressen på Norsk Folkemuseum i 2014 var skottbenken heilt sentral under opningsseremonien og hadde ein eige sesjon i programmet. Dei utdanningstilboda i bygningsvern eg kjenner i Noreg har alle brukt skottbenken som ein del av opplæringsopplegget sitt. Det vert stadig arrangert kurs i bygging av skottbenk, bruk av skottbenk og høvel- making. Ikkje minst har vi Norsk Skottbenk Union og bloggen vi har drive gjennom fleire år.

Er ikkje skottbenken berre ein type arbeidsbenk frå eldre tid då ein var nøydde til å produsere material med handverktøy? Når vi i dag får kjøpt ferdig material hos næraste byggevarebutikk eller spesialbestille frå eit sagbruk eller høvleri, kva skal vi då med skottbenken?

 Skottbenken, eit effektivt hjelpemiddel

Når ein arbeider med restaurering av gamle hus ser ein snart at dei gamle materialane skil seg frå det ein finn i sal hos byggevarehandelen. Tømmeret i veggane er gjerne berre hogd flatt på sidene, mens elles har det bevart forma treet naturleg hadde då det stod på rot i skogen. Stokkane er nøye tilpassa til kvarandre for å få tett vegg. Tømraren si røynsle og kunnskap for å få til dette har vore heilt sentralt i tømraryrket i eldre tid. Når ein skal byte slikt tømmer må ein som regel ut i skogen og ta ut tømmer med tilsvarande dimensjon og kvalitet og behandle det på same måte som dei originale stokkane.

Tilsvarande er det med bordmaterial til golv, loft, tro, innvendig panel eller utvendig panel i hus frå før slutten av 1800-talet. Slike bord har gjerne varierande bredder og smalnar på breidda frå rot mot topp. Borda har vore saga etter forma på stokken og så er dei tilpassa til kvarandre på byggjeplass. Borda er enklare å få passa til kvarandre når kantane vert høvla rette. Spesielt når ein snakkar om pløgde golvbord eller panelbord er det ein stor fordel med rette kantar på borda. Frå gamalt av var det vanleg å bruke skottbenken som eit hjelpemiddel for å få høvla rette kantar på bord. Kanting av bord med varierande bredder, og som smalnar frå rot til topp, er enkelt når ein bruker skottbenk og høvlane som høyrer til. Når ein må byte enkeltbord er det å bruke skottbenk effektivt for å få eit godt resultat. Ein kan enkelt rigge opp skottbenken i huset ein arbeider med og høvle borda når ein treng dei. Då kan ein også få tørka materialen til den fuktprosenten som høver i det huset ein arbeider med, og så høvle borda på plassen når dei er passe tørre. I eige arbeid har eg ei rekke gongar unngått å skifte ut heile panelte veggar eller heile golv og i staden høvla til nokre få nye bord. Eg laga kopiar av dei originale borda som måtte bytast og fekk såleis både bevart mykje original material og fekk også eit preg på den nye materialen som var i tråd med den originale materialen.

Økonomisk vert dette som regel mykje billigare enn å byte heile flater med panel eller golv. Vi sparer også mykje på miljøet om vi kan bevare så mykje som mogleg av dei opphavlege materialane i huset. Materialkvaliteten ein finn i eldre bygg som har fungert i mange år er som regel mykje betre enn standard material kjøpt i byggevarehandelen. For meg som handverkar er det både lærerikt og meiningsfult å produsere materialen på plass. Særleg når eg kan studere detaljar i den originale materialen i bygget.

Ein viktig del av førindustriell produksjon

I dag blir materialen vi bruker til husbygging levert som ferdig tørka, dimensjonert og høvla til dei profilane ein skal bruke. Borda er nøyaktig jambreie og tilpassa til dagens modultenking i husbygging. Det er ikkje nødvendig med individuell tilpassing. Når vi ser ein ny panelt vegg så er det heilt sjølvsagt at alle borda er parallelle, like breie og montert heilt i lodd eller vater. Det er ein sjølvsagt del av dagens handverkspraksis i tømrarfaget. Avvik frå denne norma blir gjerne oppfatta som dårleg arbeid eller unødig tungvindt, sidan det høver dårleg med verktøyet og arbeidsmåtane som dagens handverkarar bruker.

Vi har lett for å tenkje at vi alle ser akkurat det same, til dømes når vi ser på eit gamalt hus. Det er likevel slik at vi er avhengige av erfaring og kunnskap for å oppfatte og «forstå» (tolke) det vi ser. Du har sikkert opplevd å kjøpe ny bil, og så oppdage at det er mange andre med akkurat same bilmodell rundt på vegane? Det er neppe plutseleg mange fleire slike bilar, men dine erfaringar med din nye bil gjer at du kjenner att til- svarande biler, du oppfattar og «forstår». Tilsvarande er det for handverkarar som arbeider med bygningsvern. Om ein sjølv har prøvd å smi spikar eller brukt smidd spikar vil ein snart sjå smidd spikar av ulike typar overalt. Handverket er i kontinuerleg endring som følgje av endring i krav til produkta, tilgangen på material og endring av verktøy/arbeidsmåtar. Handverkaren i dag har andre erfaringar enn handverkarane i eldre tid. Dagens handverkar som ser eit gamalt hus vil mest truleg oppfatte og «forstå» det på grunnlag av moderne byggemåtar og material. Då er det veldig lett å oversjå mange detaljar, slik som til dømes at kledning er spikra med spidd spikar, borda har litt variasjon i breidder og smalnar frå rot til topp. Vi skal ikkje langt tilbake i tid før bordmaterialen vart levert som sideskore bord frå oppgangssag eller handsag. Då starta snikkaren arbeidet med å kante ned borda og høvle dei til etter kva dei skulle brukast til. Som regel vart ikkje borda høvla til parallelle og vart heller ikkje dimensjonert på tjukna. Med slike materialar er dagens arbeidsmåtar og verktøy ueigna om ein skal arbeide effektivt og få eit bra resultat. Då kan skottbenken og okshøvlane vere det som er mest effektivt og gir best resultat?

190 år gamal bordkledning på Grytøya i Troms

Bilete 4
Hovudhuset på Lundenes på Grytøya. På austveggen og på nordveggen som vi ser her er truleg det meste av bordkledninga frå 1824. Dei fleste borda er framleis like gode. (Foto: Roald Renmælmo)

Hovudhuset på Lundenes på Grytøya i Harstad kommune utgjer i dag kjernen i det lokale bygdemuseet. Det er oppført i to byggjetrinn, den eldste delen i 1770, og den yngste frå 1824. Huset vart vedtaksfreda i 1942. Sør-Troms museum har i dag ansvar for vedlikehald og har gjennom dei siste 10 åra restaurert taket og to av dei panelte veggane. På sørveggen og vestveggen vart all ytterkledning skifta i 2008. Her vart det gjort eit grundig arbeid med å ta mål av breidda på alle borda og kopiere dimensjonar og profilar. Nye kledningsbord vart saga, tørka og høvla med maskinhøvel. Det vart laga parallelle bord med underliggar som var glatthøvla på utsida og overliggar som var glatthøvla og med profilerte kantar. Dei som stod for arbeidet med restaureringa i 2008 strekte seg lengre enn dei fleste for å gjere ein så god jobb som mogleg.

Eg og Siv Holmin vart spurt om å restaurere bordkledninga på dei to veggane som ikkje vart tatt i 2008. Vi starta med ei synfaring i 2015 der vi kartla vi behovet for reparasjon og utskifting av kledningsbord på austveggen og nordveggen. Vi gjorde også ei vurdering av korleis kledninga på dei nyrestaurerte bordveggane på sør- og vestveggen såg ut etter nokre år. Vi la merke til at det var skilnad på dei gamle bordkledde veggane og på dei veggane med ny kleding. Dette fekk oss til å undersøkje nøye kva som var skilnaden på desse veggane. For oss som var vant til å høvle bord på skottbenk er det sjølvsagt å sjå etter om det er skilnad på breidde i rot- og toppende på borda. Dei to veggane med nye bord kunne vi snart sjå at borda var parallelle og spikra opp slik at det var like stor avstand mellom påborda oppe og nede. Dette er heilt i tråd med dagens «læreboknormal» i spikring av bordkleding. Det var berre dei varierande breiddene på borda som var annleis enn standard tømmermannskleding i dag.

Dei nye kledningsborda var spikra med klypt galvanisert spikar med store hovud. Kanskje ein god spikar, men ganske ulik den smidde spikaren som er brukt på dei originale borda. Vi fann nokre av dei originale borda som vart bytt ut i 2008. Her såg vi at borda var saga på oppgangssag og kanta ned etter forma på stokken slik at det smalna litt av frå rot til topp. Det ser ut som borda var kanta med tanke på å få mest mogleg rein alved (kjerneved) i påbordet og den eksponerte delen av underbordet. Påborda hadde høvla ein fals på baksida for å ligge flatt mot kanten på underbordet. Spikringa var heilt i kanten av påbordet slik at spikaren også gjekk gjennom kanten på underbordet. Det gir betre støtte for påbordet og det verkar som kledninga held seg betre med slik spikring. Dette er vanleg å sjå på gamal kleding, sjølv om «læreboka» beskriv at spikaren skal stå så langt inn på påbordet at den ikkje går gjennom underbordet. Dei nye borda frå 2008er spikra etter læreboka og viser alt teikn til skadar på grunn av dette.

Restaurering av enkeltbord

I samråd med Sør-Troms museum bestemte vi oss for å prøve å etterlikne den originale bordkledinga så godt som mogleg. Vi bestemte oss også for å reparere eller byte berre enkelte bord på dei gamle veggane i staden for å gjere ei fullstendig utskifting. På desse veggane var det berre delar av kledningsborda som hadde roteskader og nokre få bord var nye erstatningar av skadde bord. Desse nye borda var ikkje høvla og hadde ikkje profil i kanten som dei gamle borda. Nokre av desse nye borda bestemte vi også å byte med høvla og profilerte bord.

Vi studerte materialkvaliteten på dei originale kledingsborda på ulike måtar. Vi målte bordlengder, bordbreidder og bordtjukner. Vi såg på årringsbreidder, avsmalning,

kvistmønster, kviststorleik og vurderte kor mykje alved det var i borda. Med det utgangspunktet tok vi ut tømmer med til- svarande kvalitet i Øverbygd i Målselv. Vi starta i eit område der vi kjente skogen frå tidlegare og visste at det var mogleg å finne dei kvalitetane vi var ute etter. Vi fann ein del fine furuer som vi fekk hogd og frakta ned til Aursfjordsaga. Vi saga 1″ bord med gjennomskur med utgangspunkt i margen på stokken. Fyrste bordet frå margen blir gjerne det mest stabile til bordkleding, men også andre og tredje bordet kan bli fine kledingsbord. Borda vart så strølagt i stabel og tørka under tak til neste sommar.

Bilete 8.jpg
Furu som har rund og rett stamme er eit godt utgangspunkt for å sage bord som skal vere stabile. Dimensjonen må vere stor nok i toppenden til den materialdimensjonen ein skal ha. Denne furua har ein ganske stor andel med alved, den mørke veden i midten. Det er eit godt utgangspunkt for å få varige og stabile kledningsbord. (Foto: Roald Renmælmo)

Dei ukanta tørre furuborda var eit ypperleg utgangspunkt for å ta med ut på Grytøya
og bruke til restaureringa. Når vi skifta enkeltbord kunne vi enkelt og sikkert kante og høvle til bord med like mål som på originalbordet. Dette gjorde vi på den måten at vi tok nøyaktige mål av originalbordet og merka opp på eit bord. For å grovkante bordet brukte vi sotstnor og slo ein strek på kvar kant, og saga eller hogg etter merkinga. Så høvla vi rettsida av bordet med skrubbokse og slettokse. Etter det retta vi kantane til nøyaktige mål ved å feste bordet i skottbenken og høvle med skottoksen. Då kan ein raskt få eit svært nøyaktig resultat. Vi laga eit par profilhøvlar med kopi av profilane på originalborda. Med desse høvla vi profilen på kanten av bordet. Når borda var høvla og retta på skottbenken var det raskt gjort å høvle profilen. Borda ble kanta ned til mest mogleg rein alved, slik det var på dei gamle borda.

På ei synfaring i 2015 løsna vi nokre bord og kunne ta ut nokre døme på den smidde spikaren som var brukt på kledninga. Det var i hovudsak 4″ smidd spiker. Vi fann også nokre 3″ spiker. Nokre spikrar av kvar type vart sendt til smeden Mattias Helje i Lima i Sverige, som på denne tida hadde eit prosjekt på å forske på, og smi spiker til Södra Råda kyrkje. Med si erfaring og kunnskap studerte han korleis spikaren frå Grytøya var smidd. Mattias smidde nye spikar som var nøyaktige kopiar. Dei originale smidde spikrane som var brukt i 1824 ser framleis ut til å halde stand mot ver og vind. Dei nye spikrane var veldig gode å bruke og gjorde spikringa til ei sann glede.

Bilete 9.jpg
Kappendar av dei ferdig høvla og profilerte kledningsborda. På det eine bordet ligg spikarnavar og døme på 3″ og 4″ spikar som smeden Mattias Helje har smidd til prosjektet. Mattias har studert dei originale spikrane frå 1824 og har prøvd å kopiere dei så nøyaktig som mogleg. (Foto: Roald Renmælmo)

Sjølv om ein er forsiktig når ein demonterer bordkleding så er det alltid fare for å få skadar på dei gamle borda og spikaren. Det er mogleg å benke gamal spikar og prøve å bruke den opp att, men etter å ha vore bøygd og benka blir ikkje spikaren like stiv som han var som ny. Ein må rekne med at det blir skadar på bord og original spikar. Det beste er å unngå å demontere bord som er gode nok til å fungere som kleding i nokre år til. Vi valde å berre ta ned dei borda som det var naudsynt å byte eller reparere.

Erfaring og kunnskap er viktig for å kunne sjå og forstå

Eg innleidde med å stille spørsmål om korfor skottbenken er viktig. Eg har vist til at skottbenken er eit viktig hjelpemiddel som kan gjere at ein kan utføre godt restaureringsarbeid. Det er etterkvart mange handverkarar som synast det er kjekt å lage sine eigne arbeidsbenkar og verktøy som dei kan nytte i sitt eige arbeid. Det er veldig viktig at restaureringshandverkarane trivst med arbeidet dei gjer og at dei kan utvikle seg fagleg i arbeidet sitt. Dette er med og utviklar fagfeltet og skapar ny kunnskap. Om vi også kan oppnå at fleire dyktige restaureringshandverkarar kan velje å stå i faget i staden for å gå inn i anna arbeid så er det også viktig for å styrke meir langsiktig utvikling i faget. Skottbenken gjer det mogleg for uvante folk å utføre eit brukbart arbeid utan at det tek lang tids øving for å lære. Slikt arbeid kan bli ein inngang inn i restaureringshandverket for unge aspirantar.

Så kan ein spørje om det var nødvendig å gå så grundig til verks som vi har gjort i arbeidet med restaureringa av ytterkledinga på Lundenes? Måtte vi i skogen og hogge spesielt utvalde furuer? Måtte vi sage borda på Aursfjordsaga? Måtte vi kante ned borda med grindsag og måtte vi høvle borda med handhøvlar på skottbenken? Kunne vi ikkje fått same resultatet ved å gjere slik ein gjorde når sørveggen og vestveggen vart restaurert i 2008? Då vart materialen bestilt frå ei sagbruk og høvla til i ein maskinverkstad. Det ble eit bra resultat av det arbeidet også, sjølv om borda vart parallelle i staden for å smalne av frå rot til topp.

Ved å gjere arbeidet på den måten at vi prøvar å etterlikne mest mogleg dei opphavlege arbeidsmåtane har vi sjølv fått viktige erfaringar, truleg noko liknande erfaringar som dei hadde tømrarane som snikra den opphavlege bordveggen i 1824? Det er nettopp desse erfaringane som gjer at vi er i stand til å sjå og forstå kva det er vi ser når vi studerer dei originale kledingsborda. Ved å vere med furua frå der ho står i skogen til ferdig bord får vi erfaring som gjer at vi neste gong kan enda litt meir om korleis dei beste furuene ser ut. Når vi sagar våre eigne bord på ei oppgangssag som truleg er maken til saga som saga kledingsborda i 1824 får vi tilsvarande erfaringar som handverkarane då. Det gjer at vi kan sjå og «lese» mange av dei spora det er etter saging av dei gamle borda.

Handverkarane som restaurerte sørvegg og austvegg på Lundenes i 2008 hadde kanskje gjort arbeidet annleis om dei hadde hatt erfaring med å arbeide på skottbenk? Det er truleg at dei hadde observert mange andre detaljar i den originale kledinga. Skottbenken, og erfaringane med bruken av den, gjer at vi lett vil sjå og lese at dei gamle kledingsborda ikkje er heilt parallelle og er ujamt breie. Vi kan forstå bakgrunnen for at det er slik, og sjå det opp mot det førindustrielle produksjonssystemet. Med den kunnskapen aukar kjeldeverdien til dei originale borda og også verneverdien til desse. Også om den freda stova på Lunde- nes får vi mykje ny kunnskap om både bordkleding og smidd spikar. Om vi ikkje hadde brydd oss om skottbenken, skogen, oppgangssaga eller den smidde spikaren kunne vi sikkert fått reparert bordveggen heilt greitt, men vi hadde ikkje sete att med kunnskapen som gjer at vi kan forstå dei originale materialane og sett verdien av desse. Som regel er det nettopp slik kunnskap som ligg til grunn for at ei kulturminne blir freda eller vurdert som verneverdig. Slik kunnskap er difor heilt sentralt for kulturminnevernet i Noreg. Skottbenken kan nettopp vere med på å fremje og utvikle denne kunnskapen.

Korfor Norsk Skottbenk Union?

Skottbenk er ein type arbeidsbenk som stort sett har gått under radaren i faglitteraturen i snikkarfaget og tømrarfaget. Då eg byrja å leite etter tradisjonsberarar, gamle skottbenkar, litteratur og folk som kunne noko om skottbenk så var det ikkje mykje å ta tak i. Eg kom over ein skottbenk i Lavangen og ei oppmåling av ein skottbenk på Røros. Med det utgangspunktet snikra eg min fyrste skottbenk for noko meir enn 15 år sidan. Eg laga høvlar til å bruke med skottbenken og høvla dei fyrste golvborda. Eg merka snart at dette arbeidet var veldig godt egna som tema på kurs for handverkarar som driv restaureringsarbeid. Det er veldig mange gamle hus som har materialar som i si tid har vore høvla og kanta på skottbenk. Kunnskapen om bruken av benken er eit viktig premiss for å forstå dei gamle materialane. Eg heldt ein del kurs i bruk av skottbenk rundt om i landet. Eg synast det tok litt tid før det ble bygd fleire skottbenkar som ble teke i bruk av andre handverkarar. Tidleg ute var Trond Oalann og Stiftelsen Bryggen i Bergen. Det var likevel ikkje før vi byrja å halde kurs i snikring av skottbenk at det løsna. Då vart det snart fleire skottbenkar som vart tekne i bruk rundt om i handverksmiljøa. Det var på det fyste av desse kursa at ideen om å skipe Norsk Skottbenk Union vart lansert, kurset på Røros i år 2010.

Kai Johansen med sin nybygde skottbenk
Kai Johansen høvlar det fyrste bordet i sin nybygde skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

Etterkvart kom vi i gang med å bruke denne bloggen for å organisere og formidle stoff om skottbenken og bruken av skottbenk. På sida «Om Norsk Skottbenk Union» har vi skrive om kva vi arbeider med og korleis ein kan bli medlem. For å bli medlem må ein ha snikra sin eige skottbenk og få dette publisert på bloggen. Gjennom bloggen har vi fått registrert skottbenkar i dei fleste områda i landet. Vi byrjar også å få ein ganske stor mengde med fagstoff om skottbenken og bruken av den. Det manglar framleis ein del område i landet og vi er alltid interessert i tips om gamle skottbenkar. Her kan du tipse oss:

https://skottbenk.com/tips-oss-om-skottbenkar/

På bloggen prøver vi aktivt å bruke kategoriar for å organisere stoffet vårt. I høgre marg står ein boks med overskrift: «Oversikt over geografi og tema». Der kan du gå inn på ulike tema og på geografi på land, fylke og kommunenivå. Her kan du sjå om det er registrert skottbenkar i ditt lokalområde. Ein del av bloggpostane våre som er registrert på kommunar er frå svar på spørjelistene om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Då er det berre snakk om skriftlege kjelder om skottbenkar i dei aktuelle kommunane, det er ikkje sikkert ein finn bevarte skottbenkar i dei same områda.

img_8065
Pløyving av golvbord.

Det å lage sin eige skottbenk, lage sine høvlar og høvle golvbord er ei flott oppleving og gir mykje erfaring som er nyttig og viktig for å bli ein god tradisjonssnikkar. Vi arbeider for at fleire skal få slike opplevingar og erfaringar. Dette er målbart gjennom dei nybygde skottbenkane og det nylaga verktøyet som stadig vert presentert her på bloggen.  Bli med på dette viktige arbeidet for å attreise denne viktige handverkskunnskapen. Leit fram gamle skottbenkar, bygg deg skottbenk, lag deg høvlar og bruk dei aktivt. Del gjerne dette med andre gjennom bloggen.

Opptak av nytt medlem, Trond Oalann er omsider offisielt medlem

Trond Oalann med skottbenken i bakgrunnen. Frå kurs i høvling og høvelmaking på Voss i 2008. Foto: Roald Rennælmo

Trond Oalann var tidleg ute med å lage sin eige skottbenk. Alt i år 2008 då vi hadde kurs i høvelmaking og høvling  på Voss kunne han stille med sjølvlaga skottbenk. Dette var før stiftinga av Norsk Skottbenk Union og difor vart det ikkje då skrive noko på bloggen om at Trond er kvalifisert og teke opp som medlem. Korkje Trond sjølv, eller eg, har hugsa å poste på bloggen om skottbenken til Trond slik at han kan verte offisiell medlem i Norsk Skottbenk Union. Kravet for å bli teke opp som medlem i Unionen er at ein har snikra sin eige skottbenk og kan vise at han fungerer. Dette må ein også sørgje for å få posta på bloggen vår slik at det blir «offisielt». Ein kan anten poste sjølv på bloggen, eller få ein av oss som skriv på bloggen til å poste bilete og litt tekst. Her kan du lese meir om korleis ein går fram for å bli medlem i Unionen: Om Norsk Skottbenk Union.

I samband med produksjonen av NRK programserien Oppfinneren har Trond Oalann vore involvert som ekspert på tradisjonelle stavkonstruksjonar. Der har han vore med å byggje drømmetårnet til Erik Alfred Tesaker i ein byggjeteknikk som gjerne vert kalla for stegeverk og som er ein variant av grindbygga ein finn på Vestlandet. I år var også Trond med og hjalp til med delar av konstruksjonen til det nye kjøkkenet som Erik Alfred byggjer til huset sitt. Då tok Trond med seg skottbenken sin til utlån slik at Erik Alfred kunne høvle seg skikkelig golv til sitt nye kjøkken.

I Gyland som ligg i Flekkefjord kommune har ikkje Erik Alfred kome over lokale originale skottbenkar. I heile Vest-Agder fylke er det dårleg stelt med slike høvelbenkar. Det er berre i Marnadal at vi kjenner til at skottbenk har vore brukt gjennom svarmaterialet i spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Vi har ikkje kome over gamle skottbenkar i fylket. Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Østfold, Akershus og Oslo er alle fylka som ikkje kan vise til gamle originale skottbenkar. Om du kjenner til skottbenkar frå nokon av desse områda så er vi svært takksame for tips. Vi har ei eige side på bloggen der du kan sende oss tips om funn av lokale skottbenkar:

https://skottbenk.com/tips-oss-om-skottbenkar/

Vi ynskjer Trond Oalann velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union og ser fram til at han støttar oss vidare i dette viktige arbeidet med å fremje skottbenken. Vi oppmodar også andre som har snikra seg skottbenk om å sende oss bilete og informasjon slik at vi kan få lagt det ut på bloggen. Vi veit det er ein del mørketal, slike som har laga seg skottbenk og høvlar men ikkje har fått sendt inn dokumentasjon til oss. Eg kan nemne at det så langt ikkje er nokon av handverkarane frå Røros/Os som er registrert som medlemmar enda det truleg er kring 10 nybygde skottbenkar i bruk i området.

Kursdeltakar på høvelkurs på Voss i 2008 høvlar på skottbenken til Trond Oalann. Foto: Roald Renmælmo

Opptak av nytt medlem, Kai Johansen med nybygd kopi av skottbenken på Egge museum

img_8229.jpg

Kai Johansen har nyleg presentert dokumentasjon av skottbenken på Egge museum. Ein veldig interessant Skottbenk med mange fine detaljar. I dag har han gjort ferdig arbeidet med å snikre kopi av denne benken. Han har også laga ferdig okshøvel og skottokse og viser at benken og høvlane fungerer. Vi kan med dette ynskje velkommen som medlem i vår union.