Pløybenk i Elverum

Skottbenken
Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Dette fotografiet som vi har brukt tidlegare på bloggen får tene som illustrasjon på korleis ein pløybenk i Elverum kan ha sett ut på bakgrunn av teksten vi siterer under. Foto: Roald Renmælmo

Vi har tidlegare skrive om plogbenk på garden Stallheim i Trysil, plogbenk på garden Motens i Varaholla i Trysil og forfattaren Halvor Floden og plogbenken i Trysil. No kjem vi til nabokommunen til Trysil, Elverum, der Halvor Floden busette seg og budde i si yrkeskarriere. I Boka Elverum, IV – Tillegg til Finne-Grønns bok om Elverum, (Elverum kommune 1958) finn vi att den same Halvor Floden i redaksjonsnemnda i boka. Boka er ei slags bygdebok som beskriv geologi, arkeologi, folkemusikken, folketradisjon, historie, det gamle Elverum, seterbruket i Elverum, politisk styre, skolestell og kulturliv, kunst og litteratur, bygdemålet, matstell og handverk, idrettslivet og bureising og boligbygging. Det er gjort eit omfattande arbeid med dei ulike kapitla i boka som er skrive av ulike forfattarar som har kvar sine spesialområde. Om matstell og handverk i det gamle Elverum er det lærar Olav Furuset som skriv:

«Skulle det vera eit staseleg hus, skava ein tømmeret med trynfisken (pjål, skave, red. anm.). Andre høvla med skrubbokse og pussokse. Petter Tømmermann heldt på at ein skulle skava tømmeret om det så berre var til ei skarve utløe. Huset stod så mykje lengere da, sa han.

Tømmermannen måtte vera nøgje på meddraget, elles kunne veggen bli gissen. Han merka det ut meddraget eller klorivjua, som noen kalla denne reiskapen. Somme rita opp med hjørnet på øksa. Det måtte vera skarpe hjørner på den øksa ein hogg ut meddraget med. Lafthogginga var rekna som den største kunsta i tømmermannsyrket. For gamalt hogg ein laftet rett ned så djupt ein skulle. Men skulle ein rive eit slikt hus, slo ein lett av laftnubbane. Gudbrandsdølene gjorde noe tei kalla garpehogg, Dvs, dei let mergen eller garpen, som de sa, stå att. Tømringa vart solidare all med seg av det. I meddrag og laft la ein husmose (Hypnum). I røstet, og elles der det kunne bli svikt i veggen, gjorde tømmermannen lukur og slo i demlingar. For gamalt hogg ein lukune med augeøks. Sia kom navaren i bruk. Ein gamaldags navar åt seg ikkje nedover sjøl. Først hogg ein laus ei flis, så navarnibben fekk tak, og så var det berre å klemme og bora av alle krefter. I 1880-åra kom sentrumsboren i bruk. 

Stokksaga var lenge einaste saga tømmermannen brukte. Men sist på 1800-talet kom det etterkvart lettvintare sager. I 1870-åra kom det første vateret til bygda. Før hjelpte ein seg med loddet og vaterfjøler. I somme hus ser ein ennå golv av kløyvde tømmerstokkar. Men lenge etter at oppgangssagene kom, hende det seg ein gjorde bord for hand. Stokkane vart kløyvd med slippersag, og telgd eller høvla etterpå. Nær Dala i Løtenskogbygda var ei oppgangssag frå gamalt. Hit kom folk heilt frå Heradsbygda med sagtømmer, er det fortald. Sorperud hadde oppgangssag ved Sagbekken. Bronkegardane hadde sag ved Bronkåa. I Kverndalen har det vore sagbruk lenge. 

Panelbord gjorde ein for hand på pløybenk. Pløybenken var to stabber med skår i. Her var felt nedi to bord. Det eine var spika fast i stabbane, det andre var laust. Millom dei to borda la ein planken som skulle høvlast til. Så rissa ein opp breidda, hogg av det meste med øks, og høvla resten med skjøtoksen. Deretter kom turen til not og fjørplogen. Etterpå pussa ein bordet med semshøvlen. Staffen var det siste ein gjorde. Ein brukte mye panel der annakvart bord hadde berre not eller berre fjør på begge sider. Oluf Mørkhagen tok på seg mange byggearbeid i si tid. To av dei siste var bygningane på Grønli i Hernes og Vesterhaug i i Heradsbygda. Han hadde gjerne folk ståande heile vinteren med ymse kruslearbeid for seg. Da lånte han bort reiskap om det trengtes, for han hadde mye av det slaget. Amund Hansen Bråten og sonen hans stod ein heil vinter og gjorde holkillister til Grønlibygningen». (Magne Skrede (red), Elverum, IV – Tillegg til Finne-Grønns bok om Elverum, Elverum 1958)

Pløybenken som er beskrevet i teksten kan ha ein del felles med benken som vi tidlegare har presentert frå Västagården i Lima i Sverige. Elverum kommune grenser ikkje direkte til Lima (Malung kommune), men det er ikkje veldig store avstandar, ein kjører mellom på under ein time med bil. I teksten er det også med namn som skrubbokse, pussokse, skjøtokse, semshøvel, staff, holkillister og not og fjørplogen. Dette er nyttig informasjon for handverkarar som arbeider lokalt i området i, og kring, Elverum. Eg har også tidlegare skrive frå Elverum her på bloggen der eg siterer frå svar på spørjelista om snikkarhandverket frå Olav Furuset frå Jømna ved Elverum. Dette er same Olav Furuset som var forfattaren av kapitlet om matstell og handverk i boka Elverum. Spørjelistesvaret kom inn i 1946, altså 12 år før boka kom ut. Når ein granskar teksten om pløybenken i boka og teksten om plogbenken i spørjelista, vert det snart tydeleg at det er same teksten som er nytta begge stader. Dei fleste orda er skrive likeens og setningane er nokolunde likt utforma. Skilnaden er at han bruker plogbenk i spørjelistesvaret og pløybenk i kapitlet i boka.

Plogbenk på garden Stallheim i Drevdalen i Trysil

Kai Johansen med sin nybygde skottbenk
Kai Johansen høvlar det fyrste bordet i sin nybygde skottbenk. Skottbenk er eit anna ord for plogbenk og biletet er med for å vise korleis ein plogbenk kan ha sett ut. Plogbenken som er nemnd i teksten under veit vi ikkje korleis har sett ut så han kan ha vore nokså ulik denne på biletet. Kai vart medlem i Norsk Skottbenk Union i 2017. Foto: Roald Renmælmo

Det har så langt vore stille om bruk av skottbenk i Trysil kommune som i dag er ein del av vårt nye storfylke; Innlandet. Kommunen har vore ein kvit flekk på kartet vårt. Heldigvis har det no kome fram kjelder som viser tydeleg at også Trysil er med på skottbenkkartet, noko anna ville sjølvsagt vore merkeleg. Det er frå før registrert ei kjelde som viser til skottbenk i nabokommuna Våler og to kjelder som viser til skottbenk i nabokommuna Elverum. (Elverum 1 og Elverum 2). Det er også registrert og målt opp ein flott gamal skottbenk på Västagården i Lima i Malungs kommun som er nabokommune med Trysil på svensk side. Det viser seg at vi finn skottbenkar, eller plogbenkar, alle stader berre vi undersøkjer godt nok.

Tidlegare denne veka hadde eigarane av Villa Wessel ei posting på Instagramkontoen sin der dei viste eit gamalt foto av huset sitt. I kommentarfeltet fekk dei spørsmål frå Norsk Skottbenk Union om dei kjente til lokale skottbenkar i Trysil. Det kom snart svar frå Sjur Åsgård at han visste om ein årboksartikkel frå årbok frå 1990 av Trysil og Engerdal museum der det var snakk om å høvle bord på plogbenken. Eg fekk god hjelp av Ellen Fauske Bleness på Anno Museum som spora opp og kopierte artikkelen for meg. Artikkelen heiter «Otto Bjørnbekks dagbok 1932» og er kommenterte dagboksnotatar som Otto skreiv året 1932 og etterlot seg i ei notisbok. Det er Finn Moen som fører artikkelen i penna og han er svigersonen til Otto.

Otto dreiv småbruket Stallheim i Drevdalen i Trysil der det verka som han fokuserte på å slå og hesje alle små og store utslåttar i området. Han gjorde også arbeid på eige hus på Stallheim og eg siterer:

«Ganske mye tid brukte de på å bygge og sette i stand våningshuset på Stallheim. Enkelte dager har notater som: 

«Gjorde rammer rundt et glas i dag», 

– det er sikkert selve vinduskarmen det er snakk om. 

Onsdag 5. oktober: 

«Bar har hit plogbenken i dag, skal til å høvle breder og legge flattak i stua nu da.»

Denne plogbenken må vel være en slag lang høvelbenk til å høvle bord i, den var tydeligvis lang og uhandterling, for da de bar den tilbake til Bjørnbekk etter avsluttet arbeidet, har han en bemerkning om at; 

«vi slet en hund, forstås».

De brukte noen få dager til å handhøvle bord til stuetaket, men hvorvidt de pløyde den, sier dagboka ingenting om. Det er senere spikret opp huntonitt i taket der, så det er vanskelig å få undersøkt det nå. 

Torsdag 6. oktober sier dagboka: 

«Jon og je har planhøvlet ca 40 bord i dag, – – – «. » (Finn Moen, Otto Bjørnbekks dagbok 1932, Årbok for Trysil og Engerdal 1990)

Jon var broren til Otto. På den tida dagboka skriv seg frå var det veglaust inn til Drevdalen så det må ha vore ein hard tur å bere plogbenken fyrst frå Bjørnbekk til Stallheim og så tilbake igjen. Eg er ikkje lokalkjent i området så det er mogleg eg kan ta feil, men når eg studerer på kartet så er det kring 1 km mellom Stallheim og Bjørnbekk. Det er ein bra tur når turen er i veglaust terreng og ein må bere ein plogbenk mellom seg. Eg tolkar det slik at det då har vore ein såpass skikkelig laga plogbenk at det var verdt turen fram og tilbake vurdert opp mot arbeidet med å snikre seg sin eige på plass på Stallheim? Å høvle 40 bord på ein dag er ein bra prestasjon, men eg tenkjer vel at å transportere plogbenken fram og tilbake står det enda større respekt av.

Eg kan oppsummere med at vi no har kjennskap til at det har vore brukt plogbenk på både Stallheim og Bjørnbekk i Trysil. Vi har også fått vite at folk kunne ta ganske lange turar for å hente med seg plogbenken for å få gjort eit stykke arbeid. Det vitnar om kor viktig benken var for å få gjort arbeidet.

Skotbenk i Jølster og Gloppen

Digitalisering av vår nasjonale bokskatt er det store arbeidet som Nasjonalbiblioteket held på med for tida. No har dei kome opp i meir enn 185 000 norske bøker som er skanna og tilgjengelege i den «Digitale bokhylla«.  Desse bøkene er saman med mykje anna materiale tilgjengeleg gjennom ein kraftig søkjemotor der ein søkjer på alt innhald i fri tekst. Etterkvart som behaldninga av digitaliserte bøker aukar er det spanande å gjere gamle søk i fritekst på nytt. Søk som skottbenk, skotbenk, rettbenk og strykebenk er det sjølvsagt å foreta med jamne mellomrom. Då eg søkte i dag kom det opp nokre nye treff på skotbenk. Eit av desse var boka «Jølstramålet«, Daniel Dvergsdal, Jølster Mållag, 1996. Her står oppslaget:

Skót`bænke  m  Skotbenk. Når dei skulle høvle golvbord, laga dei seg ein slags rettholt som var heilt bein, og så høvla dei kvart bord etter denne, dvs. skotbenken.

Også boka «Målføret i Gloppen«, Audun Fitje, Sandane 1995 dukka opp. Her står oppslaget:

Skotbenk

Skotbenk, benk der ein skyt saman, set saman bord til breidare bordflater. 

Vi kjenner ikkje til eit særleg aktivt miljø som driv med skottbenk i Sogn og Fjordane i dag. Her er det rom for å skape meir aktivitet og undersøkje om det finnast mange gamle og spennande skottbenkar rundt om i fylket. Eg har fått tips om at det er ting på gang.

Skottbenken i «Lærebog i bygningskunsten»

Eg har gjort eit poeng av at skottbenken ikkje har kome med i faglitteraturen i snikkarfaget eller tømrarfaget. Det er mogleg det vert «sant» om eg repeterer det mange nok gongar og ikkje tar meg bryet med å sjekke med denne faglitteraturen? Om ein slår saman faglitteraturen i våre nordiske land så blir det fort ein del bøker som ein kan leite gjennom på søk etter skottbenken. Eg har gjort ein del tekstsøk i digitaliserte versjonar av nokre av desse bøkene. Så langt har eg ikkje fått treff på skottbenk, rettbenk eller strykebenk i dette materialet. Eg har då gått vidare og lest gjennom det som er skrive om golvbord. Sanneleg vart det ikkje napp på dette, og eg må moderere mine påstandar om at skottbenken er fråverande i faglitteraturen.

Theodor Broch gav ut «Lærebog i Bygningskunsten» i Christiania (Oslo) i 1848. Boka er gjerne halde fram som den første norske læreboka i husbygging. Broch var norsk og hadde militær utdanning frå Noreg, men han hadde offentlege stipend for å reise og studere militær byggekunst i Tyskland, Frankrike, Østerrike, Belgia og Nederland. Han baserte nok mykje av både tekstinnhald og illustrasjonar på utanlandsk faglitteratur. Det er tydeleg at øksene han har teikna er meir i tråd med tyske og danske økser enn med samtidige norske økser. Det er grunn til å vere kritisk til kor vidt boka representerer norske tradisjonar, eller om det er mykje påverknad frå utanlandsk faglitteratur? Likevel er boka ei tidleg og viktig kjelde som tar for seg mange nyttige detaljar som ikkje er med i nyare fagbøker.  Om bord og plankar skriv han:

«§410. Bord og Planker som ved Hjælp av Hövlen ere jevnede paa deres brede Sideflader, kalder man hövlede; er de hövlede paa de smale Kanter siges de at være strögne. Dette siste er nödvendigt ved Bord eller Planker, som lægges Side om Side, thi elles ville de aldrig slutte tæt til hinanden. Strygningen udføres sædvanlig paa Fugbænken (Fig. 65), paa hvilken Bordet eller Planken holdes opretstaaende mellom Aagerne ab og cd ved Kilerne m, m. Al Hövling sker först med en kort Hövel (Skrubhövlen), hvorved Bordene eller Plankerne kun blive grovt tiljevnede (skrubhövlede); siden fuldföres planeringen med en finere, lang Hövel (Slethövlen, Oxhövlen, Stryghövlen).» (Theodor Broch, «Lærebog i Bygningskunsten», 1848)

Skisse av Fugbænk frå "Lærebog i Bygningskunsten" av Theodor Broch, 1848.
Skisse av Fugbænk frå «Lærebog i Bygningskunsten» av Theodor Broch, 1848. Skissa er med i ei eige bok som har med alle planer som det er henvist til i teksten i boka.

Illustrasjonen av Fugbænken i boka til Broch har litt til felles med benken som K. Gjesme i Lærdal har teikna. Også nokre av benkane som beskrive frå Sunnmøre kan ha fellestrekk med denne benken. I staden for lange bord som ein klemmer saman er det ein ås som kanten på bordet som skal høvlast ligg på. Korleis «stryghövlen» har sett ut er vanskeleg å seie sidan den ikkje er illustrert eller forklart nærare. Det kan vere ein lang høvel. Det er mogleg at Fugbænken til Broch fanns i fleire variantar, også med rettbord på sida slik som K. Gjesme har teikna? Slik han er forklart i tekst og skisse har ein ikkje noko form for rettbord som ein eventuell skottokse kan brukast saman med. Arbeidshøgda er 2 fot, ca 62,75 cm. For høvling av 8″ – 10″ breie bord så gir det ei høveleg arbeidshøgd samanlikna med det som er vanleg på andre typar skottbenkar.

Vidare i teksten forklarar Broch om pløying av bord.
Vidare i teksten forklarar Broch om pløying av bord. frå «Lærebog i Bygningskunsten» av Theodor Broch, 1848.
Skisse 206 frå planverket til "Lærebog i Bygningskunsten" av Theodor Broch, 1848.
Figur 206 frå planverket til «Lærebog i Bygningskunsten» av Theodor Broch, 1848.

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 2

Høvling av golvbord med fjørhøvel på skottbenk. Av Konrad Stenvold har eg lært korleis ploghøvlane fungerer saman med skottbenken. Det er likevel mange sider av arbeidet med skottbenken som eg veit lite om. Då kan eg bruke andre kjelder til å supplere kunnskapen. Foto: Roald Renmælmo
Høvling av golvbord med fjørhøvel på skottbenk. Av Konrad Stenvold har eg lært korleis ploghøvlane fungerer saman med skottbenken. Det er likevel mange sider av arbeidet med skottbenken som eg veit lite om. Då kan eg bruke andre kjelder til å supplere kunnskapen. Foto: Roald Renmælmo

Eg held fram med den populære serien om kva som er å finne om skottbenken i svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Ei generell innleiing om materialet kan du lese i førre post som tok for seg dei 4 nordlegaste fylka i Noreg – Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Eg går gjennom fylke for fylke og siterer frå dei svara som har med noko om skottbenken.

Sør – Trøndelag

Joh. Bakken i Budal skriv: Lange stykker blev lagt på en rettbenk ; en benk med føter ved hver ende og skruv der gjennem. To lange, rette og vertikalt stående bord. 

S. J. Almås i Hølonda (i dag Melhus kommune) skriv: ved høvling av lange trestykker (fjøler) bruka dei sokalla «rettbenk«. I svaret har Almås teikna og forklart ein rettbenk og teikninga har eg lagt ved under.

Skisse av rettbenk av S. J. Almås i Hølonda frå 1934.
Skisse av rettbenk av S. J. Almås i Hølonda frå 1934.

Ola Grefstad i Meldal har intervjua snikkaren Jon Aspli og han har skrive: Bruka «skruvtvingo» til å feste lange fjøler, eller sette dei i maskinbenk, eller «skotbenk» som ein skaut fjølene i, fekk dei skotbein, bruka skottokse fyrst og så plog. Seinare kom maskinplogane som gjorde arbeidet for båe desse. 

Ola J. Rise i Oppdal har skrive: Skottbenk var vel 2 fjøler på kant med rom imillom til det ein skulle høvle, «skjøt«.

Av 7 svar frå Sør-Trøndelag har vi 4 som har skrive om skottbenken. To har brukt nemninga skottbenk og to har brukt nemninga rettbenk. I tillegg har Ola Grefstad skrive om maskinbenk og maskinplogar. Truleg er dette siste ploghøvlar som høvlar både rett kant og pløyer i same operasjon. Om det er nokon skilnad på «maskinbenk» og skottbenk er vanskeleg å seie ut frå forklaringa hans? Det kan vere lagt inn andre funksjonar i benken som gjer at han vert kalla maskinbenk? Kanskje er det benketypen som Thor Aage har funne i Oppdal som vert kalla «maskinbenk»? Det er slåande at benken er laga slik at det lause langbordet har spiler gjennom foten for at det skal halde seg rett når ein justerer med skruven. Kanskje det er tenkt slik at ein kan høvle begge vegar med høvelen og sleppe å endsnu bordet for å høvle andre kanten? «Maskinplog» kan vere ein ploghøvel som skyt bordet og pløyer i same operasjon slik som dei siste ploghøvlane eg har laga?

Hedmark

Håvard Skirbekk i Elverum skriv: Omframt den vanlege høvelbenken hadde dei pløybenken, der dei oksa plankar og gjorde not og fjør.

Aksel Andreassen i Løten skriv: Pløybenk (på Ringsaker «skottbenk«). På den høvla vi pløgjinsbord. Oksbenk til høvling på breisida. Teljebukk til underlag når dei skulle «bjelke» tømmer. 

S. J. Svenskløe i Nes (i dag Ringsaker kommune) skriv: På gardane hadde dei ein «skotbenk«, 5-6 meter lang. På den pløgde dei bordi. Dei la ein breid plank på benken når dei skulde pløgja, eller uksa lange bord. Den og var 5-6 meter. Ein «skotbenk» var laga av 3 sterke bukkar, ein planke som sat fast i bukkane på kant og ein like lang laus som stod på knektar, ein knekt i kvar bukk.

Håvard Skirbekk i Våler skriv: Utanom høvelbenken hadde dei skotbenken, «skottbenk«, ein benk av 2 – 2» plankar, den eine fast, den andre til å bleige fast med kilbleig. Skottbenken var 6-7 meter lang og vart brukt til spunningsbord (panel) o.l.

Av totalt 10 svar frå Hedmark er det 4 som har med skottbenken. Nemningane er pløybenk og skottbenk. Det er to svar frå Håvard Skirbekk og det skuldast at svara frå han er intervju med eldre snikkarar.

Møre og Romsdal

Knut Steinsvik i Dalsfjord (i dag Volda Kommune) skriv: Skotbenk – timmerstokk med påspikra bukrokar der ein feste med kilar bord som skulde skytast beine (rette), t.d. golv, bordkledning, paneling o. a. 

N. A. Lillebø i Sunnylven (i dag ein del av Stranda kommune) skriv: Ingen skilnad millom hjulmakar- og snikkarbenk, men bygningssnikkarane måtte ha plogbenk.

J. Haddal i Hareid skriv: Skotbenk – til det var brukt 2 plankar med skotne kantar (rette). Millom desse plankar sette ein det bordet som skulde skytast. For å halda bordet fast millom plankarne, hadde ei kilar paa sidorne. Haddal har også ei skisse som viser snitt av denne skotbenken med ein skothyvel.

Snitt av skotbenk og skothyvel teikna i svaret frå J. Haddal.
Snitt av skotbenk og skothyvel teikna i svaret frå J. Haddal i Hareid.

Jakob M. Bjørlykke i Sande kommune skriv: Forutan høvelbenk hadde dei også skotbenk. Skotbenken hadde 2 undeliggande tvertred med hakk på enden, og ved dette hakket feste dei då bordet som skulde skytast, med kilar. Bord som skulde høvlast til bordklædning og slikt, la dei berre paa ein vanleg bænk og sat 2 mann med ein tvimannshyvel, medan ein skuva og ein drog.

Hans Skeidsvoll i Tresfjord skriv: Forutan høvelbenk bruktest skaatbenk til aa «skjøte» og pløgje golv- og loftbord paa.

Bertil Bjørlykke i Volda skriv: Hadde dei arbeidsstykke som var for lange for vanlege hyvelbenkar, so brukte dei skotbenk. Det var tvo plankar lagde på kant, og so sette dei fjøli dei skulde hyvla, fast ned imillom, og skaut henne bein på den måten. Dei hadde då fest klampar under hyvelen, så han tok passeleg mykje.

Av totalt 18 svar frå Møre og Romsdal er det 6 som skriv om skottbenken. Benkane som Jakob M. Bjørlykke og Knut Steinsvik skriv om har eg litt vanskeleg med å sjå for meg. Det er mogleg skissa til J. Haddal viser ei tilsvarande benk? Det har vore veldig artig om vi kunne finne ein original skotbenk av denne typen i dette området. Eg kjenner ikkje til gamle skottbenkar frå Sunnmøre, men dei finnast i rikt monn på Nordmøre og i Romsdal. Kanskje vi har leita berre etter det vi kjenner som skotbenk og då oversett ein skotbenkvariant som ikkje hittil er dokumentert her på bloggen eller andre stader. Her må nokon ut og leite etter gamle benkar på Sunnmøre.

Oppland

G. Klevgard i Etnedal skriv: Skulde lange bord og planker pløgjas saman til paneling eld golv var det brukt skøtbenk.

S. A. Jørstad i Fåberg (i dag Lillehammer kommune) skriv: Tell-benken til aa halde fast planken medan dei høvla og pløygde golvplankane, med 3 høvler.

Jo Turtumøygard i Lom skriv: Likeeins var det skotbenk, til bruk når ein skulde skjote (høvle) borda bein på kant. Det var to lange beine fjøler som stod på kant og kunde førast nære og lenger frå kvarandre. Ein sette bordet millom desse og festa det med bløyg

Thv. Gaarder i Gran skriv: Skøtbenk til langhøvling, not og fjør.

A. Kløvrud i Nordre Land skriv: Dei hadde ei greia som dei festa store fjøler i som dei kalla kjerringa. Her er det uklart kva han meiner sidan han ikkje nemner at det er lange fjøler det dreier seg om, eller at fjølene vert festa for å høvlast på kant. Eg har det med likevel så nokon kan undersøkje kva han meiner med «kjerringa» i den samanhengen.

Ola Breivegen i Ringebu skriv: Dei hadde vanleg høvelbenk,  og so hadde dei noko dei kalla skottbenk. Skottbenken var veldig lang. Han brukte dei når dei skulde skjote (eller fuge) i hop noko riktig langt og so når dei pløygde bord. (Skottbenkar var det svært få som hadde, og dei gjekk i lånom.) På skottbenkene var det berre ein skruve og nokre haka til å halde bordet inntil benken med.

Halvor Trønsehaugen i Sør-Aurdal skriv: Naar dei festa lange stykker da hadde dei tillaga noko dei kalla for skøttbenk. I den pløygde dei også både gulvplanker og hemlingsbord

Det er ingen av svara frå Oppland som har skisser som viser utforminga av skottbenkar. Dette biletet er henta frå Maihaugens bok om Handverk frå år 2000. Teksten til biletet er: To mann høvler not og fjær på golvbord med okshøvel. Demonstrasjon i Vågå i 1987.  Det er heilt klart ein skottbenk med tilhøyrande høvel vi kan sjå på biletet, men dette er ikkje informasjon som er opplyst om i boka. Det kan altså vere grunn til å undersøkje om denne skottbenken framleis kan finnast i Våga.
Det er ingen av svara frå Oppland som har skisser som viser utforminga av skottbenkar. Dette biletet er henta frå Maihaugens bok om Handverk frå år 2000. Teksten til biletet er: «To mann høvler not og fjær på golvbord med okshøvel. Demonstrasjon i Vågå i 1987.» Det er heilt klart ein skotbenk med tilhøyrande høvel vi kan sjå på biletet, men dette er ikkje informasjon som er opplyst om i boka, det er mine tolkingar. Det kan altså vere grunn til å undersøkje om denne skottbenken framleis kan finnast i Våga?

I Oppland er det heile 7 av totalt 18 svar som nemner skøttbenk eller liknande nemningar. Svaret frå Kløvrud kan vere noko usikkert og såleis er det kanskje 6 stk. vi snakkar om? Det er likevel ein stor andel av svara som har med skottbenken og forklaring. Det har vore slåande få funn av gamle skottbenkar frå Oppland som vi har fått dokumentert her på bloggen. Eg har kjennskap til ein på Toten og har sett ein på Lillehammer for ein del år tilbake. Det har også vore ein på Hadeland som vi ikkje har klart å spore opp. Det kan vere eit stort potensiale for å finne gamle skottbenkar i Oppland og presentere dei på bloggen.

Totalt for Sør-Trøndelag, Hedmark, Møre og Romsdal og Oppland var det 53 svar på spørjelista. Av desse er det 20 stk som har skrive om skottbenk eller tilsvarande. Her er det litt meir variasjon i både utforming av benkar og på nemningar. Det er eit grunnlag for å gå vidare både for å leite etter benkar som ser annleis ut enn dei vi etterkvart kjenner frå bloggen, og også for å bruke dei aktuelle nemningane i vidare søk etter skriftlege kjelder. Totalt har eg gått gjennom i overkant av halvparten av alle svara på spørjelista og presentert i denne og førre post: Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Det går att i fleire av svara at ein skil mellom det å høvle golvbord (golvplankar) og himlingsbord (hemlingsbord). Det tyder på at det er skilnad på utforming og/eller arbeidsmåten på desse. Slike detaljar er det ingen som kjem inn på i svara sine. Eg kjem tilbake med fleire postar i denne serien og vil freiste å gå gjennom alle svara.

Kjelder:

Buggeland, Tord. «Maihaugens bok om handverk«. Maihaugen 2000

Svarmateriale frå spørjeliste nr 2. Snikkarhandverket, Ord og Sed, Norsk Folkeminnesamling, 1934.

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1

Skottbenken frå Kverndal i Målselv er ei av mange gamle skottbenkar som vi har presentert her på bloggen. Eigarane av denne hadde ikkje kjennskap til namnet eller bruket av denne. Slik informasjon må vi då hente frå andre kjelder. Foto: Siv K. Holmin
Skottbenken frå Kverndal i Målselv er ein av mange gamle skottbenkar som vi har presentert her på bloggen. Eigarane av denne hadde ikkje kjennskap til namnet eller bruken av denne. Slik informasjon må vi då hente frå andre kjelder. Foto: Siv K. Holmin

Sidan skottbenken ikkje er ein del av pensum i formalisert fagutdanning i snikkarfaget og ikkje med i faglitteraturen i faget er det ikkje så lett å finne felles, eller gode, nemningar på benken, delar av benken og arbeidsmåten. Vi har nokre spreidde kjelder som er med i oversikta over litteratur om skottbenk i menyen over. Vi har også presentert nokre bloggpostar om både nemningar og om ulike skriftlege kjelder. Med søkefunksjonen i bloggen kan ein enkelt spore opp alt som er skrive. Det er eit materiale som har vore nemnd ved nokre høve men som ikkje er skikkelig forklart; svara på spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling. Spørjelista vart sendt ut til snikkarar i heile Noreg i 1934. Det kom inn 168 svar, nokre er særs omfattande og detaljerte og andre har lite informasjon som er nyttig for oss. Eg har skrive ein artikkel med utgangspunkt i noko av dette materialet, Kjellingfot og ronghake – nemningar i snikkarhandverket omsett til handverkspraksis. Der skriv eg meir om bakgrunnen for spørjelista. Eg har også posta på høvelbenkbloggen om dette. Artikelen har utgangspunkt i svara på spørsmålet om høvelbenken.  Spørsmålet var formulert slik:

«Høvelbenken. Brukte dei andre måtar å festa arbeidsstykket enn i høvelbenk? Kann nokon hugsa ei tid dei ikkje nytta høvelbenk? Gjorde ein skilnad mellom hjulmakarbenk og snikkarbenk, og kva var skilnaden? Gjer greie for namni på dei ymse delane av høvelbenken. Var det t. d. tilsvarande eller andre nemningar på det som nemnest her: framtange, baktange, tangeskruve, platerom, benkehakar o. s. b. Uttrykk for å feste lange stykke som ikkje fekk rom på sjølve benken.»

Spørsmåla er godt formulert og grundig gjennomarbeidde. Det er tydeleg at dei som har laga spørsmåla har god kjennskap til snikkarhandverket. Likevel er nok spørjelista i stor grad basert på faglitteraturen i snikkarfaget. Denne er for det meste omsett frå tilsvarande utanlandske bøker og avspeglar i liten grad det tradisjonelle snikkarhandverket på bygdene i Noreg. Døme på dette er spørsmålet om skilnaden på hjulmakarbenk og snikkarbenk. Det baserer seg på ei feilaktig omsetjing frå terminologi på dansk der ein snakkar om karetmagerbænk som ein høvelbenk som var populær blant vognmakarar og som hadde ein spesiell baktange. Det ser ut til at det berre var eitt av dei 168 svara som hadde forstått dette og svart på dette. Tilsvarande var det også med nemninga benkehakar som var misforstått av dei aller fleste som har svart.

I innleiinga til spørsmåla er det forklart at det er dei lokale nemningane ein er ute etter og at det er bra om dei kan skrive orda slik dei vert uttala. Soleis er det stor variasjon i skrivemåtar i svara. Når det gjeld skottbenken spesielt så gjer fråværet av han i litteraturen at snikkarane ikkje har noko referanse til korleis ein skal skrive namnet.

Eg tvilar på at dei som formulerte spørsmålet «Brukte dei andre måtar å festa arbeidsstykket enn i høvelbenk?» tenkte på skottbenken? Eg har likevel tatt meg tid til å gå gjennom alle dei 168 svara, nærare 2000 handskrivne sider, for å sjå etter om skottbenken er med. Eg går gjennom svara fylkesvis og startar lengst nord i landet. Stadnamna eg brukar er dei som er oppgjeve i svaret. Som regel er det kommunenamn. Kommunestrukturen i 1934 var annleis enn i dag så det er ikkje heilt lett å få oversikt over geografien. Eg har likevel freista å merke posten med geografi-kategoriar ut frå dagens kommunestruktur. Nokre kommunar vart delt mellom fleire større kommunar i samband med samanslåing (Hillesøy og Sør-Rana) og då kan det vere vanskeleg å vite kor eg skal plassere svaret i høve til kommunestrukturen i dag. I vår samanheng er det ikkje eit stort problem om svaret er knytt til feil kommune. Eg skriv namnet på den som har svart så det går an å gjere meir inngåande undersøkingar lokalt.

I Finnmark er ikkje skottbenken med i det eine svaret som kom inn frå fylket. Vi har  tidlegare vist til andre kjelder som dekkjer tradisjonen med skottbenk i Finnmark. Eg startar difor med Troms.

Troms

Snikkaren Jens Solvang i Hillesøy kommune (i dag ein del av Tromsø kommune) var erfaren snikkar og hadde fleire svar som  var illustrerte. Om skottbenken skriv han: Den tid ein sjølv høvla og pløydde golv- og loftbord bruka dei «skottbenk» og «skotthøvel» til å høvle rett kant og pløye i. Han har og teikna ei skisse av ein skottbenk som har langbord på 8 alen. Han skil mellom golvbord og loftbord sjølv om desse kan sjå ganske like ut. Med loftbord meiner han nok bord som fungerer som golvbord på loftet men som også er synleg himling i etasjen under. Slike er det vanleg å høvle flate på margsida og pløye dei etter denne. Så legg ein borda med margsida ned. Baksida som vender opp kan vere meir eller mindre høvla.

Skisse av skottbenk teikna av Jens Solvang, Hillesøy i 1934.
Skisse av skottbenk teikna av Jens Solvang, Hillesøy i 1934.

Henri Reiersen på Skjervøy skriv: Ja, jamnt brukte dei skottbenken, fem alner lang, tvo «bokker«, støttestativ i endene og eit «sagbord» 6 tummar breid, tvo tjukk, fast i bukkane på kant (upp ned) og eit av same slag attmed og det kunde stillast tett inntil det faste eller frå ved kiler som vart slegne millom ein vinkelkloss og denne lause bordfjøla. Når snikkaren skulde kanthøvle eller pløye var det godt å kunne ha denne innretning. Og når snikkaren skulle høvle lange bord so la han nokre bord ovanpå bokkane og desse to kantståande borda hvis øverste kant svarte til øverste ende av bokken.

I Troms var det til saman 8 svar som kom inn. Dei to som har med skottbenken i svaret har også svart utfyllande på dei andre spørsmåla. Sjølv om det verkar som om skottbenken var vanleg og utbreidd i Troms på denne tida så har både Jens og Henri ei inngåande forklaring av benken og bruken. Eg tolkar det som at dei rekna med at dei som skulle lese svara trong denne innføringa for å forstå? Sidan skottbenken ikkje er nemnt i spørsmåla så skulle det tyde på at han var ukjent for dei som har laga spørsmåla? Skottbenk er den gjennomgåande nemninga i Troms. Det er døme på både skruvar og kile til stramming. Jens nemner og skotthøvel som namnet på høvelen til skyting av bord.

Nordland

Olav Engen i Sør – Rana (i dag truleg del av Hemnes kommune) skriv: Til å retta («skjota«) lange emne, golvplankar t.d. hadde dei sokalla skotbenk – 2 lange plankar nøgje beinka i yvekanten, festa i kvar sine to føter i passeleg lengd frå båe endar, kvart fotpar standande på ein tung tverrklamp, den eine litt lauseleg – rørleg – so dei med ein skruv eller eit drev kunde persa plankane saman um emnet, eller losna på dei og ta det ut att – det settast fast millom plankane med passeleg kant uppum til å høvla av med ein mei-okse, ein oksehøvel med to listor – meiar – fest under som gjekk på benkjeplankane på kvar si sida av emneplanken og sa frå når det var høvla nokk: kanten på emnet vart då retta, beint, som benkjekanten var. 

J. Fondal i Meløy nemner: Høvelbenkens høide er i skrittmålet på snikkarane. Skottbenken.

Fridtjov Wahl i Lurøy nemner: Høvelbenk var kjent, men dei nytta og skottbenk som dei nytta når dei pløgde bord. 

Ragnvald Mo i Saltdal nemner: Til å retta opp lange trestykke hadde dei skåttbenken

Også i Nordland er nemninga skottbenk gjennomgåande i dei 4 av totalt 14 svar som har nemnt skottbenken. Skrivemåten varierer mellom «skottbenk», «skåttbenken» og «skotbenk». Olav Engen nemner «mei-okse» som nemning på høvelen. Han nemner og «benkjeplankane» som nemning på langborda.

Nord – Trøndelag

Hans Vold i Frosta skriv: (først om høvelbenken) Dessutan har vi endno : oksbenk – lang planke – som lange bord okshøvles paa. Ataat disse har vi ogsaa: skottbænk for samanskjoting og pløining av gulvbord.

Olaf Tessem i Beitstad skriv: «Eg nyttar tre oksehyvla. Det er grovpjaulen med enkel tann med lidt rundig eg, omtrent slik (utydelig skisse). Den høvel skærer jupt og let. Den tjener istedet for øksen til at take (det) meste. Så nytter man oksen som er noget finere instillet og derpå finoksen med helt retslipet tann. Enda er ikkje bordet helt plant. Man må nu take rubanken, en skothøvel umkring en alen lang. Til finere arbeider må man have en skothøvel med lidt bredere tann retslipet og fint instillet. For at gjera det enda finare må man enda gå det over med slethøvlen. Den lyt vere mykket kvass og klaffen skruet såleis at den ikkje river en flis ved motved eller kvist. .. Den tid man arbeidet op loft og gulv, brukte dei ein skotbenk. Det vart to lange planker stillet på kant. Det var fastgjorte i to føter med et beveglige ben. Når et gulvobord skulde skøites (skytes?) og pløyes, vart det set imellom planken, som vart sammenklemt med grove skruer eller drev. Nu vart kanten høvlet med skotoksen. Denne var forsynet med spormeier eller klamper på kvar side. Skulle der pløyes fjer måtte plogen have lignende klamper. Sovare arbeid er no helt gået av bruk. Der ere høvlemaskiner som gjer arbeidet ganske billigt

Olav Urstad i Harran (i dag ein del av Grong kommune) skriv: Naar dei pløgde saman golvbord brukte dei skottbenk d. v. s. to plankar sette på kant  og imellom desse feste ein golvplanken ved å kile plankane saman med bløygar

H. O. Naem i Kvam (i dag ein del av Steinkjer kommune)  skriv: Ein annan slags benk som bruktes naar der skulde høvles lange bord  og plankar t. d. til golv og loft, var «skotbenken«. Den måtte helst vere noko lengre enn det som skulde høvles. Den var laget av to 2″ x 6»  eller bredere planker som stod på kant i to stativer, den fremste festet til disse og den andre bevegelig. Millom desse plankar vart saa det som skulde pløiast sat fast  med kilar, saamykje høgare enn skotbenken som «fjera» (plognaden). 

Edv. Kruken i Leksvik skriv: «Når bord skulde settes sammen til større bredde som måtte felles sammen i kantene særskilt når der var lange materialer så som gulv m. v. blev der brukt en slags benk som kaldtes skåttbenk. Det kaldes å skjøte bord sammen. … Å sette ihop flere fjøle eller planker til en bred flate kaldes å skjøt sammen, var det også fuget sammen så kaldtes det å pløie sammen, så kaldtes det å pløie sammen. Begge dele kunde være limet. Fugen kaldtes fårr og den delen som gikk neri fugen kaldtes fjerr. Det var gølvbord og loftbord».

Ingolv Svinset i Ogndal (i dag ein del av  Steinkjer kommune) skriv: Uframt høvelbenk brukte dei og skotbenk (lengre type). Lange stykke vart festa i skotbenk

I Nord-Trøndelag er skottbenken med i 6 av 11 svar. Skrivemåten varierer mellom «skåttbenk», «skotbenk» og «skottbenk«. Hans Vold nemner oksbenk bruka til å høvle flask på borda.

I dei fire nordlegaste fylka var det til saman 34 svar på spørjelista om snikkarhandverket. 12 av svara hadde med skottbenk men ein eller anna variant av skrivemåten. Dei fleste har også gitt ei ganske detaljert forklaring av korleis benken ser ut og korleis han vert brukt. Når ein ser det opp mot at det ikkje var spurt spesielt om skottbenk eller pløying av bord så er det stort for oss i Norsk Skottbenk Union at så mange likevel har tatt med skottbenken i svaret. Dei fire nordlegaste fylka sør til Trondheimsfjorden er omlag halve Noreg. Eg vel då å stoppe med dei i denne fyrste delen av gjennomgangen av svarmaterialet i Ord og Sed. Resten av Noreg får kome i 2 eller 3 postar til kring same tema.

Bestefarboka

Min kjære mor leser mye rart, og reagerte da hun skjønte at hun leste om skottbenk i denne boka.

Denne teksten ble skrevet i løpet av andre verdenskrig, da føderådsmannen på Buttekvern i Brumunddal, Even Lundby (1856–1949), ønsket å få bevart sine minner og opplevelser for ettertida. Even Lundby fortalte, og barnebarnet Sven Erik Lundby (f. 1918) skrev ned det bestefaren fortalte. Etter krigen ble manuskriptet maskinskrevet og trykt opp i et lite antall til familien. Vinteren 2012–2013 fikk historielaget tillatelse fra Sven Erik Lundby til å gi ut denne boka.

Les mer om prosjektet her.  Kjøp boka her.

Utdrag fra teksten der han forteller om skottbenken under. Den er gjengitt slik den er skrevet, altså på hedemarksdialekt. Side 26-29 i boka.

********

Nå skulle bygningen klæs. Innvendig var mye panelt før, i gamle dela. Men hele nybygget skulle paneles inna og hele huset uta. Ifrå gammalt var huset bære tømre. Bære på sperren i gesimsa gikk det mye bord. Det var mange bygninger uta paneling. Og noen av donesert, ell rappe, det var særlig inna. Utapå var det mye tømmervegger. Je nemnte det sist at vi la ørkje åt dører og vinduer på badstua. Og innvendige panelingsbord. Men panelingsbord tel huset uapå mener je itte var på badstuen. Je har før nemnt på det at vi kunne få tørke materialer etter at vi hadde tørke grøn. Men je finn det itte umulig at vi nå kunne ha fyrt opp bære før å få tørke åt dører og vinduer, før nå vart det jo nokså mye tørke. Elles mene je nok at innvendig paneling og gølv og hemling var på badstuen etter ‘a var brukt åt grøni. Vi la det i floer med stikker imilla, så lufta kom imilla hårt lag. Det var førnemmelig på begge sider sider åt omna at materialer vart lagt, før på tvers over vart det så stutte bord for å få plass, at det bære kunne bli noen enkene lagt slik. Nå var borda altså skøri på oppgangssagen, silkjesagen – vår og tørke på badstuen og så ferdige før snekker’n.

P nei om je kunne få fortælt deg greitt om det arbe’ som nå kjæm, du Erik. Da får je fysst sea at borda ta silkesaga itte var kante. Og da vart dom jo itte jemnbreie.

I annentasji på nygyggi heldt dom tel med høvling og pløying ta panelingsborda. Ja, je var da med mye attåt på det arbe’. Je mene vi drev på et par sammarer med di, je. Sjølve tømmermenna var ferdige nå, og snikkerarbe’ sto att. Han Lars Skjelset var nok med på detti arbe’, og ei tid var en som hette Jens med litt, og en Per Asplien ei stønn. Det var støtt to ta øss om detti. Da mene je at vi fysst høvle borda på den siden som skulle vara fram. I detti rommi ti annentasjen hadde vi sett opp en pløyebenk. Og når vi skulle høvle framsida på bordom, la vi en brei planke oppå pløyebenken. Denni planken var påspikre en tverrklamp i bakre enda tel å setta enden ta det bordi vi kulle høvle, ti. Vi høvle natruligvis mange bord om gonga. Og nå tok vi det ene etter det andre og la det på benken og høvle det.

Åt høvlingen brukte vi en okse, med to handtak på tvers over oksen, ett framme og ett bak. Dom var dregd, dom. En okse som denni kunne vel vara vel ei halv alen. Som nemnt var det to om arbe’. Drengen drog og snekkeren skauv og styrde. Drengen det var meg. Vi begynte ovantel, da, og drev på i tak tel vi kom åt nerenda. Det var itte så lett arbe hell. Tanna åt oksa var nok sine 3 tommer ell så. Førresten gikk det itte an at tanna tok for mye, så høvlinga vart stygg. Slik høvle vi opp en liten stabel innpå rommi der før hår gong. Så tok vi ta denni stabela att når vi skulle høvle not og fjør, og da sette vi bordet på kant i pløyebenka.

Men da er det fysst å få førtalt om pløyebenka, da, og det grue je meg nesten før. Sjølsagt var pløyebenken bygd i passelig høgde så ‘n var god å arbe ved. Du vet ‘n var ganske lang, pløyebenken, før ‘n skulle jo vara lang nok åt alle bordom. Han sto på tre føtter, framme, bak og på midten. Han sto fritt midt på gølvi. Bredda på benken var kanskje et par kvart ell så, heller mindre. Kara gikk etter den ene siden og arbedde – den fremre sida på pløyebenka. Når vi nå hadde ti vekk denna planken vi la på pløyebenken når vi skulle okse ell høvle, da var det inga plate att på pløyebenka vår. Bærre etter fremre siden på pløyebenka var det nå en fast planke som sto innhøggin i stativet, altså itte på flasken, men med kanten opp. Denni faste planken sto nærmest dom som pløgde. Innafør var det en annen planke, óg på kanten. Den var laus men låg i et spår i de tre støtten under pløyebenken. – Det bordet vi nå skulle pløye, sette vi nå ned millom denni faste og denni lause planken, altså óg detti bordet med kanten opp. Du vet vi måtte feste godt detti bordet vi skulle arbe. Vi drev trekiler inn på yttersiden ta den lause planka, slik at det var klemt godt ihopes.

Det bordet vi skulle arbe, kunne vara grådig ujemt i kanta. Bårken satt på , vet du. Vi brukte fysst bile og jemne kanten. Så hadde vi en okse åt nothøvling og en åt fjør. Du vet på et bord var det not på båe sidom ell fjør på båe sidom. Drengen (je) gikk baklengs nå óg vet du. Nå måtte vi drive der og skava og skava tel vi kom langt nok inn i bordet. Det var absolutt om å gjøra at vi tok godt tel botnes, før elles fekk vi att når vi skulle slå ihopes borda. Je kjæm hau at var det kvist, fór vi grådig forsiktig der og pæla. Je trur førsørgje meg vi kunne gi øss tel å bruke bile og høgge der det var vanskelig med kvist, og oksen kunne kåmmå tel å rive ut. Før pløyinga ta not ell fjør måtte bordet merkjes nøye. Da hadde vi ei mal som vi drog etter den høvle framsiden på bordi, og slik fekk vi merkje ta nøye.

De borda som ligg lengst «fram» i vegga, og som har not, var ofte pryde med en liten fas ell profil imot nabobordi, og denni profilen trur je vart høvle ihopes med noten. Tanna i oksa mene je var laga slik. Det er nå omtrentelig sikker  óg det. Slik syning var både utapå og inne.

Gølvbord, slette hemlinger og glatt veggpanel, dom pløgde vi óg på pløyebenka. Men her måtte vi laga anna fjør. Vi drev med detti óg. Borda vi høvle tel, var jo itte jemnbreie, men smalere mot toppen som ukante bord. –Du vet vi måtte gjøre mange slike bord i forskudd vi, før snikkera kom og skulle sy.

Det var grådig trevali dengången å sy (panele). I førhøld tel nå som slått med ljå er i førhøld tel slåmaskinslått. Det var så arbesslukendes, ser du, så det var ei gru. Enda vet du det hadde vøri et kolossalt arbe bære å få borda ferduge. Der tømmerveggen kunne vara ujemn, drev dom nå og fóre på, ja på gølv og hemling det såmmå. Skjøter med dessi ujamne bordom, det kunne vara nokså plundersamt. Åt lister og slikt kunne dom ha egne profiltenner i høvel.

Lars Asdøl

Eg (Roald) tillet meg å illustrere posten din med eit bilete som ikkje er frå Bestefarboka og såleis kan knytast direkte til teksten. Likevel viser det eit golvbord som har tydelege spor etter badstutørking, truleg slik det er forklart i teksten. Huset det stammar frå er frå andre halvdel av 1800-talet og står i Verdalsåsen vest for Gjøvik. Både tid og stad passar ganske godt med teksten. Dei mørke partia har farge frå røyken i badstua og dei lyse partia er området som er justert med øks etter tørkinga. Foto: Hans Andreas H. Lien
Eg (Roald) tillet meg å illustrere posten med eit bilete som ikkje er frå Bestefarboka. Det viser eit golvbord som har tydelege spor etter badstutørking, truleg slik det er forklart i teksten? Huset det stammar frå er frå andre halvdel av 1800-talet og står i Verdalsåsen vest for Gjøvik. Både tid og stad passar ganske godt med teksten. Dei mørke partia har farge frå røyken i badstua og dei lyse partia er spor etter justering med øks for tilpassing til golvåsane. Vinduskarmane i dette huset hadde tilsvarande spor etter tørking så truleg var dør- og vindusmaterial tørka på same måten. Foto: Hans Andreas H. Lien

 

Fogbock, Sverige sitt svar på skottbenken

I heftet "Byggnadssnickaren på landet" av J. M. Bong frå 1888 er det med nokre teikningar og forklarande tekst på Sverige sitt svar på skottbenken, fogbocken.
I heftet «Byggnadssnickaren på landet» av J. M. Bong frå 1888 er det med nokre teikningar og forklarande tekst på Sverige sitt svar på skottbenken, fogbocken.

Det har etterkvart dukka opp mange norske skottbenkar som vi har fått gleda av å sjå her på bloggen. Ein del litteratur, både eldre og nyskrive har også kome til etterkvart. Det har derimot vore labert med innspel frå vårt naboland i aust, Sverige. Eg har difor sett meg nøydd til å sjølv legge fram litt av det som faktisk finnast av svensk litteratur som omhandlar skottbenken. I boka «Byggnadssnickaren på landet, en handledning vid innläggning av golf och paneler, förferdigande av trappor, fönster och dörrkarmar, olika slags dörrar, veranda m m, äfensom åtskilliga därtil behöfliga hyflar m fl verktyg.» (J. M. Bong, 1888) er det, som vi skulle vente, med eit avsnitt om skottbenken, eller «en mekanisk fogbock» som den blir kalla. Nedanfor gjengir eg teksten som Bong har skrive for å forklare bruken.

Snitt av mekanisk fogbock frå boka til J. M. Bong.
Snitt av mekanisk fogbock frå boka til J. M. Bong.
En mekanisk fogbock

«För at lätta hopfogningen af bräder och plank kan man göra sig en fogbock, hvilken är af mycken nytta, särdeles för den som är ovan vid dylikt arbete. Fig. 1 visar en af de båda fotställningarna, sedd från änden, och fig. 2 fogbocken, sedd från sidan. Stolparna a a göras 1 aln 4 tum långa och 4 tum breda. De inntappas i ett understycke b, i den ställning fig. 1 utvisar. Hålen i detta understycke göras dock så stora att stolparne kunna skjutas ett stycke emot eller ifrån hvar andra. Sedan upphyflas ett par plankor c c, af 8-9 tums bredd samt minst en fots större längd än det virke, som skall fogstrykas (utriktas), och i dessa plankor inskäras ställningstolparne ½ tum djupt, ungefär 2 alnar från änden. Att stolparne i öfre änden skola inskäras och afsneddas så att plankorna bliva rätt uppstående, synes af fig 1. När detta är gjordt, fästas plankorna med grof spik och nu göres en skruf, d, med skrufmutter, e, så at fogbocken kan hopskrufvas samt af öfvad person riktas på öfre kanten. 

Anm, Det säger sig sjelft, att derest icke plankorna äro fullkomligt raka, kunna icke heller fogarne, som strykas, bliva det. 

Härefter fastskrufvas, på en vanlig oxhyfvel, en brädbit af ½ tums tjocklek på hvardera sidan om jernet. Sätter man nu in ett bräde i fogbocken, så att det står ¾ tum högre än plankorna, så måste man borthyfla ¼ tum, innan de å hyfveln anbragta listerna komma att hvila på kanterna af fogbockens plankor. Då hyfveln icke vidare kan skära några spånor, är brädet parallelt med kanterna af fogbockens plankor och följaktligen rakt, dernest plankorna blifvit ordentligt tillriktade. 

Det torde ligga i öppen dag, att denna fogbock är af stor nytta, synnerligast vid innredning af byggnader, innläggning af golf och paneler m. m., enär helt och hållet ovana personer i den kunna fogstryka bräder lika bra som gamla timmerarbetare. Man måste dock naturligtvis tillse, att fogbocksplankorna så väl å öfre som undre kanten väl sluta intill brädet; men skulle de icke göra detta, i fall något gröfre virke innsättes, så upphuggas endast hålen på fotstyckenas yttre sidor och kilar insättas i stället å de inre sidorna.» (J. M. Bong, 1888)

I teksten er det brukt alen og tommar, dette er dei eldre svenske verktum der ein slik er 24,74 mm, det er 24 tommar i ein alen. Bong gir ei inngåande forklaring på konstruksjonen og bruken av fogbocken. Forklaringa hans er så detaljert at det verkar som om han har ein del erfaring med bruken av slike, enten på eige hand, eller at han har fått ei grundig innføring i emnet.

I boka «Byggnadsarbetarminnen», ei samling av forteljingar av handverkarar som var yrkesaktive sist på 1800-talet og først på 1900-talet, er også nemninga riktbock med. «Vad som särskilt vackte min uppmärksamhet var att aldrig bönderna kanta plank och bräder vid sågen, det fick vi stå och kanta med yxa efter kritsnöre och sedan rikta i riktbock. «(Rehnberg, 1950) Her er det ikkje innlysande at høvlinga vart gjort med ein okshøvel med meiar slik som Bong beskreiv, men det er truleg. Andre av svara i denne boka beskriv ein langhøvel som er 1 ½ alen og som var brukt til slik retting. Då har dei ikkje skrive noko om ein særskilt riktbock eller innretning som var brukt til dette. Det er i så fall ikkje nødvendig med dei lange rettborda som fogbocken til Bong har.

I boka «Dalby i gamla tider», frå Karl L:son Bergkvists uppteckningar, er nemninga fogbängk med. «Fogbängk: två långa kantställda plankor på träbockar, mellan vilka plankan som skulle hyvlas ställdes på kant och en oxhyvel (oxhøvvel), på undersidan försedd med två tunna lister ute vid kanterna, drogs efter plankans kant tills listerna berörde stödplankorna. Den användes vid kanthyvling av golvplankor.» (Bergkvist, 1999) I boka er det lagt vekt på lokal uttale av orda og derfor er nemningane skrive i ei form som er nær uttala. Det er mykje som er veldig likt slik eg er vant til frå Norsk. Skrivemåten «fogbängk» kunne sikkert endrast til «fogbänk» for å gjere det litt lettare. Boka eit resultat av eit stort innsamlingsarbeid i tida 1948-1968 gjort av skogsarbeidaren Karl L:son Bergkvist.

Eg håpar vi får innspel frå våre svenske vener som sikkert har fleire kjelder og andre nemningar på skottbenken?

Kjelder

Bergkvist, Karl L:son, «Dalby i gamla tider», Kulturkoppra, Falun, 1999

Bong, J. M., «Byggnadssnickaren på landet», 1888.

Rehnberg, Mats, «Byggnadsarbetarminnen», Nordiska museet, 1950

«Kokebok» om snikring av skottbenk

Thor-Aage Heiberg, ein av våre faste bidragsytarar, har som student i Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST i Trondheim skrive ein rapport om snikring av skottbenk. Rapporten har tittelen, Produksjon av ny skottbenk «Jarlebenken» og kan lastast ned på frå lenke på sida på bloggen vår med oversikt over litteratur. Litteratur om skottbenk. Rapporten dokumenterer arbeidsprosessen og kan også fungere som instruksjon (kokebok) for dei som vil bygge sin eigen skottbenk. Prinsippa for snikring av dei ulike typane av skottbenk har nok såpass mykje til felles at rapporten til Thor-Aage kan nyttast om ein skal bygge andre typar enn «Jarlebenken». Dette er eit særleg godt tilbod til alle som drøymar om å byggje sin eigen skottbenk for å bli teken opp som medlem i Norsk Skottbenk Union.

I rapporten er det ein detalj som kan drøftast. Thor-Aage har laga tappane gjennom fotplata som heile tappar som er kilt. Det er i ein god tradisjon. Det er gjort på denne måten på dei aller fleste gamle skottbenkane. Det har som regel også gått bra. På «Jarlebenken» er føtene bunde saman av ein spennbolt og mellomstykker så belastninga blir ikkje så stor. Då er løysinga solid nok.

På nokre skottbenkar, slik som dei frå Karasjok og Kverndal i Målselv, har det vore store skadar i fotplata. Om det skuldast måten tappen er laga på, eller unødig stor belastning, er ikkje sikkert? Det er mogleg å dele opp i to mindre tappar og kile noko meir forsiktig på langs av veden for å minske problemet. Spesielt viktig blir dette på skottbenkar som ikkje har spennjarn og mellomstykker som stivar av konstruksjonen. Då vert belastninga på tappen i foten ganske stor.

Studentar på bachelorstudiet i Teknisk bygninsvern og restaurering høvlar flask på golvbord på skottbenken til Thor-Aage Heiberg. Foto: Roald Renmælmo
Studentar på bachelorstudiet i Teknisk bygninsvern og restaurering høvlar flask på golvbord på skottbenken til Thor-Aage Heiberg. Foto: Roald Renmælmo

Kraftig auke i publiserte artiklar om skottbenk i 2013

Så vidt inne i det nye året kan vi ta skottbenkane i bruk igjen etter julefeiringa. Vi har lagt bak oss 2013, og kan sjå tilbake på mange viktige hendingar i året som gjekk. Ikkje minst at vi har fått formalisert Norsk Skottbenk Union og fått vår eige blogg. Gjennom bloggen har vi fått samla og aktualisert mykje stoff om skottbenkar som tidlegare var vanskeleg tilgjengeleg. Vi har også fått eit fora for fagmiljøet som kanskje er det viktigaste som har skjedd på skottbenkfronten i 2013?

På slutten av året i 2013 kom det ut ei bok med tittelen «Kulturarvets hantverk» på Jamtli forlag. Boka er ei samling av artiklar og utgjeve i samband med avslutning av prosjektet med same namn som boka, Kulturarvets hantverk. I boka er det med heile to store artiklar om skottbenken. Boka er i sal for ein pris som berre skal dekke utgjevingskostnadar, altså veldig billig. Ho kan kjøpast frå Jamtli forlag eller frå nettbokhandel slik som Adlibris.

Thor-Aage Heiberg har skrive «Skottbenkene på Skårvoll, Støren«, der han presenterer den hittil lengste skottbenken i Noreg, kanskje i verda? Benken er 8,11 meter lang og kan attpåtil truleg knytast til høvling av utvendig kleding av Støren kyrkje i tidsrommet mellom 1816-1819. I tillegg er det også ein kortare skottbenk og to interessante høvelbenkar på garden. Vi ser fram til at Thor-Aage postar på bloggen om desse store oppdagingane.

Eg har skrive artikkelen, «Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken«, der eg går gjennom arbeidsmåten for høvling av golvbord. Eg tar utgangspunkt i samarbeidet med Konrad Stenvold som eg intervjua og arbeidde saman med for å få tak på bruken av skottbenken og handhøvling av golvbord først på 2000-talet. Det var mi oppvakning kan ein seie.

Høvlane på biletet er frå venstre, fjørhøvel og nothøvel (golvplogar) og skottokse. Golvplogane er kopiar av høvlane til Konrad Stenvold i Dividalen. Skottoksen er inspirert av ein skottokse frå garden Haugseth i Målselv. Bilete frå artikkelen "Handhøvling av golvbord - på jakt etter skottbenken". Foto: Roald Renmælmo
Høvlane på biletet er frå venstre, fjørhøvel og nothøvel (golvplogar) og skottokse. Golvplogane er kopiar av høvlane til Konrad Stenvold i Dividalen. Skottoksen er inspirert av ein skottokse frå garden Haugseth i Målselv. Bilete frå artikkelen «Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken». Foto: Roald Renmælmo

Erling Flem har skrive artikkelen «Stabberet frå Gryta» i årsskrift 2013, Sogelaget for Hamnsund sokn (Haram) på Sunnmøre. Der skriv han om stabburet som var tømra av Peder Petersen Engeseth i 1861. Same mann har og etterlate seg ei verktøykiste med høvlar som kan knytast til snikkararbeidet i det stabburet. I kista var også nokre eldre høvlar, ein skrubbhøvel med årstal 1783, og ein skottokse med omlag same maksel men utan år. Kanskje kan det vere ein skottokse frå 1700-talet? Boka kan kjøpast frå Bok og Papir i Brattvåg.