Skottbenkar i Skaun i Sør-Trøndelag

I dag har eg vore ein runde for å sjå på hus og verktøy i områda sør for Trondheim. Eitt av stoppa var på det flotte anlegget til Skaun Bygdamuseum i Skaun kommune i Sør-Trøndelag. Her har dei samla ei rekke interessante bygningar frå området og samla gjenstandar. Eg spurte sjølvsagt etter om det var skottbenkar i samlinga der. Det viste seg at vår kontaktmann på museet hadde ein skottbenk heime hos seg og meinte det også var ein på museet. Etter eit lite søk spora vi opp ein komplett skottbenk, tre lause bukkar til skottbenk og to skottoksar. I tillegg var det ei rekke andre høvlar som verka å høyre saman med bruk på skottbenk. Det er kva vi kan kalle full klaff. 🙂 Det var også tydeleg at det var omgrepet skottbenk som var i bruk i dette området.

Dette er ein av tre like lause bukkar til skottbenk som er i samlinga på museet. Desse ser ut til å ha vore brukt med lause langbord. Foto: Roald Renmælmo
Dette er ein av tre like lause bukkar til skottbenk som er i samlinga på museet. Desse ser ut til å ha vore brukt med lause langbord. Foto: Roald Renmælmo

Lause bukkar til skottbenkar har vi funne ein god del av i Sør-Trøndelag og nokre av dei har vi skrive om tidlegare på bloggen. I tillegg har vi ein komplett skottbenk frå Leksvik som har liknande oppbygging som nokre av dei lause bukkane. Tradisjonen i Skaun er også tydeleg på at desse lause bukkane er delar av ein skottbenk og at det er berre langborda som manglar. Omvisaren vår på museet kunne fortelje at slike skottbenkar også vart brukt til å spenne fast stokken i når ein skulle hogge medfar i veggtømmer i samband med tømring av hus. Det er ei særs spennande opplysning og kan høve godt med den store bredda vi ser på denne skottbenken under. 🙂

Den komplette skottbenken har total lengd på 8 alen, har 30″ arbeidshøgd og har to bukkar som held oppe langborda. Han vert stramma med skruvar.

I samlinga med snikkarverktøy var det to særs fine skottoksar som eg fekk fotografert. Begge har lister som er avtagbare og som er festa i sida. Begge har bakre handtak montert ganske langt fram, så nær høvelstålet som mogleg. Dette er ein detalj som eg har prøvd ut med tanke på at det gjer det lettare å bruke høvelen når ein høvlar aleine. Då vert det lettare å få trykk på tanna så ho tar godt. Med nyslipt stål så tar høvelen godt, medan når stålet ikkje tar så godt lengre, må det trykk til på høvelen for at han skal ta. Då er det ein fordel om det bakre handtaket er montert lengre fram, nærare senter av høvelen.

Det er nok framleis mykje spennande som ventar på å bli oppdaga i Sør-Trøndelag. Her er det mykje å boltre seg i for medlemmane av Norsk Skottbenk Union.

Ploggogn frå Meldal

Bilde

Ploggongn fra Meldal Bygdemuseum.

Denne bukken står på Meldal Bygdemuseum. Den har absolutt mange fellestrekk med den bukken som Lars Asdøl har bilde av fra Reinsklosteret. Jeg har ikke fått tid til å undersøke denne nærmere, men min første tanke da jeg så den var at den er brukt til høvling av pløyde bord. Jeg ble satt på tanken av fjøla med fjær som sitter på det faste beinet i bukken. Fristende å se for seg at et bord som allerede er notpløyd vil ligge godt an på denne fjølbiten ved pløying av fjæra. En annen tanke, som ikke nødvendigvis henger sammen med den første, er at dette er en avlastningsbukk for bruk sammen med fremtangen på en høvelbenk ved høvling av lange bord.

Bilde

Bukken sett fra «baksiden»

Bilde

Høyden faller helt inn sammen med høyden av de skottbenkene jeg har vært borti. 

Bilde

Ser ut som om minste fastspenningstykkelse ligger rundt 2″. Bildet kan lyve noe her. Jeg har ikke målt dette opp.

Skottbenk eller?

Ein av mine tidlegare studentar i Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST sendte meg nokre bilete av det han lurte på kunne vere ein skottbenk. Lars, som studenten heiter, kom over desse bukkane eller benkane medan han var på eit oppdrag ute på Reins kloster i Rissa. Han driv eit foretak som heiter Syllstokken AS, der han og to andre tek på seg oppdrag med restaurering av bygningar.

Den eine av bukkane eg fekk bilete av. Denne kan likne veldig på ein skottbenk men med berre eitt veldig kort langbord. Foto: Lars Aasdøl
Den eine av bukkane eg fekk bilete av. Denne kan likne veldig på ein skottbenk men med berre eitt veldig kort langbord. Foto: Lars Aasdøl

Føtene, eller bukkane i denne innretninga kan minne om andre skottbenkar vi har skrive om på bloggen. Det er spesielt med berre eit langbord. Dette er heller ikkje rett i overkanten. Bukkane er montert med skruvane kvar sin veg. Eg lurer på om dette kan vere bukkane til ein skottbenk som har fått montert på ein planke for anna arbeid eller er montert for lagring. Mi erfaring med skottbenkar er at langborda gjer skottbenken vanskeleg å lagre, det tar  mykje plass. Langborda må justerast for kvar ny oppsetting av skottbenken. Det kan ha vore grunnen til at bukkane er lagra utan langborda?

Den andre bukken frå same stad. Denne kan ha vore ein del av ein skottbenk men har kanskje hatt eit anna bruksområde? Foto: Lars Aasdøl
Den andre bukken frå same stad. Denne kan ha vore ein del av ein skottbenk men har kanskje hatt eit anna bruksområde? Foto: Lars Aasdøl

Denne siste bukken har ei utsparing i den eine foten for noko som kan vere for langbord. Det er ikkje lett å sjå for seg at denne kan fungere med to langbord og eit bord som skal høvlast mellom desse. Det blir komplisert å halde fast under fast-spenning. Kan vi sjå for oss at det har vore til ein skottbenk med berre eit langbord eller eit laust rettbord/rei? Kanskje vi kan vere på sporet av ploggogn som vi tidlegare har skrive om? Ordet gogn er gjerne brukt som ei fellesnemning for innretningar som består av fleire delar og som er nyttig for å få gjort eit arbeid. Ordet kan nyttast i staden for ordet reiskap. Ein snakkar om gogn om t.d. ein vevstol. Såleis kan alle innretningar og reiskap brukt til pløying av bord få nemninga ploggogn knytt til seg. Nokre av svara i spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed er inne på at dei nytta bukkar som ein kunne feste bord på høgkant i. Desse var ikkje knytt til bruken av langbord, rettbord eller liknande som høvelen kunne styre etter for å høvle beint. Denne siste bukken kan vere døme på ein slik.

Sidan det er ein anna skottbenk lagra saman med denne siste bukken kan det vere naturleg å tenkje seg at desse kan ha noko med kvarandre å gjere? Mi erfaring med høvling av lange bord er at det er vanskeleg å få god klem på midten av skottbenken. Då brukar eg ei laus tvinge for å hjelpe til å støtte. Dette hindrar ikkje at det kan bli litt svikt på midten av benken. Då kan golvborda bli høvla litt smalare på midten. Om ein brukar ein laus bukk på midten så vil denne stø under langborda og motverke dette. Kanskje det er bruksområdet til denne lause bukken? Då har vi minst to ulike tolkingar av bruken av desse bukkane. Kom med forslag og innspel. Finnast det fleire slike rundt om i landet?

%d bloggarar likar dette: