Eg har gjort eit poeng av at skottbenken ikkje har kome med i faglitteraturen i snikkarfaget eller tømrarfaget. Det er mogleg det vert «sant» om eg repeterer det mange nok gongar og ikkje tar meg bryet med å sjekke med denne faglitteraturen? Om ein slår saman faglitteraturen i våre nordiske land så blir det fort ein del bøker som ein kan leite gjennom på søk etter skottbenken. Eg har gjort ein del tekstsøk i digitaliserte versjonar av nokre av desse bøkene. Så langt har eg ikkje fått treff på skottbenk, rettbenk eller strykebenk i dette materialet. Eg har då gått vidare og lest gjennom det som er skrive om golvbord. Sanneleg vart det ikkje napp på dette, og eg må moderere mine påstandar om at skottbenken er fråverande i faglitteraturen.
Theodor Broch gav ut «Lærebog i Bygningskunsten» i Christiania (Oslo) i 1848. Boka er gjerne halde fram som den første norske læreboka i husbygging. Broch var norsk og hadde militær utdanning frå Noreg, men han hadde offentlege stipend for å reise og studere militær byggekunst i Tyskland, Frankrike, Østerrike, Belgia og Nederland. Han baserte nok mykje av både tekstinnhald og illustrasjonar på utanlandsk faglitteratur. Det er tydeleg at øksene han har teikna er meir i tråd med tyske og danske økser enn med samtidige norske økser. Det er grunn til å vere kritisk til kor vidt boka representerer norske tradisjonar, eller om det er mykje påverknad frå utanlandsk faglitteratur? Likevel er boka ei tidleg og viktig kjelde som tar for seg mange nyttige detaljar som ikkje er med i nyare fagbøker. Om bord og plankar skriv han:
«§410. Bord og Planker som ved Hjælp av Hövlen ere jevnede paa deres brede Sideflader, kalder man hövlede; er de hövlede paa de smale Kanter siges de at være strögne. Dette siste er nödvendigt ved Bord eller Planker, som lægges Side om Side, thi elles ville de aldrig slutte tæt til hinanden. Strygningen udføres sædvanlig paa Fugbænken (Fig. 65), paa hvilken Bordet eller Planken holdes opretstaaende mellom Aagerne ab og cd ved Kilerne m, m. Al Hövling sker först med en kort Hövel (Skrubhövlen), hvorved Bordene eller Plankerne kun blive grovt tiljevnede (skrubhövlede); siden fuldföres planeringen med en finere, lang Hövel (Slethövlen, Oxhövlen, Stryghövlen).» (Theodor Broch, «Lærebog i Bygningskunsten», 1848)

Illustrasjonen av Fugbænken i boka til Broch har litt til felles med benken som K. Gjesme i Lærdal har teikna. Også nokre av benkane som beskrive frå Sunnmøre kan ha fellestrekk med denne benken. I staden for lange bord som ein klemmer saman er det ein ås som kanten på bordet som skal høvlast ligg på. Korleis «stryghövlen» har sett ut er vanskeleg å seie sidan den ikkje er illustrert eller forklart nærare. Det kan vere ein lang høvel. Det er mogleg at Fugbænken til Broch fanns i fleire variantar, også med rettbord på sida slik som K. Gjesme har teikna? Slik han er forklart i tekst og skisse har ein ikkje noko form for rettbord som ein eventuell skottokse kan brukast saman med. Arbeidshøgda er 2 fot, ca 62,75 cm. For høvling av 8″ – 10″ breie bord så gir det ei høveleg arbeidshøgd samanlikna med det som er vanleg på andre typar skottbenkar.




