Skottbenken i «Lærebog i bygningskunsten»

Eg har gjort eit poeng av at skottbenken ikkje har kome med i faglitteraturen i snikkarfaget eller tømrarfaget. Det er mogleg det vert «sant» om eg repeterer det mange nok gongar og ikkje tar meg bryet med å sjekke med denne faglitteraturen? Om ein slår saman faglitteraturen i våre nordiske land så blir det fort ein del bøker som ein kan leite gjennom på søk etter skottbenken. Eg har gjort ein del tekstsøk i digitaliserte versjonar av nokre av desse bøkene. Så langt har eg ikkje fått treff på skottbenk, rettbenk eller strykebenk i dette materialet. Eg har då gått vidare og lest gjennom det som er skrive om golvbord. Sanneleg vart det ikkje napp på dette, og eg må moderere mine påstandar om at skottbenken er fråverande i faglitteraturen.

Theodor Broch gav ut «Lærebog i Bygningskunsten» i Christiania (Oslo) i 1848. Boka er gjerne halde fram som den første norske læreboka i husbygging. Broch var norsk og hadde militær utdanning frå Noreg, men han hadde offentlege stipend for å reise og studere militær byggekunst i Tyskland, Frankrike, Østerrike, Belgia og Nederland. Han baserte nok mykje av både tekstinnhald og illustrasjonar på utanlandsk faglitteratur. Det er tydeleg at øksene han har teikna er meir i tråd med tyske og danske økser enn med samtidige norske økser. Det er grunn til å vere kritisk til kor vidt boka representerer norske tradisjonar, eller om det er mykje påverknad frå utanlandsk faglitteratur? Likevel er boka ei tidleg og viktig kjelde som tar for seg mange nyttige detaljar som ikkje er med i nyare fagbøker.  Om bord og plankar skriv han:

«§410. Bord og Planker som ved Hjælp av Hövlen ere jevnede paa deres brede Sideflader, kalder man hövlede; er de hövlede paa de smale Kanter siges de at være strögne. Dette siste er nödvendigt ved Bord eller Planker, som lægges Side om Side, thi elles ville de aldrig slutte tæt til hinanden. Strygningen udføres sædvanlig paa Fugbænken (Fig. 65), paa hvilken Bordet eller Planken holdes opretstaaende mellom Aagerne ab og cd ved Kilerne m, m. Al Hövling sker först med en kort Hövel (Skrubhövlen), hvorved Bordene eller Plankerne kun blive grovt tiljevnede (skrubhövlede); siden fuldföres planeringen med en finere, lang Hövel (Slethövlen, Oxhövlen, Stryghövlen).» (Theodor Broch, «Lærebog i Bygningskunsten», 1848)

Skisse av Fugbænk frå "Lærebog i Bygningskunsten" av Theodor Broch, 1848.
Skisse av Fugbænk frå «Lærebog i Bygningskunsten» av Theodor Broch, 1848. Skissa er med i ei eige bok som har med alle planer som det er henvist til i teksten i boka.

Illustrasjonen av Fugbænken i boka til Broch har litt til felles med benken som K. Gjesme i Lærdal har teikna. Også nokre av benkane som beskrive frå Sunnmøre kan ha fellestrekk med denne benken. I staden for lange bord som ein klemmer saman er det ein ås som kanten på bordet som skal høvlast ligg på. Korleis «stryghövlen» har sett ut er vanskeleg å seie sidan den ikkje er illustrert eller forklart nærare. Det kan vere ein lang høvel. Det er mogleg at Fugbænken til Broch fanns i fleire variantar, også med rettbord på sida slik som K. Gjesme har teikna? Slik han er forklart i tekst og skisse har ein ikkje noko form for rettbord som ein eventuell skottokse kan brukast saman med. Arbeidshøgda er 2 fot, ca 62,75 cm. For høvling av 8″ – 10″ breie bord så gir det ei høveleg arbeidshøgd samanlikna med det som er vanleg på andre typar skottbenkar.

Vidare i teksten forklarar Broch om pløying av bord.
Vidare i teksten forklarar Broch om pløying av bord. frå «Lærebog i Bygningskunsten» av Theodor Broch, 1848.
Skisse 206 frå planverket til "Lærebog i Bygningskunsten" av Theodor Broch, 1848.
Figur 206 frå planverket til «Lærebog i Bygningskunsten» av Theodor Broch, 1848.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

7 thoughts on “Skottbenken i «Lærebog i bygningskunsten»

  1. Hei Roald. Så bra, både mht metode og innhold: For min fagforståelse er dette et viktig bidrag.
    Det var jo litt, dette litteraturfunnet ditt, men denne fugebenken var jo lite til rett-, stryk- eller skottbenk å regne, når det ikke er skottplanker for høvel-listene er det jo ikke det samme, sånn strukturellt sett. Denne må jo høre sammen med den lange strykhøvelen. Jeg synes ikke benken har noe med lærdalsbenken å gjøre men snarere med de to benkene som Wilhelm Kvalheim i Volda har tegnet. Metodisk sett viser det imidlertid at din framgangsmåte med å lete etter rett-, stryk- og skottbenk via digitale søk ikke er utfyllende, da man må gå via lesingens kunst for å finne skottbenkens ulike søsken, da kjært barn som kjent kan ha mange navn. For etteretteligheten er der dermed viktig med en fotnote eller liste over de bøkene du har vært igjennom fysiskvisuelt, og de du har søkt igjennom, for å slå fast hvor langt slutningen din kan brukes for å generalisere.

    Likar

    1. Hei Terje. Takk for kommentar.
      Eg er usikker på om Theodor Broch har brukt skottbenk sjølv? Ut frå forklaring og skisser så ser det ikkje heilt slik ut. Eg trur han har henta dette frå noko litteratur frå utlandet. Språkleg kling både nemningar og ordstilling veldig dansk. Truleg er dette i si tid henta frå tysk? I Tyskland har ein nemningane Fügbock og Fügbank. Den fyrste er ein bukk som minner litt om dei lause skottbenkføtene som vi har funne mykje av i Noreg. Fügbank er ein litt lang høvel med lister på sidene, omlag som den som Thor Aage hadde bilete av frå Den gamle by i Århus. På norsk har vi og nemninga fubank for ein høvel som er litt lengre enn rubanken, langhøvelen. Siste delen av ordet, bank, er av Olav Brattegard forklart ut frå at desse lange høvlane opphavleg var så store at dei hadde føter og stod fast med solen opp slik som strykbenken som bøkkarane brukar. (Brattegard, «Um låneord fra tysk i norsk handverksterminologi», 1951) På dansk, og hos Broch, har nemninga fugbænk vorte brukt om benken i staden for om høvelen. I materialet i Norsk Folkeminnesamlinga var nemningane føibænk og feibænk med frå Vestfold og Østfold. https://skottbenk.wordpress.com/2015/04/21/skottbenk-i-norsk-folkeminnesamling-del-4/ Begge delar er ganske nær opp til fugbænk som Broch skriv i boka si. Desse to fylka ligg også nær Danmark så ei språkleg og handverksfagleg utveksling er naturleg.

      Om du studerer benken til Gjesme frå Lærdal så ser du at føtene stikk opp som pinnar over «(plo) aos», åsen som stivar av benken. Mot desse pinnane kiler han «ein planke pao kor sia». Prinsippet er det same som på benken til Broch med unntak at Broch ikkje har teikna plankane som kan tene som djupnestopp for høvelen. Dette er sjølvsagt ein vesentleg detalj som er sjølve finessen med skottbenken. Eg vel å tru at Broch skriv om noko han ikkje heilt har forstått sidan han truleg ikkje har vore med på det sjølv. Sjølve benken med pinnane som han har teikna er litt smal i høve til den Gjesme har teikna. Det er litt vanskeleg å få plass til plankar på sida av bordet som skal høvlast.

      Oversikt over den litteraturen som er gjennomgått er ikkje dumt. Med dagens muligheter for tekstsøk i store boksamlingar, slik som den digitale bokhylla til Nasjonalbiblioteket, kan det bli store mengder. Det er likevel ein del faglitteratur som er meir sentral og som bør vere med i ei slik oversikt.

      Likt av 1 person

  2. Kom tilfeldigvis innom her. Noen korte kommentarer til teorien om at bank-endelsen i høvelnavn som rubank o.a. har noe med «benk» å gjøre.

    1. Min oppfatning er at navnet rubank rett og slett stammer fra «rubanok» som er det russiske ordet for høvel. At det fra begynnelsen av 1700-tallet i visse håndverk (kistemakere f.eks) ble brukt store faste høvler med sålen opp for å rette av mindre arbeidsstykker, endrer ikke dette.

    2. At rubanken som trehøvel er tung og lang, henger sammen med at dette først og fremst er en «avretterhøvel» for kanter på bord. Skal høvelen fungere må den være lang og tung. I de aller fleste tilfellene vil bruk av en slik rubank/fugbank uten skotbenk med sideplanker, enkelt gjøre avretterjobben. Det mener jeg er grunnen til at vi svært sjelden finner skotbenker som beskrevet på denne websiden på gamle snekkerverksteder, og at slike benker er helt fraværende i den eldre faglitteraturen – i alle fall i den jeg har vært gjennom.

    Vennlig hilsen
    Anders Frøstrup
    Tømrermester
    Faglig leder Timber as

    Likar

    1. Eg takkar for eit fint innspel. Eg kjenner til tolkinga du nemner av bruken av ordet bank i samband med høvlar. Eg anbefaler å lese den framifrå artikkelen av Olav Brattegard som eg viser til i ein kommentar over. Han har ei fin drøfting kring dette og har også gått gjennom eit særs omfangsrikt kjeldemateriale i Norsk Folkeminnesamling.

      Om du tek deg tid til å lese litt av det andre som er skrive på bloggen så vil du snart sjå at skottbenkar har vore veldig vanleg i det aller meste av landet. Dette er godt dokumentert både gjennom registrering av bevarte benkar og ymse skriftleg kjeldemateriale. Svara på spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling viser også tydeleg at slike benkar har vore veldig vanleg. Dette svarmaterialet viser også tydeleg at det er eit klart sprik mellom faglitteraturen i snikring/tømring, og vanleg praksis i faget i Noreg. Det skuldast nok i hovudsak at denne faglitteraturen er i all hovudsak basert på omsetning av bøker frå andre land. Det er altså grunn til å stille spørsmål ved om kor gode fagbøkene er som kjelde til å forstå praksis i faget i tidlegare tider?

      Likar

      1. Takk for svar.
        Som du oppfordret meg til: Jeg leste gjennom artikkelen til O. Brattegard om lånord fra tysk i snekkerfag fra 1949. For han er jo resultatet gitt på forhånd når det gjelder de tyskspråklige røttene, jf. teksten på artikkelen (lånord fra tysk). Brattegard tar som utgangspunkt at «rubank» (rauhbank) har tyske røtter der rauh- = ru, ujevn og -bank = benk. Med dette utgangspunktet gjør han som «alle andre», han gjentar tyske kilder som programmatisk mener det samme. Brattegard sier også at bank-endelsen «peikar attende til gamal tid», men han utdyper ikke hva han mener med det. Jeg blir ikke imponert eller overbevist av slikt arbeid.

        Jeg vil fortsatt hevde at høveltypen vi kjenner som rubank og den noe lengre avretterhøvelen som på tysk går under navnet fogbank, har navn som stammer fra russisk – et langt eldre språk enn tysk/germansk. Her er altså ordet for høvel = rubanok, og det er langt fra usannsynlig at rauhbank er en «forvanskning» av det russiske. Videre på russisk: rubka = hogst og narubit = hogge.

        Jeg ser rett og slett ingen grunn til å snu rubanken «på hue» som «benk», noe som ble gjort svært sjelden og bare i få håndverk (bødker, kistemaker f.eks.), for å sannsynliggjøre det tyske opphavet og bank-endelsen.

        Hadde vært interessant om noen kunne kommentere direkte min påstand om linken til russisk her. Ellers kommer jeg tilbake med andre synspunkter på skotbenker/fogbenker og avretting av bord med langhøvel en annen gang.

        Med hilsen
        Anders Frøstrup

        Likar

      2. Eg er ikkje nokon språkforskar og har lite kjennskap til russisk språk. Eg er likevel så frimodig at eg vel å vere skeptisk til at det har vore ein slik påverknad frå russisk til norsk. Dette med følgjande utgangspunkt;

        1. Rubank er ikkje ei nemning som var vanleg brukt i norske dialekter før ganske langt inn på 1900-talet. Nemningar som langhøvel, lokkert, lokar og strykehøvel var meir vanlege. Eg trur rubanknamnet har kome inn gjennom faglitteraturen som var brukt i sløyd og snikring frå slutten av 1800-talet. Her er det i det formaliserte snikkarhandverket ei klar påvirkning frå tysk.

        2. Mykje av fagterminologien i snikkarfaget kan sporast til tysk sidan vi fagleg var sterkt påverka av tysk handverkstradisjon då ein eige snikkartradisjon vaks fram på 1500-talet.

        3. I Russland trur eg det var tilsvarande. Det reindyrka snikkarhandverket vart spreidd gjennom dei tyskdominerte handelsstasjonane på 1600-talet. Då kan dei gjerne ha fått sitt rubank på same måte som oss.

        Det er mogleg nokon med inngående kjennskap til russisk språk kan svare meir presist på dette, men eg trur det er slik. I norsk ordbok er det vist til at etymologien til rubank er lågtysk. Denne ordboka er fagleg veldig solid og det er gjort eit veldig grundig arbeid med kvart ord.

        Likar

  3. Hei igjen
    Da har du misforstått. Jeg trekker linjene mellom Russland og Tyskland når det gjelder opprinnelsen til ordet rauhbank og forklaringen på endingen -bank (benk). At vi her i landet har fått mange håndverksord fra tysk, er det vel liten uenighet om. Det gjelder særlig i by/laugshåndverket.

    Jeg oppfordrer deg å lese min tekst med mer åpenhet og intellektuell nysgjerrighet. Når du viser til at ordbøker hevder at rubank har røtter i lavtysk, at bank kommer av benk m.m. fører det jo ingen steds hen, når det nettopp er disse oppfatningene jeg stiller spørsmål ved. Tror også du undervurderer den gamle russiske håndverkstradisjonen i snekkerfaget.

    Jeg stopper dette ordskiftet her. Kommer kanskje tilbake med synspunkter på skottbenker og andre benker seinere på denne bloggen eller andre steder.

    Vennlig hilsen
    Anders Frøstrup

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s