Category Archives: Sverige

Nybygde skottbenkar i Mariestad i Sverige

Min kollega Tomas Karlsson underviser i snikring på bygghantverksprogrammet på Göteborgs universitet. Vi to har i fellesskap utvikla og drive bloggen Høvelbenk der vi har leita fram eldre høvelbenkar i Norden og arbeidd for å spreie den glade bodskapen til våre nordiske snikkarvener og andre interesserte. Tomas har forsvart si licentiatavhandling på Göteborgs universitet om snikring av fyllingsdører; Ramverksdörr – en studie i bänksnickeri. Der har han eit spesielt fokus på tradisjonelle arbeidsmåtar og korleis ein brukar arbeidsbenken i arbeidet. Tomas er såleis av dei fremste i Norden når det gjeld fagkunnskap om arbeidsbenkar i snikkarhandverket. Det er difor ekstra gledeleg at Tomas har teke initiativ til at studentane på bygghantverksprogrammet i Mariestad har bygd nye skottbenkar som skal nyttast i undervisninga i tida framover.

Studentane på bygghantverksprogrammet i Mariestad snikrar skottbenk under leiing av Tomas Karlsson og Patrik Jarefjäll. Foto: Tomas Karlsson

Eg har ikkje opplysningar om kva dei har teke utgangspunkt i for utforminga av benkane. Det finnast noko dokumentasjon på skottbenkar i Sverige, men ikkje på langt nær så mykje som det vi har i Noreg. Ut frå biletet over kan det sjå ut som om det er henta inspirasjon frå skottbenkbukkane dei har hatt frå før i Mariestad og også henta inspirasjon frå ulike norske benkar?

Sensasjonsoppslag, sanseleg sjeldsynt sinnrik skottbenk – på Västagården i Lima i Sverige

Västagården i Lima er Limas Hembygdsgård og består av ei flott samling av hus som opphavleg var bygd på garden frå 1780-talet og framover. Det er supplert med fleire eldre hus, dei eldste frå 1500-talet. Det er ei svært rik samling av gjenstandar på gården som ligg vakkert til med utsikt over dalgangen til Västerdalaälven. Foto: Roald Renmælmo
Västagården i Lima er Limas Hembygdsgård og består av ei flott samling av hus som opphavleg var bygd på garden frå 1780-talet og framover. Det er supplert med fleire eldre hus, dei eldste frå 1500-talet. Det er ei svært rik samling av gjenstandar på gården som ligg vakkert til med utsikt over dalgangen til Västerdalaälven. Desse flotte bygningane kan by på mange «uoppdaga» skatter for oss som leiter etter verktøy og gamle reiskapar. Siv Holmin og Mattias Helje gløttar inn i rommet på leiting etter skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

Etterkvart byrjar vi å få kjennskap til skottbenkar og tradisjonen kring bruken av desse frå dei fleste områda i Noreg. Våre kolleger i Sverige har ikkje vore like heldige i sine søk etter skottbenkar og kjelder. Vi har presentert nokre bilete og nokre skriftlege kjelder her på bloggen tidlegare. Det har vore skrive om strykbänk, fogbänk og fogbock. Det er heilt klart at slike benkar må ha vore utbreidde også i Sverige. Det har så langt ikkje vore nokon som har klart å oppdrive ein gamal original slik benk i Sverige. Difor var eg veldig spent då eg fekk vere med Mattias Helje til Västagården, Hembygdsgården i Lima, for å sjå på noko som han trudde var ein skottbenk. Vi fekk med oss Mattias Thuresson frå Lima Hembygdsförening til å låse oss inn og finne fram til huset der benken stod lagra. Og ganske riktig, der stod ein flott gamal skottbenk som Hembygdsforeninga har samla inn og tatt vare på.

Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Dette kan vere fyste steg på vegen for å gjere skottbenkrørsla til eit samnordisk prosjekt. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenk på Västagården

Skottbenken har kome frå ein lokal båtbyggar og snikkar som heitte Nisslars Per Persson (1809 -1886). Han heldt til på Mojanisgården i Husom, ei grend (by på svensk) på andre sida av Västerdalaälven for Västagården. Det har vore ei oppfatning om at benken har hatt samband med båtbygging og såleis var han utstilt saman med nokre av Limabåtane på Västagården. Det var fyst etter at Mattias Helje var på seminar i høvelmaking og bruk av skottbenk i Trondheim han forstod at benken måtte vere ein skottbenk.

Skottbenken er bygd opp på tilsvarande måte som mange av dei norske benkane. To bukkar som har eit fast langbord og eitt laust som vert spent saman med kilar. Langborda er 5,15 meter lang og benken har arbeidshøgd på 29
Skottbenken er bygd opp på tilsvarande måte som mange av dei norske benkane. To bukkar som har eit fast langbord og eitt laust som vert spent saman med kilar. Langborda er 5,15 meter lang og benken har arbeidshøgd på 29″, ca 76 cm. Foto: Roald Renmælmo

På Västagården er det samla svært mykje spennande av gamle reiskapar. Det kan nok ha samband med at området er rikt på handverk og tradisjonar og at Lima Hembygdsförening  vart danna så tidleg som i 1909 og har arbeidd aktivt for å samle inn og ta vare på hus og gjenstandar. Det har også vore gjort mykje viktig innsamlingsarbeid av tradisjonsstoff i dette området, arbeidet til Niss Hjalmar M Mattson (1905 – 1973) må særleg nemnast. Han samla inn store mengder tradisjonsstoff om handverk i bygdene i Västerdalarna. For Lima sin del er det særleg smihandverk og båtbygging han har fokusert på. Eg ville likevel ikkje bli overraska om det finnast noko om tradisjonen knytt til skottbenken i materialet etter Niss Hjalmar. Arbeidet som blir gjort, og har vore gjort av dei mange Hembygdsforeiningane i Sverige er ganske formidabelt. I dag er det kring 1400 hembygdsgårdar rundt om i Sverige.  Eg er sikker på at det må finnast skottbenkar på fleire av desse hembygdgårdane. Her er det ein jobb å gjere for våre svenske vener. Kanskje ei mobilisering gjennom Sveriges Hembygdsförbund kunne vere noko? Vi snakkar om 2000 hembygdsforeninger i heile landet så her er det eit potensiale.

Det er lokalisert fleire originale skottbenkar i Lima. Vi kjenner til ein benk i privat eige, men som ikkje er dokumentert for å kome på bloggen enda. I tillegg kjende Mattias Helje til at det fram til nyleg hadde vore ein skottbenk på ein gard i som hadde vore utsett for litt for hard «rydding». Det resulterte i at skottbenken dessverre vart borte, truleg vart han brent. At det i eit relativt lite område i Sverige er oppdaga så mykje som tre skottbenkar er ganske fantastisk. Det gjer meg overtydd om at vi har store mørketal når det gjeld skottbenkar i Sverige.

Galleri av skottbenken på Västagården

Klikk på eit av bileta for visningsmodus og naviger mellom bileta med piltaster.

Skottbenken ser ut til å ha furu i alle delar av tre. Bukkane er truleg berre hogd til med øks. Langborda og drevsponene er saga på oppgangssag, men vi kan ikkje sikkert utelukke handsag. Den store avstanden mellom langborda gjer det mogleg å sette opp benken for å høvle bord på flasken. At det har vore gjort er den flotte haken som står i benken eit prov på.

Jarnklo

Mange takk til Mattias Helje som tipsa om denne flotte benken i Lima. Eg vil også takke Mattias Thuresson som stilte opp og slapp meg inn på Västagården. Har du tips om skottbenkar i Noreg, Sverige eller i andre land så er vi veldig glade for å motta tips om dette. Her kan du tipse oss: Tips oss om skottbenk

Köl-räcku, eller «kolreke» som det ville kallast på norsk, snikra av Nisslars Per Persson. Desse var brukt til å skuffe smikol med i Lima. Vår mann med skottbenken bygde ikkje berre båtar men snikra også slikt som dette. Foto: Mattias Helje

Strykbänk eller hyvelbänk for kanthyvling

 Jakta på skottbenken i Sverige held fram

Det kjem stadig innspel frå våre svenske vener på postane vi tidlegare har skrive om skottbenkar i Sverige.  Det siste er nok eit innspel frå Kalle Melin frå Knadriks kulturbygg i Kristianstad i Skåne. Han tipsa om at det er med eit fotografi av ein «hyvelbänk för kanthyvling av långa bräder» i boka «Hallandsgårdar» av Albert Sandklef. (Sandklef, 1953) Boka var alt i bokhylla mi, men har så langt lege under radaren i skottbenksøket. Eg har leita i teksten i boka for å finne ut om det står noko meir om den aktuelle benken og bruken av den. Så langt er det berre fotografiet og den kortfatta billeteksten eg har funne. Sandklef var ein svært produktiv folkeminneforskar og kulturhistorikar som har etterlate seg store mengder med trykte skrifter og arkivmateriale. Det kan finnast meir informasjon om den aktuelle benken i dette materialet?

"Hyvelbänk för kanthyvling av långa bräder, i synnerhet golvtilde. Gunnarp." Foto: Albert Sandklef frå boka Hallandsgårdar
«Hyvelbänk för kanthyvling av långa bräder, i synnerhet golvtilde. Gunnarp.» Foto: Albert Sandklef frå boka Hallandsgårdar. (Sandklef, 1953)

Benken er laga på ein spesiell måte. Dei fire føtene er festa i ein stokk som ligg på golvet og er nesten like lang som benken. Om denne stokken er festa eller støtta på nokon måte kjem ikkje fram av fotografiet. Det ser ut som det er behov for sidevegs støtte? «Golvtilde» er det same som golvbord, eller golvtilje som vi ville skrive det på norsk. Det er tett mellom føtene og det er nok nødvendig for å stive av det relativt spinkle langbordet. Det verkar som det er fotstokken som sørgjer for avstivinga av benken. Det er i motsetning til dei fleste skottbenkane som vert stiva opp av kraftige og breie langbord.

Strykbänk eller hyvelbänk för kantning eller nothyvling av brädor. Illustrasjon frå boka "Böndernas bygge" av Finn Werne. (Werne, 1993)
Strykbänk eller hyvelbänk för kantning eller nothyvling av brädor. Illustrasjon frå boka «Böndernas bygge» av Finn Werne. (Werne, 1993)

I boka «Böndernas Bygge har Finn Werne med ei skisse av ein strykbänk som ser ut til å vere identisk med benken i boka til Albert Sandklef, men frå ei anna kjelde. Kjelda på denne skissa er Nordiska museet sine svar på spørjelister, EU 1485 NM. Eg har ikkje funne denne kjelda enn så lenge. Eg har berre leita i  ufullstendige kopiar av materialet og har ikkje hatt høve til å besøke arkivet med originalmaterialet der alle svara finnast. Det kan godt vere at begge kjeldene byggjer på den same benken, eller kjem frå same området. Vi kan derfor ikkje seie at denne benken er typisk svensk eller typisk frå Halland. Det er mogleg det er berre denne eine benken?

Uansett er det interessant å sjå korleis benken er laga. Det er som regel mykje enklare å finne ein lang tømmerstokk enn å finne gode emne til langbord til skottbenk. Denne måten å lage skottbenk på kan derfor vere eit bra alternativ om ein må ha ein benk på byggjeplassen og ein manglar gode langbord.

Kjelder

Albert Sandklef, Hallandsgårdar – Bebyggelse på gårdar och torp före 1900, Stockholm 1953

Finn Werne, Böndernas bygge – Traditionellt byggnadsskick på landsbygden i Sverige, 1993

Fogbänk på Gotland i Sverige

Foto av fogbänk på Gotland. Billedteksten frå fotoarkivet: Plank hyvlas med oxhyvel. Planken är fastspänd i en "fogbänk". Gotland Burs 1908. Foto: Nordiska museet 372 oai. På kanten av fotografiet står M. Klintberg fot.
Foto av fogbänk på Gotland. Billedteksten frå fotoarkivet: Plank hyvlas med oxhyvel. Planken är fastspänd i en «fogbänk». Gotland Burs, 1908. Foto: Nordiska museet 372 oai. På kanten av fotografiet står «M. Klintberg fot».

I vår søken etter skottbenkar i Sverige kjem vi stadig over nye opplysningar som tyder på at det har eksistert ein del slike benkar. Fotografiet over dukka opp i samlinga av fotografi som Finn Werne og Peter Sjømar samla inn i samband med boka «Böndernas bygge» som kom ut i 1993. Fotografiet var ikkje trykt i boka men finnast i materialet som var samla inn og som finnast på Institusjons- og hantverksbiblioteket til Göteborgs Universitet i Mariestad. Det er tydeleg at fotografiet er arrangert for fotografen. Her manglar stablar med material og høvelspon om dette skulle vore ein arbeidsplass der ein høvla bord på benken. Bordet er også spent fast med for stor overhøgde til at høvelen kan verke slik han skal. Likevel har nok både fotomodellane og fotografen kjennskap til både benken og høvlane. På marka ligg det ein høvel som tydeleg er ein skottokse med meiar. Dei andre høvlane er nok ploghøvlar til not og fjør. Høvelen dei brukar på kanten av bordet ser ut som ein vanleg okshøvel. Fogbänken er av liknande type som ei rekke av dei norske skottbenkane. Det ser ut som begge langborda er faste og at ein strammar med å kile i spenntappen. Då er truleg den eine foten laus eller rom for å kunne spennast opp?

Om vi skal ta påskrifta M. Klintberg på alvor så kan det dreie seg om folkeminneforskaren og fotografen Mathis Klintberg (1847-1932). Årstalet 1908 på fotografiet kan stemme godt.  Han vart filosofie doktor i Uppsala i 1886 og arbeidde mykje med innsamling på Gotland. Det kan finnast meir informasjon om biletet i arkivmaterialet etter han. Burs er ein stad på Gotland.

Elles har det dukka opp nokre språkspor. I Tysk – Svensk ordbok har eg kome over «fogbänk» som omsetjing av det tyske ordet «Fügebank«. Det tyske ordet kan bety det same som det norske «strykbenk» som er den lange høvelen bøkkarane brukar til å stryke stav. Altså er nemninga «fogbänk» tvetydig på svensk. Det er også tvetydig på tysk sidan det kan beskrive ein høvel med meiar til ein skottbenk. Tysk har også «fügebock» som svarar til svenske «fogbock».  På svensk har eg og funne ordet «fóg-gét», «en bänk, som användes vid foghyfling af bräder, fogbänk».

Kjelder:

Finn Werne, Böndernas bygge – Traditionellt byggnadsskick på landsbygden i Sverige, 1993

Jakta på skottbenken i Sverige

Eg har tidlegare skrive litt om korleis vi kan sjå spor etter skottbenken i vårt naboland Sverige. Det har vore lite respons på bloggen i form av kommentarar frå svenskane. Ut frå besøksstatistikken på bloggen og ut frå e-postar frå våre svenske vener ser eg tydeleg at det er ting på gang også i Sverige. Frå tømraren Pierre Bosson i Småland har eg fått tilsendt nokre bilete av ein høvel som har tydeleg slektskap med ein skottokse sidan han har meiar som fungerer som djupne-stopp.

Høvelen til Pierre med målestokk. Profilen i sålen tyder på at dette er ein høvel til å høvle dekklister, eller locklister som Pierre skriv på svensk. Altså lister som ligg utanpå smale fuger mellom underborda. Det blir som ein variant av tømmermanskleding. Foto:  Pierre Bosson
Høvelen til Pierre med målestokk. Profilen i sålen tyder på at dette er ein høvel til å høvle dekklister, eller locklister som Pierre skriv på svensk. Altså lister som ligg utanpå smale fuger mellom underborda. Det blir som ein variant av tømmermanskleding. Foto: Pierre Bosson
Dekklisthøvelen frå sida. Høvelen ser ut til å ha vore utstyrt med handtak som på ein okshøvel. Foto: Pierre Bosson
Dekklisthøvelen frå sida. Høvelen ser ut til å ha vore utstyrt med handtak som på ein okshøvel. Foto: Pierre Bosson

Høvling av slike dekklister til eit hus var nok eit ganske stort arbeid. Det er nok derfor denne høvelen er utstyrt med hol for å sette inn handtak som på ein okshøvel. Høgda på meiane på høvelen er nok laga slik at dei bestemmer dimensjonen på lista. Når meiane når nedpå underlaget som emnet ligg på har lista riktig dimensjon? Høvelen fungerer nok på ein plan benk og er ikkje avhengig av skottbenk for å fungere. Likevel brukar høvelen same prinsippet som høvlane til skottbenken. Pierre skriv om høvelen: «Den kommer i från Gränna i Jönköpings län. Jag köpte ett parti av hyvlar och stämjärn efter en snickare som hade varit verksam fram till 1940 talet».

Karl-Magnus Melin, ein tømrar i Skåne, har sendt meg bilete av nokre høvlar som minner enda meir om skottbenkhøvlar. Desse høvlane er eg nokså sikker på er tilsvarande våre skottoksar og høyrer saman med skottbenk og retting av bordkantar. Han har fotografert høvlane i Småland i Sverige.

Okshøvel med påspikra lister til meier. Denne er veldig lik tilsvarande høvlar i Noreg. Foto: Karl-Magnus Melin
Okshøvel med påspikra lister til meier. Denne er veldig lik tilsvarande høvlar i Noreg. Foto: Karl-Magnus Melin
Nok ein okshøvel med påspikra lister for å fungere som skottokse. Denne har også ei ekstra list som gjer opninga i sålen smalare. Kanskje det kan vere til eit anna bruksområde enn skottbenk? Foto: Karl-Magnus Melin
Nok ein okshøvel med påspikra lister for å fungere som skottokse. Denne har også ei ekstra list som gjer opninga i sålen smalare. Kanskje det kan vere til eit anna bruksområde enn skottbenk? Foto: Karl-Magnus Melin

Eg held fram med å undersøkje meir kring skottbenken og utbreiinga han har hatt i Sverige. Kom gjerne med innspel i form av kommentarar til denne posten.

Fogbock, Sverige sitt svar på skottbenken

I heftet "Byggnadssnickaren på landet" av J. M. Bong frå 1888 er det med nokre teikningar og forklarande tekst på Sverige sitt svar på skottbenken, fogbocken.
I heftet «Byggnadssnickaren på landet» av J. M. Bong frå 1888 er det med nokre teikningar og forklarande tekst på Sverige sitt svar på skottbenken, fogbocken.

Det har etterkvart dukka opp mange norske skottbenkar som vi har fått gleda av å sjå her på bloggen. Ein del litteratur, både eldre og nyskrive har også kome til etterkvart. Det har derimot vore labert med innspel frå vårt naboland i aust, Sverige. Eg har difor sett meg nøydd til å sjølv legge fram litt av det som faktisk finnast av svensk litteratur som omhandlar skottbenken. I boka «Byggnadssnickaren på landet, en handledning vid innläggning av golf och paneler, förferdigande av trappor, fönster och dörrkarmar, olika slags dörrar, veranda m m, äfensom åtskilliga därtil behöfliga hyflar m fl verktyg.» (J. M. Bong, 1888) er det, som vi skulle vente, med eit avsnitt om skottbenken, eller «en mekanisk fogbock» som den blir kalla. Nedanfor gjengir eg teksten som Bong har skrive for å forklare bruken.

Snitt av mekanisk fogbock frå boka til J. M. Bong.
Snitt av mekanisk fogbock frå boka til J. M. Bong.
En mekanisk fogbock

«För at lätta hopfogningen af bräder och plank kan man göra sig en fogbock, hvilken är af mycken nytta, särdeles för den som är ovan vid dylikt arbete. Fig. 1 visar en af de båda fotställningarna, sedd från änden, och fig. 2 fogbocken, sedd från sidan. Stolparna a a göras 1 aln 4 tum långa och 4 tum breda. De inntappas i ett understycke b, i den ställning fig. 1 utvisar. Hålen i detta understycke göras dock så stora att stolparne kunna skjutas ett stycke emot eller ifrån hvar andra. Sedan upphyflas ett par plankor c c, af 8-9 tums bredd samt minst en fots större längd än det virke, som skall fogstrykas (utriktas), och i dessa plankor inskäras ställningstolparne ½ tum djupt, ungefär 2 alnar från änden. Att stolparne i öfre änden skola inskäras och afsneddas så att plankorna bliva rätt uppstående, synes af fig 1. När detta är gjordt, fästas plankorna med grof spik och nu göres en skruf, d, med skrufmutter, e, så at fogbocken kan hopskrufvas samt af öfvad person riktas på öfre kanten. 

Anm, Det säger sig sjelft, att derest icke plankorna äro fullkomligt raka, kunna icke heller fogarne, som strykas, bliva det. 

Härefter fastskrufvas, på en vanlig oxhyfvel, en brädbit af ½ tums tjocklek på hvardera sidan om jernet. Sätter man nu in ett bräde i fogbocken, så att det står ¾ tum högre än plankorna, så måste man borthyfla ¼ tum, innan de å hyfveln anbragta listerna komma att hvila på kanterna af fogbockens plankor. Då hyfveln icke vidare kan skära några spånor, är brädet parallelt med kanterna af fogbockens plankor och följaktligen rakt, dernest plankorna blifvit ordentligt tillriktade. 

Det torde ligga i öppen dag, att denna fogbock är af stor nytta, synnerligast vid innredning af byggnader, innläggning af golf och paneler m. m., enär helt och hållet ovana personer i den kunna fogstryka bräder lika bra som gamla timmerarbetare. Man måste dock naturligtvis tillse, att fogbocksplankorna så väl å öfre som undre kanten väl sluta intill brädet; men skulle de icke göra detta, i fall något gröfre virke innsättes, så upphuggas endast hålen på fotstyckenas yttre sidor och kilar insättas i stället å de inre sidorna.» (J. M. Bong, 1888)

I teksten er det brukt alen og tommar, dette er dei eldre svenske verktum der ein slik er 24,74 mm, det er 24 tommar i ein alen. Bong gir ei inngåande forklaring på konstruksjonen og bruken av fogbocken. Forklaringa hans er så detaljert at det verkar som om han har ein del erfaring med bruken av slike, enten på eige hand, eller at han har fått ei grundig innføring i emnet.

I boka «Byggnadsarbetarminnen», ei samling av forteljingar av handverkarar som var yrkesaktive sist på 1800-talet og først på 1900-talet, er også nemninga riktbock med. «Vad som särskilt vackte min uppmärksamhet var att aldrig bönderna kanta plank och bräder vid sågen, det fick vi stå och kanta med yxa efter kritsnöre och sedan rikta i riktbock. «(Rehnberg, 1950) Her er det ikkje innlysande at høvlinga vart gjort med ein okshøvel med meiar slik som Bong beskreiv, men det er truleg. Andre av svara i denne boka beskriv ein langhøvel som er 1 ½ alen og som var brukt til slik retting. Då har dei ikkje skrive noko om ein særskilt riktbock eller innretning som var brukt til dette. Det er i så fall ikkje nødvendig med dei lange rettborda som fogbocken til Bong har.

I boka «Dalby i gamla tider», frå Karl L:son Bergkvists uppteckningar, er nemninga fogbängk med. «Fogbängk: två långa kantställda plankor på träbockar, mellan vilka plankan som skulle hyvlas ställdes på kant och en oxhyvel (oxhøvvel), på undersidan försedd med två tunna lister ute vid kanterna, drogs efter plankans kant tills listerna berörde stödplankorna. Den användes vid kanthyvling av golvplankor.» (Bergkvist, 1999) I boka er det lagt vekt på lokal uttale av orda og derfor er nemningane skrive i ei form som er nær uttala. Det er mykje som er veldig likt slik eg er vant til frå Norsk. Skrivemåten «fogbängk» kunne sikkert endrast til «fogbänk» for å gjere det litt lettare. Boka eit resultat av eit stort innsamlingsarbeid i tida 1948-1968 gjort av skogsarbeidaren Karl L:son Bergkvist.

Eg håpar vi får innspel frå våre svenske vener som sikkert har fleire kjelder og andre nemningar på skottbenken?

Kjelder

Bergkvist, Karl L:son, «Dalby i gamla tider», Kulturkoppra, Falun, 1999

Bong, J. M., «Byggnadssnickaren på landet», 1888.

Rehnberg, Mats, «Byggnadsarbetarminnen», Nordiska museet, 1950

Kva kom først – høvelbenken eller skottbenken?

Tomas Karlsson høvlar kant på benkeplate til høvelbenk. Emnet er 3,8 meter langt, 15" bredt og 3 1/2" tjukt. For å få emnet fast på kant spente vi det opp i to lause bukkar til ein skottbenk. Foto: Roald Renmælmo
Tomas Karlsson høvlar kant på benkeplate til høvelbenk. Emnet er 3,8 meter langt, 15″ bredt og 3 1/2″ tjukt. For å få emnet fast på kant spente vi det opp i to lause bukkar til ein skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

Vi har så langt ikkje fått inn postar om skottbenk i Sverige men det er ting på gang. I ventetida kan eg presentere litt frå arbeidet med å snikre ein kopi av høvelbenken frå Vasaskipet. Eg og Tomas Karlsson driv med dette arbeidet i Mariestad i Sverige. Verkstaden vår er høvelverkstaden som er nytta i undervisninga av studentane på Bygghantverk ved Gøteborgs Universitet. Der stod det to lause bukkar til ein skottbenk. Desse var veldig bra å ha for å feste benkeplata til høvelbenken på høgkant for å skyte kanten bein. Skytinga gjorde vi utan langbord, berre ved å sikte langs kanten og justere med høvelen. Vi kan då seie at det er nødvendig med ein skottbenk for å snikre ein høvelbenk. 😉

Slike lause bukkar finnast det ein del av ulike stader i Noreg. Nokre av desse kan vere frå ein demontert skottbenk medan andre kan vere til spesielle føremål? Vi har så langt ikkje posta noko om slike men det får vel kome etterkvart?