Eit lite bidrag frå Ryfylkemuseet

Eit lite bidrag frå Ryfylkemuseet

Me held på med restaureringa av løa i Viga, Hjelmeland, Rogaland. I den forbinding ynskte me å høvle kanten på golvborda for hand. Den gamle skottbenken vår (som såg ut som om den var nytta til sagekrakk) fekk nye langbord og me laga ein skottokse. Det er imponerande kor godt det går. Me skal og høvle kledningen når den tid kjem. Planlegg og å lage not- og pennhøvlar for skottbenk og…
Vår skottbenk er om lag 4300 mm lang og 800 mm  høg.

På grunnlag av framifrå arbeid med å kartlegge lokale skottbenkar i Ryfylke og høvling av store mengder kledingsbord på skottbenk er Sven Hoftun teken opp som fullverdig medlem i Norsk Skottbenk Union. (kommentert av Roald)

Forfattar: Sven Hoftun

Driftsleiar og snikkar hjå Ryfylkemuseet.

4 tankar på “Eit lite bidrag frå Ryfylkemuseet”

  1. Det er flott å sjå at skottbenken er tatt inn i varmen i Rogaland også. Når du skriv «den gamle skottbenken» så meiner du ein skottbenk som er på Ryfylkemuseet? Har du fleir opplysningar om denne benken? Kor han er frå, kor gamal han er og når han kom til museet? Det ser ut som det er kilar som står for stramminga? Elles er han ganske lik skottbenken frå museet i Karasjok som var presentert i ein tidlegare post.

    Likar

    1. Ja det er ein skottbenk som museet eig. Og det er det einaste me veit om den. Men, den stod på Kolbeinstveit (museumsgard frå 1955 i Suldal), så sannsynligvis kjem den frå ein stad i suldalsdalføret. Den er ikkje registrert nokon stad.

      Det er det kilar som står for stramminga.

      Likar

Kommenter innlegget