Strykebenken i Hoftun, Suldal

Denne benken dukka tilfeldig opp under synfaring av eit vedlikehaldsprosjekt på eit stabbur i Hoftun, Suldal. Den stod stua vekk bak ein del ting på lemmen. Og det var eit heilt lite løft som måtte til, for å få den fram og ut i lyset for dokumentering.

2017-11-13 10.54.56
Strykbenken i Hoftun

Benken måler 4500mm i lengda og er 875mm frå gulv til øvre kant langbord. Benken føyer seg rett inn i rekka av andre benker frå Suldal i utforming og funksjon. I dette tilfellet er all materialen skoren på sirkelsag og det er berre innsida og øvre kanten av langborda som er høvla.

2017-11-13 10.56.09
Her ser me merkinga for plassering og uttaking til svalehalen.

Studerer me litt på oppmerkinga er det tydeleg nokre punkter som er avgjerande. Til dømes er dette øvre kanten på borda med svalehale som held beina saman. Denne høgda må vera lik på begge sider for at ikkje høgda på det lause langbordet skal endra seg ved forskjellige tjukner på arbedstykket. Dette er avgjerande for om den ferdighøvla kanten er vinkel i forhold til innsida på det faste langbordet. Vinkelen på svalehalen ser ut til å vera utført på frihand, då djupna på hakket ikkje er lik på nokon av dei.

Ser me tilbake på blogginlegget om Samanlikning av strykebenkar frå Suldal og studerer biletet av Nordmarkbenken, har den knektar spikra fast til beina på baksida. Restar av ein slik knekt er der og på eine foten på benken frå Hoftun. På den andre foten er der spor som fortel om at der har vore ein. På same måten som på Nordmarkbenken, ser det ut som om denne ikkje har gått heilt opp slik at den fluktar med øvre kant på beina. Det er fortsatt uklart for meg kva denne har vore nytta til. Det verkar for meg som om den vert for smal til å lagre materialar på (jf. Nordmarkbenken).

Krossbanda ser ut som om dei kan vera tilført ved eit seinare høve. Dette samsvarar med fleire andre benker eg har studert. Men dei er komt til før knektane forsvant, då borda er tilpassa spora etter knektane. Det er berre innfestinga av det faste langbordet som utgjer avstivinga i lengda om ein ikke har skrå- eller krossband. Dette er erfaringsvis nok, då benkane me brukar på museet ikkje har ekstra avstiving i lengda. Dette er Kolbeinstveitbenken som er i stålhallen pga lengda og ein nylaga, kortare variant av same som passar betre på verkstaden.

2017-11-13 10.55.44
Hoftunbenken på baksida

Når det gjeld oppmåling av benkane frå Suldal, har eg begynt å tenkje på kor nøye det er med å detaljteikne dei. Eg tolkar at benkane er noko som er laga til på plassen av til dømes ein omreisande snikkar. Han har nok ikkje hatt med seg strykebenken på trøsykkelen. Alle benkane eg har sett på til nå, er av forholdsvis grove og tildels vinne materialar.  Det varierar og om rettsida på langborda vender inn eller ut. Det som er avgjerande for å få til ein strykebenk som fungerer etter intensjonen er:

  • at lengda på langborda må stå i høve til arbeidstykka ein skal høvle.
  • arbeidshøgda på benken må vera lageleg
  • lik høgd i øvre kant, framme og bak, på samhaldet mellom beina
  • at øvre kanten på samhaldet er vinkelrett med innsida på det faste langbordet.
  •  at øvre kanten på langborda er i vinkel til innsida på det faste bordet
  • at langborda er beine etter lengda

Med dette i bakhovudet, og med tanke på samanlikningsgrunnlaget, har eg berre laga ei enkel skisse med nokre hovudmål om ein vil lage ein tilsvarande benk. S-C458-17111412160

Alle foto er tekne av underteikna.