Skotbenken og misjonen på Madagaskar

Skottbenken har vore til god nytte for handverkarar i samband med husbygging i Noreg. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at skotbenken også kunne vere nyttig i samband med byggjearbeid også i andre delar av verda. Nordmenn har reist rundt i verda på mange ulike oppdrag. Eit slikt oppdrag kunne vere å misjonere i område med overvekt av «hedningar». Professor Sivert Nesdal har skrive «En misjonærs erindringer» i 1965. Der skriv han både om sin bakgrunn frå Noreg og om misjonsverksemda han hadde vore involvert i. Sivert vaks opp i Loen i Stryn kommune i Sogn og Fjordane fylke. Han var fødd i 1876 og reiste til St. Olaf College i Minnesota i 1902 der han studerte i 7 år. Etter dette reiste han som misjonsprest til Madagaskar. I 1913 arbeider han på ein misjonssatasjon i Tsivory sør på Madagaskar. Han leier då arbeidet med å byggje ferdig kyrkja som den førre misjonæren byrja på. Byggjearbeidet vert gjort i eit område som er lite utbygd og dei må greie seg sjølv med det aller meste. Tømmeret må hoggast, noko så langt som 2-3 dagsreiser unna, og så hoggast til eller sagast til bord. Her får Sivert god bruk for handverkstradisjonane han har med seg frå Noreg. Kunnskapen om skottbenken og bruken av denne var mellom desse tradisjonane.

Kirken i Tsivory på Madagaskar under bygging 20. januar 1914.
Kirken i Tsivory på Madagaskar under bygging 20. januar 1914.

Eg let eit utdrag frå boka til Sivert få fortelje om korleis arbeidet med kyrkjebygginga gjekk:

«Og dog burde jeg vel helst være taknæmlig, ti i det hele taget er arbeidet uten uheld skredet bra fremover. Skjønt materialerne lot vente på sig, blev kirken ferdig før regntiden kom. En så simpel indretning som en skotbenk påskynte arbeidet og sparte betydelige summer i arbeidslønninger. Selv mine uøvde månedsfolk kunde med litt veiledning rette og pløye både tak- og gulvplanker ved hjelp av denne automatiske indretning. Merkelig nok hadde ikke engang snedkerne set en sådan tingest før. Alle sådanne hjælpemidler og snarveie var så meget mere påkrævet, som den av konferansen ansatte snedker ikke kom før efter jul. Det var derfor en ikke ringe lettelse at taket trods alt blev ferdig før regnet kom.  Hedningerne som smægtet under den brændende sol, hadde en egen forklaring på, hvorfor der ikke kom en svalende skur: «Vi er nesten døde, men utlændingen bygger hus, og derfor laver han tryllemidler, så at det ikke regner.» Og ganske riktig i følge deres teori, da taket var ferdig regnet det i dagevis, skjønt en skur nu og da er det almindelige på den tid av året.»  (Sivert Nesdal, «En misjonærs erindringer», 1965)

Sivert skriv at han synast det er merkeleg at snikkarane på Madagaskar ikkje var kjend med skottbenken frå før. Det seier litt om kor sjølvsagt han meiner skottbenken er i denne typen av arbeid. Også Sivert held fram at sjølv folk med lite erfaring kunne gjære eit bra arbeid ved hjelp av skottbenken. Frå før har vi sett den svenske J. M. Bong skrive noko av det same i «Byggnadssnickaren på landet». Ein kan sikkert drøfte om misjonen på Madagaskar berre har har vore til det gode? Likevel er det artig at Sivert også «misjonerte» for skottbenken på den andre sida av kloden.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

One thought on “Skotbenken og misjonen på Madagaskar

  1. Det forundrer meg at Sivert og Madagaskarmisjonen ikke forholder seg til rettbenken: den eneste rette©. (Mesteren selv var jo snekker. Det går rykter om han var imot skyting, men hadde en dogmatikk opp mot det rette. Kan vi dermed slutte at vår herre hadde en egen rettbenk for å få alle i menigheten til å passe sammen?)

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s