Skotbenk frå Kaupanger i Sogn

Skotbenk på Heibergske samlinger, Sogn Folkemuseum. Foto: Øyvind Skarstein
Skotbenk på Heibergske samlinger, Sogn Folkemuseum. Foto: Øyvind Skarstein

Ein av våre trufaste lesarar, Øyvind Skarstein på Kystmuseet i Florø, har kome over ein veldig spennande skotbenk i eit område der vi har lite informasjon om gamle skottbenkar. Han har sendt meg bilete og oppmåling av benken for publisering på bloggen.  Dette fører til at vi må oppdatere fleire av våre tidlegare teoriar og oppfatningar om utbreiing av skotbenken og kva funksjonar slike benkar kan ha. Benken er ein del av samlinga til De Heibergske samlinger, Sogn Folkemuseum og vart gjeve som gåve frå Chr.Knagenhjelm, Kaupanger så tidleg som i 1934. Som vanleg for gjenstandar i samlingane i dette museet er det skrive eit relativt grundig registreringskort med detaljerte opplysningar om nemningar og bruken av benken. Benken er registrert i samlinga med gjenstandsnummer: DHS.14867 Registreringsopplysningane er attgjeve sist i bloggposten.

Skotbenken har kilestramming for langborda. I tillegg er det tappa inn hol i langborda for tappar (klosser) som borda kvilte på for å støtte dei opp i riktig høgde for skyting. Slik kunne dei få høvla paralelle bord. Foto: Øyvind Skarstein
Skotbenken har kilestramming for langborda. I tillegg er det tappa inn hol i langborda for tappar (klosser) som borda kvilte på for å støtte dei opp i riktig høgde for skyting. Slik kunne dei få høvla paralelle bord. Foto: Øyvind Skarstein

Eg har i mange år tenkt på ulike løysingar for å få høvla parallelle emne i skottbenken. Dei skottbenkene eg sjølv har fått undersøkt har eg leita grundig på for å eventuelt finne spor etter eventuelle slike løysingar. Fram til i dag har eg ikkje funne slike. Derfor er det veldig artig at det både er spor etter dette i denne skottbenken og at dette er stadfesta på registreringskortet på museet. At slike innretningar har eksistert har eg vist til både i det eg har skrive om skottbenken til Leonardo da Vinci og amerikanske patent på skottbenk. I tillegg er det truleg noko tilsvarande det er snakk om i skøtbenken som snikkar Deramb brukte i samband med høvling av golvbord til slottet i Oslo?

Kilar og føter til skottbenken. Foto: Øyvind Skarstein
Kilar og føter til skottbenken. Foto: Øyvind Skarstein
Detalj av kilane til skotbenken. Foto: Øyvind Skarstein
Detalj av kilane til skotbenken. Foto: Øyvind Skarstein

Øyvind skriv at langborda (vangane) var skore på oppgangssag. Elles er det vanskeleg å vurdere alderen på denne benken. Truleg var han gamal då han vart gjeve til museet i 1934. Føter og dimesjonar kan minne noko om skottbenken frå Blikset gård på Østre Toten. Systemet med kilane kan minne noko om skottbenken frå Nereng på Tynset. Det verkar som om benken har vore høgare tidlegare og då kan den ha hatt ei form for fotplate eller liknande som i dag ikkje er bevart.

Øyvind har store planar om å lage ein kopi av benken og så kome i gang med høvelmaking. Vi håpar det kan bli starten på eit aktivt fagmiljø på bruk av skotbenk i Sogn og Fjordane. Eg takkar så mykje for at Øyvind tok seg arbeidet med å måle opp denne interessante skotbenken og deler dette med oss andre i Norsk Skottbenk Union.

Oppmålingsskisser av skotbenken:
Opplysningar på registreringskort:
Betegnelse: Høvelbenk 
Alt.betegnelse: Skotbenk 
Pres.betegnelse: Vart brukt når man høvla kantar på bord og plank. Tilhører samling: De Heiberske Samlinger 
Brukssted: Sogndal SF Kaupanger 
Siste eier: Knagenhjelm,Christen sen. 
Motteke: 30.04.1934 
Forklaring av bruk : En skotbenk hvori man kanthøvlet bord og planker. Den er laget av 2 planker 2’’ * 5 ½ ‘’, 306 cm. lang. Hver planke er festet til to opstandere 6’’ * 4’’, Nu 60 cm. høie (har opprinnelig vært længre). Opstander kiles sammen, når man har bord mellem plankene for å kanthøvle dem. I plankernes sider firkantete huller, hvori blev stukket klosser som bordene, når de var høvlet på den ene kant, hvilte på for å få dem jevnbrede. Til kanthøvling på skotbenk benyttedes okshøvel, der hadde påslåtte lister på siderne. 

Gave fra Chr. Knagenhjelm, Kaupanger

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

One thought on “Skotbenk frå Kaupanger i Sogn”

  1. Kjempespennende, Jeg har selv også tenkt på om jeg skal borre eller lage en avsats for å høvle javnbrede bord, på min rettbenk. Men her er et kjempesmart alternativ!
    Veldig spennende å se høydene, men for eksakt høyde må man vel ha skottoksen med høyden på meiene for å se eksakt høyde.

    At den er gitt av Knagenhjelm, (familien som eier en stor hovedgård i Kaupanger), kan kanskje ha med at her «skulle» det være paralelle bord, og ikke noe «vanlig» toppskårede?

    Jeg lurer litt på hvordan klossen under langborda, som holder bordet, er festet inn?
    For den må holde litt vekt.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: