Opptak av nytt medlem, Trond Oalann er omsider offisielt medlem

Trond Oalann med skottbenken i bakgrunnen. Frå kurs i høvling og høvelmaking på Voss i 2008. Foto: Roald Rennælmo

Trond Oalann var tidleg ute med å lage sin eige skottbenk. Alt i år 2008 då vi hadde kurs i høvelmaking og høvling  på Voss kunne han stille med sjølvlaga skottbenk. Dette var før stiftinga av Norsk Skottbenk Union og difor vart det ikkje då skrive noko på bloggen om at Trond er kvalifisert og teke opp som medlem. Korkje Trond sjølv, eller eg, har hugsa å poste på bloggen om skottbenken til Trond slik at han kan verte offisiell medlem i Norsk Skottbenk Union. Kravet for å bli teke opp som medlem i Unionen er at ein har snikra sin eige skottbenk og kan vise at han fungerer. Dette må ein også sørgje for å få posta på bloggen vår slik at det blir «offisielt». Ein kan anten poste sjølv på bloggen, eller få ein av oss som skriv på bloggen til å poste bilete og litt tekst. Her kan du lese meir om korleis ein går fram for å bli medlem i Unionen: Om Norsk Skottbenk Union.

I samband med produksjonen av NRK programserien Oppfinneren har Trond Oalann vore involvert som ekspert på tradisjonelle stavkonstruksjonar. Der har han vore med å byggje drømmetårnet til Erik Alfred Tesaker i ein byggjeteknikk som gjerne vert kalla for stegeverk og som er ein variant av grindbygga ein finn på Vestlandet. I år var også Trond med og hjalp til med delar av konstruksjonen til det nye kjøkkenet som Erik Alfred byggjer til huset sitt. Då tok Trond med seg skottbenken sin til utlån slik at Erik Alfred kunne høvle seg skikkelig golv til sitt nye kjøkken.

I Gyland som ligg i Flekkefjord kommune har ikkje Erik Alfred kome over lokale originale skottbenkar. I heile Vest-Agder fylke er det dårleg stelt med slike høvelbenkar. Det er berre i Marnadal at vi kjenner til at skottbenk har vore brukt gjennom svarmaterialet i spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Vi har ikkje kome over gamle skottbenkar i fylket. Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Østfold, Akershus og Oslo er alle fylka som ikkje kan vise til gamle originale skottbenkar. Om du kjenner til skottbenkar frå nokon av desse områda så er vi svært takksame for tips. Vi har ei eige side på bloggen der du kan sende oss tips om funn av lokale skottbenkar:

https://skottbenk.com/tips-oss-om-skottbenkar/

Vi ynskjer Trond Oalann velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union og ser fram til at han støttar oss vidare i dette viktige arbeidet med å fremje skottbenken. Vi oppmodar også andre som har snikra seg skottbenk om å sende oss bilete og informasjon slik at vi kan få lagt det ut på bloggen. Vi veit det er ein del mørketal, slike som har laga seg skottbenk og høvlar men ikkje har fått sendt inn dokumentasjon til oss. Eg kan nemne at det så langt ikkje er nokon av handverkarane frå Røros/Os som er registrert som medlemmar enda det truleg er kring 10 nybygde skottbenkar i bruk i området.

Kursdeltakar på høvelkurs på Voss i 2008 høvlar på skottbenken til Trond Oalann. Foto: Roald Renmælmo

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

2 tankar på “Opptak av nytt medlem, Trond Oalann er omsider offisielt medlem”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: