Skottbenk er ein type arbeidsbenk som stort sett har gått under radaren i faglitteraturen i snikkarfaget og tømrarfaget. Då eg byrja å leite etter tradisjonsberarar, gamle skottbenkar, litteratur og folk som kunne noko om skottbenk så var det ikkje mykje å ta tak i. Eg kom over ein skottbenk i Lavangen og ei oppmåling av ein skottbenk på Røros. Med det utgangspunktet snikra eg min fyrste skottbenk for noko meir enn 15 år sidan. Eg laga høvlar til å bruke med skottbenken og høvla dei fyrste golvborda. Eg merka snart at dette arbeidet var veldig godt egna som tema på kurs for handverkarar som driv restaureringsarbeid. Det er veldig mange gamle hus som har materialar som i si tid har vore høvla og kanta på skottbenk. Kunnskapen om bruken av benken er eit viktig premiss for å forstå dei gamle materialane. Eg heldt ein del kurs i bruk av skottbenk rundt om i landet. Eg synast det tok litt tid før det ble bygd fleire skottbenkar som ble teke i bruk av andre handverkarar. Tidleg ute var Trond Oalann og Stiftelsen Bryggen i Bergen. Det var likevel ikkje før vi byrja å halde kurs i snikring av skottbenk at det løsna. Då vart det snart fleire skottbenkar som vart tekne i bruk rundt om i handverksmiljøa. Det var på det fyste av desse kursa at ideen om å skipe Norsk Skottbenk Union vart lansert, kurset på Røros i år 2010.

Etterkvart kom vi i gang med å bruke denne bloggen for å organisere og formidle stoff om skottbenken og bruken av skottbenk. På sida «Om Norsk Skottbenk Union» har vi skrive om kva vi arbeider med og korleis ein kan bli medlem. For å bli medlem må ein ha snikra sin eige skottbenk og få dette publisert på bloggen. Gjennom bloggen har vi fått registrert skottbenkar i dei fleste områda i landet. Vi byrjar også å få ein ganske stor mengde med fagstoff om skottbenken og bruken av den. Det manglar framleis ein del område i landet og vi er alltid interessert i tips om gamle skottbenkar. Her kan du tipse oss:
https://skottbenk.com/tips-oss-om-skottbenkar/
På bloggen prøver vi aktivt å bruke kategoriar for å organisere stoffet vårt. I høgre marg står ein boks med overskrift: «Oversikt over geografi og tema». Der kan du gå inn på ulike tema og på geografi på land, fylke og kommunenivå. Her kan du sjå om det er registrert skottbenkar i ditt lokalområde. Ein del av bloggpostane våre som er registrert på kommunar er frå svar på spørjelistene om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Då er det berre snakk om skriftlege kjelder om skottbenkar i dei aktuelle kommunane, det er ikkje sikkert ein finn bevarte skottbenkar i dei same områda.

Det å lage sin eige skottbenk, lage sine høvlar og høvle golvbord er ei flott oppleving og gir mykje erfaring som er nyttig og viktig for å bli ein god tradisjonssnikkar. Vi arbeider for at fleire skal få slike opplevingar og erfaringar. Dette er målbart gjennom dei nybygde skottbenkane og det nylaga verktøyet som stadig vert presentert her på bloggen. Bli med på dette viktige arbeidet for å attreise denne viktige handverkskunnskapen. Leit fram gamle skottbenkar, bygg deg skottbenk, lag deg høvlar og bruk dei aktivt. Del gjerne dette med andre gjennom bloggen.