Samling med HiST-studentar på Sverresborg

Studentar på bachelorstudiet i Teknisk bygninsvern og restaurering høvlar flask på golvbord på skottbenken til Thor-Aage Heiberg. Foto: Roald Renmælmo
Studentar på bachelorstudiet i Teknisk bygninsvern og restaurering høvlar flask på golvbord på skottbenken til Thor-Aage Heiberg. Foto: Roald Renmælmo

Studentane på studiet Teknisk bygningsvern og restaurering på Høgskolen i Sør-Trøndelag har ei vekes tverrfagleg kurs på Sverresborg i Trondheim. Det er høvling av golvbord som står på programmet og for mange er det eit første møte med skottbenken og høvlane som høyrer til. Vi har to skottbenkar i bruk, den eine laga av smedane på NDR, og den andre laga av Thor-Aage Heiberg på Sverresborg. Begge benkane er bygd etter same prinsippet som «Jarlebenken», benken som Jarle Hugstmyr har bygd og hatt med på ei rekke kurs og samlingar. Benken gjer det enkelt å høvle flasken på golvborda som kan liggje på ei eige benkeplate ved sida av sjølve skottbenken.

Utgangspunktet for golvborda er ukanta bord som er 2" tjukke. Vi kanta borda ved å merke med sotstnor og hogge kanten med snekkerbile. Foto: Roald Renmælmo
Utgangspunktet for golvborda er ukanta bord som er 2″ tjukke. Vi kanta borda ved å merke med sotstnor og hogge kanten med snekkerbile. Foto: Roald Renmælmo
Skottokse og ferdigskote bord fastspent i skottbenken til smedane på NDR. Legg merke til det flotte spennjarnet med kile på denne benken. Her er det ikkje snakk om noko vanleg gjengestål. Foto: Roald Renmælmo
Skottokse og ferdigskote bord fastspent i skottbenken til smedane på NDR. Legg merke til det flotte spennjarnet med kile på denne benken. Her er det ikkje snakk om noko vanleg gjengestål. Foto: Roald Renmælmo

Etter ei innføring i høvelhistorie og skottbenkhistorie har studentane fått prøve seg på retting av langborda på skottbenkane. Golvborda kanta vi med både øks og langvedsag for å få prøvd begge delar. Nokre av borda hadde vinda seg litt i meste laget under tørk og måtte rettast opp i samband med flaskhøvlinga. Til det brukte vi både siktestikker og fletthøvel før vi gjekk på med skrubbokse, langhøvel og pusshøvel til slutt.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

One thought on “Samling med HiST-studentar på Sverresborg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s