Kategori: Trondheim
«Kokebok» om snikring av skottbenk
Thor-Aage Heiberg, ein av våre faste bidragsytarar, har som student i Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST i Trondheim skrive ein rapport om snikring av skottbenk. Rapporten har tittelen, Produksjon av ny skottbenk «Jarlebenken» og kan lastast ned på frå lenke på sida på bloggen vår med oversikt over litteratur. Litteratur om skottbenk. Rapporten dokumenterer arbeidsprosessen og kan også fungere som instruksjon (kokebok) for dei som vil bygge sin eigen skottbenk. Prinsippa for snikring av dei ulike typane av skottbenk har nok såpass mykje til felles at rapporten til Thor-Aage kan nyttast om ein skal bygge andre typar enn «Jarlebenken». Dette er eit særleg godt tilbod til alle som drøymar om å byggje sin eigen skottbenk for å bli teken opp som medlem i Norsk Skottbenk Union.
I rapporten er det ein detalj som kan drøftast. Thor-Aage har laga tappane gjennom fotplata som heile tappar som er kilt. Det er i ein god tradisjon. Det er gjort på denne måten på dei aller fleste gamle skottbenkane. Det har som regel også gått bra. På «Jarlebenken» er føtene bunde saman av ein spennbolt og mellomstykker så belastninga blir ikkje så stor. Då er løysinga solid nok.
På nokre skottbenkar, slik som dei frå Karasjok og Kverndal i Målselv, har det vore store skadar i fotplata. Om det skuldast måten tappen er laga på, eller unødig stor belastning, er ikkje sikkert? Det er mogleg å dele opp i to mindre tappar og kile noko meir forsiktig på langs av veden for å minske problemet. Spesielt viktig blir dette på skottbenkar som ikkje har spennjarn og mellomstykker som stivar av konstruksjonen. Då vert belastninga på tappen i foten ganske stor.

Smedar prøver skottbenk for første gong

For fleire av smedane var seminaret i Trondheim ei høve til å få eit første møte med skottbenken og høvlane som høyrer til. Vi starta med ein demonstrasjon av korleis dei ulike høvlane høyrer saman i arbeidet med å høvle flask og kant. Ein smal og grovstilt skrubbhøvel i starten, ein litt finare stilt sletthøvel, ein langhøvel og ein finstilt pusshøvel til slutt gir eit bra resultat og ein effektiv arbeidsmåte. For smedane var det nyttig å erfare at det er litt ulike krav til høvelståla til kvar av desse høvlane. Å smi eit godt stål til ein langhøvel eller pusshøvel er ikkje så lett som å smi eit smalt skrubbhøvelstål. Det er høge krav til slitestyrke på eggstålet på ein skrubbhøvel men stålet treng ikkje å vere heilt plant for å fungere. På ein pusshøvel blir det mykje enklare å få nøyaktig form på den skjerande eggen på stålet om stålet er mest mogleg plant.

Først fekk smedane prøvd seg litt med okshøvel for å høvle flask på nokre prøvebord. Så fekk dei prøve seg på å høvle flask på golvbord og skyte desse i skottbenken. Dei som ikkje hadde prøvd slikt arbeid før var overraska over kor bra trehøvlane fungerte og kor bra det verkar med ein god skottbenk. Siste dagen fekk smedane gjort ferdig høvlane sine og prøvd dei ut. Nokre av smedane skulle rett heim og lage seg nokre fleire høvlar medan dei hadde arbeidsmåten friskt i minne. Det lovar godt for tilgangen på gode smidde høvelstål i tida framover.
Smiing av høvelstål på seminaret

Smedane brukte ein lang dag i går i snikkarverkstaden og for å lære seg å lage høvel med eit sjølvsmidd stål. Mange av dei har ikkje laga høvel tidlegare så det er ein del nytt for dei fleste. Torsdagen starta med meir kjent arbeid i smia på NDR i Trondheim. På programmet står smiing av høvelstål. Smia som har vore gjennom ein del forbetringar av golv, smiavlar og luft. Dette gjorde arbeidet med smiing av laminerte høvelstål ein del enklare enn det var tidlegare. Laminerte høvelstål vil seie at emnet til høvelstålet er smijarn eller eitt meir moderne stål, gjerne eit konstruksjonsstål med lite karbon, eller ARMCO stål som er så godt som heilt fritt for karbon og andre legeringar. For å få god og kvass egg legg smeden på eit herdbart karbonstål i framkant på eine sida av stålet. Dette vert smisveisa saman og smidd ut til den forma høvelstålet skal ha.
Vi starta økta med å drøfte kva utfordringar dei ulike smedane har hatt med sine høvelstål tidlegare. At laminerte stål krummar seg under herding er ein gjengangar. Eggstålet og jarnet oppfører seg ulikt når høvelstålet vert nedkjølt. Vi drøfta ulike moglege tiltak for å minimere problemet. Å bruke tynnare eggstål, å krumme stålet motsatt veg før herding, å spenne opp høvelstålet under bråkjøling og å rette stålet før/under anløping var slikt som var drøfta. Smedane fekk sjølv erfare kor viktig det er at høvelstålet er ganske rett når ein skal tilpasse senga i kilegangen til høvelstålet.

Det er heilt sentralt for medlemmane i Norsk Skottbenk Union at vi har eit godt samarbeid med smedar som kan levere høvelstål til dei ulike spesialhøvlane vi brukar i arbeidet vårt. Det er gjerne snakk om stål til golvplogar, semshøvel, plog, skottokse og profilhøvlar. Nokre stål skal ein sette opp med fil og må såleis ikkje vere for harde. Andre stål må filast til nøyaktig før herding og så herdast av smeden for å få nok slitestyrke. I tillegg treng vi benkehakar, killingfot, rissenåler og forskjellig verktøy som smedane kan levere.
Smedane som var med på seminaret i Trondheim var Odd Inge Holmberget, Torgeir Henriksen, Jon Dahlmo, Terje Anders Granås, Øystein Myhre, Mattias Helje, Jan Tommy Kirkholt, Patrik Jarefjäll og Ole-Andreas Fjær. I tillegg var metallurg og knivmakar Fredrik Haakonsen, snikkar Thor-Aage Heiberg, snikkar Tomas Karlsson og tømrar Oddmund Aarø med. Eg og Jarle Hugstmyr leia arbeidet med høvelmaking og utprøving av skottbenk. Vi delte fokuset på tre emne, høvelmaking, smiing av høvelstål og utprøving av ulike høvlar på skottbenk.
Smedsamling på NDR i Trondheim

Smedsamlinga har starta i Trondheim. Vi har fått med oss dei aller fleste av dei smedane som har erfaring med å smi høvelstål og forskjellig verktøy til snikring. For at smedane skal få eit godt innblikk i kva som er viktig å tenkje på med smiing av høvelstål får dei lage sin eige høvel med sjølvsmidd stål. Utgangspunktet er eit emne av bjørk som vert merka og sponrom og kilegang tappa ut. Dei fleste fekk høvlane nokolunde klare til prøvehøvling i løpet av ein lang dag.
I morgon vert det eit fokus på smiing av høvelstål i smia på NDR før vi skal til Sverresborg. På Sverresborg får smedane ei innføring i metodikk i høvling og korleis dei ulike høvlane høyrer saman i ein arbeidsprosess. Høvling på skottbenk er sjølvsagt eit sentralt emne som alle skal få prøve.
En skal tidlig krøkast
Tiril var ikke i form til å gå på skolen i dag og deltok sammen med pappa Thor-Aage på siste del av HiST samlingen på Sverresborg. Men, skottoksen kunne hun dra likevel. Ikke alle på første trinn i skolen som har dratt en skottokse og fått ut spon…



Festen er over…
Den vellykkede samlingen med HiST studentene ved skottbenkene på Sverresborg er nå slutt. Fin uke med innføring i noe som for mange var nytt. Det ble høvlet ca. 15 – 20 bord som fikk rettet flate og kant. Bordene var 3.5 m lange og snittbredden ligger rundt 24 cm. Mange gode problematiseringer og diskusjoner rundt emnet. Verkstedet er tomt nå når alle er dratt. På mandag venter hverdagen.
Tillaging av skruer for skottbenk, «Jarlebenken»
En del av arbeidet med å lage egen skottbenk var også å lage skruene som skal til for å låse langbordene. Verktøy til selve gjengingen hadde jeg fått låne av Ole Jørgen ved Norsk Folkemuseum som for øvrig skal ha mange takk for lånet! Jeg hadde på forhånd lest Maria Grönbergs oppgave «Tilverkning av skruvgängor i trä med snedtyg».
Jeg startet arbeidet med å høvle og skjære til bjørkeemner av litt varierende lengde som ble laget til 8-kant. Emnene ble først dreiet til sylinderform før jeg merket opp for hodet på skruen og dreiet dette ferdig.
Jeg gjorde dette på alle emnene før jeg gikk videre. Neste post var å dreie selve gjengetappen. Diameteren på tappen tok jeg ut fra styringshylsen i gjengebakken. Jeg var litt for nøyaktig i dreiingen på ett par tapper og det fikk jeg merke under selve gjengeskjæringen. Gjengebakken kilte seg nesten fast så jeg måtte inn med tappene i benken igjen og dreie av ørlite grann til for at pasningen skulle bli god. Bitte litt klaring i forhold til diameteren på styringshylsen i gjengebakken altså, men ikke for mye. Da blir det slark i skruen når den skal skrues inn. Siden jeg laget meg en liten serie med skruer når jeg først hadde verktøyet forsøkte jeg å lage en dreiejigg/anlegg for lett å kunne få samme diameter på gjengetappen slik det er beskrevet i Grönbergs oppgave (s. 32). Mitt forsøk lyktes bra, men ikke perfekt. Det var svært lite bevegelse på dreiejernet som skulle til for at jernet likevel tok litt mer enn det som det var innstilt for. Anlegget gav dermed en tilnærmet riktig diameter på tappen. Jeg måtte til slutt sjekke diameteren med skyvelære/krumpasser for å kontrollere nøyaktigheten.
Selve gjengingen fikk jeg råd om burde utføres med emner som var godt innoljet i rå linolje. Dette fungerte ikke godt for meg, og jeg oppdaget at tidligere bruk av linolje ved gjenging hadde ført til at linolje hadde lagt seg på verktøyet innvendig. Den klebrige oljen gjorde at sponen ikke ble kastet ut slik den skal og hadde lett for å pakke seg. Når sponen pakka seg ble det unødvendig stor slitasje på skjeret og det ble fort sløvt. En rens av verktøyet og bryning av skjærene var det som skulle til for å skjære gjenger i tørr bjørk som ikke var satt inn med olje.
Når det kom til gjengehullet så erfarte jeg en del utflising der hvor skjærene entret hullet. Ved å slipe og bryne gjengetappen for å få litt skarpere skjer kan en kanskje unngå litt av utflisinga. Dessverre hadde jeg ikke egna slipeutstyr for å få gjort det i denne omgang. Min løsning på problemet var å lage en fas på kanten av hullet slik at skjærene begynte å ta i fasen og ikke skader overflaten av emnet.
De skruene som ikke skulle brukes i benken jeg laget nå sørget jeg for å lage klosser med gjengehull til. Ideen har jeg fra skottbenkene på Skårvoll på Støren og skruene kan dermed brukes til varierende løsninger av skottbenk/høvelbenk.
Samling med HiST-studentar på Sverresborg

Studentane på studiet Teknisk bygningsvern og restaurering på Høgskolen i Sør-Trøndelag har ei vekes tverrfagleg kurs på Sverresborg i Trondheim. Det er høvling av golvbord som står på programmet og for mange er det eit første møte med skottbenken og høvlane som høyrer til. Vi har to skottbenkar i bruk, den eine laga av smedane på NDR, og den andre laga av Thor-Aage Heiberg på Sverresborg. Begge benkane er bygd etter same prinsippet som «Jarlebenken», benken som Jarle Hugstmyr har bygd og hatt med på ei rekke kurs og samlingar. Benken gjer det enkelt å høvle flasken på golvborda som kan liggje på ei eige benkeplate ved sida av sjølve skottbenken.


Etter ei innføring i høvelhistorie og skottbenkhistorie har studentane fått prøve seg på retting av langborda på skottbenkane. Golvborda kanta vi med både øks og langvedsag for å få prøvd begge delar. Nokre av borda hadde vinda seg litt i meste laget under tørk og måtte rettast opp i samband med flaskhøvlinga. Til det brukte vi både siktestikker og fletthøvel før vi gjekk på med skrubbokse, langhøvel og pusshøvel til slutt.