Strykebenk Hordaland

Ola Tveiten (1881-1967) skreiv ein interessant og innholdsrik artikkel om hus og bygningsskikkar i Hosanger. artikkelen står i «Norveg» 1953. Her er eit utdrag frå denne. «Når det skulle pløgjast, dvs. byggjast med pløgt tømmer, vart tømmeret tillaga før byggjearbeidet tok til. Å laga til var å høvla, kantstyka og pløgja tømmeret, og det var oftast gjort i strykebenk. Det var mykje snarare å byggja med tillaga tømmer enn med hyvebygging.

Strykebenken var to tømmerstokkar som var strokne (hevleskotne) så beine og i vinkel som ein fekk dei. Dei var stilte opp i krykkjer som var sers tillaga til dette, og dei måtte vera sterke og godt fråseggjorne. I desse krykkjene vart dei to strokne stokkane sette med den strokne kanten opp jamhøge, og så langt i mellom at det var rom for ein tømmerstokk, og så han kunne kilast godt fast.

Til å stryka med hadde dei ein sers strykhøvel, ein høvel på skap som ein okshøvel, men større og med eit land på kvar sida. Stokken som skulle strykast, vart kilt fast og vart høvla så langt ned at lannet på høvelen tok ned på dei faste stokkane på benken, Etter betre benken og høvelen var, etter betre vart stokkane strokne. Etterpå vart dei så pløgde med tømmerplog og både stryking og pløgjing var tomanns arbeid, eit tungt slitarbeid. Golv- og panelingsbord var og strokne i strykebenk når dei hadde han oppe. Dei sette i benken og strauk 2 eller 3 bord om gongen etter så tjukke dei var.»

Forfattar: Trond Oalann

Tømrar. Arbeider for Hordaland fylkeskommune og fagskolen Vestland.

4 tankar på “Strykebenk Hordaland”

  1. Hei. He nettopp retta ein del 3/4″ bord. Kilane i benken bygde ikkje nok, så eg la to bord ilag. Det var svært effektivt. Gjekk dobbelt så fort…! Artig at du hadde ei kjelde på at dei praktisert det.
    Siv

    Likar

  2. Veit du om det har vore tømra hus av tømmer som berre er stroke beint med strykehøvelen og ikkje pløgd? I Karasjok snakka eg med Nils Anders Rasmus (fødd 1939) som hugsa etter ein høvel som var kring 1.5 meter lang og med ei brei tann. Denne høvelen hadde vore brukt til å høvle nat, flate over og under stokken der veggtømmeret ligg mot kvarandre. Då er det flate mot flate i veggen og ikkje not og fjør.

    Likar

Kommenter innlegget