Det finnast ein del skottoksar, altså okshøvelen med meiar, som er laga slik at meiane er høvla ut av same trestykket som resten av høvelstokken. Slik som vi kan sjå på skottoksen på Dølmotunet i ein tidlegare post. Likevel er det nok meir vanleg å finne skottoksar som har meiar som er limt, nagla eller spikra på. Det er mykje enklare å lage høvlane på denne måten og så er det lettare å rette av solen når det må gjerast. Det er bare å demontere meiane, høvle solen, og feste meiane på nytt. Når meiane er laga av same stykket så er det berre med semshøvel ein kan rette solen.


Okshøvlar har vore eit vanleg verktøy langt fram i tid. Også snikkarar som har byrja å arbeide lenge etter 2. verdskrigen har hatt okshøvel som eit vanleg verktøy. Det er lenge etter at det var slutt på den tida då skottbenkane var vanlege. Skottoksane med meiar var det ikkje bruk for når ein ikkje lengre høvla bord på skottbenken. Då er det meir enn ein snikkar som har fjerna meiane av den skottoksen og brukt han som vanleg okshøvel.

Det er då som regel berre hol etter naglar eller spikar i enten solen eller sida på okshøvelen som kan avsløre om han har vore brukt som skottokse tidlegare. På den strykehøvelen som vi tidlegare har skrive om var det påspikra lister på sidene. Truleg har listene hatt liknande utforming som det også på okshøvelen frå Krokstad i Bardu. Det er altså truleg ein skottokse vi ser på bileta, spora er berre litt annleis enn dei vi vanlegvis finn på slike.
One thought on “Okshøvel eller skottokse?”