Meir skøttbenk på Hadeland

Etter posten om skottbenken i «Vår gamle bondekultur» med bilete av to karar som poserer med skottbenk på Hadeland har vi fått nokre gode innspel. Det same fotografiet er også brukt i Hadeland bygdebok bind 4, som kom ut i 1953, 2 år etter «Vår gamle bondekultur. I bygdeboka står også namnet på fotografen oppført under biletet, K. Teigen. Biletet er brukt for å illustrere kapitlet om husbygging. Det som står skrive om snikring og skottbenk er såpass interessant at det fortener å siterast her på bloggen.

«Glasrammer og dører var gjerne gjort vinteren i førvegen. Tømmermennene var også «snikkerer», og da var sliktno vinterarbeid, når det ikke var tømring. Innreiningen var først og fremst golv og tak og delvis paneling; men den vart ofte laga mer over en lang. Planker og bord hadde de skåret på vassag, og slike hadde vi i 1743 5 på Hadeland. Mer sjelden vart det skåret på handsag. De la da tømmerstokken på to bukker, som var så høge at en mann kunne stå oppreist under og dra saga, og en stod ovenpå og drog den opp igjen. Planker og bord vart aldri kantskåret på saga, men kantet inn med øksa så hele den opprinnelige breidda i rot og topp vart utnyttet. Det vart alltid handhøvlet, først med skrubb-uksen og så med sletthøvelen. Det var store, tunge høvler med handtak i begge ender, en stod framme og drog, og en bak og skauv på. Bord og planker vart lagt med skiftesvis rot og topp. Not og fjør vart høvlet med ploggonga, og borda passe inn til enannen etter hvert. 

Først da slottet i Oslo vart bygd i 1849, vart skøttbenken oppfunnet av en snikker Deramb. Sønnen hans slo seg seinere ned på Hadeland, han var en førsteklasses møbelsnikker, og hadde gått læretida i Kjøbenhavn. Skøttbenken var en viktig oppfinnels; ved hjelp av den vart alle bord nøyaktig like i kantene og høvde alltid til enannen, snå nå slapp de å måte til hvert bord.» (Hadeland bygdebok, 1953)

Vi er sjølvsagt med på at skottbenken er ein viktig oppfinnelse, men er litt usikre på kva som ligg i dette? Kjende dei ikkje skottbenken på Hadeland før 1849? Det er vanskeleg å tenkje seg noko slikt? Samtidig er det snakk om ploggonga som ble brukt til å høvle golvborda som var passa til kvarandre. Ploggong, eller også ploggang, er kjend frå andre kjelder men utan detaljert forklaring.  I Valdres bygdebok er det forklart som høvlane til å høvle not og fjør («tunge og gått»). Korleis ein held fast borda under høvling og korleis ein får høvla dei rette er ikkje forklart. Kan ploggong vere ein variant av skottbenken og at han er brukt saman med høvlane for å høvle not og fjør? Om andre delen av ordet -gong så kan vi forstå ordet på ulike måtar. Den eine at det har å gjere med å gå, som i gressgang, svalgang. Den andre som i gjenger, noko som styrer. Den tredje har skrivemåten -gogn, som betyr reiskap, gjerne eit sett av reiskapar til eit bestemt arbeid. I lokalhistoriewiki har dei forklaringa på ordet ploggang, at det er pløyeredskap.

Kan vi tenkje oss at Deramb utvikla ein skottbenk for å høvle parallelle bord slik som på dei amerikanske patenterte skottbenkane? Kanskje vi kan sjå om borda på slottet i Oslo er parallelle eller smalnar frå rot til topp? Det kan underbygge teorien, eller svekke den, alt etter kva vi finn der.

Det at borda vart tilpassa til kvarandre kan tolkast på to måtar. Den eine at borda har høvla heilt rett kant men smalnar frå rot til topp og såleis må leggast annakvar med rot og topp for at det skal gå opp. Det andre, som er meir utenkjeleg, at borda ikkje er høvla rette, men medderge til kvarandre. Utan skottbenk eller ein metode for å skyte kantane kan det ha vore aktuelt med det siste. Eg har aldri sett eller høyrt om slike golvbord som er høvla med not og fjør utan at dei har rett kant.

Elles kan det vere verdt å merke seg at dei brukar  to høvlar, først «skrubb-uksen» og så «sletthøvelen». Då er sletthøvelen også forklart som ein okshøvel. Det er i tråd med andre stader der ein enten snakkar om ein grov- og ein litt finare stilt okshøvel, eller gjerne skrubbokse og slettokse. Sjølve benken er skrive «skøttbenk». Det er ein nokså uvanleg skriveform. Variantane «skotbenk», «skåtbenk» og «skaatbenk» finnast det ein del av rundt om i landet. Det er tydeleg ulike måtar å tenkje om ein skal bruke ein -t eller -tt i skrivemåten. På same måten er det ulike måtar å skrive -o, -å, -aa eller -ø om tredje bokstav. Det kan nok skrivast tilbake på dialektane i dei ulike områda på tida for nedskrivinga. Som vi tidlegare har vore inne på, var ikkje ordet skottbenk med i dei tidlege ordbøkene og difor har vi ikkje fått ei rettskrivingsnorm for dette ordet.

Kjelder:

Hadeland: bygdens historie. 4, Aksel Helmen, Oslo, 1953. (finnast digitalt tilgjengeleg: Hadeland : bygdenes historie. 4 )

Valdres bygdebok 5 – Næringsvegane, fyste del, Knut Hermundstad (red.), Leira, 1964 (side 375)

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

One thought on “Meir skøttbenk på Hadeland

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s