Category Archives: Bardu

Skottbenken på Krogstad i Bardu

Skottbenken fra Krogstad
Skottbenken fra Krogstad i Bardu er tatt ut for fotografering. Foto: Pål Prestbakk

Studentane på Tradisjonelt bygghandverk på NTNU har arbeidd med ei heimeoppgåve der dei skulle finne, registrere og måle opp gamle originale skottbenkar i sine nærområde. Student Pål Sneve Prestbakk har tatt for seg ein skottbenk i Bardu kommune i Troms. Denne benken har så vidt vore tema tidlegare her på bloggen, men ikkje vore grundig dokumentert og målt opp. Her kjem tekst og bilete frå Pål.

Skottbenken på Krogstad
Skottbenken på Krogstad tatt ut for fotografering.

Registrering av Skottbenk, av Pål Sneve Prestbakk, nov 2017.

I min søken etter skottbenk i heimtraktene mine var det lite å finne. Jeg har snakket med flere i bygda mi, på Prestbakken, noen har hørt om skottbenk, andre husker å ha sett en, men det lot seg ikke gjøre å finne innenfor de nærmeste kilometeren. Det er fremdeles et par gårder og 5-6 fjøser jeg kan tenke meg å grave gjennom for å se etter skottbenk, får ta opp den tråden på nyåret. Etter tomhendt leiting annonserte på Facebook i forskjellige lokalgrupper og historielag, og jaggu fikk jeg svar! Flere kjente til en skottbenk i Bardu, litt nord for Setermoen, på Krogstad. Jeg tok kontakt med eieren, og avtalte å komme innom. I mellomtiden undersøkte jeg litt om gården Krogstad, der har det vært drift siden 1858, og det er mange flotte bygg på eiendommen. Stort fjøs fra omtrent 50-tallet, smie, garasje, våningshus fra 1873 og flere mindre bygninger. Ved siden av fjøset har eieren et miniatyr-museum, med utstilling av alskens forskjellige redskaper og verktøy. Her var det blant annet et par not- og fjærploger for pløying av golvbord i skottbenken, så de har trolig vært i bruk på denne skottbenken. Sætra som tilhører gården håper jeg å kunne se nærmere på ved en senere anledning, den er lafta i bjørk og har stått siden 1886 i lia over Krogstad.

Skottbenken på Krogstad dukket også opp i nettsøkene mine, da Roald Renmælmo allerede har snust den opp for noen år siden og skrevet om den på Norsk Skottbenkunions blogg, det kan du lese om her.  Jeg tok turen til Krogstad og fant benken som hang under tanga på sperrebukkene i fjøsen.

Skottbenken på plass
Skottbenken på plass på låven på Krogstad

Vi fikk «demontert» skottbenken fra fjøsen, og den ut fikk se dagslys for første gang på flere tiår. Ute var det nok dagslys for å se nærmere på detaljene. Lengden på benken er 4,7 meter -altså en ganske lang benk. Høyden er 70cm, og bredden på fotstokken er 75-80 cm. Detaljmål kommer fram på oppmålinga lenger ned.

Skottbenken tatt ut for fotografering
Skottbenken tatt ut for fotografering.

Plasseringen av føttene er ca 90 cm innpå langbordene, altså forhold 1:5 av lengden, ei fin fordeling for også å kunne jobbe med kortere emner i benken. Alt er gjort i furu, bortsett fra kiltappene som er i bjørk. Det er også spjelkinger på de fleste beina, både for å holde sammen etter oppsprekking, men også for å ta opp for det slitte og rivne treverket. Denne benken har nok vært i drift over lang tid da det er store bruksmerker og slitasjer.

Emnene til langbordene er ikkje av rett og fin ved, snarere tvert imot. Noe stor kvist og en av endene har fremdeles verktøyspor fra øks, snekkern har nok vært opptatt av å beholde mest mulig av lengden. Det faste bordet er ca 8 x 23/4’’ og det lause bordet er omtrendt 2’’ lavere og en halvtomme tynnere. Det faste langbordet er skjøtt med halv blading og skåring ved den bakerste foten. Dette var flott utført, og begge langbordene er enda rette og fine i dag.Kilene for stramming er 40 og 50cm lange, står i en sliss på ca 2 cm og er godt slitt. De har nok vært i bruk lenge, men det er tenkelig at de har vært byttet ut gjennom årene.

En annen raring finner vi oppå langbordene, et kort bord er spikra i hver ende, en spiker i hvert langbord, denne sørger nok for at ikke langbordene skal forskyve seg i lengderetningen. Den kan for så vidt også brukes som mothold om en vil høvle emner på flasken oppå benken, da benken kan åpnes nesten 5 tommer. Detta må testes i praksis. Bordbiten vil i de fleste tilfeller bare være i veien, så jeg har ikke noen god formening om denne løsninga.

Lite bord spikra oppå langborda
Lite bord spikra oppå langborda

Her er målene på beina merket opp. Legg merke til at det også er forskjellig tykkelse på de to beina. Under den løse er det en liten kil for å finjustere høyden på langbordet.

Oppmåling
Oppmålingstegning av skottbenken på Krogstad

Den faste foten er tappet helt igjennom fotstokken og kilt fast. Den løse står i et romslig tapphol. Langbordene står med marg ut og ser ut til å være festet med 4 treskruer på hver fot. Jeg syntes å skimte spor etter gjengesnittet på den 1’’ bjørkepluggen, den e gjennomgående. Bordene ligger i alle fall godt inntil fremdeles, og det er ikke noen spiker i den opprinnelige utførelsen, kun i spjelkingen.

Om langbordene er festa med treskruer, slik jeg har sett på labankdører, så undres jeg over hvordan dette gjøres i praksis for å unngå slakk. Det må prøves! Og jeg må ta en ekstra titt på benken for å sjekke dette nærmere. Jeg skal lage en kopi av denne benken, jeg har grovsaged tørre furuemner til benken og går i gang med disse på samlingen i desember. I fjor saga vi tre toms plank på Aursfjordsaga og stabla til tørk, men jeg er redd de er i korteste laget om jeg skal rekke 4,7 meter. Kanskje det blir samme skjøt av langbord som i originalen!

Forsøk med tjære på høvlar

Tjære har vore vanleg til overflatebehandling av treverk utandørs. I nyare tid har det vore mest til stavkyrkjene og til trebåtar ein har brukt tjære. Tidlegare var tjære noko som ein måtte ha på ein normalt utstyrt gard for å smørje det meste av reiskap av treverk som vart brukt utandørs. Eg har ikkje belegg for å hevde at det har vore utbreidd å bruke tjære på høvlar og anna snikkarverktøy. Eg har ikkje funne skriftlege kjelder som tyder på det, ei heller tradisjonsberarar som har snakka om dette. Likevel har eg hatt lyst til å prøve å bruke tjære for å sjå korleis det blir i praktisk bruk. Farge og overflate på enkelte av dei gamle høvlane mine kan minne om treverk som er tjærebreidd.

Skottokse smurt med rein tjære
Skottokse laga av Siv Holmin. Høvelen er laga i bjørk og er smurt inn med varm tjære som først var kokt omlag ein time. Tjæra var frå tjæremila til Sverre Opdahl i 2007. Høvelen var smurt med rein tjære. Det første året var overflata litt seig men heldt seg likevel nokså rein. No, etter 3 år, verkar overflata hard og sterk. Det verkar som det meste av farge ligg i fernissen og slitasjen får fram den lyse bjørka under. Forsøket viser at tjære kan fungere som overflatebehandling på høvlar. Resultatet kan minne om det ein ser på enkelte gamle høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Tjære

Tjære kan ein produsere av mange ulike råstoff og på ulike måtar. Når eg snakkar om tjære så er det produsert i tjæremile med fururot som råmateriale. I Indre Troms har vi lange og sterke tradisjonar på produksjon av tjære. På 1930-talet var nok produksjonen på sitt største, det i ei tid kor det var lite produksjon elles i landet. Enda i dag er det fleire som brenner mile på tradisjonelt vis i området. Dei siste åra har det særleg vore UL Freidig, ungdomslaget i nedre Bardu som har vore aktive med sine tjæremiler. Desse milene er opparbeidd av medlemmane og brent som ei sosial hending som inkluderer heile bygda.

Det har vore, og er framleis, tradisjonar i tjærebrenning i andre område i landsdelen. I 2007 var eg med og dokumenterte brenninga av ei tjæremile med Sverre Opdahl i Skoganvarre i Finnmark. Sverre brukte i stor grad nedfallsfuru som råstoff til mila men hadde også ein del større røter av særleg feit furu. Med på brenninga var Arne Graven frå Karasjok. Klikk på bileta for å vise dei større og med tekst. Bruk piltastane på tastaturet for å gå mellom bilete i visningsmodus.

Sverre fekk omlag 200 liter tjære av denne mila som er rekna som ei lita mile etter gamal målestokk. Botn av mila har form som ei trakt der diameteren er ca 3,2 meter der ytterkanten av veden ligg. Senter ligg ca 1 meter djupare. Milebotn blir tekt med never og så ender traktforma i eit rør som samlar om tjærra. Når Sverre fyrer på veden rundt er det viktig å få jamn varme rundt heile og så dekke til med torv for å halde varmen inne og presse ut tjærra av veden. Det er harpiksen i veden som blir pressa ut og blir til tjære. Inger Marie Egenberg har arbeidd mykje med tjære og tjærebrenning og har skrive ein del om emnet for den som vil lese meir om dette. Rolf Bakkeslett har også dokumentert ei tjæremile som ble brent i Nordreisa i 1982.

Eg har tatt opp litt videofilm som viser sjølve brenninga av mila med Sverre Opdahl i 2007.

Eg har tilgang på tjære av ulike kvalitetar frå tjæremiler eg kjenner godt ved  å sjølv ha vore med på brenninga. Slik sett har eg kontroll på råstoffet. Gjennom forsøk på 3 høvlar så langt har eg ikkje vorte overtydd om at tjære ikkje kan fungere. Overflate og farge kan likne på den som er på enkelte gamle høvlar. Det gjenstår å prøve ulike variantar av påføring av tjære på høvlane. Eg har berre prøvd rein tjære. Blanding av tjære, linolje og terpentin er ganske vanleg mellom dei som smør hytteveggane sine. Det gir meir inntrenging og lysare farge. Eg er ikkje sikker på at det er ønskeleg på høvlane? På den første skottbenken eg laga brukte eg ei slik blanding på krakkar og langbord. Det har fungert veldig bra.

For ferniss på høvlar er tynning med sprit også eit alternativ som kan prøvast. Eg trur ein viktig funksjon til fernissen er at den dannar ein film som både held overflata rein og bremsar fuktvandring og sørgjer for at høvelstokken vert meir stabil. Utfordringa med rein tjære er den lange tørketida. Også til bruk på stavkyrkjene er det viktig å få tjæra til å tørke og bli liggande utanpå materialen for å beskytte best mogleg. Arbeidet til Inger Marie Egenberg viser at kvaliteten på tjæra har avgjerande betydning for korleis den dannar film. At den er milebrent på tradisjonelt vis er avgjerande. Dei ulike tappingane i løpet av brenninga av mila har tjæra ulik kvalitet. Tidleg i brenninga kjem det tjære som lettare dannar film. Ved tradisjonell milebrenning er det mogleg å halde dei ulike fraksjonane skilde. Eg vil skaffe meg tjære av ulike fraksjonar for å samanlikne det på høvlane.

Reinsleden er bygd av Johan Beddari i Pasvik. Eg penslar på rein tjære på treverket som er bjørk. Foto: Siv Holmin
Reinsleden er bygd av Johan Beddari i Pasvik. Eg penslar på rein tjære på treverket som er bjørk. Foto: Siv Holmin
Eg brukar ei bensinfyrt blåselampe for å brenne tjæren inn i veden. På denne måten vert overflata snarare tørr og kleber mindre. Arbeidsmåten har eg lært av sledemakaren Johan Beddari. Foto: Siv Holmin
Eg brukar ei bensinfyrt blåselampe for å brenne tjæren inn i veden. På denne måten vert overflata snarare tørr og kleber mindre. Arbeidsmåten har eg lært av sledemakaren Johan Beddari. Foto: Siv Holmin

Eit spørsmål som også kan vere greitt å stille er om snikkaren har sett inn høvlane med ei form for grunning med dei same dei var ferdige? Det er i alle fall slåande at fargen på mange av høvlane er tydeleg i fernissen og ikkje har trekt særleg inn i treverket. Limvatn (sterkt utvatna hornlim) er noko eg har prøvd på mine høvlar. Det mettar treverket der det er motved eller endeved. Då trekker ikkje treverket ulikt i riktig så stor grad. Eg tenkjer meg at snikkaren gjerne har laga høvlar etter behov. Då har han kanskje ville ta høvelen i bruk så snart han er ferdig. Mine erfaringar med å ta nylaga høvlar i bruk er at dei snart blir skitne. Særleg den lyse bjørka trekker til seg skitt og blir ikkje spesielt fin. Å smørje slike høvlar med ein farga ferniss av eitt eller anna slag fjernar ikkje denne misfarginga. Ved å smørje høvelen med limvatn blir overflata lettare å halde rein fram til han får ferniss.

 Aktuelle lenker:

tjarebrenning-i-malselv-1932-2

https://www.academia.edu/1470486/Milebrent_tyritjaere._Tekniske_egenskaper_og_et_historisk_korrekt_vedlikehold

http://fjellfrosken.no/filestorage/Tjarebrenning_iTroms.pdf

http://www.bakkeslett.no/tjeremile/TjereStartSide.htm

http://www.finsk.no/index.php/no/norge/nord-troms/kvaenangen#lasse

http://www.porsanger.kommune.no/index.php?id=166518&showtipform=1&cat=21685&gb=

http://www.allskog.no/upload/2012/08/03/tjarebrenning-midtre-gauldal-skogeierlag-2012.pdf

Høvelstål til golvplogar

Smeden Mattias Helje smir høvelstål til golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Smeden Mattias Helje smir høvelstål til golvplogar. Her smir han til det vesle stålet som er tilpassa spalta i hovudstålet. Foto: Roald Renmælmo

Høvelståla til ploghøvlane frå verktøykista til Høs-Knut er truleg smidd av ein lokal smed, anten i Østerdalen eller i Bardu. Det er ikkje smedstempel på dei. Dei to delane av stålet er smidd kvar for seg og tilpassa til kvarandre. Desse vert helde saman av ein skruve. Skruven er også smidd og truleg gjenga av smeden.

Mattias Helje smidde til emna til ståla. Eg grovslipte desse før herding. Mattias herda ståla og så gjorde eg finjustering av tilpasninga. Det vesle stålet i spalta må passe nøyaktig for å at det ikkje skal hekte seg høvelspon her. I tillegg må dei to ståla, til not og til fjør, passe nøyaktig saman for at golvborda skal gå i hop. Dette er eit presisjonsabeid som tar litt tid og krev skarpe filer og konsentrasjon. Det er nødvendig å gjere siste justering etter herding sidan stålet som regel endrar litt form under herdinga.

Høvelstålet til den eine nothøvelen i kista til Høs-Knut. Ståla er laminerte, det vil seie at det er lagt stål på framsida av stålet og så er dette smisveisa saman. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstålet til den eine nothøvelen i kista til Høs-Knut. Ståla er laminerte, det vil seie at det er lagt stål på framsida av stålet og så er dette smisveisa saman. Foto: Roald Renmælmo
Å hogge ut ei nøyaktig spalte i hovudstålet er eit krevjande arbeid. Vi grovslipte denne før herding. Her ligg delane til ståla til ploghøvlane. Foto: Roald Renmælmo
Å hogge ut ei nøyaktig spalte i hovudstålet er eit krevjande arbeid. Vi grovslipte denne før herding. Her ligg delane til ståla til ploghøvlane. Foto: Roald Renmælmo
For å få nøyaktig tilpassing av høvelståla merka eg opp og filte til forma. Grovfilinga før herding og nøyaktig finpuss etter herding. Herda stål er hardt å file så det gjer ein minst mogleg. Foto: Roald Renmælmo
For å få nøyaktig tilpassing av høvelståla merka eg opp og filte til forma. Grovfilinga før herding og nøyaktig finpuss etter herding. Herda stål er hardt å file så det gjer ein minst mogleg. Foto: Roald Renmælmo
Mattias smidde emnet til skruve som eg fekk med meg heim til Målselv. Her gjenga eg opp emnet med ein gjengebakke som skjer gjengar. Dette er nok litt meir moderne enn på originalen men det gjer nytta. Foto: Roald Renmælmo
Mattias smidde emnet til skruve som eg fekk med meg heim til Målselv. Her gjenga eg opp emnet med ein gjengebakke som skjer gjengar på ¼» rundt emne. Dette er nok litt meir moderne verktøy enn det som var brukt på dei originale ståla. Foto: Roald Renmælmo

Golvplogar og golvbord

Golvplog til not. Denne er frå verktøyet i kista etter snikkaren Knut Larsen Høis, Høs-Knut. Foto: Roald Renmælmo
Golvplog til not. Denne er frå verktøyet i kista etter snikkaren Knut Larsen Høis, Høs-Knut. Foto: Roald Renmælmo

I Norsk Skottbenk Union har vi hatt eit klart fokus på sjølve skottbenken. Vi har på bloggen skrive litt om skottoksen som har ein nøkkelfunksjon i samband med bruken av skottbenken.  Dei skriftlege kjeldene som omtalar skottbenken har gjerne fokus på høvling av golvbord og at det er det viktigaste bruksområdet til skottbenken. Då er det snakk om golvbord med not og fjør det er snakk om. Vi snakkar om å pløye golvbord og til det brukar vi golvplogar. Slike golvplogar er som regel i par, ein for not og ein for fjør, som sikrar at borda skal passe i hop. Det er mange ulike variantar av golvplogar og eg har skrive litt om golvplogane til Konrad Stenvold i Dividalen i Målselv i artikkelen, Handhøvling av golvbord, på jakt etter skottbenken, som ligg i litteraturoversikta på bloggen. Desse høvlane verkar saman med skottoksen og føreset at ein rettar bordkanten først med skottoksen og så pløyer anten not eller fjør.

Snikkaren Knut Larsen Høis, Høs-Knut (1799-1882), har etterlate seg ei kiste med verktøy som han og svigerbroen Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) har laga og brukt. I kista er det fleire golvplogar og mellom desse eitt sett. Desse høvlane har ei høveltann som er sett saman av to delar slik at ein kan skyte beint og pløye i same operasjon. For meg verkar det å vere fornuftig sidan ein sparer eit verktøy og ein arbeidsoperasjon. Om ein skal høvle eit stort golv kan det utgjere ei stor innsparing av arbeid. Det føreset at høvelstålet og høvlinga fungerer bra under arbeidet.

Til venstre er nothøvelen frå kista til Høs-Knut. Midt på biletet er høvelståla, til venstre det gamle og til høgre ein nysmidd kopi. Emnet ved sida av høvelen er til den nye høvelen som er under produksjon. Foto: Roald Renmælmo
Til venstre er nothøvelen frå kista til Høs-Knut. Midt på biletet er høvelståla, til venstre det gamle og til høgre ein nysmidd kopi. Emnet ved sida av høvelen er til den nye høvelen som er under produksjon. På benken ligg verktøy til merking av emnet, rissnål, gjervinkel, alenstokk og ripmot. Foto: Roald Renmælmo

Eg har starta arbeidet med å lage kopiar av golvplogane i kista til Høs-Knut. Dette arbeidet starta med å besøke smeden Mattias Helje og smi kopiar av høvelståla saman med han. Mattias har smidd ein del ulike høvelstål til meg tidlegare og var også med på seminaret vi hadde i Trondheim i haust. Han har derfor eit godt grunnlag for å smi slikt. Likevel er er det komplisert å lage eit sett med ploghøvelstål av denne typen. Det krev eit tett samarbeid mellom snikkar og smed undervegs i arbeidet.

Skottbenk på garden Krokstad i Bardu

Oddmund Aarø studerer den gamle skottbenken på Krokstad i Bardu. Foto: Roald Renmælmo
Oddmund Aarø studerer den gamle skottbenken på Krokstad i Bardu. Foto: Roald Renmælmo

I Bardu er det mykje spennande snikkarverktøy på ulike gardar. Vi har tidlegare skrive om ein skottokse på garden Krokstad. På same garden er det også ein gamal skottbenk som er tatt vare på. Det var Ola Haugli i Bardu som tipsa meg om denne og var med på ei befaring. Skottbenken er i dag lagra på låven på garden og det var litt vanskeleg å få den fram for fotografering.

Skottbenken har langbord  som er 4,7 meter lange. Det eine måler 18,8 x 4,3 cm  i dimensjon og det andre 15,3 x 5,5 cm. Fotstokken er 79 cm lange og måler 16,2 x 10,9 cm i dimensjon. Føtene måler 19,6 x 7,1 cm i dimensjon. Arbeidshøgda på benken er om lag 70 cm. Langborda er festa til føtene med trenaglar. Benken har kilestramming og slissen for kilane er omlag 20 mm tjukk. Kiletappen er av bjørk. Skottbenken har høyrt til på garden og har truleg vore brukt saman med skottoksen.

Skottbenken på Krokstad i Bardu. Foten til venstre er tappa gjennom fotstokken. Foten til venstre er tappa ned i eit litt romt hol og har litt å gå på for stramming. Begge langborda har marg ut. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken på Krokstad i Bardu. Foten til venstre er tappa gjennom fotstokken. Foten til venstre er tappa ned i eit litt romt hol og har litt å gå på for stramming. Begge langborda har marg ut. Foto: Roald Renmælmo

Okshøvel eller skottokse?

Det finnast ein del skottoksar, altså okshøvelen med meiar, som er laga slik at meiane er høvla ut av same trestykket som resten av høvelstokken. Slik som vi kan sjå på skottoksen på Dølmotunet i ein tidlegare post. Likevel er det nok meir vanleg å finne skottoksar som har meiar som er limt, nagla eller spikra på. Det er mykje enklare å lage høvlane på denne måten og så er det lettare å rette av solen når det må gjerast. Det er bare å demontere meiane, høvle solen, og feste meiane på nytt. Når meiane er laga av same stykket så er det berre med semshøvel ein kan rette solen.

Her er ein okshøvel frå garden Krokstad i Bardu i Troms. Høvelen ser ut som ein vanleg okshøvel og har nok vore brukt som det store delar av tida. Foto: Roald Renmælmo
Her er ein okshøvel frå garden Krokstad i Bardu i Troms. Høvelen ser ut som ein vanleg okshøvel og har nok vore brukt som det store delar av tida. Foto: Roald Renmælmo
Solen av okshøvelen frå Krokstad i Bardu. Høvelen er 12" (norske tommar) lang som er vanleg lengd på ein skrubbokse.  På okshøvlar som har hatt påsette meiar som er nagla eller stifta så ser ein som regel hol langs kanten av solen etter det. Her er det ikkje spor etter slike. Foto: Roald Renmælmo
Solen av okshøvelen frå Krokstad i Bardu. Høvelen er 12″ (norske tommar) lang som er vanleg lengd på ein skrubbokse. På okshøvlar som har hatt påsette meiar som er nagla eller stifta så ser ein som regel hol langs kanten av solen etter det. Her er det ikkje spor etter slike. Foto: Roald Renmælmo

Okshøvlar har vore eit vanleg verktøy langt fram i tid. Også snikkarar som har byrja å arbeide lenge etter 2. verdskrigen har hatt okshøvel som eit vanleg verktøy. Det er lenge etter at det var slutt på den tida då skottbenkane var vanlege. Skottoksane med meiar var det ikkje bruk for når ein ikkje lengre høvla bord på skottbenken. Då er det meir enn ein snikkar som har fjerna meiane av den skottoksen og brukt han som vanleg okshøvel.

Okshøvelen frå Krokstad frå sida. Her kjem det fram hol etter naglar i sida. Det tyder på at høvelen har vore brukt som skottokse på ein skottbenk. Foto: Roald Renmælmo
Okshøvelen frå Krokstad frå sida. Her kjem det fram hol etter naglar i sida, dei er markert med raude piler på biletet. Det tyder på at høvelen har vore brukt som skottokse på ein skottbenk. Hola er etter trenaglane som har festa meiane. Foto: Roald Renmælmo

Det er då som regel berre hol etter naglar eller spikar i enten solen eller sida på okshøvelen som kan avsløre om han har vore brukt som skottokse tidlegare. På den strykehøvelen som vi tidlegare har skrive om var det påspikra lister på sidene. Truleg har listene hatt liknande utforming som det også på okshøvelen frå Krokstad i Bardu. Det er altså truleg ein skottokse vi ser på bileta, spora er berre litt annleis enn dei vi vanlegvis finn på slike.