Arne Høyland har på sin blogg eit døme på ein benk som han foreslår kan vere i slekt med skottbenken. Det er ikkje langbord på denne men eg kan sjå for meg at det er mogleg å bruke eit eller fleire lause langbord på ein slik benk.
Arne Høyland er ein ivrig bloggar og postar stadig om forskjellig spennande som han kjem over i sitt arbeid. No har han kome over ein spennande høvlebenk i Nordhordaland. Benken har klampar på undersida for å feste emna på kanten med kilar. Det er altså ein spesiell benk for å høvle og eventuelt hogge til emna på kanten. Ikkje ulikt ein skottbenk men utan rettbord.
For vidare lesing viser eg til bloggen til Arne Høyland.