Eg skal høvle golvbord til eit golv på kring 30 m2. Eg vil både dokumentere arbeidet undervegs og finne fram til aktuelle detaljar som eg vil undersøkje særleg. Eg har høvla fleire golv tidlegare og har også lært ein arbeidsmåte av Konrad Stenvold som hadde dette i tradisjon. Eg vil likevel freiste å sjå om eg gjennom arbeidet oppdagar detaljar som eg er usikker på eller som eg vil undersøkje nærare. Eg har skrive om materialen eg brukar og korleis denne er tørka. Eg har skrive om verktøyet eg brukar til arbeidet og korleis dette er laga. På bloggen om høvelbenken har eg og skrive om korleis eg har laga kopi av ein høvelbenk frå garden Helberg i Bardu. Denne benken nyttar eg til å høvle flask på dei første golvborda.
Før eg kunne ta til å pløye borda på skottbenken har eg brukt eit par dagar på å finjustere høvlane, rette langbord på skottbenken og konstruere ein ny type kilar for å spenne fast borda i skottbenken. Eg prøvehøvla ein del kortare bordbitar for å sjå korleis alt fungerte. Då var alt på stell når eg starta å høvle golvbord på onsdag i denne veka. Høvlane var nyslipt og alt var på stell. Eg gjorde nokre undersøkingar av tidsbruk på dei ulike delane av arbeidet for kvart bord. Då er det rein produksjonstid eg har registrert ettersom det gjerne vert ein del avbrekk i arbeidet når ein skal ta notat eller fotografere. I praksis går minst halvparten av tida til dette siste.


Pløyinga på skottbenken tok lengre tid enn flaskhøvlinga. Spesielt å høvle fjør tok lang tid. 48 min brukte eg på å høvle fjør på 3 bord. 36 min brukte eg på å høvle not på 3 bord. Total arbeidstid på skrubbhøvling av alle 6 borda var 22 min. 52min var tida eg brukte på sletthøvling av alle 6 borda. Før pløyinga var arealet av flasken på borda omlag 3,5 kvadratmeter. Denne tida er effektiv arbeidstid når alt er lagt til rette. Det er mange avbrot i arbeidet ettersom eg måtte ta tida, fotografere og notere. Det kunne vore interessant å prøve å gjere eit tilsvarande forsøk der eg ikkje dokumenterer men berre tar tida på 6 tilsvarande bord. Då for å rekne den totale arbeidstida med alle operasjonane. Kom gjerne med innspel på kva som kunne vore interessant å dokumentere med slikt arbeid. Kan film av arbeidet vere av interesse?
Høvlane eg har brukt ser ikkje ut til å vere nemneverdig slitte eller sløve etter denne arbeidsmengda. Eg satsar nok på å kunne høvle 1-2 tilsvarande parti med golvbord før eg tenkjer på å bryne ståla.