Ellev Steinsli er student på Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST og fast lesar av bloggen vår. Han er dør- og vindussnekker på Snekkeriet i Verdal og held på med eit prosjekt der han skal kopiere ein del dører med bruk av handverktøy. Han har tidlegare vore med på nokre av kursa som HiST har hatt på Sverresborg i snikring av dører og vindauge. Der har vi hatt tilgang på skottbenkar til arbeidet og dette saman med postane på bloggen har inspirert han til å lage ein variant av skottbenken til dør-snikring.

Skottbenken er også høveleg for å sage ut lange tappar på ramtreet. Benken er 75 cm høg på skottbenkdelen og 2,1 meter lang. Det passar bra for høvling av falsar og profiler på dørsnikring sidan ein då kan høvle det meste på kanten av emnet. Benken er i slekt med den tidlegare omtalte «Jarlebenken» som er ein kombinasjon av høvelbenk og skottbenk. Denne nye «Ellevbenken» blir då ein kombinasjon av skottbenk og langbenk. Langbenk har vi så langt ikkje skrive så mykje om, men han er med på biletet på posten frå julaften i fjor. Langbenken passar veldig godt til emne ein sit på eller set eine kneet på når ein arbeider. Typisk arbeid på slike er saging av kantar med stikksag, kanting med øks, flaskhøvling med okshøvel og hogging av tappar.

Etter inspeksjon av skottbenken på verkstaden har vi i Norsk Skottbenk Union beslutta at Ellev kvalifiserer for opptak. Han er med dette erklært som fullverdig medlem.
One thought on “Skottbenk som arbeidsbenk for dør-snikring”