Golvplogar og golvbord

Golvplog til not. Denne er frå verktøyet i kista etter snikkaren Knut Larsen Høis, Høs-Knut. Foto: Roald Renmælmo
Golvplog til not. Denne er frå verktøyet i kista etter snikkaren Knut Larsen Høis, Høs-Knut. Foto: Roald Renmælmo

I Norsk Skottbenk Union har vi hatt eit klart fokus på sjølve skottbenken. Vi har på bloggen skrive litt om skottoksen som har ein nøkkelfunksjon i samband med bruken av skottbenken.  Dei skriftlege kjeldene som omtalar skottbenken har gjerne fokus på høvling av golvbord og at det er det viktigaste bruksområdet til skottbenken. Då er det snakk om golvbord med not og fjør det er snakk om. Vi snakkar om å pløye golvbord og til det brukar vi golvplogar. Slike golvplogar er som regel i par, ein for not og ein for fjør, som sikrar at borda skal passe i hop. Det er mange ulike variantar av golvplogar og eg har skrive litt om golvplogane til Konrad Stenvold i Dividalen i Målselv i artikkelen, Handhøvling av golvbord, på jakt etter skottbenken, som ligg i litteraturoversikta på bloggen. Desse høvlane verkar saman med skottoksen og føreset at ein rettar bordkanten først med skottoksen og så pløyer anten not eller fjør.

Snikkaren Knut Larsen Høis, Høs-Knut (1799-1882), har etterlate seg ei kiste med verktøy som han og svigerbroen Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) har laga og brukt. I kista er det fleire golvplogar og mellom desse eitt sett. Desse høvlane har ei høveltann som er sett saman av to delar slik at ein kan skyte beint og pløye i same operasjon. For meg verkar det å vere fornuftig sidan ein sparer eit verktøy og ein arbeidsoperasjon. Om ein skal høvle eit stort golv kan det utgjere ei stor innsparing av arbeid. Det føreset at høvelstålet og høvlinga fungerer bra under arbeidet.

Til venstre er nothøvelen frå kista til Høs-Knut. Midt på biletet er høvelståla, til venstre det gamle og til høgre ein nysmidd kopi. Emnet ved sida av høvelen er til den nye høvelen som er under produksjon. Foto: Roald Renmælmo
Til venstre er nothøvelen frå kista til Høs-Knut. Midt på biletet er høvelståla, til venstre det gamle og til høgre ein nysmidd kopi. Emnet ved sida av høvelen er til den nye høvelen som er under produksjon. På benken ligg verktøy til merking av emnet, rissnål, gjervinkel, alenstokk og ripmot. Foto: Roald Renmælmo

Eg har starta arbeidet med å lage kopiar av golvplogane i kista til Høs-Knut. Dette arbeidet starta med å besøke smeden Mattias Helje og smi kopiar av høvelståla saman med han. Mattias har smidd ein del ulike høvelstål til meg tidlegare og var også med på seminaret vi hadde i Trondheim i haust. Han har derfor eit godt grunnlag for å smi slikt. Likevel er er det komplisert å lage eit sett med ploghøvelstål av denne typen. Det krev eit tett samarbeid mellom snikkar og smed undervegs i arbeidet.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: