Overflatebehandling på snikkarverktøy av tre

For ei tid sida hadde eg ein serie med bloggpostar som viser korleis eg gjekk fram for å lage meg ein ploghøvel til høvling av golvbord på skottbenk. Siste bilete i den siste bloggposten viser den gamle originale høvelen eg brukte som utgangspunkt for min kopi, saman med min nye trekvite høvel. Lesarar som har vore med oss her på bloggen over litt tid har nok fått med seg at vi har skrive litt om at gamle høvlar som regel har ei ganske fin overflatebehandling? Eg har også skrive ein bloggpost om nokre forsøk med å bruke tjære til overflatebehandling på høvlar.

Ein nylaga høvel som ikkje har noko form for overflatebehandling vil snart bli skitten og sjå mindre tiltalande ut. I tillegg vil høvelen lettare endre form som følgje av endringar i råme. Ei overflatebehandling bør derfor gjere det lettare å halde høvelen rein under vanleg bruk og verke stabiliserande i høve til fuktopptak. Kva type overflatebehandling som har vore vanleg på høvlar har truleg variert ein del over tid. Snikkaren Sjur Nesheim i Granvin hadde gjerne dei nylaga langhøvlane sine liggande i linolje over mange veker for at dei skulle trekke olja godt inn i treverket. På eldre høvlar, særleg dei av bjørk, ser det ut til å vere ei behandling som ligg utanpå treverket og som også tilfører ein farge.

Dei ferdige og prøvekjørte golvplogane vart først gnidd inn med kokt linolje som fekk tørke eit døgn. Så vart dei gnidd inn med ein fargeferniss med pigment. Først eitt strøk med eitt døgn tørking, så eitt strøk til og tørking. Her har dei fått eitt nytt strøk etter å ha vore i bruk i fleire månader. Foto: Roald Renmælmo
Dei ferdige og prøvekjørte golvplogane vart først gnidd inn med kokt linolje som fekk tørke eit døgn. Så vart dei gnidd inn med ein fargeferniss med pigment. Først eitt strøk med eitt døgn tørking, så eitt strøk til og tørking. Her har dei fått eitt nytt strøk etter å ha vore i bruk i fleire månader. Foto: Roald Renmælmo

Overlatebehandlinga på dei nylaga golvplogane mine har fått litt tid på seg i bruk og ser ut til å fungere greitt. Dei er gnidd inn med ein sjølvlaga linoljeferniss tilsett pigment. Blandinga er som følgjer:

1 dl. kokt linolje (kjøpt frå Claessons trätjära i Göteborg).

1 dl. pigment med denne ca. fordelinga: ½ dl brent terra da Sienna, ½ dl rå terra da Sienna.

1 ml. Corsik, tørkemiddel til linoljemaling.

Eg la først på eit strøk med rein kokt linolje som eg førte på med ei fille og tørka av overflødig olje. Dette fekk tørke eitt døgn før eg smurte på første strøk med linolje med pigment. Dette la eg også på med ei fille og tørka av overflødig olje og pigment. Dette fekk tørke eit døgn før ny behandling. Etter to strøk verka overflata å ha fått ein tydeleg farge. Pigmentet legg seg på botn av olja og må rørast i før bruk. Etter at høvlane har vore brukt i meir enn eit halvt år verka dei litt tørre i overflata og har fått eit nytt strøk med den same olja med pigment. Alt er påført med ei fille. Pass på at slike oljefiller er sjølvantennande og må må fjernast på ein sikker måte. Ein kan legge dei i vatn, eller som meg, kaste dei rett inn i vedomnen og brenne dei med det same.

Skottokse og golvplog
Til høgre er den eine golvplogen som er behandla som i beskrivelsen over. Til venstre er skottoksen min som eg laga for eit par år sidan. Denne smurte eg inn med limvatn. Limvatnet laga av beinlim, når eg skulle koke rein limpotta mi brukte eg vatnet til å smøre høvelen. Då fekk eg ei overflate som ikkje så lett vart skitten og som fungerte fint fram til eg fekk sett inn høvelen med linolje med pigment. Høvelen har vore smurt i fleire omgangar med variantar av tilsvarande blanding som golvplogen til høgre. Han tar likevel ikkje til seg så mykje farge på grunn av limbehandlinga. Foto: Roald Renmælmo
Skottokse og golvplog
Særleg i endeveden ser ein at behandling med limvatn hindrar olje og pigment å trenge inn i veden. På golvplogen til høgre ser ein at endeveden får ein tydeleg mørkare farge (og mattare) enn resten av overflata. På skottoksen til venstre er denne skilnaden merkbart mindre. Den er altså sett inn med limvatn før den har fått linoljeferniss. Foto: Roald Renmælmo

Overflatebehandling er ikkje mi sterke side, men eg ser at det er behov for å behandle høvlane eg lagar. Eg er ikkje i mål med å finne ei overflatebehandling som kjennast riktig i høve til det eg finn på mange av dei gamle høvlane. Det er mykje meir som må prøvast ut i tida framover. Likevel har eg fått til ei brukbar overflate på ein del av høvlane som eg har i bruk. Også høvlane som er sett inn med tjære fungerer til ei vis grad. Eg er takksam for synspunkt og gode råd på dette emnet. Er det andre som har gjort nyttige erfaringar de vil dele med oss på bloggen?

Høvelmaking, forming av handtak og sluttføring

Som dei føregåande postane dei siste dagane så er denne også om framgangsmåten for å lage golvplog med utgangspunkt i eit sett med originale plogar frå fyste halvdel av 1800-talet. Høvelen er funksjonell men handtaka skal formast til og kantane på høvelen skal rundast som på den gamle høvelen. Klikk på bileta for å opne dei i visningsmodus og få fram teksten som høyrer med.

No gjenstår overflatebehandling av høvelstokken før denne er ferdig. Då er det berre å slipe høvelstålet og prøvekjøre høvelen. Som regel blir det litt småjustering av kile og slikt i samband med prøvekjøringa. Det er også sentralt at dei pløgde borda passar nøyaktig saman. Det blir også ein del av prøvekjøringa, å sjå om det må til justering på høvlane.

Høvelmaking, grading av handtak

Handtaka på okshøvlar kan festast på ulike måtar til stokken. Dette er eit kritisk punkt på høvlane og det er som regel handtaka som først blir øydelagde på slike høvlar. På høvelen eg kopierer er handtaka felt inn i eit gradspor i høvelstokken. Gradsporet er svakt konisk, det er ca 1 mm breiare i eine enden. Når handtaka er høvla tilsvarande konisk kan ein tre dei inn frå sida. På originalhøvelen er det spor etter at handtaka er gradhøvla før dei er forma til som handtak. Eg tolkar det som at dei er tilpassa til høvelstokken først og så forma til. Då kan dei ha litt ekstra lengd for å justerast når dei er ferdige. Biletserien verkar som dei førre, klikk på bilete du ynskjer å sjå og bruk piltastane for å gå mellom dei ulike bileta.

Høvelmaking, kile og justering av sponrom

Ein høvel må ha ein kile som låser høveltanna godt og som ikkje stoppar høvelspona på tur opp gjennom sponrommet. Kilen må ligge plant mot høveltanna og passe godt i kilegangen. For å få til dette er det lurt å sjekke om høveltanna er rimeleg flat oppå. Om ho er det kan du høvle kilen plan på det som vert undersida og det gjer arbeidet mykje enklare. Elles må du kanskje justere kilen etter tanna. Det er også viktig at høveltanna er tilpassa godt til senga og ligg stødig. Er tanna ujamn så må du justere senga etter det. Er tanna for ujamn kan det løne seg å slipe eller file til tanna på undersida. Det er ikkje uvanleg å sjå spor etter slik filing på undersida av gamle høvelstål. Framsida av kilegangen må vere mest mogleg plan, ha same koning på begge sider og helst vere like stor på begge sider. Er den ikkje det må du kanskje justere kilen etter korleis det ser ut, eventuelt justere kilegangen. Billedserien viser framgangsmåten for å lage kilen til høvelen. Klikk på bileta for visningsmodus. Du kan bruke piltastane på tastaturet for å gå fram og tilbake.

Høvelmaking, høvling av profil i sålen

Når høveltanna er ferdig tilpassa er det klart for å høvle profilen i sålen. Dette er eit arbeid som må gjerast særs nøyaktig for at høvelen skal fungere godt. Ein god flyttplog, ein ploghøvel med stillbart land er nesten nødvendig for å få til dette arbeidet. Er du ikkje venn med ploghøvelen din på førehand så er ikkje denne høvlinga egna til å prøve den ut. Utprøving av høvelen må gjerast på førehand. Vanlege feil med slike høvlar er at landet ikkje er beint, at skøyta under ikkje er bein og at stålet ikkje sit godt eller passar til høvelen. Har du ein flyttplog med stillbar stopp på djupna så er det praktisk til dette arbeidet.

Høvelmaking, innfelling av vesletanna

Så langt er arbeidet med høvelen ganske likt slik det er for alle sletthøvlar og dei fleste høvlane med sponutkast midt på. Det som er spesielt på denne høvelen er den samansette høveltanna, den vesle tanna i midten som på denne høvelen justerer høgda på fjøra. Denne tanna er festa til hovudstålet med ein liten skruve for at det skal gå an å ta ståla frå kvarandre når dei skal slipast. Det er ikkje noko form for justering på denne festemåten så all lengdejustering må gjerast  ved å slipe riktig lengde på vesletanna i høve til den store tanna.

Høvelmaking, hogging av sponrom

Golvplogen i den førre posten, Høvelmaking oppmerking, er klar til å hogge ut for sponrom og kilegang. Her tappar ein ut etter dei merka som er sett av utvendig på høvelstokken. Over og under har ein merke som ein styrar etter og må halde seg innanfor. Merka på sidene må ein sikte etter. Særleg kan det vere krevjande å halde retninga på den 45 graders vinkelen på senga til høveltanna. Her er det lett å kome for djupt og då kan det bli så alvorlege feil at ein må kassere emnet. Bilete og forklaringar til vidare arbeid kjem i ein seinare post. Klikk på miniatyrbileta for å få opp visningsmodus og bruk gjerne piltastane på tastaturet for å gå til neste bilete.

Høvelmaking, oppmerking

Ein del av arbeidet mitt med å studere snikkarhandverket i første halvdel av 1800-talet har vore å lage kopiar av dei originale høvlane i verktøykista etter Knut Larsen Høis (1799-1882). Målet med det er både å få fungerande kopiar som eg kan bruke i mitt arbeid med snikring og å få studert dei originale høvlane gjennom kopieringa. I arbeidet har eg funne spor på dei gamle høvlane, spor eg tolkar inn i samanheng med korleis høvelen kan vere laga. Det er slikt som spor etter ripmot og rissnål for merking. Det er i seg sjølv eit spor som tyder på at høvelstokken har vore ganske ferdig høvla til før ein merka opp for arbeidet. Ut frå slike spor har eg prøvd å finne fram til ein arbeidsmåte og verktøy til å lage høvlar slik eg tenkjer meg at det kan ha vore gjort.

Eg vil vise arbeidet med å lage ein kopi av ein golvplog frå verktøykista, ein golvplog spesielt til skottbenken. Posten viser merkinga av høvelstokken frå ferdig retta, vinkla og dimensjonert emne. Emnet av bjørk er 70 mm bredt, 58 mm høgt og 340 mm langt, 2 11/16″ x 2 ¼» x 13″ i norske tommar. Ferdig lengde blir ca 315 mm (12″) medan dei andre måla er ferdige mål og skal ikkje justerast. Det kjem seinare postar som visar resten av arbeidet med høvelen. Dette er ein relativt komplisert høvel å lage som sin første høvel. Eg har organisert arbeidet og bileta slik at heile denne første serien viser framgangsmåten slik det vil vere på dei fleste høveltypane. Det bør vere overførbart til andre høvlar. Biletserien er eit forsøk på å formidle arbeidsprosessen på ein slik måte at det skal vere mogleg å arbeide ut frå det. Prøv gjerne om det fungerer og gi meg gjerne tilbakemelding. Du kan kommentere enten i posten eller under kvart enkelt bilete. Klikk på  bileta for å vise store bilete med tekst.

Høvelmaking og golvplog

Golvplogane i verktøykista til Knut Larsen Høis (1799-1882). Plogane har stemplet til hans svigerbror, Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) som truleg har laga dei og brukt dei før Knut overtok dei. Høvlane har meiar på sida for å brukast i skottbenk og er fungerer slik at ein slepp å rette borda først med skottoksen. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogane i verktøykista til Knut Larsen Høis (1799-1882). Plogane har stemplet til hans svigerbror, Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) som truleg har laga dei og brukt dei før Knut overtok dei. Truleg har Jon Sørgård laga og brukt høvlane til høvling av golvborda i Bardu kyrkje i 1828. Høvlane har meiar på sida for å brukast i skottbenk og er fungerer slik at ein slepp å rette borda først med skottoksen. Foto: Roald Renmælmo

Høvling av not og fjør på golvbord er det mest vanlege arbeidet ein nyttar skottbenken til. Ein skottbenk utan fungerande golvplogar er derfor ikkje komplett. Eg har frå før nokre ulike sett med golvplogar og dei første laga eg for 12 år sida som kopi av høvlane til Konrad Stenvold. (Renmælmo, 2013) Desse er eit par, ein fjørhøvel og ein nothøvel, som passar i hop. Når eg skal høvle golvborda er det nødvendig å skye bein kantane av borda med skottoksen før eg høvlar not eller fjør. Dette gjer at det blir ein ekstra arbeidsoperasjon for kvar kant av golvbordet som skal høvlast. Golvplogane i verktøykista etter snikkaren Knut Larsen Høis (1799-1882) har  løyst dette problemet. Her er det i kvar av høvlane ei høveltann som er sett saman av to stål. Fjørhøvelen har ei brei tann med spalte og så ei lita tann i spalta som skyt bein kanten på fjøra. Nothøvelen har også ei brei tann med spalte som skyt kantane på sida av nota, og ei lita tann som stikk fram og høvlar botn på nota.

Nothøvelen med tann og kile tatt ut. Det vesle stålet som står i spalta kan skruvast laus for at ein lettare kan slipe ståla. Foto: Roald Renmælmo
Nothøvelen med tann og kile tatt ut. Det vesle stålet som står i spalta kan skruvast laus for at ein lettare kan slipe ståla. Foto: Roald Renmælmo
Sponromm og kilegang på fjørhøvelen. Det vesle stålet i spalta ligg på undersida og må fellast ned i senga. Foto: Roald Renmælmo
Sponromm og kilegang på fjørhøvelen. Det vesle stålet i spalta ligg på undersida og må fellast ned i senga. Her er det tappa ut for å gi stålet nødvendig rom.  Foto: Roald Renmælmo
Handtaka er festa til høvelstokken med ei gradspor som dei er tredd inn i frå sida. Sporet er ca 1 mm breiare i eine sida (over 70 mm lengde) for at handtaket kan slåast inn frå sida og sitte godt fast. Handtak og gradspor er merka med blyant for at dei ikkje skal bytast om. Ut frå det kan vi slutte at dei to handtaka er individuelt tilpassa. Handtaka har også vore limt med hornlim ein eller annan gong. Det treng ikkje å vere originalt. Foto: Roald Renmælmo
Handtaka er festa til høvelstokken med eit gradspor som dei er tredd inn i frå sida. Sporet er ca 1 mm breiare i eine sida (over 70 mm lengde) for at handtaket kan slåast inn frå sida og sitte godt fast. Handtak og gradspor er merka med blyant for at dei ikkje skal bytast om. Ut frå det kan vi slutte at dei to handtaka er individuelt tilpassa. Handtaka har også vore limt med hornlim ein eller annan gong. Det treng ikkje å vere originalt. Foto: Roald Renmælmo
I ein tidlegare post har eg skrive om smiing av høvelståla til golvplogane. Desse ståla er ferdig tilpassa og klare til bruk. Her er nytt og gamalt stål ved sida av den originale høvelen og emne til kopi. Vinkel, rissnål, alenstokk og ripmot er verktøyet som skal brukast til å merke opp emnet. Foto: Roald Renmælmo
I ein tidlegare post har eg skrive om smiing av høvelståla til golvplogane. Desse ståla er ferdig tilpassa og klare til bruk. Her er nytt og gamalt stål ved sida av den originale høvelen og emne av bjørk til kopi. Vinkel, rissnål, alenstokk og ripmot er verktøyet som skal brukast til å merke opp emnet. Foto: Roald Renmælmo
Den eine plogen er ferdig, nothøvelen. Han har fått stempel med mine bokstavar men har ikkje fått sin ferniss og er såleis ikkje heilt klar til bruk. Foto:  Roald Renmælmo
Den eine plogen er ferdig, nothøvelen. Han har fått stempel med mine bokstavar men har ikkje fått sin ferniss og er såleis ikkje heilt klar til bruk. Foto: Roald Renmælmo

Det er vesentleg at paret av golvplogar fungerer slik at golvborda passar saman. Derfor er det heilt sentralt å vere nøyaktig både i arbeidet med å slipe til ståla, og å hogge ut kilegang og seng så stålet ligg stabilt og stødig. Eg vil i ein seinare post gå gjennom arbeidsmåten som eg nyttar til fjørhøvelen som enda gjenstår å få ferdig.

Kjelder

Renmælmo, Roald. «Handhøvling av golvbord, på jakt etter skottbenken», artikkel i Kulturarvets hantverk, Jamtli forlag, 2013

Høvelstål til golvplogar

Smeden Mattias Helje smir høvelstål til golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Smeden Mattias Helje smir høvelstål til golvplogar. Her smir han til det vesle stålet som er tilpassa spalta i hovudstålet. Foto: Roald Renmælmo

Høvelståla til ploghøvlane frå verktøykista til Høs-Knut er truleg smidd av ein lokal smed, anten i Østerdalen eller i Bardu. Det er ikkje smedstempel på dei. Dei to delane av stålet er smidd kvar for seg og tilpassa til kvarandre. Desse vert helde saman av ein skruve. Skruven er også smidd og truleg gjenga av smeden.

Mattias Helje smidde til emna til ståla. Eg grovslipte desse før herding. Mattias herda ståla og så gjorde eg finjustering av tilpasninga. Det vesle stålet i spalta må passe nøyaktig for å at det ikkje skal hekte seg høvelspon her. I tillegg må dei to ståla, til not og til fjør, passe nøyaktig saman for at golvborda skal gå i hop. Dette er eit presisjonsabeid som tar litt tid og krev skarpe filer og konsentrasjon. Det er nødvendig å gjere siste justering etter herding sidan stålet som regel endrar litt form under herdinga.

Høvelstålet til den eine nothøvelen i kista til Høs-Knut. Ståla er laminerte, det vil seie at det er lagt stål på framsida av stålet og så er dette smisveisa saman. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstålet til den eine nothøvelen i kista til Høs-Knut. Ståla er laminerte, det vil seie at det er lagt stål på framsida av stålet og så er dette smisveisa saman. Foto: Roald Renmælmo
Å hogge ut ei nøyaktig spalte i hovudstålet er eit krevjande arbeid. Vi grovslipte denne før herding. Her ligg delane til ståla til ploghøvlane. Foto: Roald Renmælmo
Å hogge ut ei nøyaktig spalte i hovudstålet er eit krevjande arbeid. Vi grovslipte denne før herding. Her ligg delane til ståla til ploghøvlane. Foto: Roald Renmælmo
For å få nøyaktig tilpassing av høvelståla merka eg opp og filte til forma. Grovfilinga før herding og nøyaktig finpuss etter herding. Herda stål er hardt å file så det gjer ein minst mogleg. Foto: Roald Renmælmo
For å få nøyaktig tilpassing av høvelståla merka eg opp og filte til forma. Grovfilinga før herding og nøyaktig finpuss etter herding. Herda stål er hardt å file så det gjer ein minst mogleg. Foto: Roald Renmælmo
Mattias smidde emnet til skruve som eg fekk med meg heim til Målselv. Her gjenga eg opp emnet med ein gjengebakke som skjer gjengar. Dette er nok litt meir moderne enn på originalen men det gjer nytta. Foto: Roald Renmælmo
Mattias smidde emnet til skruve som eg fekk med meg heim til Målselv. Her gjenga eg opp emnet med ein gjengebakke som skjer gjengar på ¼» rundt emne. Dette er nok litt meir moderne verktøy enn det som var brukt på dei originale ståla. Foto: Roald Renmælmo