Høvelmaking, innfelling av vesletanna

Så langt er arbeidet med høvelen ganske likt slik det er for alle sletthøvlar og dei fleste høvlane med sponutkast midt på. Det som er spesielt på denne høvelen er den samansette høveltanna, den vesle tanna i midten som på denne høvelen justerer høgda på fjøra. Denne tanna er festa til hovudstålet med ein liten skruve for at det skal gå an å ta ståla frå kvarandre når dei skal slipast. Det er ikkje noko form for justering på denne festemåten så all lengdejustering må gjerast  ved å slipe riktig lengde på vesletanna i høve til den store tanna.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

7 thoughts on “Høvelmaking, innfelling av vesletanna

  1. Väldigt bra Roald!!
    Väldigt pedagogiska bilder och nyttig information på ett lättförståeligt skrivet sätt!!
    Mvh Pierre

    Likar

    1. Takk skal du ha Pierre!
      Det er veldig nyttig med slike kommentarar, særleg sidan dette er eit forsøk på å forklare arbeidsmåten eg har kome fram til. Målet er at informasjonen skal vere lettforståeleg og nyttig. Det passar kanskje best for den som skal lage seg høvel?

      Kanskje eg kunne ha valt ein enklare type høvel og forklare arbeidsmåten med den først?

      Med vennleg helsing Roald

      Likar

  2. Takk skal du ha Jarle.

    Det har blitt litt høvelmaking den siste tida, det nye er å fotografere arbeidet slik at andre kan sjå det som blir gjort. Eg høyrer rykte om at du har planar om å få smidd nokre tilsvarande høvelstål? Kanskje du vil prøve å lage tilsvarande høvlar?

    Med vennleg helsing Roald

    Likar

    1. Flott at du tar deg tid til å dokumentere og dele med deg. Har planer om et tilsvarende sett golvploger, og håper å få med meg Øystein Myhre på det prosjektet. Som du kjenner til har eg frå før laga et sett som fungerer på samme måte men der den lille tanna er plassert foran den store i ein egen kilegang.
      Det er for tida på utlån sammen med skottbenken min til noen lokale håndverkerer som enkelt lot seg overbevise om hvor effektiv denne teknologien er.

      Likar

      1. Hei Jarle
        Det er flott at du spreier skottbenken sitt glade bodskap til folket. Eg reknar med du tipsar dei om Norsk Skottbenk Union og bloggen også?

        Har du ein konkret modell, eller gamal original, som du vil få Øystein til å smi kopi av? Eg har nokre originale som kan lånast om det er aktuelt?

        Eg har også gjengeverktøy for ¼» skruvar av den moderne typen som du kan sjå på ein av dei tidlegare postane. Det er eit verktøy som skjer ut gjengane. Vi skulle eigentleg hatt skruvar av den eldre typen der gjengane blir dradd ut.

        Med vennleg helsing Roald

        Likar

  3. Skulle gjerne sett og dokumentert fleire originale høvler. Kanskje det er andre lesere av bloggen som kjenner til fleire eksemplar?
    Som gammal skrotnisse har eg naturligvis samla på meg gjengeverktøy med tommemål av beste sort svensk stål. Ein veit aldri når slikt kan komme til nytte…
    Om eg bare kunne finne det gamle gjengeverktøyet av «steikespademodell» skulle det til og med bli råd med pressa gjenger.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s