Golvplogen i den førre posten, Høvelmaking oppmerking, er klar til å hogge ut for sponrom og kilegang. Her tappar ein ut etter dei merka som er sett av utvendig på høvelstokken. Over og under har ein merke som ein styrar etter og må halde seg innanfor. Merka på sidene må ein sikte etter. Særleg kan det vere krevjande å halde retninga på den 45 graders vinkelen på senga til høveltanna. Her er det lett å kome for djupt og då kan det bli så alvorlege feil at ein må kassere emnet. Bilete og forklaringar til vidare arbeid kjem i ein seinare post. Klikk på miniatyrbileta for å få opp visningsmodus og bruk gjerne piltastane på tastaturet for å gå til neste bilete.
Arbeidet med å hogge ut sponrom og kilegang gjer eg på høvelbenken min som er kopi av høvelbenken frå Eggagården på Røros. Den har ikkje baktang. I staden har den ein benkehake som har spisse tenner og som ein støytar emnet mot for å halde det på plass under arbeidet. Benkehaken er smidd av den svenske smeden Bertil Parmsten. Foto: Roald Renmælmo
Benkehaken har stamme som er firkanta og konisk og står i eit tilsvarande konisk firkanta hol i høvelbenken. Eg slår med klubbe for at emnet skal bite seg fast i benkehaken. Foto: Roald Renmælmo
Grovarbeidet er det godt å gjere med eit kraftig hoggjarn. Dette er eit 1″ hoggjarn som er smidd av Øystein Myhre. Det er laga etter ein eldre modell. Klubba er gamal og frå Granvin i Hardanger. Hovudet er av ei furu rikule og skaftet av bjørk. Foto: Roald Renmælmo
Eg startar med å hogge meg ned i det som blir framkant av kilegangen. Foto: Roald Renmælmo
Vidare hogger eg ut spona for å kome litt djupare. Alt her må ein passe godt på for å ikkje hogge seg ned i kilegangen. Foto: Roald Renmælmo
Eg hogger meg gradvis bakover og prøvar så tidleg som mogleg å lage ei referanseflate som har 45 graders vinkel for det som blir senga for høveltanna. Foto: Roald Renmælmo
Det meste grovarbeid er gjort. Eg har satt att litt ved frå streken til reinskjering. I slike samanhengar er det særs viktig å ikkje kome innom streken med følgje planet på godsida av streken. I framkant passar eg på å ikkje hogge for langt fram men siktar i høve til sponåpninga under sålen. Foto: Roald Renmælmo
Det er lurt å kontrollere djupet og vinklane undervegs. Det kan gjerast med ein tommestokk. Foto: Roald Renmælmo
Her held eg tommestokken med same mål på utsida av høvelstokken for å kontrollere. Dette er djupt nok. Foto: Roald Renmælmo
No er grovarbeidet i kilegang og sponrom ferdig. Då snur eg høvelen med sålen opp. Sponåpninga er eit kritisk område og her blir det lett for stor åpning. Eg startar med å hogge meg ned litt frå streken i bakkant, det som blir nederst i senga. Eg held tappjarnet litt på skrå bakover for at det ikkje skal arbeide seg inn mot streken. Foto: Roald Renmælmo
Så hogg eg ut frå framkanten. Først med jarnet med slipefasen ned. Foto: Roald Renmælmo
Så snur eg jarnet med slipefasen opp og stikk reint og prøvar å få same vinkel som merkinga på sida av stokken. Her set eg att litt ved inn til streken. Foto: Roald Renmælmo
For å kome gjennom siste biten mellom sponåpning og sponrom kan det vere praktisk å bore seg nokre hol. Denne borevinna og navaren er laga etter gamle modellar. Foto: Roald Renmælmo
Eg set navarspissen i botn av uthogginga mi i sponåpninga og siktar etter linja på sida av høvelstokken for å få retninga. Foto: Roald Renmælmo
Her ser ein første holet som er bora gjennom. Foto: Roald Renmælmo
Målet er å treffe i rette vinkelen og kome ut i sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Eg borer fleire hol, så tett som eg kan med navaren. Legg merke til at eg er forsiktig med å ikkje bore for langt ut mot kvar kant. Foto: Roald Renmælmo
Eit tynnare tappjarn høver godt for å hogge ut veden mellom borhåla frå undersida. Foto: Roald Renmælmo
Med eit kraftig stemjarn stikk eg reint inni sponrommet mot hola som er bora. Foto: Roald Renmælmo
Her er sponåpninga grovskore til omlag ferdig storeik. Senga er skore plan mellom merka på oppsida og på sålen. Foto: Roald Renmælmo
For å gjere arbeidet lett er det bra å ha nokre ulike stemjarn til dette arbeidet. Det breie er stivt og godt for å stemme plane flater. Det smale er ikkje breiare enn at det går i sida på kilegangen. Jarnet til høgre har skrå egglinje og knivslipt og er praktisk for å kome til på sidene inni sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Reinskjering av sida av sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
For å få kilegangen så presis som mogleg er det praktisk med ei lita stikksag som denne. Saga er laga av 1 mm tjukt bandsagblad som eg har filt fram tenner på. Tennene er litt skråfilte og verkar på drag. Det er ikkje vik på tennene med bladet er slipt litt tynnare i ryggen. Eg festar emnet med killingfot, denne er smidd av Øystein Myhre. Foto: Roald Renmælmo
Eg startar med å sage ut framkanten av kilegangen. I bakkant følgjer eg kanten av sponåpningen og i framkant styrer eg etter streken og støttar saga med fingertuppen under saging. Foto: Roald Renmælmo
Så sagar eg ut i bakkant. Her legg eg sida av saga an mot senga og passar på at saga ikkje arbeider seg inn. Foto: Roald Renmælmo
Her er høvelstokken frå undersida. I øverkant av sponåpninga har eg saga og skore ut veden. Legg merke til at eg har att litt til streken. I underkant har eg saga til rett djup, ca 0,5 mm frå streken. Foto: Roald Renmælmo
Her brukar eg det smale stemjernet og skjer ut spona mellom sagskåra frå undersida av høvelstokken. Her er det lett å skade framkant av kilegangen. Foto: Roald Renmælmo
Kilegangen er ferdig på høgre side. På senga har eg skore heilt ned til streken og fått planet rett. I sidene av kilegangen står det att litt ved. På ein vanleg sletthøvel ville eg tatt heilt til streken her også. Sidan dette er ein golvplog og stålet må ligge heilt fast så justerer eg sidene ved å prøve stålet. På venstre side har eg saga etter feil strek og må ta ut meir ved fram til streken. Foto: Roald Renmælmo
Her prøvar eg stålet og ser til at det er passe trongt. Erfaringa var at eg kunne skore inn til streken med ein gong. Foto: Roald Renmælmo
Frå undersida brukar eg det smale stemjarnet og er særs nøye med å få god tilpassing av stålet. Også her er merkinga mi nøyaktig nok til at det blir passe trongt. Foto: Roald Renmælmo
Her er stålet tilpassa. Særleg om stålet har slipt egg er det lurt å ikkje bruke for mykje makt når ein prøvar stålet i kilegangen. Med litt for mykje makt så arbeider det seg inn i sida og kilegangen blir rom. Foto: Roald Renmælmo
Her er stålet frå undersida. Eg kom nøyaktig på strekane mine når stålet var ferdig tilpassa. Foto: Roald Renmælmo
Sponromma på høvlar kan ha mange ulike slags utforming. Nokre av dei kan vere greie å hogge ut samstundes med at ein hogger ut kilegangen. Eg har valt å gjere ferdig kilegangen før eg hogger ferdig sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Framkanten av sponrommet er runda nedover. Grovarbeidet kan gjerast ved å hogge ut med ein vanleg hoggjarn. Siste finpuss kan vere praktisk å gjere med eit stemjarn med butt sliping (gjerne 50 grader) eller konveks slipfas og arbeide med fasen ned. Foto: Roald Renmælmo
Som ei støtte i arbeidet går det an å lage seg ein mal for sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Prøving av sponrommet med malen. Foto: Roald Renmælmo
Forfattar: Roald Renmælmo
Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.
Vis alle innlegg av Roald Renmælmo