Når høveltanna er ferdig tilpassa er det klart for å høvle profilen i sålen. Dette er eit arbeid som må gjerast særs nøyaktig for at høvelen skal fungere godt. Ein god flyttplog, ein ploghøvel med stillbart land er nesten nødvendig for å få til dette arbeidet. Er du ikkje venn med ploghøvelen din på førehand så er ikkje denne høvlinga egna til å prøve den ut. Utprøving av høvelen må gjerast på førehand. Vanlege feil med slike høvlar er at landet ikkje er beint, at skøyta under ikkje er bein og at stålet ikkje sit godt eller passar til høvelen. Har du ein flyttplog med stillbar stopp på djupna så er det praktisk til dette arbeidet.

Tanna på min flyttplog er bare 7 mm brei så eg høvlar sporet på 10.5 mm i to omgangar på bredda. Eg har laga meg eit anlegg for pløyinga ved å spenne fast ein 2″ x 6″ med killingfoten og støytt mot eine sida av benkehaken. Då får eg andre sida av benkehaken til å støyte emnet mot. Det er viktig å ha god støtte i sida. Foto: Roald Renmælmo

Min flyttplog har ikkje justerbar stopp på djupna. Eg høvlar då kvart høveltak i heile lengda frå bakenden til framenden og prøvar å halde jamntjukke spon. Når eg då høvlar ned til merket for djupna i begge endar så veit eg at det er høveleg rett i botn av sporet. Det krev litt øving å halde flyttplogen rett så ikkje tanna riv i sida av sporet. Prøv først på ein prøvebit. Killingfoten som held fast sidestøtta er smidd av Mattias Helje etter ein svensk modell. Foto: Roald Renmælmo

Planet mellom meiane på høvelen er 3/16″ (5 mm) djupare enn planet på meiane. Eg brukar klossen som utgjer sidestøtta som prøvekloss for innstilling av flyttplogen. Eg stiller inn høvelen og høvlar opp eit spor. Så held eg høvelstokken mot dette sporet for å sjå om det passar med merkinga mi. Foto: Roald Renmælmo