Det nærmar seg Håndverksdager på Røros. Det har vel lesarane av bloggen fått med seg sidan det har stått i oversikta over hendingar i høgre marg sidan tidleg i vår? I år skal eg halde kurs i høvling og legging av golvbord. For mange av deltakarane vert det nok det første møtet med skottbenken og det verktøyet som høyrer til arbeidet. Deltakarane vil få tilsendt ei liste over kva verktøy det kan vere bra å ha med seg. For dei utan kjennskap til slikt arbeid og verktøy så vil nok ei slik liste vere vanskeleg å forstå? Eg vil difor ha med bilete av aktuelt verktøy og gi ei lita forklaring på bruken av det. Eg går gjennom verktøyet i den rekkjefølgja som det vanlegvis vert brukt. Klikk på bileta i galleria for å vise billedteksten. Gå mellom bileta med piltastane på tastaturet.
Kanting av bord
Borda kan vere grovkanta på førehand eller dei er med vankant etter gjennomskur. Då er det som regel greiast og grovkante borda før ein skal høvle flask. Sotsnor eller kritsnor er det vanlegaste for å merke ei rett line for å sage eller hogge etter. Alternativt kan ein risse eller streke etter eit rettbord.
Ei gamaldags sotsnor med hampesnøre og pjeks for å feste i endeveden er ekstra stas å bruke men ei vanleg kritsnor fungerer også bra. Foto: Roald Renmælmo
Ei vanleg snikkarbile høver godt til å hogge kantar på bord som ikkje har for mykje stor kvist. Ei slik bile kan gjerne vere mellom 1,2 og 1,6 kilo tung. Foto: Roald Renmælmo
Det kan ofte vere bra å sage kanting på borda. Då er ei gamaldags breisag av den store typen (ca 90 cm lang) det beste. Saga må ha langvedtanning. Ei stikksag (snikkarsag) med langvedtanning fungerer også fint til slik saging. Foto: Roald Renmælmo
Høvling av flask
Når borda er grovkanta er det klart for å høvle flasken. Det vil seie at rettsida (margsida) av bordet skal høvlast rett og plant. Etter tørk er det som regel ein del troing på borda og dette må høvlast slett før vi kan kante og pløye borda. Avhengig av kor mykje troing det er på borda bør vi ha høvlar med ulike eigenskapar for å gjere arbeidet lettare. Det mest effektive er å vere to mann som høvlar saman med ein okshøvel, ein høvel med 4 handtak. Det er også greitt å bruke vanlege sletthøvlar om ein skal arbeide aleine. Sletthøvlane bør då ikkje vere for breie for då vert det tungt å arbeide med dei. Under er ei oversikt over dei mest vanlege høvlane for å høvle flask. Ein alenstokk eller ei rett list er praktisk å ha for å bruke som rettholt når ein skal kontrollere om borda er plane nok.
I prinsippet kan alle høvlar med plan sole nyttast til å høvle flask. Desse høvlane er kopiar av høvlar frå første halvdel av 1800-talet og er laga spesielt med tanke på å fungere saman i ein samanheng. Frå høgre, skrubboksen, ein kort slettokse, ein lang slettokse og langhøvelen. Foto: Roald Renmælmo
Skrubboksen har lengde på kring 13″ og har ei tann som er litt over 2″ brei. Det kan gjerne vere ei ganske stor sponopning på slike høvlar, denne har nærare ¼» sponopning for å kunne høvle grovt. Dette er den første høvelen vi brukar for å gjerne grovarbeidet. Foto: Roald Renmælmo
Dette er ein kort slettokse, kring 12″ lang og høveltann på knapt 3″. Den store bredda gjer at det er lettare å høvle borda plane og slette. Slike høvlar kan ikkje stillast for grovt for då vert det for tungt å høvle. Dei er til sletthøvling etter at grovarbeidet er gjort. Foto: Roald Renmælmo
Denne slettoksen er kopi av ein høvel frå Frihetsli i Målselv. Det var ein høvel som Konrad Stenvold hadde brukt til sletthøvling av golvbord. Høvelen har tann som er ca 3″ brei og høvelen er 14 ½» lang. Med denne høvelen er det lett å få borda plane og rette. Foto: Roald Renmælmo
Ein langhøvel kan vere bra om ein vil ha ekstra slette og fine golv. Denne er ein alen lang og har stål som er 2 ⅛» brei. Foto: Roald Renmælmo
Desse høvlane er utforma slik at det er lett å sjå skilnaden på dei. Det er vanleg med okshøvlar som er ein mellomting mellom skrubbokse og slettokse. Vi kan likevel optimalisere dei for eitt av arbeidsområda. Det er i hovudsak gjennom måten vi sliper høvelstålet på at vi kan endre eigenskapane til høvelen. I tillegg er det særleg viktig at sålen på ein høvel som skal nyttast til sletthøvling (eller pusshøvling) må vere plan og bein. På ein sletthøvel kan det også vere bra om ikkje sponopninga er for stor. Høvelstål er som regel slipt slik at det blir ein liten boge på egglinja for at høvelstålet skal ta mest på midten og ikkje lage striper etter hjørna av høvelstålet.
På skrubboksen er det nødvendig å kunne stille høvelstålet til å ta grove spon. Når eg legg rettholt på solen over midten på tanna så viser den at tanna står ut ca 0,4 mm. Foto: Roald Renmælmo
Egglinja er slipt slik at når høvelstålet står ut ca 0,4 mm midt på så ligg hjørna akkurat under planet på sålen. Foto: Roald renmælmo
Spona eg høvlar med tanna stilt på denne måten blir ca 0,5-0,6 mm tjukk på midten. Foto: Roald Renmælmo
I kanten er den same spona bare 0,05 mm tjukk og går heilt ut i null. Dette gjer at spona går uhindra gjennom sponrommet og ikkje lagar krøll. Foto: Roald Renmælmo
Slettoksen har ei egglinje som er mykje rettare enn skrubboksen. Her kan vi ikkje stille så grovt at høvelen tar ei spon som er 0,5 mm tjukk utan å få trøbbel. Foto: Roald Renmælmo
Egglinja på høvelstålet på langhøvelen er også ganske rett slik som på slettoksen. Her ser vi korleis høvelspona blir når eg stiller tanna så grovt at stålet tar i heile bredda. Spona får ikkje plass i bredda til å kome fritt gjennom sponrommet. Då vert det slike krøllar som vi ser her. Spona er ca 0,3 mm tjukk. Foto: Roald Renmælmo
Langhøvelen kan stillast for å ta riktig tynne spon. Denne er ca 0,05 mm tjukk. På så fint stille kan ein få ei veldig glatt overflate men det tar lang tid å høvle. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenkhøvlar
Felles for høvlane som vert brukt med skottbenken er at dei er spesielt tilpassa å høvle kant på borda. Dei har også meiar/lister som fungerer som djubdestopp. Slike høvlar finnast i ei rekke variantar men eg vil vise nokre vanlege.
Frå venstre, skottokse, og to golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Frå venstre, skottokse og to golvplogar med sålen opp. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogane er som regel laga som eit par som passar saman der det er faste mål. Stillbare slike er ikkje så vanleg. Foto: Roald Renmælmo
Denne skottoksen har meiar som er laga av same stykke som høvelstokken. Det er også vanleg at desse er nagla, limt eller spikra på sidene på ein vanleg okshøvel. Foto: Roald Renmælmo
Legging av golv
Golvborda vi skal høvle blir med rot/topp avsmalning og skal leggast på åsar. Det er ulike strategiar for å sikre at golvet blir plant og vi skal gå gjennom fleire av desse. Den eine er å berre høvle rettsida og pløye kantane. Då vert undersida ujamn og må justerast i rett dimensjon ved kvar golvås.
Den store bordvinkelen kan vere grei å ha når ein skal starte å merke dei første borda for kapping. Merking gjer ein med ei rissnål for å få nøyaktig strek. Ein svaivinkel er grei å ha for å overføre vinklane på borda med rot/topp avsmalning. Foto: Roald Renmælmo
Ei fintanna (6-10 tpi) sag med tverrvedtanning er fint å ha for å kappe borda nøyaktig etter strek. Saga kan vere ei grindsag eller ei stikksag. Foto: Roald Renmælmo
Ripmot er fint for å merke på tjukna på borda for å hogge av for åsane. Hogginga gjer ein gjerne med snikkarbila. Foto: Roald Renmælmo
For å drive borda saman lagar vi til nokre trekilar, slår ned ein golvhake (eller haldhake) i golvåsen og driv kilane mellom denne og golvbordet. Foto: Roald Renmælmo
Ein god hammar som du er venn med er viktig. Å bomme på spikaren er ikkje bra når ein skal spikre eit fint handhøvla golv. Smidd spikar med store haud sørgjer for å halde borda nede. For å sikre at ikkje spikaren kløyver borda i endane så borer vi gjerne med ein liten navar, spikarbor. Foto: Roald Renmælmo
Forfattar: Roald Renmælmo
Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.
Vis alle innlegg av Roald Renmælmo
2 tankar på “Verktøy til høvling av golvbord”