Samanlikning av strykebenkar frå Suldal

Tenkte det var på tide med ein liten statusrapport på registreringa av gamle strykebenker i vårt område.

Det er nok kunn tilfeldigheter som gjere at strykebenker vert tekne vare på, og vert funne att. Det er svært få som veit kva dei har vore nytta til. Den einaste benken eg har kome over som er i bruk er Vasshusbenken som står på ei gardssag. Den er noko modifisert med lause boltar gjennom langborda som djupnestopp og kjetting i kilane (ikkje nokon dum ide). Benken vert nytta til barking av villmarkskledning.

To av museumsbenkane (Li- og Hålandsbenken) har begge skråavstiving i lengderetninga. Kolbeinstveitbenken er den lengste på 4340 mm og ei høgd på 800 mm. Den har fått nye langbord og er den me nyttar. Den har ei litt upraktisk lengd i forhold til verkstaden vår så me har planar om å lage ein ny og kortare benk ved høve.

Den siste benken eg kom øve stod inne på løegulvet i Nordmark. Der låg der og ein langbenk tilsvarande den frå Kvilldal oppå slindrene, denne er omlag 4 m i lengda. Strykebenken er den minste til nå med ei lengd på omlag 3 m og ei høgd på 780 mm. Den har og to knektar spikra fast på baksida som eg ikkje veit kva er til.

Under følger nokre bilete av benkane.

Frå Håland i Erfjord. Denne er 3520 lang og ei høgd på 810. Legg meke til spora etter kløyving i venstre enden. Dette vitnar om at langbordet er skore på oppgangsag. Foto: Ryfylkemuseet.
Hålandsbenken frå enden. Foto: Ryfylkemuseet
Frå Nordmark i øvre Suldal. Denne er 2980 lang og har ei høgd på 780.
Frå Nordmark i øvre Suldal. Denne er omlag 3 m lang og har ei høgd på 780. Foto: Ryfylkemuseet.
Nordmarkbenken frå enden. Legg merke til "knekten" som er spikra på til venstre i biletet. Kva kan dette ha tent til?
Nordmarkbenken frå enden. Legg merke til knekten som er spikra på til venstre i biletet. Kva kan dette ha tent til? Det lause langbordet kom til rette då eg bar benken inn att i løa… Foto: Ryfylkemuseet.
Frå Vasshus i Suldal. Denne er 3415 lang og har ei høgd mellom 800 og 840.
Frå Vasshus i Suldal. Denne er 3415 lang og har ei høgd på 800 og 840. Boltane som går gjennom langborda er lause og tener som djupnestopp.Foto: Ryfylkemuseet.
Vasshusbenken frå enden. Her er kilen (av impregnert festa med kjetting) Reparasjonar er utført nyleg.
Vasshusbenken frå enden. Her er kilen festa med kjetting. Reparasjonane er utført i seinare tid. Foto: Ryfylkemuseet.
Frå Li i Suldal. Denne er ... lang og har ei høgd på ... . Libenken har ein eigen påst her.
Frå Li i Suldal. Denne er 3240 lang og har ei høgd på 830. Li-benken har ein eigen post her. Foto: Ryfylkemuseet.

 

 

Forfattar: Sven Hoftun

Driftsleiar og snikkar hjå Ryfylkemuseet.

4 tankar på “Samanlikning av strykebenkar frå Suldal”

  1. Takk for eit informativt innlegg om dei flotte benkane. Det er litt langt mellom postane og kommentarane nordfrå på denne tida sidan vi arbeider med neverløyping (https://www.youtube.com/watch?v=zyH11fqaYYo) og taktekking og har fullt fokus på dette. Eg har fått pressa inn litt høvling i taktekkinga sidan vi måtte ha nokre breie 5/4″ vindskier. Desse vart høvla av bord frå oppgangssaga i Aursfjord og retta på skottbenken.

    Også benken frå Kverndal i Målselv har hatt skråavstiving på langs. I dag er det berre avstivinga på tvers som er bevart, men det er tydelege spor etter skråband. Det er som regel berre flaks at det er bevart slike benkar på gardane. Dei tar veldig stor plass om ein skal lagre på dei. Når det ikkje lengre er bruk for benkanehar nok dei fleste blitt demontert og materialane brukt til andre ting.

    Artig at du også fant ein til langbenk på Nordmark. Kanskje det kjem bilete av den seinare? Det er ikkje lett å seie kva dei er til dei klossane på benken frå Nordmark? Når ein står og høvlar bord på benken så har ein ofte bruk for å legge frå seg bord eller verktøy. Så langt har eg ikkje sett nokon skottbenkar eller strykebenkar som har bord eller hyller for slikt. Kanskje det har vore festa eit bord eller ein planke på klossane for å leggje verktøy på? Serleg om ein bruker fleire høvlar i høvlinga (skottokse og to stk golvplogar til not og fjør) er det praktisk å kunne legge frå seg verktøyet. Når eg høvlar bord er det uansett nødvendig å ha bukkar i tillegg for å legge borda på. Det blir fort mange bord om ein skulle ha dei liggande på skottbenken.

    Det er slåande at alle benkane du har funnet har relativt smekre føter. Det er lite som gjer at dei står støtt på golv eller andre underlag. Det er tydeleg at det faste langbordet er ein viktig konstruktiv del av benken. I tillegg er også skråbanda viktige. Det til skilnad frå benkane på Nordmøre og Nord-Østerdalen som gjerne har grove fotplater og elles lite avstiving.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: