Eldtørking av material til golvbord

Fuktmålaren viser i overkant av 8,5% fukt i borda. Det er ganske jamn fuktprosent på geitved og alved når borda er så tørre. Foto: Roald Renmælmo
Fuktmålaren viser i overkant av 8,5% fukt i borda. Det er ganske jamn fuktprosent på geitved og alved når borda er så tørre. Foto: Roald Renmælmo

Vakne lesarar av bloggen hugsar sikkert at eg i vår skreiv ein bloggpost om vèrtørking av material til golvbord? Borda har lege til tørk innomhus over sommaren. Dei har lege i stabelen slik eg viste på siste biletet i posten. Dei vart lagt inn 19. mai og heldt då omlag 12% fukt. Ei kontrollmåling av nokre bord 21. mai viste omlag 11% fukt. Ei måling 30. mai viste 9,5% fukt. I løpet av sommaren har det vore lite endring. Fuktprosenten har lege på kring 9%. Eg byrja å høvle på dei 6 første golvborda på onsdag (13. august) og då viste fuktmålaren i underkant av 9%. Tittelen på posten er eldtørking av material. Nemninga «å eldtørke» har eg frå Ivar Frostad i Målselv. Utgangspunktet er material som er vèrtørka, tørka utandørs, og som skal tørkast ned ytterligare for å bli «innetørr». Innvendige snikkardetaljar bør vere innetørt for å ikkje slå seg eller krympe for mykje. Ivar Frostad brukte å eldtørke snikkarmaterial i snikkarstua si. Der fyrte han i vedomnen for å halde det varmt og samstundes få god tørk. Andre stader har ein brukt badstova for å eldtørke material slik som vi kunne lese i bloggposten om «Bestefarboka».

Bord som er saga av ferskt tømmer vil endre form når dei tørker. Bord som er saga som flaskbord vil troe seg slik som dette bordet. Rettholten ligg an midt på bordet og det er omlag 2,5-3 mm opning i kvar side. Dette må høvlast flatt før ein kan pløye borda. Foto: Roald Renmælmo
Bord som er saga av ferskt tømmer vil endre form når dei tørker. Bord som er saga som flaskbord vil troe seg slik som dette bordet. Rettholten ligg an midt på bordet og det er omlag 2-3 mm opning i kvar side. Dette må høvlast flatt før ein kan pløye borda. Foto: Roald Renmælmo
Nokre bord har det med å vinne seg under tørk. Det er i tillegg til at dei troar seg. Dette bordet har både troa seg, vinna seg og kuva seg under tørk. Eg har lagt på 3 siktestikker for å vise kor mykje det har troa seg. Dette er etter bordet er høvla slett med okshøvlane. Foto: Roald Renmælmo
Nokre bord har det med å vinne seg under tørk. Det er i tillegg til at dei troar seg. Dette bordet har både troa seg, vinna seg og kuva seg under tørk. Eg har lagt på 3 siktestikker for å vise kor mykje det har troa seg. Dette er etter bordet er høvla slett med okshøvlane. Foto: Roald Renmælmo

Ved å lage gode stablar kan ein unngå noko vinning av bord under tørk. Likevel vil slike bord vinne seg så snart dei kjem ut av stabelen. Ein slepp aldri heilt unna problemet. Bord som har kuva og vinna seg, slik som bordet på biletet over, blir gjerne problematisk å høvle sidan slettoksen og langhøvelen ikkje når den i kuven. Når høvelen ikkje tar så vert ein freista til å stille tanna grovare og det fører gjerne med seg ymse katastrofar når ein møter kvist eller motved. Dette bordet måtte eg sletthøvle med ein slettokse som berre var 12″ lang. Vinninga klarte eg ganske greitt å spikre ned når eg la bordet som golvbord. Ein ser ikkje denne vinninga når golvet er lagt. Det er ein stor fordel å høvle slike bord på ein oksabenk/langbenk/forsete, ein benk med høgde høveleg til at ein sit på emnet og høvlar. Om då to mann sit på bordet så rettar ein ut det meste av både kuving og vinning og ein kan bruke ein lengre slettokse og arbeide jamnare.

Erfaringa med tørking er at det tok kring 2 veker til borda fekk kring 9% fukt. Etter det skjedde det lite. Vi har hatt ein tørr sommar i år og det er truleg spelt inn på ein positiv måte. Normalt blir det ein del fuktigare om sommaren. Samstundes er det lite behov for oppvarming av huset om sommaren så fyring er uhøveleg for å regulere råma inne. Eg har ein luftavfuktar som eg kan bruke for å regulere råma når det trengs. Den har stått på i periodar i sommar men eg veit ikkje om den har verka inn på fuktprosenten i materialen? Eg har så langt høvla opp 6 av borda til golvbord. Dei var veldig fine å høvle. Ikkje noko teikn til at det vart korte spon som pakka seg. Flatene vart også veldig fine utan mykje arbeid.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

2 tankar på “Eldtørking av material til golvbord”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: