
I samband med festivalen Vrimmel i Namdalen i Nord-Trøndelag har vi eit par dagar der vi demonstrerer handverk eit par ulike stader. I dag var vi på Leka Skole i Leka kommune og handsaga, rydde stokkar og høvla bord på skottbenk. Høvlinga på skottbenk var eit populært innslag for elevane som var ivrige på å sikre seg høvelspon av ulike typar. For å vere rusta til demonstrasjonen har Einar Strand i Rørvik arbeidd til langt på natt dei siste dagane for å få ferdig sin skottbenk og langbenk til bruk i demonstrasjonsarbeidet. Benkane er prøvd ut i dag og er såleis godkjente. Vi ønskar dermed Einar velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union. Skottbenken til Einar er ikkje ein nøyaktig kopi av ein original. Han har henta inspirasjon frå både skottbenken frå Kverndal i Målselv og ein skottbenk frå Nordmøre. Skottbenken vert stramma med kilar på tilsvarande måte som min kopi av skottbenken frå Kverndal. Skottbenken er ein benk som kan seiast å vere i eit maritimt miljø slik som benken frå Troms som vi presenterte i førre post.

Elevane på skulen var veldig ivrige på å prøve skottbenken, truleg mest for å få laga seg ei høvelspon som dei fekk med seg? I alle fall var det mange som fekk sitt første møte med skottbenken i dag. Det kan vere bra for framtidig rekruttering til Norsk Skottbenk Union? Dessverre var eg for oppteken med høvlinga når elevane var med oss til at eg fekk tatt særleg med foto av dette. Arrangementet er ein del av Den kulturelle skolesekken, som er ei nasjonal satsing på kunst og kultur til alle elevar. Vi håpar fleire kommunar og fylkeskommunar ser sitt snitt til å få med skottbenken og andre sentrale handverkstradisjonar med i opplegget til Den kulturelle skolesekken. Skottbenken er i alle fall godt egna til slike formidlingsopplegg.

2 tankar på “Skottbenk i Rørvik i Nord-Trøndelag”