Så langt har søka etter gamle skottbenkar vore konsentrert i Indre-Troms og særleg på gardsbruk. No har det dukka opp ein skottbenk i eit naust i Ibestad kommune, ein stad vi ikkje ville tenkt oss å leite etter skottbenkar. Det var konservator Olav Austlid i Troms Fylkeskommune som var på ein av sine turar rundt i fylket og kom over skottbenken. Eigaren av naustet i dag hadde ikkje kjennskap til at det var ein skottbenk han hadde så det må ha vore tidlegare eigarar som har hatt benken i bruk. Kor lenge skottbenken har vore i naustet er også vanskeleg å seie. Vi takkar Olav Austlid i Troms fylkeskommune for at han held utkikk etter skottbenkar på sine turar rundt om i fylket. Vi oppmodar også andre fylkeskommunar om å tipse oss om skottbenkar som måtte dukke opp i deira fylke. Det er framleis mange kvite flekkar på kartet rundt om i Noreg. No kan det altså vere grunn til å sjå ekstra nøye etter også i gamle naust rundt om i landet. Så langt er dette den mest maritime skottbenken eg kjenner til.

Enn så lenge har vi ikkje opplysningar på aktuelle mål på benken. Ut frå biletet ser det ut som lengda kan vere på kring 4,5 – 5 meter? Han strekker seg i alle fall mellom to samhaldarar i naustet og desse brukar å ha eit rom på ca 4 meter mellom seg. Det er forfriskande å sjå ein så godt bevart skottbenk i eit tydeleg maritimt miljø. Benken er i prinsipp ganske lik fleire av skottbenkane som vert stramma med kilar slik som skottbenken til Arne Graven i Karasjok. Denne skottbenken i Naustet ser likevel ut til å vere betydelig kraftigare bygd, i alle fall føtene (bukkane) er særleg kraftige. Langborda kan sjå ut til å vere om lag 2″ x 8″. Det ser ut til å vere eit fast langbord som er festa i eine staven i foten. Då har nok det andre langbordet vore stramma med kilar? Løysinga med å felle inn strekkfiskar med svalehale og spikre desse for å halde stavane saman er ei god og ganske utbreidd løysing på eit problem.
One thought on “Nyoppdaga skottbenk i Troms”