
Ivar Jørstad har gått det nye fagskoletilbodet Innføring i bygningsvern på Røros. Som ei oppgåve har han både registrert og målt opp ein gamal skottbenk og bygd seg sin eige skottbenk. Han har leita etter gamle skottbenkar i Buskerud der han held til. Så langt har det ikkje dukka opp nokon. Skottbenken han har målt opp er frå Bredalslien i Tolga. Denne vurderte han som så tung og kraftig at ein kopi av denne ville bli lite mobil og såleis ikkje så veleigna som arbeidsbenk i si verksemd. Valet fall på «Jarlebenken» som er ein konstruksjon av Jarle Hugstmyr basert på skottbenken til Per Volden i Os. Jarle har kopla på ein ekstra benk på sida for å drive med ymse snikkararbeid. Dette blir ein kombinasjon av skottbenk og høvelbenk, to benkar i eitt. Ved å byggje ein slik benk fekk Ivar ein benk som løyser dei fleste behov for arbeidsbenk på byggjeplassar. Han har basert seg på oppgåva til Thor-Aage Heiberg, «Produksjon av ny skottbenk – Jarlebenken» som du finn i oversikta over litteratur om skottbenk. Skottbenken er utstyrt med skruvar slik som er vanleg på «Jarlebenken». Ivar laga sjølv skruvane med lånt verktøy.

Skottbenken til Ivar er den fyrste vi har registrert i Buskerud. Eg kjenner ikkje til kjelder som kan seie noko om bruk av skottbenk i dette fylket. Det er mogleg det vil dukke opp slike kjelder no når Ivar har bygd seg benk og får vist fram fordelane med den for andre handverkarar i fylket? Ivar vil bruke benken i si verksemd som tømrar og restaureringshandverkar. Han har også starta på ei fireårig utdanning i tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern på HiST i Trondheim. Eg reknar med at vi får sjå meir frå han i åra framover.
Vi ynskjer Ivar velkommen inn i Norsk Skottbenk Union og set stor pris på dei fine bileta han har sendt oss saman med ein rapport over arbeidet. Vi vil seinare poste bilete av og detaljar om den fine skottbenken Ivar har målt opp på Bredalslien. Vi håper innsatsen til Ivar vil inspirere fleire til å sende inn bilete av sin sjølvlaga skottbenk, rettbenk eller strykebenk. Vi veit det er store mørketal, mange som ikkje har sendt inn den nødvendige dokumentasjonen for å bli tatt opp som medlem i Norsk Skottbenk Union.
Gratulerer til både Ivar og Skottbenkunionen
LikarLikar
Reblogged this on michaelrogen.
LikarLikar
G’day mate im from australia and was asking to cut a thread on timber to make a thread for a bench vice what timber to use???
LikarLikar