På min veg har eg ikkje støtt på golvbord med høvla not og laus fjør. Eg har stadig møtt på folk som har snakka om slike golvbord utan at dei har hatt noko konkret å vise til. Eg har derfor etterspurt konkrete døme på slike gamle golvbord. Etter mange år har det omsider dukka opp eit døme. Magnus Wammen, som er ein av frontfigurane i rettbenkligaen på Austlandet, har funne døme på golvbord med laus fjør på garden sin, Tuft i Sande i Vestfold. Garden ligg akkurat på fylkesgrensa mellom Buskerud og Vestfold.



Magnus har så langt berre studert golvet slik det ligg. Han har derfor ikkje fått undersøkt korleis høvlinga av nota kan vere gjort eller korleis fjøra er produsert. Dette siste er veldig interessant sidan høvling av så smekre materialar kan vere ei utfordring. Oppdeling av så små dimensjonar måtte nok gjerast med grindsag eller splitthøvel om dette var før sirkelsaga vart vanleg. Sirkelsaga gjorde det mogleg å sage så smekre dimensjonar på ein effektiv måte. Undersida av golvborda har spor etter oppgangssag eller rammesag. Dei kan likevel vere frå tida etter at sirkelsaga vart vanleg på 1860-talet.


Har du hørt noen forklaring på hva hensikten skulle være med løs fjær? Det virker som mye ekstra arbeid uten at jeg egentlig ser hensikten.
LikarLikar
Forklaring har eg ikkje høyrt, men eg ser for meg nokre fordelar.
Det fyrste er at du får utnytta meir av bredda på borda ved å høvle not. Når du høvlar fjør vil du høvle bort litt av bordet på skuldra av fjøra.
Den andre er at det er mykje enklare å få ein nothøvel til å fungere godt i høvling. Ein fjørhøvel er meir komplisert å lage og og vanskelegare å få til å fungere godt.
Det tredje er at du treng berre ein nothøvel for å høvle pløyinga på golvborda. Då er du ikkje avhengig av å ha to ulike høvlar som er justert nøyaktig for at borda skal passe saman.
Ulempa er vel mest at det er vanskeleg å få laga til lausfjøra berre med handverktøy. ;-( Med maskiner som sirkelsag og dimensjonshøvel er det veldig enkelt.
LikarLikar
Gode poeng, Roald. Spesielt ser jeg gevinsten i forhold til bredden på golvbordene. Tilgangen på trevirke, og kanskje spesielt gran har ikke alltid vært så stor, i hvert fall her nord. Da ville det kanskje være avgjørende å få utnyttet ressursene best mulig.
LikarLikar