Category Archives: Buskerud

Buskerud sterkare på kartet

Vi har gjennom arbeidet med kartlegging av skottbenkar i inn- og utland fått dekt mykje av landet, og med enkelte drypp også i andre land. Det er likevel nokre område som ikkje er så så godt dekt gjennom arbeidet med søk i Norsk Folkeminnesamling og med leiting etter gamle skottbenkar. Buskerud er eit fylke der vi ikkje fann noko særleg om skottbenk i svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Det har heller ikkje kome fram registrerte skottbenkar som har blitt presentert på bloggen. Vi har medlemmar med nybygd skottbenk i Buskerud i Ivar Jørstad i Hurum. Vi har også hatt fleire ekspedisjonar på søk etter kva som måtte finnast av lokale skottbenkar i fylket. Det er ting som tyder på at slike er lokalisert og vil bli presentert på bloggen etterkvart. Det er noko vi ser fram til. Ikkje minst er slikt viktig for lokale handverkarar i Buskerud som då kan få tilgang på eit førebilete som er lokalt når dei skal snikre seg sin eige skottbenk. Sjølv om det ikkje var noko å finne i svarmaterialet på spørjelista om snikkarhandverket, så visar det seg at det i materialet om timbremannshandverket har sneke seg inn detaljerte skildringar av skottbenk, eller «skøttlangbenk»,  frå Sigdal i Buskerud. Det er Andreas Mørch som har skrive svaret, men han har truleg henta inn opplysningar frå lokale handverkarar i sitt område.

Skisse av skøttlangbenk frå svaret til Andreas Mørch.
Skisse av skøttlangbenk frå svaret til Andreas Mørch.
Andreas skriv:

«Ukshøvl´n har et tverrtre te handtak framma og bak, slekk at ein kan skuve å ein kan dra. Tverrtrea blir kalla hønna. Hondrag te å hondra takbord me, blir nytta ennå. Ukshøvelen kalla dei gjenne bare uksen. 

Skøttukshøvl´n va som ein vanli ukshøvl, men med to lann på. Lanna va spikra under sulen på høvel´n. Skøttukshøvl´n vart bare bruka i langbenken når døm skaut opp golvplank. Langbenken var laga tå to planker som sto på kant, i den eine planken va det tre hell fire treskruvar. Golvplanken vart smetta ned mellom plankane i benken og skruva fast. Den tia va det bare gjennomskørin plank me honkant på. Honkanten va tælt tå føre dom sette´n i benken. Døm sette gølvplanken så passe juft at lanna på høvl´n nådde nedpå plankane i benken nå golvplanken va ferdig. Då va´n rett.»

Skisse av skøttlangbenk av Andreas Mørch
Skisse av skøttlangbenk av Andreas Mørch
Den typen benk som Andreas har forklart og teikna kan minne om rettbenken frå Stigums magasin på Norsk Folkemuseum  som Terje Planke har presentert for oss tidlegare. Forklaringa og skissene til Andreas er svært detaljerte og får fram på ein god måte kva dei enkelte delane heiter og korleis benken verkar. Andreas skriv også om gølvhaka i svaret sitt. Han skriv følgjande:

«Hakar var de to slag tå, hellhaka – somme sier hellehaka (Eggedal: hallhaka) og gølvhaka. Hellhakan va te å slå fast stokken me nå´n tælte, te å dra på stokken me nå´n sku godt ne´åt etter møsjinga, og te å feste stokken mea´n medrog. Gølvhaken bruka ein når ikkje planken ville innåt. Nå´n slo gølvhaken sta lu´n, skuva´n planken innåt. Nå´n sku ha oppatt denna hakan, slo´n te´n på rompa, så spratt´n opp tor lu´n.»

Hellhaka og gølvhaka teikna av Andreas Mørch
Hellhaka og gølvhaka teikna av Andreas Mørch
Golvhakar er det ikkje så ofte ein finn rundt om i landet. Eg har frå før fått Mattias Helje til å smi kopiar av ein gamal golvhake som eg har fått tak i sjølv. Denne typen har ikkje «rompe» som ein kan slå på for å få opp haken. Det kan vere at det dukkar opp fleire typar av golvhakar etterkvart som fleire byrjar å leite etter slike. Ta gjerne kontakt om du kjem over slikt.

Nytt medlem i Norsk Skottbenk Union

Ivar Jørstad er fornøgd eigar av sin sjølvlaga skottbenk.
Ivar Jørstad er fornøgd eigar av sin sjølvlaga skottbenk. Vi ynskjer han velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union. Foto: Ivar Jørstad

Ivar Jørstad har gått det nye fagskoletilbodet Innføring i bygningsvern på Røros. Som ei oppgåve har han både registrert og målt opp ein gamal skottbenk og bygd seg sin eige skottbenk. Han har leita etter gamle skottbenkar i Buskerud der han held til. Så langt har det ikkje dukka opp nokon. Skottbenken han har målt opp er frå Bredalslien i Tolga. Denne vurderte han som så tung og kraftig at ein kopi av denne ville bli lite mobil og såleis ikkje så veleigna som arbeidsbenk i si verksemd. Valet fall på «Jarlebenken» som er ein konstruksjon av Jarle Hugstmyr basert på skottbenken til Per Volden i Os. Jarle har kopla på ein ekstra benk på sida for å drive med ymse snikkararbeid. Dette blir ein kombinasjon av skottbenk og høvelbenk, to benkar i eitt. Ved å byggje ein slik benk fekk Ivar ein benk som løyser dei fleste behov for arbeidsbenk på byggjeplassar. Han har basert seg på oppgåva til Thor-Aage Heiberg, «Produksjon av ny skottbenk – Jarlebenken» som du finn i oversikta over litteratur om skottbenk. Skottbenken er utstyrt med skruvar slik som er vanleg på «Jarlebenken». Ivar laga sjølv skruvane med lånt verktøy.

Gjengeutstyret er fra et gammelt snekkerverksted i Lier, utlånt av Lier bygdetun. Foto: Ivar Jørstad
Gjengeutstyret er fra et gammelt snekkerverksted i Lier, utlånt av Lier bygdetun. Foto: Ivar Jørstad

Skottbenken til Ivar er den fyrste vi har registrert i Buskerud. Eg kjenner ikkje til kjelder som kan seie noko om bruk av skottbenk i dette fylket. Det er mogleg det vil dukke opp slike kjelder no når Ivar har bygd seg benk og får vist fram fordelane med den for andre handverkarar i fylket? Ivar vil bruke benken i si verksemd som tømrar og restaureringshandverkar. Han har også starta på ei fireårig utdanning i tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern på HiST i Trondheim. Eg reknar med at vi får sjå meir frå han i åra framover.

Vi ynskjer Ivar velkommen inn i Norsk Skottbenk Union og set stor pris på dei fine bileta han har sendt oss saman med ein rapport over arbeidet. Vi vil seinare poste bilete av og detaljar om den fine skottbenken Ivar har målt opp på Bredalslien. Vi håper innsatsen til Ivar vil inspirere fleire til å sende inn bilete av sin sjølvlaga skottbenk, rettbenk eller strykebenk. Vi veit det er store mørketal, mange som ikkje har sendt inn den nødvendige dokumentasjonen for å bli tatt opp som medlem i Norsk Skottbenk Union.