Smiing av høvelstål på seminaret

Smiing av laminert høvelstål. Smedane på samlinga har begynt å smi høvelstål. Odd Inge Holmberget er oppslagar for Mattias Helje. Foto: Roald Renmælmo
Smiing av laminert høvelstål. Odd Inge Holmberget er oppslagar for Mattias Helje som brukar ein plansett for å få høvelstålet så flatt som mogleg. Foto: Roald Renmælmo

Smedane brukte ein lang dag i går i snikkarverkstaden og for å lære seg å lage høvel med eit sjølvsmidd stål. Mange av dei har ikkje laga høvel tidlegare så det er ein del nytt for dei fleste.  Torsdagen starta med meir kjent arbeid i smia på NDR i Trondheim. På programmet står smiing av høvelstål. Smia som har vore gjennom ein del forbetringar av golv, smiavlar og luft. Dette gjorde arbeidet med smiing av laminerte høvelstål ein del enklare enn det var tidlegare. Laminerte høvelstål vil seie at emnet til høvelstålet er smijarn eller eitt meir moderne stål, gjerne eit konstruksjonsstål med lite karbon, eller ARMCO stål som er så godt som heilt fritt for karbon og andre legeringar. For å få god og kvass egg legg smeden på eit herdbart karbonstål i framkant på eine sida av stålet. Dette vert smisveisa saman og smidd ut til den forma høvelstålet skal ha.

Vi starta økta med å drøfte kva utfordringar dei ulike smedane har hatt med sine høvelstål tidlegare. At laminerte stål krummar seg under herding er ein gjengangar. Eggstålet og jarnet oppfører seg ulikt når høvelstålet vert nedkjølt. Vi drøfta ulike moglege tiltak for å minimere problemet. Å bruke tynnare eggstål, å krumme stålet motsatt veg før herding, å spenne opp høvelstålet under bråkjøling og å rette stålet før/under anløping var slikt som var drøfta. Smedane fekk sjølv erfare kor viktig det er at høvelstålet er ganske rett når ein skal tilpasse senga i kilegangen til høvelstålet.

Smiing av høvelstål i smia på NDR. Foto: Roald Renmælmo
Smiing av høvelstål i smia på NDR. Frå venstre Odd Inge Holmberget, Mattias Helje, Øystein Myhre og Jan Tommy Kirkholt. Foto: Roald Renmælmo

Det er heilt sentralt for medlemmane i Norsk Skottbenk Union at vi har eit godt samarbeid med smedar som kan levere høvelstål til dei ulike spesialhøvlane vi brukar i arbeidet vårt. Det er gjerne snakk om stål til golvplogar, semshøvel, plog, skottokse og profilhøvlar. Nokre stål skal ein sette opp med fil og må såleis ikkje vere for harde. Andre stål må filast til nøyaktig før herding og så herdast av smeden for å få nok slitestyrke. I tillegg treng vi benkehakar, killingfot, rissenåler og forskjellig verktøy som smedane kan levere.

Smedane som var med på seminaret i Trondheim var Odd Inge Holmberget, Torgeir Henriksen, Jon Dahlmo, Terje Anders Granås, Øystein Myhre, Mattias Helje, Jan Tommy Kirkholt, Patrik Jarefjäll og Ole-Andreas Fjær. I tillegg var metallurg og knivmakar Fredrik Haakonsen, snikkar Thor-Aage Heiberg, snikkar Tomas Karlsson og tømrar Oddmund Aarø med. Eg og Jarle Hugstmyr leia arbeidet med høvelmaking og utprøving av skottbenk. Vi delte fokuset på tre emne, høvelmaking, smiing av høvelstål og utprøving av ulike høvlar på skottbenk.

7 thoughts on “Smiing av høvelstål på seminaret

  1. Etter seminaret har eg tenkt litt på problematikken kring det at høvelståla slår seg i samband med herding. Eg slo opp i boka: Jern og stål, framstilling og bearbeiding, Bjarne Hauge, 1944.

    Her skriv han først om korleis emnet skal førast ned i kjøleveska for å unngå formforandring. Så skriv han: «Enda om man på denne måten søker å kjøle gjenstandene jamnest mulig, er det ikke til å unngå at herdede gjenstander ofte kaster seg. Ved masseframstilling søker en på forhånd å gi gjenstander som skal herdes, en slik form at de etter herdingen ikkje trenger å rettes. Ellers kan noen retting finne sted, men ikke før etter anløpningen. Retting må da foregå ved langsomt stigende belastning. Også strekking med hammerslag på den hule (forkortede) side av gjenstanden kan nyttes. Gjenstander som skal ha helt nøyaktige dimensjoner etter herdingen må slipes.

    Ved innspenning av de gjenstander som skal herdes, kan en i atskillig monn hindre at de kaster seg. Innretningene for slik innspenning må variere med gjenstandens form og kan være ganske enkle eller temmelig kompliserte.»

    Han tar opp dei fleste momenta vi drøfta. Eg legg merke til at han skriv at retting må gjerast etter anløping. Dette var eit av emna vi drøfta og der vi var inne på å rette i samband med anløping. Det er verdt å merke seg at han også beskriv retting med hammarslag. Då i form av å strekke den hule sida, det som blir baksida av høvelstålet.

    Likar

    1. Hei! Jeg smidde for etpar uker siden tre 60mm brede høvelstål av 5mm flatstål påsveist 3mm karbonstål 15N20. Herdet på 800 grader og bråkjølt i forvarmet olje. Disse stålene slo seg ikke i det hele tatt. Hilsen Jan Tommy Kirkholt

      Likar

      1. Hei Jan Tommy
        Takk for at du deler erfaringane dine med oss. Det er veldig nyttig. Hadde emna til ståla full bredde frå starten, eller smidde du dei ut på bredda? Har du mål på kor tjukke dei var ved herding, ferdig smidd og grovslipt?
        Med vennleg helsing Roald

        Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s