Nok ein skottbenk oppdaga i Telemark!

Her om dagen fekk vi inn eit rykande ferskt skottbenktips frå Bjørn Strander som er museumshandverkar på Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan. Under ei befaring på garden Sebrekke i grenda Attrå i Tinn kommune i Telemark kom han over både ein gamal høvelbenk og ein skottbenk på den gamle låven på garden. Skottbenken er så langt ikkje nøye dokumentert eller målt opp, men vi har fått nokre bilete som Bjørn har teke av benken der han står plassert, berre delvis tilgjengeleg.

Skottbenken på Sebrekke verkar å vere bygd på tilsvarande måte som mange andre benkar vi har sett, men med den skilnaden at den har jarnskruve med sveiv. Foto: Bjørn Strander
Sveiva ser ut til å vere smidd. Elles er det mykje bruksspor på langborda som det brukar å vere på slike gamle skottbenkar. Foto: Bjørn Strander
Sjølve foten på skottbenken verkar å vere solid tappa saman og dette er nok ein skottbenk som har vore god i bruk. Sikkert ein fin modell for våre følgarar i Telemark. Foto: Bjørn Strander

Vi er klar over at Telemark fylke no er slått saman med Vestfold, men i desse tider er det mykje usikkert kring framtida til desse samanslåtte fylka. Vi vel derfor å organisere bloggpostane våre etter geografisk plassering basert på den gamle fylkesstrukturen frå før regionreforma. Denne benken vert altså plassert i det som var Telemark. Frå før har vi presentert ein annan skottbenk i Telemark, den frå Sudistog Tveiten i Vinje. Den benken vart grundig dokumentert og målt opp av Adrian Moltu Steger, student på tradisjonelt bygghandverk på NTNU.

Vi har også fått tips om nok ein skottbenk i Tinn, også det ein benk som står på ein gamal låve hos tømraren Hans Marumsrud. Basert på tidlegare erfaringar frå andre område i Noreg kan vi sjå for oss at det kan dukke opp mange fleire skottbenkar i desse traktene i Telemark. Når fyrst nokon har oppdaga ein benk eller to så brukar det å dukke opp fleire på gardane i området. Frå Norsk Folkeminnesamling har eg døme på at Steinar Kollkjen frå Tokke i Telemark nemner det som må vere skottbenk og korleis han vert brukt, men han nemner ikkje namnet skottbenk. Så langt har eg ingen kjelder på lokale nemningar på skottbenk i Telemark. Med denne oppdaginga av skottbenken i Attrå i Tinn så håpar vi det vert ny giv i skottbenkmiljøet i Telemark og at ein både finn mange gamle skottbenkar og også kjelder/informantar som kan gi oss informasjon om lokale nemningar og handverkstradisjonen knytt til desse benkane.

Telemark har endeleg markert seg solid på skottbenkbloggen – skottbenk i Vinje i Telemark

I årevis har vi fått spørsmål frå fortvilte handverkarar frå Telemark som har etterlyst om vi kjende til om det finnast gamle skottbenkar i fylket. Somme av handverkarane har gått så langt at dei har prøvd seg på å få til høvling av golvbord utan bruk av skottbenk. Vi har kunne vise til slike informantar som Steinar Kollkjen frå Tokke som nemner bruk av skottbenk i spørjelistesvar. Vi har også fått tips om at det har vore på gang bygging av skottbenk i Hjartdal og at det finnast ein gamal skottbenk i Tinn.

Også at det var lokalisert ein skottbenk på garden Sudistog Tveiten i Vinje har vi kjent til i nokre år. Arne Berg publiserte band 4 av Norske Tømmerhus frå mellomalderen i 1993 og der er eit av husa eit stabbur på Sudistog Tveiten i Vinje kommune i Telemark. På det eine fotografiet av stabburet som er med i boka kan ein tydeleg sjå at det heng ein skottbenk under svalen på den eine langveggen. No var det berre eit spørsmål å få eit høve til å undersøkje om benken framleis heng på plass og få dokumentert den for bloggen.

Stabburet på Sudistog Tveiten i Vinje fotografert i 1992. På langveggen heng skottbenken. Biletet er frå Norske tømmerhus frå mellomalderen band IV som kom ut i 1993.

I samband med ei studentoppgåve på tradisjonelt bygghandverk på NTNU har studentane dokumentert lokale høvelbenkar og skottbenkar. For Adrian Steger høvde det godt å undersøke nærare den skottbenken på stabburet på Tveiten. Han vart tipsa om skottbenken av dei lokale handverkarane Martin Eriksen og Trygve Lia. Vi må takke både dem og Adrian for å opplyse oss om denne spennande skottbenken frå eit område som tidlegare har vore ein kvit flekk på skottbenkkartet. Vi reknar med at dette berre er starten på eit gryande skottbenkmiljø i Telemark. Under følgjer tekst og bilete som Adrian har posta på studentbloggen til Tradisjonelt bygghandverk.

Oppmåling av skottbenk på Eidsborg, Vest-Telemark Museum

Denne Skottbenken blei funnet av Martin Eriksen og Trygve Lia på Suigard Tveiten i Grongedal (Haukeli). Eigar av benken er Svein Henry Ekre.

Då benken blei funne, hang den på ytterveggen av eit middelalderloft og såg ut til å ha hengt der ein god stund. Middelalderloftet har vært malt og det har dei gjort uten å ta ned skottbenken frå veggen, så då har den også fått seg eit strøk med brunmaling. Dei har til og med gjort seg flid og mala inn mellom langborda. Når dei tok benken ned kunne ein sjå avtrykk av benken på veggen. Eit slikt avtrykk kunne vel i seg sjølv tiltrekt skodelystne skottbenktilhengarar.

Her ser vi Skottbenken der den hang på veggen. Martin Eriksen (bildet) var ein av dei som fann benken
Bukk

Benken er kring 5m lang og rundt 70cm høg. Den er laga i furu, (muligens noko gran?) og er relativt enkelt lagd. Det er brukt ein god del klippspiker når den er blitt lagd, noko som også tyder på at denne benken kanskje er av nyare dato. Alder på benken er ukjend.

Langbord understell

Bukkane er i hovedsak laga av to tverremner og to ståande emner som er tappa gjennom dei tverrgåande. Det er gjennomgåande tappar også i i bunnemnet der dei i tillegg har slått inn ein kile frå undersida.

Underside bukk

Eg ser for meg at det har vært ein kile som har blitt brukt for å klemme saman langborda. Ein kan sjå spor etter ein slik kile på eine bukken, men ellers ingen tydlig bruksslitasje etter ein slik kile.

Sannsynligvis spor etter kile

Benken har også blitt stiva av med to skråstilte bord. Desse er gjort smalare der dei ligg ann mot midten av langborda. Nedanfor er teikning og mål av benken. Eg har tatt meg friheit til å forenkle mål og nokon av delane då det var ein del variasjon i tjukkleik og lengde.

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 4

Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord til enten golv eller tak. To mann sit og høvlar takåsar med okshøvel og to mann høvlar bord på flasken med okshøvel. Legg merke til at det eine langbordet på skottbenken ligg på diagonalen mellom føtene for at det skal bil stødigare å høvle bordet på flasken. Hodeplagga dei har på seg indikerer at dette er midt på sommaren i den tida mygga er på sitt verste. Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge var lensmann Indre Finnmark på 1920-1940-talet og tok ei mengd med foto frå sine reiser. Fotoet er skanna av De Samiske Samlinger i Karasjok. Hans namnebror og etterkomar Aage Hegge følgjer bloggen og har latt oss bruke biletet.
Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord.  Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge var lensmann Indre Finnmark på 1920-1940-talet og tok ei mengd med foto frå sine reiser. Det er frå omlag same tid som ein fekk inn svar på spørjelista om snikkarhandverket.

Eg held fram med gjennomgangen av svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesmling. Eg har frå før posta del 1del 2 og del 3 med gjennomgang av  dei andre fylka i Noreg. Dette er siste delen i denne serien og med den har eg presentert alle svara på spørjelista som har med noko om skottbenk. Den generelle innleiinga som beskriv materialet og arbeidsmåten min er med i del 1.

Vest-Agder

Knut Lauvdal i Laudal (i dag Marnadal kommune) skriv: For lang stykke bruka dei skottbenk, og stykki vart festa med klamrer og bløygar.

Frå Vest-Agder var det totalt 10 svar på spørjelista. Berre eitt av svara går inn på skottbenk og brukar det som nemning.

Aust-Agder

Helga Løvland i Froland skriv: For å høvle lange bord eller planker sette dei op plankekrakk.

Magnild Hagelia i Gjerstad skriv: Til retteleg lange ting vart bruka «strykebenk«. Den sette dei op for kvart høve, t. d. når dei høvla golvplank.

Knut Homme i Valle skriv: Strøbenk bruka dei når ein ting var for lang på vanleg høvelbenk. D.v.s. tvo plankar som stend jamsides på smalkantene, den eine fast og den andre laus, som fær bløyga ho innåt emnet.

Frå Aust-Agder var det totalt 9 svar på spørjelista og 3 av dei har med strykebenk. Nemninga plankekrakk kan ha ei anna meining enn skottbenk. Nemninga strøbenk kan vere skrivefeil og kan ha vore meint strøkbenk? Det kan og vere at ordet vert uttala strøbenk i Setesdalen?

Telemark

Steinar Kollkjen i Mo (i dag Tokke kommune) skriv: I gamal tid er bruka 2 upptømra tverrtre. Yver desse var lagd 2 plankar hell liknande. I millom desse var so det som skulde høvlast sett. I tverrtreene var bløygar på utsida. Når desse var slegne til var det som skulde høvlast klemd godt til. Det var helst til pløying – not og fjær – dette var brukt. Til å jamne hadde dei ein høvl som gjekk på meiar, ein på kvar side. Denne kalla dei «lokårn«.

Frå Telemark  var det totalt 10 svar på spørjelista og berre eitt av desse går inn på noko som eg tolkar som skottbenk. Her kalla han høvelen med meiar for «lokårn». Lokar er elles ei vanleg nemning på ein langhøvel, gjerne brukt til lagging. Det er ein del likskapstrekk mellom skyting av stavar til lagging og skyting av lange bord på skottbenk så her kan det vere samband.

Vestfold

Ole Bråvoll i Andebu skriv: Hussnikkern bruke føibænk å tømmermannsbænk

Lars M. Ramberg i Botne (i dag Holmestrand kommune) skriv: Til høvling av lange bord og planker hadde de et par bokker (krakker) som de satte opp ved siden av en veg(g?). De la da planken oppå  og slog den fast med kile.

I Vestfold var det berre 2 svar totalt på spørjelista og båe desse har med noko som eg tolkar som ein skottbenk. Berre ein av dei har med nemninga føibænk som då er einaste døme på nemning frå fylket. Sidan 100% av svara frå Vestfold har med skottbenken så bør det vere mogleg å finne gamle benkar rundt på gardane. Så langt har vi ikkje eit einaste døme på gamle benkar frå dette fylket.

 Østfold

Hans Stumberg i Idd (i dag Halden kommune) skriv: Foruten høvelbenken hadde man en lang planke påheftet en kloss, så det man skulde bearbeide blev festet omtrent slik: (ufullstendig skisse, ikkje attgjeve her) Dette kaldes en «strøkbenk«. Sansynligvis var denne kjent før høvelbenken. (…..) De brukte strøkbenken når det gjaldt å feste lange stykker som ikke fikk plass på høvelbenken.

Arne Sandem i Spydeberg skriv: «Feibænk» bruktes for retning av gulvbord.

Båstad i Trøgstad skriv: Jeg kan ikke huske andet i min tid end Høvelbenken blev benyttet. Kun naar store stykker skulde okses, saa var der sat op en benk av planker som var indrettet slik at man baade okset og brukte ploughøvlen (oksebenk).

Frå Østfold var det 7 svar totalt på spørjelista, 3 av desse har med skottbenken.  Nemningane er strøkbenk, feibænk og oksebenk. Feibænk er ganske nær opp til føibænk som Ole Bråvoll i Andebu i Vestfold skriv. Eg er usikker på kva ordet skriv seg frå? Kan det ha samband med fuge slik som svenske fogbock og danske fugbænk? Eller kan det ha samband med å pløye slik som pløybenk? Det er vel nærliggande å tenkje seg at ein har hatt utveksling med Sverige og Danmark og at nemningane kan ha gått begge vegar over grensene. Vi har ikkje kunne spora opp gamle skottbenkar i Østfold så langt. Medlemmane av Norsk Skottbenk Union i Østfold  bør undersøkje i om det kan finnast noko i heimfylket sitt.

Skottbenken på museet i Karasjok. Langbordet er 4.5 meter langt og 3,5 x 20 cm i rota og 3,5 x 17,5 cm i toppenden. Benken er ca 63 cm høg frå marka og opp til overkant av langbordet. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken på De Samiske Samlinger  i Karasjok i Finnmark. Kanskje finnast det skottbenk, feibænk, strøkbenk, oksebenk eller strykebenk i samlingane til eit av musea i desse fylka som vi ikkje har døme på benkar frå?  Foto: Roald Renmælmo

I Oslo, Akershus og Buskerud er det ikkje med noko om skottbenk i svara. I Akershus var det 6 svar og i Buskerud var det også 6 svar. Frå Oslo var det derimot ingen svar på spørjelista. Om vi då legg til Finnmark som hadde berre eitt svar på spørjelista, men utan opplysningar om skottbenk, så har vi totalt 4 fylke som vi ikkje har opplysningar om skottbenk i svara på spørjelista.

Frå Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold og Østfold var det totalt 38 svar på spørjelista om snikkarhandverket. 10 av svara har med skottbenken i ei eller anna form. Det er ingen som har teikningar eller detaljerte forklaringar på utforminga av benken. Knut Homme frå Valle og Steinar Kollkjen frå Tokke har forklaringar som er i tråd med utforminga på skottbenkar vi kjenner frå før her på bloggen. Felles for alle desse fylka er at vi ikkje har døme på gamle originale skottbenkar i dette området. Det er også sparsamt med skriftlege kjelder om skottbenken frå dette området. Vi har aktive skottbenkbrukarar både i Østfold og Telemark. Det er soleis håp om at det kan dukke opp benkar i desse områda.