Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 4

Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord til enten golv eller tak. To mann sit og høvlar takåsar med okshøvel og to mann høvlar bord på flasken med okshøvel. Legg merke til at det eine langbordet på skottbenken ligg på diagonalen mellom føtene for at det skal bil stødigare å høvle bordet på flasken. Hodeplagga dei har på seg indikerer at dette er midt på sommaren i den tida mygga er på sitt verste. Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge var lensmann Indre Finnmark på 1920-1940-talet og tok ei mengd med foto frå sine reiser. Fotoet er skanna av De Samiske Samlinger i Karasjok. Hans namnebror og etterkomar Aage Hegge følgjer bloggen og har latt oss bruke biletet.
Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord.  Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge var lensmann Indre Finnmark på 1920-1940-talet og tok ei mengd med foto frå sine reiser. Det er frå omlag same tid som ein fekk inn svar på spørjelista om snikkarhandverket.

Eg held fram med gjennomgangen av svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesmling. Eg har frå før posta del 1del 2 og del 3 med gjennomgang av  dei andre fylka i Noreg. Dette er siste delen i denne serien og med den har eg presentert alle svara på spørjelista som har med noko om skottbenk. Den generelle innleiinga som beskriv materialet og arbeidsmåten min er med i del 1.

Vest-Agder

Knut Lauvdal i Laudal (i dag Marnadal kommune) skriv: For lang stykke bruka dei skottbenk, og stykki vart festa med klamrer og bløygar.

Frå Vest-Agder var det totalt 10 svar på spørjelista. Berre eitt av svara går inn på skottbenk og brukar det som nemning.

Aust-Agder

Helga Løvland i Froland skriv: For å høvle lange bord eller planker sette dei op plankekrakk.

Magnild Hagelia i Gjerstad skriv: Til retteleg lange ting vart bruka «strykebenk«. Den sette dei op for kvart høve, t. d. når dei høvla golvplank.

Knut Homme i Valle skriv: Strøbenk bruka dei når ein ting var for lang på vanleg høvelbenk. D.v.s. tvo plankar som stend jamsides på smalkantene, den eine fast og den andre laus, som fær bløyga ho innåt emnet.

Frå Aust-Agder var det totalt 9 svar på spørjelista og 3 av dei har med strykebenk. Nemninga plankekrakk kan ha ei anna meining enn skottbenk. Nemninga strøbenk kan vere skrivefeil og kan ha vore meint strøkbenk? Det kan og vere at ordet vert uttala strøbenk i Setesdalen?

Telemark

Steinar Kollkjen i Mo (i dag Tokke kommune) skriv: I gamal tid er bruka 2 upptømra tverrtre. Yver desse var lagd 2 plankar hell liknande. I millom desse var so det som skulde høvlast sett. I tverrtreene var bløygar på utsida. Når desse var slegne til var det som skulde høvlast klemd godt til. Det var helst til pløying – not og fjær – dette var brukt. Til å jamne hadde dei ein høvl som gjekk på meiar, ein på kvar side. Denne kalla dei «lokårn«.

Frå Telemark  var det totalt 10 svar på spørjelista og berre eitt av desse går inn på noko som eg tolkar som skottbenk. Her kalla han høvelen med meiar for «lokårn». Lokar er elles ei vanleg nemning på ein langhøvel, gjerne brukt til lagging. Det er ein del likskapstrekk mellom skyting av stavar til lagging og skyting av lange bord på skottbenk så her kan det vere samband.

Vestfold

Ole Bråvoll i Andebu skriv: Hussnikkern bruke føibænk å tømmermannsbænk

Lars M. Ramberg i Botne (i dag Holmestrand kommune) skriv: Til høvling av lange bord og planker hadde de et par bokker (krakker) som de satte opp ved siden av en veg(g?). De la da planken oppå  og slog den fast med kile.

I Vestfold var det berre 2 svar totalt på spørjelista og båe desse har med noko som eg tolkar som ein skottbenk. Berre ein av dei har med nemninga føibænk som då er einaste døme på nemning frå fylket. Sidan 100% av svara frå Vestfold har med skottbenken så bør det vere mogleg å finne gamle benkar rundt på gardane. Så langt har vi ikkje eit einaste døme på gamle benkar frå dette fylket.

 Østfold

Hans Stumberg i Idd (i dag Halden kommune) skriv: Foruten høvelbenken hadde man en lang planke påheftet en kloss, så det man skulde bearbeide blev festet omtrent slik: (ufullstendig skisse, ikkje attgjeve her) Dette kaldes en «strøkbenk«. Sansynligvis var denne kjent før høvelbenken. (…..) De brukte strøkbenken når det gjaldt å feste lange stykker som ikke fikk plass på høvelbenken.

Arne Sandem i Spydeberg skriv: «Feibænk» bruktes for retning av gulvbord.

Båstad i Trøgstad skriv: Jeg kan ikke huske andet i min tid end Høvelbenken blev benyttet. Kun naar store stykker skulde okses, saa var der sat op en benk av planker som var indrettet slik at man baade okset og brukte ploughøvlen (oksebenk).

Frå Østfold var det 7 svar totalt på spørjelista, 3 av desse har med skottbenken.  Nemningane er strøkbenk, feibænk og oksebenk. Feibænk er ganske nær opp til føibænk som Ole Bråvoll i Andebu i Vestfold skriv. Eg er usikker på kva ordet skriv seg frå? Kan det ha samband med fuge slik som svenske fogbock og danske fugbænk? Eller kan det ha samband med å pløye slik som pløybenk? Det er vel nærliggande å tenkje seg at ein har hatt utveksling med Sverige og Danmark og at nemningane kan ha gått begge vegar over grensene. Vi har ikkje kunne spora opp gamle skottbenkar i Østfold så langt. Medlemmane av Norsk Skottbenk Union i Østfold  bør undersøkje i om det kan finnast noko i heimfylket sitt.

Skottbenken på museet i Karasjok. Langbordet er 4.5 meter langt og 3,5 x 20 cm i rota og 3,5 x 17,5 cm i toppenden. Benken er ca 63 cm høg frå marka og opp til overkant av langbordet. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken på De Samiske Samlinger  i Karasjok i Finnmark. Kanskje finnast det skottbenk, feibænk, strøkbenk, oksebenk eller strykebenk i samlingane til eit av musea i desse fylka som vi ikkje har døme på benkar frå?  Foto: Roald Renmælmo

I Oslo, Akershus og Buskerud er det ikkje med noko om skottbenk i svara. I Akershus var det 6 svar og i Buskerud var det også 6 svar. Frå Oslo var det derimot ingen svar på spørjelista. Om vi då legg til Finnmark som hadde berre eitt svar på spørjelista, men utan opplysningar om skottbenk, så har vi totalt 4 fylke som vi ikkje har opplysningar om skottbenk i svara på spørjelista.

Frå Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold og Østfold var det totalt 38 svar på spørjelista om snikkarhandverket. 10 av svara har med skottbenken i ei eller anna form. Det er ingen som har teikningar eller detaljerte forklaringar på utforminga av benken. Knut Homme frå Valle og Steinar Kollkjen frå Tokke har forklaringar som er i tråd med utforminga på skottbenkar vi kjenner frå før her på bloggen. Felles for alle desse fylka er at vi ikkje har døme på gamle originale skottbenkar i dette området. Det er også sparsamt med skriftlege kjelder om skottbenken frå dette området. Vi har aktive skottbenkbrukarar både i Østfold og Telemark. Det er soleis håp om at det kan dukke opp benkar i desse områda.

 

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

2 thoughts on “Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 4

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s