Pløybenk i Elverum

Skottbenken
Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Dette fotografiet som vi har brukt tidlegare på bloggen får tene som illustrasjon på korleis ein pløybenk i Elverum kan ha sett ut på bakgrunn av teksten vi siterer under. Foto: Roald Renmælmo

Vi har tidlegare skrive om plogbenk på garden Stallheim i Trysil, plogbenk på garden Motens i Varaholla i Trysil og forfattaren Halvor Floden og plogbenken i Trysil. No kjem vi til nabokommunen til Trysil, Elverum, der Halvor Floden busette seg og budde i si yrkeskarriere. I Boka Elverum, IV – Tillegg til Finne-Grønns bok om Elverum, (Elverum kommune 1958) finn vi att den same Halvor Floden i redaksjonsnemnda i boka. Boka er ei slags bygdebok som beskriv geologi, arkeologi, folkemusikken, folketradisjon, historie, det gamle Elverum, seterbruket i Elverum, politisk styre, skolestell og kulturliv, kunst og litteratur, bygdemålet, matstell og handverk, idrettslivet og bureising og boligbygging. Det er gjort eit omfattande arbeid med dei ulike kapitla i boka som er skrive av ulike forfattarar som har kvar sine spesialområde. Om matstell og handverk i det gamle Elverum er det lærar Olav Furuset som skriv:

«Skulle det vera eit staseleg hus, skava ein tømmeret med trynfisken (pjål, skave, red. anm.). Andre høvla med skrubbokse og pussokse. Petter Tømmermann heldt på at ein skulle skava tømmeret om det så berre var til ei skarve utløe. Huset stod så mykje lengere da, sa han.

Tømmermannen måtte vera nøgje på meddraget, elles kunne veggen bli gissen. Han merka det ut meddraget eller klorivjua, som noen kalla denne reiskapen. Somme rita opp med hjørnet på øksa. Det måtte vera skarpe hjørner på den øksa ein hogg ut meddraget med. Lafthogginga var rekna som den største kunsta i tømmermannsyrket. For gamalt hogg ein laftet rett ned så djupt ein skulle. Men skulle ein rive eit slikt hus, slo ein lett av laftnubbane. Gudbrandsdølene gjorde noe tei kalla garpehogg, Dvs, dei let mergen eller garpen, som de sa, stå att. Tømringa vart solidare all med seg av det. I meddrag og laft la ein husmose (Hypnum). I røstet, og elles der det kunne bli svikt i veggen, gjorde tømmermannen lukur og slo i demlingar. For gamalt hogg ein lukune med augeøks. Sia kom navaren i bruk. Ein gamaldags navar åt seg ikkje nedover sjøl. Først hogg ein laus ei flis, så navarnibben fekk tak, og så var det berre å klemme og bora av alle krefter. I 1880-åra kom sentrumsboren i bruk. 

Stokksaga var lenge einaste saga tømmermannen brukte. Men sist på 1800-talet kom det etterkvart lettvintare sager. I 1870-åra kom det første vateret til bygda. Før hjelpte ein seg med loddet og vaterfjøler. I somme hus ser ein ennå golv av kløyvde tømmerstokkar. Men lenge etter at oppgangssagene kom, hende det seg ein gjorde bord for hand. Stokkane vart kløyvd med slippersag, og telgd eller høvla etterpå. Nær Dala i Løtenskogbygda var ei oppgangssag frå gamalt. Hit kom folk heilt frå Heradsbygda med sagtømmer, er det fortald. Sorperud hadde oppgangssag ved Sagbekken. Bronkegardane hadde sag ved Bronkåa. I Kverndalen har det vore sagbruk lenge. 

Panelbord gjorde ein for hand på pløybenk. Pløybenken var to stabber med skår i. Her var felt nedi to bord. Det eine var spika fast i stabbane, det andre var laust. Millom dei to borda la ein planken som skulle høvlast til. Så rissa ein opp breidda, hogg av det meste med øks, og høvla resten med skjøtoksen. Deretter kom turen til not og fjørplogen. Etterpå pussa ein bordet med semshøvlen. Staffen var det siste ein gjorde. Ein brukte mye panel der annakvart bord hadde berre not eller berre fjør på begge sider. Oluf Mørkhagen tok på seg mange byggearbeid i si tid. To av dei siste var bygningane på Grønli i Hernes og Vesterhaug i i Heradsbygda. Han hadde gjerne folk ståande heile vinteren med ymse kruslearbeid for seg. Da lånte han bort reiskap om det trengtes, for han hadde mye av det slaget. Amund Hansen Bråten og sonen hans stod ein heil vinter og gjorde holkillister til Grønlibygningen». (Magne Skrede (red), Elverum, IV – Tillegg til Finne-Grønns bok om Elverum, Elverum 1958)

Pløybenken som er beskrevet i teksten kan ha ein del felles med benken som vi tidlegare har presentert frå Västagården i Lima i Sverige. Elverum kommune grenser ikkje direkte til Lima (Malung kommune), men det er ikkje veldig store avstandar, ein kjører mellom på under ein time med bil. I teksten er det også med namn som skrubbokse, pussokse, skjøtokse, semshøvel, staff, holkillister og not og fjørplogen. Dette er nyttig informasjon for handverkarar som arbeider lokalt i området i, og kring, Elverum. Eg har også tidlegare skrive frå Elverum her på bloggen der eg siterer frå svar på spørjelista om snikkarhandverket frå Olav Furuset frå Jømna ved Elverum. Dette er same Olav Furuset som var forfattaren av kapitlet om matstell og handverk i boka Elverum. Spørjelistesvaret kom inn i 1946, altså 12 år før boka kom ut. Når ein granskar teksten om pløybenken i boka og teksten om plogbenken i spørjelista, vert det snart tydeleg at det er same teksten som er nytta begge stader. Dei fleste orda er skrive likeens og setningane er nokolunde likt utforma. Skilnaden er at han bruker plogbenk i spørjelistesvaret og pløybenk i kapitlet i boka.

Buskerud sterkare på kartet

Vi har gjennom arbeidet med kartlegging av skottbenkar i inn- og utland fått dekt mykje av landet, og med enkelte drypp også i andre land. Det er likevel nokre område som ikkje er så så godt dekt gjennom arbeidet med søk i Norsk Folkeminnesamling og med leiting etter gamle skottbenkar. Buskerud er eit fylke der vi ikkje fann noko særleg om skottbenk i svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Det har heller ikkje kome fram registrerte skottbenkar som har blitt presentert på bloggen. Vi har medlemmar med nybygd skottbenk i Buskerud i Ivar Jørstad i Hurum. Vi har også hatt fleire ekspedisjonar på søk etter kva som måtte finnast av lokale skottbenkar i fylket. Det er ting som tyder på at slike er lokalisert og vil bli presentert på bloggen etterkvart. Det er noko vi ser fram til. Ikkje minst er slikt viktig for lokale handverkarar i Buskerud som då kan få tilgang på eit førebilete som er lokalt når dei skal snikre seg sin eige skottbenk. Sjølv om det ikkje var noko å finne i svarmaterialet på spørjelista om snikkarhandverket, så visar det seg at det i materialet om timbremannshandverket har sneke seg inn detaljerte skildringar av skottbenk, eller «skøttlangbenk»,  frå Sigdal i Buskerud. Det er Andreas Mørch som har skrive svaret, men han har truleg henta inn opplysningar frå lokale handverkarar i sitt område.

Skisse av skøttlangbenk frå svaret til Andreas Mørch.
Skisse av skøttlangbenk frå svaret til Andreas Mørch.
Andreas skriv:

«Ukshøvl´n har et tverrtre te handtak framma og bak, slekk at ein kan skuve å ein kan dra. Tverrtrea blir kalla hønna. Hondrag te å hondra takbord me, blir nytta ennå. Ukshøvelen kalla dei gjenne bare uksen. 

Skøttukshøvl´n va som ein vanli ukshøvl, men med to lann på. Lanna va spikra under sulen på høvel´n. Skøttukshøvl´n vart bare bruka i langbenken når døm skaut opp golvplank. Langbenken var laga tå to planker som sto på kant, i den eine planken va det tre hell fire treskruvar. Golvplanken vart smetta ned mellom plankane i benken og skruva fast. Den tia va det bare gjennomskørin plank me honkant på. Honkanten va tælt tå føre dom sette´n i benken. Døm sette gølvplanken så passe juft at lanna på høvl´n nådde nedpå plankane i benken nå golvplanken va ferdig. Då va´n rett.»

Skisse av skøttlangbenk av Andreas Mørch
Skisse av skøttlangbenk av Andreas Mørch
Den typen benk som Andreas har forklart og teikna kan minne om rettbenken frå Stigums magasin på Norsk Folkemuseum  som Terje Planke har presentert for oss tidlegare. Forklaringa og skissene til Andreas er svært detaljerte og får fram på ein god måte kva dei enkelte delane heiter og korleis benken verkar. Andreas skriv også om gølvhaka i svaret sitt. Han skriv følgjande:

«Hakar var de to slag tå, hellhaka – somme sier hellehaka (Eggedal: hallhaka) og gølvhaka. Hellhakan va te å slå fast stokken me nå´n tælte, te å dra på stokken me nå´n sku godt ne´åt etter møsjinga, og te å feste stokken mea´n medrog. Gølvhaken bruka ein når ikkje planken ville innåt. Nå´n slo gølvhaken sta lu´n, skuva´n planken innåt. Nå´n sku ha oppatt denna hakan, slo´n te´n på rompa, så spratt´n opp tor lu´n.»

Hellhaka og gølvhaka teikna av Andreas Mørch
Hellhaka og gølvhaka teikna av Andreas Mørch
Golvhakar er det ikkje så ofte ein finn rundt om i landet. Eg har frå før fått Mattias Helje til å smi kopiar av ein gamal golvhake som eg har fått tak i sjølv. Denne typen har ikkje «rompe» som ein kan slå på for å få opp haken. Det kan vere at det dukkar opp fleire typar av golvhakar etterkvart som fleire byrjar å leite etter slike. Ta gjerne kontakt om du kjem over slikt.

Nye oppdagingar i Norsk folkeminnesamling

Høvling av golvbord på skottbenk. Foto: Roald Renmælmo
Høvling av golvbord på skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

Eg har tidlegare skrive ein del om dei funna eg gjort om skottbenken i spørjelistene om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk folkeminnesamling. Eg rekna med at eg hadde gått gjennom alt av relevante svar i dette materialet i samband med min store gjennomgang og analyse. I førre veke var eg tilbake på Blindern saman med studentar i tradisjonelt bygghandverk, Terje Planke og smedstipendiat Øystein Myhre. Føremålet vårt var å gå gjennom andre spørjelister om smedhandverket, timbremannsyrket og husbygging. Også desse spørjelistene vart sendt ut på 1930-talet og inneheld mykje spennande materiale. Særleg for oss handverkarar er det veldig spennande å sjølv få lese gjennom kva våre forgjengarar har skrive og forklart om sitt handverk i for kring 80 år sidan. I gjennomgangen av dette materialet dukka det faktisk opp eit svar på spørjelista om snikkarhandverket mellom svara om timbremannsyrket. Det var svar frå Olav Furuset frå Jømna ved Elverum. Det har kome inn i 1946 og Olav skriv at han har samla inn stoffet i Bjølsetgrenda ved Jømna stasjon. Det tyder på at han skrive ned etter handverkarar som ikkje er namngjevne i svaret hans, men som han har vurdert som kunnskapsrike innan dette fagområdet.

Olav Furuset skriv dette som svar på spørsmålet om høvelbenken:

«Når dei arbeidte bord brukte dei plogbenk. Det var to stabber med eit skår i. I dette sette ein 2 plankar. Den eine feste dei i skårsida i stabben. Den andre var laus. Millom desse to plankane la dei bordet dei skulle arbeide. Så slo dei kilen mellom det lause bordet og sida på skåret i stabben. Fyrst teljet dei tå med øks det grøvste. Fyrst risse dei sjølvsagt op så dei hadde noko å halde seg ette. Etter teljinga skjøt dei tå resten med skjøtoksen. Skulde dei så laga pløyde bord brukte dei not og fjørplog. Etterpå strøk dei av kvasskantane med semshøvel. Nå dei så hadde laga staffen var dei ferdige med bordet.»

Det han nemner som plogbenk verkar å ha sett ut og verka noko tilsvarande som benken som eg har skrive om frå Lima i Sverige. Etter beskrivelsen var nok stabbane av noko liknande utforming. Beskrivelsen frå Jømna er nok den som geografisk ligg nærast Lima av alle spørjelistesvara i Norsk Folkeminnesamling. Det er ca 16 mil å kjøre mellom Lima og Jømna, men det har vore ein del kontakt og handel mellom folk i desse områda tidlegare. Det er derfor ikkje spesielt merkeleg at det er slektskap mellom skottbenkane (plogbenkane) i dette området. Artig er det også at Olav har med mange ord i forklaringa si om korleis benken vart brukt. Han får også med at dei brukte semshøvel til å stryke av kvasskantane. Dette er noko som eg har sett spor etter på gamle golvbord i Målselv og andre stader så det var artig å sjå at det også er beskrive i tekst.

Kanting av golvbord, eller som Olav Furuset skriv, "telje tå det grøvste med øks". Her er bordet snorslått med sotsnor for å få nokolunde rett kant. Foto: Roald Renmælmo
Kanting av golvbord, eller som Olav Furuset skriv, «telje tå det grøvste med øks». Her er bordet snorslått med sotsnor for å få nokolunde rett kant. Foto: Roald Renmælmo

 

 

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, gjennomgang og drøfting

Svarmaterialet frå spørjelista om Snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling viser seg å vere ei god kjelde for å undersøkje utbreiing og bruk av skottbenken i Noreg. Det har kome fram gjennom dei 4 tidlegare postane som har presentert svarmaterialet, del 1, del 2, del 3 og del 4. Spørjelista vart sendt ut i 1934 og dei fleste svara kom nok inn same år sjølv om få av dei er datert. Målet med spørjelista var å få fram dei nemningane som var vanlege i snikkarhandverket på bygdene. I innleiinga til spørsmåla kan vi lese:

«Med handverk meiner me her i denne spursmålslista det yrket som snikkarane utover på bygdene driv eller dreiv. For kvar landslut var – og er enno mange stader – bygdesnikkaren sitt område bunde til ei mengd faste, nedervde former av bruksting og husbunad, snikring av fast inventar i stovene o.s.b. Det er nemningane åt dette handverket me vil ha fram, eit handverk som i mange måtar kann gripa over på bygningssnikkaren sitt umråde, men som ikkje har større å gjera med finare møbelsnikring, bysnikring. Sjølvsagt har no mange bysnikaruttrykk vunne inn på bygdene, og me vilde då gjerne ha greie på um det t. d. lever ei gamal nemning og ei nymotens side um side for same tingen, um den nye nemningi har trengt den gamle burt og i tilfelle når, kva namn som no kjennest innførde. Det var også bra um alle namn og nemningar kunde skrivast så likt uttalen på staden som mogeleg.» (Frå Nemndi til gransking av norsk nemningsbruk, 2. Snikkarhandverket, 1934)

Innleiinga går inn på at språket er i endring og at nemningar i snikkarhandverket på bygdene vert påverka av «bysnikring». Truleg meiner ein med «bysnikring» det formelle møbelsnikkarfaget der ein hadde formalisert utdanning og prøve i form av sveineprøve. Fleire av svara på spørjelista  er også inne på at ein kunne sjå endringar i arbeidsmåte og nemningar på grunn av snikkarkursa som mange hadde delteke på. Snikkarkurs var det mange av rundt om i Noreg i fyrste halvdel av 1900-talet og ei viss einsretting av arbeidsmåtar og nemningsbruk i snikkarhandverket var nok eitt av resultata. I spørjelista spør ein spesielt etter om det finnast ei gamal nemning som har vorte trengt burt av ei «nymotens» og i tilfelle når?

Det er ikkje spurt etter alder og bakgrunn til dei som svarar på spørjelista. Ein del av dei som har svart skriv at dei ikkje kjenner snikkarhandverket godt nok og ein del er nok for unge til å kjenne dei eventuelle eldre nemningane. Det er likevel nokre av dei som svarar som skriv når dei er fødd/kor gamle dei er og at dei er snikkarar. Fleire av desse er fødde kring 1850 og har vore snikarar heile livet. Nokre av svara representerer altså inngåande kjennskap til snikkarhandverket og har solid rotfeste i den lokale handverkstradisjonen. På denne tida var det truleg eit fåtal av snikkarane på bygdene som hadde formalisert utdanning i faget. Det vanlege var nok å lære faget gjennom å arbeide saman med andre handverkarar med meir erfaring.

Geografisk fordeling

Vi kunne sjå for oss at det var stor variasjon frå bygdelag til bygdelag, både når det gjeld nemningar, og når det gjeld arbeidsmåtar. Særleg når ein tenkjer på topografien i Noreg og dei store avstandane. Det er meir enn 200 mil mellom nordlegaste og sørlegaste stad vi har svar frå i spørjelista. Å kartlegge ein slik variasjon er noko av det som var formålet med å sende ut spørjelista til alle delar av landet. Ein ville kartlegge regional utbreiing av nemningane og gjerne påvise ulike «kulturgrenser» mellom språklege fenomen.

Svara på spørjelista er ordna i mapper, ei for kvart fylke, slik det ligg i arkivet på Norsk Folkeminnesamling. Eg har også handsama svarmaterialet i høve til denne ordninga. Slik har eg også presentert sitata om skottbenken i dei fire bloggpostane som presentere heile råmaterialet. Del 1, Del 2, Del 3 og Del 4. Frå Oslo var det ingen svar. Frå Finnmark var det berre eitt og frå Vestfold var det berre to svar. Elles er fordelinga høveleg jamn med fylka Hordaland, Møre og Romsdal, Oppland og Sogn og Fjordane som alle har 15 eller fleire svar. Totalt for heile landet er det 168 svar på spørjelista.

Diagram som viser total mengde svar på spørjelista frå kvart fylke. Oslo er ikkje med i oversikta sidan det ikkje var svar frå dette fylket.
Diagram som viser geografisk fordeling av total mengde svar på spørjelista om Snikkarhandverket frå kvart fylke. Oslo er ikkje med i oversikta sidan det ikkje var svar frå dette fylket.

Når eg så systematiserer svarmaterialet frå heile landet så er det slåande at heile 54 av 168 svar har med skottbenken. Det veldig nær ⅓ av svara! Av desse er det heile 52 som har med nemning på benken. To av svara forklarar ei innretning som eg tolkar som skottbenk utan at dei har namn på det. Når vi ser på fordelinga av svara som har med noko om skottbenken så er det slåande at Hordaland har få svar som har med noko om skottbenken. Finnmark, Akershus og Buskerud har ingen svar med skottbenk og er derfor ikkje med i oversikta under.

Diagram som viser fylkesvis fordeling av svar som har med namn og/eller forklaring på skottbenk.
Diagram som viser fylkesvis fordeling av svar som har med namn og/eller forklaring på skottbenk.

Når vi reknar prosent av svara frå kvart fylke som har med skottbenken så har både Vestfold, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag over 50% av svara som har med skottbenken.

Diagram som viser kor mange prosent av svara frå kvart fylke som har med skottbenken i svaret.
Diagram som viser kor mange prosent av svara frå kvart fylke som har med skottbenken i svaret.

Vi må hugse på at det ikkje var spurt særleg etter skottbenken eller benkar med den funksjonen som skottbenken har. Heile spørsmålet om høvelbenken er gjeve att i den fyrste av dei fire postane som listar opp dei ulike svara. «Brukte dei andre måtar å festa arbeidsstykket enn i høvelbenk?» og «Uttrykk for å feste lange stykke som ikkje fekk rom på sjølve benken.» er dei to formuleringane som har framprovosert dei svara som har med skottbenken. Om det har vore spurt spesielt etter skottbenken trur eg svarprosenten har vore mykje høgre. Vi kan i alle fall slutte av svara at skottbenken var godt kjend og utbreidd over det meste av landet i 1934.

Dei ulike nemningane

Sjølv har eg fyrst vorte kjend med nemninga skottbenk og den skrivemåten. Bakgrunnen min i denne samanhengen har eg skrive litt om i artikkelen, «Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken». Det var ikkje lenge etter vi starta bloggen til Norsk Skottbenk Union før det kom fram at det fans fleire nemningar på benken vår. Strykebenk og rettbenk er dei som har stor nok utbreiing til at vi har tatt dei med i overskrifta på bloggen. Kva kan vi då lese ut av svara om kor vanlege dei ulike nemningane er? Både nemninga skottbenk og nemninga strykebenk har mange variantar av skrivemåte. Det skuldast både at det i innleiinga til spørjelista er forklart at ein skal skrive nemningane så nær opp til uttalen som mogleg, og at nemninga skottbenk ikkje er vanleg å sjå i skrift. Truleg hadde ikkje nemninga vore på trykk nokon stad i 1934 då ein sende ut spørjelista?

I ordlista til Ivar Aasen frå 1873 har han ikkje med skotbenk eller skottbenk, men han har med «skothyvel» som er forklart slik: «Langhøvel, hvorpaa man kanter Fjele eller Staver; s. skjota» som svarar til det eg kjenner som «strykbenk», ein lang høvel som står på eit stativ med sålen opp. Eg har såleis ikkje klart å spore opp døme på skottbenk eller tilsvarande arbeidsbenk som har vore med i skrift før den er med i «Lappisk ordbok grunnet på dialektene i Polmak, Karasjok og Kautokeino», Konrad Nielsen, 1938. Då er skrivemåten i den norske forklaringa «skottbenk». Skottbenken var altså på trykk på samisk først. Det var altså ikkje ei etablert rettskriving for skottbenk på den tida spørjelista vart sendt ut. For å forenkle oversikta over dei ulike nemningane har eg sortert alle ulike skrivemåtar i normaliserte skrivemåtar som skottbenk, strykebenk, rettbenk og pløybenk.

Diagram som viser fordelinga av nemningar på  benken vår. Skrivemåten er normalisert for å ordne orda i hovudgrupper.
Diagram som viser fordelinga av nemningar på benken vår. Skrivemåten er normalisert for å ordne orda i hovudgrupper.

Det er 31 stk som har svart skottbenk med ein eller annan variant av skrivemåten. Det er 10 som har svart strykebenk i ein versjon av skrivemåten. 3 har svart rettbenk. 2 har svart pløybenk, 2 har svart feibænk/føybænk. Dei andre svara, oksebenk, plankekrakk, tell-benk og kjerringa, er det berre eitt av kvar. Eg har ordna dette prosentvis i diagrammet under.

Diagram som viser prosentvis fordeling av nemningane på skottbenken i svarmaterialet.
Diagram som viser prosentvis fordeling av nemningane på skottbenken i svarmaterialet.

Skottbenk er utan tvil den vanlegaste nemninga og er med i 60% av svara som har med nemning. Ein kan sjølvsagt drøfte om rettskrivinga skal vere skottbenk, skotbenk eller skøttbenk sidan desse tre formene er vanlege alle tre. Strykebenk er også ei utbreidd nemning som er med i 19% av svara.

Dei vanlegaste nemningane fordelt fylkesvis

Dei tre vanlegaste nemningane, skottbenk, strykebenk og rettbenk, er så mange at vi kan sjå på korleis dei fordeler seg geografisk på fylkesnivå. Eg har sett opp tre diagram, eitt for kvar nemning, som viser den geografiske fordelinga.

Diagram som viser fordelinga av dei tre vanlegaste nemningane, skottbenk, rettbenk og strykebenk på fylkesnivå.
Diagram som viser fordelinga av dei tre vanlegaste nemningane, skottbenk, rettbenk og strykebenk på fylkesnivå.

Det er nokre mønster som vi kan sjå av dette. Nemninga rettbenk finnast både i Sør-Trøndelag og Hordaland. Strykebenk er i kystfylka frå Sogn og Fjordane og sørover, Hordaland, Rogaland, Aust-Agder og Østfold. Feibenk finn vi i Vestfold og Østfold. Pløybenk finn vi berre i Hedmark, i kommunane Løten og Elverum. Skottbenk er ganske jamnt fordelt over heile landet men ikkje Hordaland, Rogaland, Aust-Agder, Vestfold og Østfold. Dette stemmer også bra med det som har kome fram i ulike postar her på bloggen tidlegare. Rettbenk har vi døme på frå Budal i Sør-Trøndelag som Terje Planke har skrive om. Strykebenk har vi fleire døme på frå Suldal i Rogaland som Sven Hoftun har skrive om. Svara på spørjelista stadfester eit mønster som vi alt har lagt merke til gjennom arbeidet vårt med kartlegging av skottbenkar og andre relevante kjelder som kan gi oss informasjon om skottbenken.

Alle svara eg har sitert i dei bloggpostane eg har skrive om svarmaterialet er merka med kategoriar for kommune. Om du ser i margen til høgre, øvst på sida på bloggen, så er det ei rute som er merka: «Oversikt over geografi og tema». Der kan du gå rett inn på kommune, fylke eller land i geografisk ordning. Då får du fram alle bloggpostar som er merka med den aktuelle kategorien. Om du slår opp på Gran kommune i Oppland får du i dag opp 4 bloggpostar som har kjelder frå kommunen. Når du så les gjennom desse postane kan du kome ned på enda meir detaljert nivå, på den enkelte gard og enkelte handverkar. Eg håpar dette materialet vil bli nyttig for vidare kartlegging av skottbenkar rundt om i Noreg. Med denne gjennomgangen er det berre nemningane eg har tatt for meg. Tilsvarande gjennomgang av utforming av skottbenken og forklaringane av bruken kan og bli aktuelt seinare. Kom gjerne med forslag til vidare undersøkingar og systematisering av svarmaterialet.

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 4

Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord til enten golv eller tak. To mann sit og høvlar takåsar med okshøvel og to mann høvlar bord på flasken med okshøvel. Legg merke til at det eine langbordet på skottbenken ligg på diagonalen mellom føtene for at det skal bil stødigare å høvle bordet på flasken. Hodeplagga dei har på seg indikerer at dette er midt på sommaren i den tida mygga er på sitt verste. Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge var lensmann Indre Finnmark på 1920-1940-talet og tok ei mengd med foto frå sine reiser. Fotoet er skanna av De Samiske Samlinger i Karasjok. Hans namnebror og etterkomar Aage Hegge følgjer bloggen og har latt oss bruke biletet.
Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord.  Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge var lensmann Indre Finnmark på 1920-1940-talet og tok ei mengd med foto frå sine reiser. Det er frå omlag same tid som ein fekk inn svar på spørjelista om snikkarhandverket.

Eg held fram med gjennomgangen av svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesmling. Eg har frå før posta del 1del 2 og del 3 med gjennomgang av  dei andre fylka i Noreg. Dette er siste delen i denne serien og med den har eg presentert alle svara på spørjelista som har med noko om skottbenk. Den generelle innleiinga som beskriv materialet og arbeidsmåten min er med i del 1.

Vest-Agder

Knut Lauvdal i Laudal (i dag Marnadal kommune) skriv: For lang stykke bruka dei skottbenk, og stykki vart festa med klamrer og bløygar.

Frå Vest-Agder var det totalt 10 svar på spørjelista. Berre eitt av svara går inn på skottbenk og brukar det som nemning.

Aust-Agder

Helga Løvland i Froland skriv: For å høvle lange bord eller planker sette dei op plankekrakk.

Magnild Hagelia i Gjerstad skriv: Til retteleg lange ting vart bruka «strykebenk«. Den sette dei op for kvart høve, t. d. når dei høvla golvplank.

Knut Homme i Valle skriv: Strøbenk bruka dei når ein ting var for lang på vanleg høvelbenk. D.v.s. tvo plankar som stend jamsides på smalkantene, den eine fast og den andre laus, som fær bløyga ho innåt emnet.

Frå Aust-Agder var det totalt 9 svar på spørjelista og 3 av dei har med strykebenk. Nemninga plankekrakk kan ha ei anna meining enn skottbenk. Nemninga strøbenk kan vere skrivefeil og kan ha vore meint strøkbenk? Det kan og vere at ordet vert uttala strøbenk i Setesdalen?

Telemark

Steinar Kollkjen i Mo (i dag Tokke kommune) skriv: I gamal tid er bruka 2 upptømra tverrtre. Yver desse var lagd 2 plankar hell liknande. I millom desse var so det som skulde høvlast sett. I tverrtreene var bløygar på utsida. Når desse var slegne til var det som skulde høvlast klemd godt til. Det var helst til pløying – not og fjær – dette var brukt. Til å jamne hadde dei ein høvl som gjekk på meiar, ein på kvar side. Denne kalla dei «lokårn«.

Frå Telemark  var det totalt 10 svar på spørjelista og berre eitt av desse går inn på noko som eg tolkar som skottbenk. Her kalla han høvelen med meiar for «lokårn». Lokar er elles ei vanleg nemning på ein langhøvel, gjerne brukt til lagging. Det er ein del likskapstrekk mellom skyting av stavar til lagging og skyting av lange bord på skottbenk så her kan det vere samband.

Vestfold

Ole Bråvoll i Andebu skriv: Hussnikkern bruke føibænk å tømmermannsbænk

Lars M. Ramberg i Botne (i dag Holmestrand kommune) skriv: Til høvling av lange bord og planker hadde de et par bokker (krakker) som de satte opp ved siden av en veg(g?). De la da planken oppå  og slog den fast med kile.

I Vestfold var det berre 2 svar totalt på spørjelista og båe desse har med noko som eg tolkar som ein skottbenk. Berre ein av dei har med nemninga føibænk som då er einaste døme på nemning frå fylket. Sidan 100% av svara frå Vestfold har med skottbenken så bør det vere mogleg å finne gamle benkar rundt på gardane. Så langt har vi ikkje eit einaste døme på gamle benkar frå dette fylket.

 Østfold

Hans Stumberg i Idd (i dag Halden kommune) skriv: Foruten høvelbenken hadde man en lang planke påheftet en kloss, så det man skulde bearbeide blev festet omtrent slik: (ufullstendig skisse, ikkje attgjeve her) Dette kaldes en «strøkbenk«. Sansynligvis var denne kjent før høvelbenken. (…..) De brukte strøkbenken når det gjaldt å feste lange stykker som ikke fikk plass på høvelbenken.

Arne Sandem i Spydeberg skriv: «Feibænk» bruktes for retning av gulvbord.

Båstad i Trøgstad skriv: Jeg kan ikke huske andet i min tid end Høvelbenken blev benyttet. Kun naar store stykker skulde okses, saa var der sat op en benk av planker som var indrettet slik at man baade okset og brukte ploughøvlen (oksebenk).

Frå Østfold var det 7 svar totalt på spørjelista, 3 av desse har med skottbenken.  Nemningane er strøkbenk, feibænk og oksebenk. Feibænk er ganske nær opp til føibænk som Ole Bråvoll i Andebu i Vestfold skriv. Eg er usikker på kva ordet skriv seg frå? Kan det ha samband med fuge slik som svenske fogbock og danske fugbænk? Eller kan det ha samband med å pløye slik som pløybenk? Det er vel nærliggande å tenkje seg at ein har hatt utveksling med Sverige og Danmark og at nemningane kan ha gått begge vegar over grensene. Vi har ikkje kunne spora opp gamle skottbenkar i Østfold så langt. Medlemmane av Norsk Skottbenk Union i Østfold  bør undersøkje i om det kan finnast noko i heimfylket sitt.

Skottbenken på museet i Karasjok. Langbordet er 4.5 meter langt og 3,5 x 20 cm i rota og 3,5 x 17,5 cm i toppenden. Benken er ca 63 cm høg frå marka og opp til overkant av langbordet. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken på De Samiske Samlinger  i Karasjok i Finnmark. Kanskje finnast det skottbenk, feibænk, strøkbenk, oksebenk eller strykebenk i samlingane til eit av musea i desse fylka som vi ikkje har døme på benkar frå?  Foto: Roald Renmælmo

I Oslo, Akershus og Buskerud er det ikkje med noko om skottbenk i svara. I Akershus var det 6 svar og i Buskerud var det også 6 svar. Frå Oslo var det derimot ingen svar på spørjelista. Om vi då legg til Finnmark som hadde berre eitt svar på spørjelista, men utan opplysningar om skottbenk, så har vi totalt 4 fylke som vi ikkje har opplysningar om skottbenk i svara på spørjelista.

Frå Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold og Østfold var det totalt 38 svar på spørjelista om snikkarhandverket. 10 av svara har med skottbenken i ei eller anna form. Det er ingen som har teikningar eller detaljerte forklaringar på utforminga av benken. Knut Homme frå Valle og Steinar Kollkjen frå Tokke har forklaringar som er i tråd med utforminga på skottbenkar vi kjenner frå før her på bloggen. Felles for alle desse fylka er at vi ikkje har døme på gamle originale skottbenkar i dette området. Det er også sparsamt med skriftlege kjelder om skottbenken frå dette området. Vi har aktive skottbenkbrukarar både i Østfold og Telemark. Det er soleis håp om at det kan dukke opp benkar i desse områda.

 

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 3

Einar Strand høvlar på sin nylaga skottbenk. Den låge benken til venstre er for å høvle flask på borda før kanthøvling. Foto: Roald Renmælmo
Einar Strand i Nord-Trøndelag høvlar med skottokse på sin nylaga skottbenk. Skottbenken er laga med utgangspunkt i gamle originale skottbenkar.  Den låge benken til venstre er for å høvle flask på borda før kanthøvling. Foto: Roald Renmælmo

Eg held fram med gjennomgangen av svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesmling. Eg har frå før posta del 1. og del 2 med gjennomgang av dei nordlegare og austlegare fylka. Den generelle innleiinga som beskriv materialet og arbeidsmåten min er med i del 1.

Sogn og Fjordane

Ivar Rauboti i Balestrand skriv: Ikkje kjent noko redskap i staden for høvelbenk, men til å kantstryka lengere  bord og plankar hadde dei strokbenk.

G. G. Bekmann i Hafslo (i dag ein del av Luster kommune) skriv: Strjukebenk: planke med trekloss og blegg.

Helge Dale i Hafslo (i dag ein del av Luster kommune) skriv: Når det var berre kantskjoting brukte dei strokbeink, strukebeink, tvo plankar festa loddbeint til stolpar, mellom plankane festa dei bordet som skulde «skjotast«.

K. Gjesme i Lærdal skriv: Dei brukte, å brukar endå, ein skåtbeink til å beinskjota bori i. Han saog paolag soleis ut. 1. (plo) aos te ha unde. 2. Ein planke pao kor sia. 3. Imødlo dei plankad´n bore so ska hevlast beint. 4. Føted´n me klemma uppe før plankad´n. 5. Kjila te å slao plankad´n å bore fast me.

Skisse av skåtbeink av K. Gjesme i Lærdal. Tala på skissa er forklara i teksten.
Skisse av skåtbeink av K. Gjesme i Lærdal. Tala på skissa er forklara i teksten. 1. (plo) aos te ha unde. 2. Ein planke pao kor sia. 3. Imødlo dei plankad´n bore so ska hevlast beint. 4. Føted´n me klemma uppe før plankad´n. 5. Kjila te å slao plankad´n å bore fast me.

A. B. Vansråk i Kyrkjebø (i dag ein del av Høyanger kommune) skriv: Skotbenk

Anders Barmen i Selje skriv: Når ein skulde «skyta» kanten på t.d. uferdige bordkledsbord hadde dei ein «skotbenk» med nokre kilar i staden for skrue.

M. H. Berstad i Selje skriv: Ein bruka «skotbenk» med «benkehakjo», ja skotbenken var nytta heilt til 1890-åra. 

Wilhelm Kvalheim i Volda (svaret gjeld for Vågsøy) skriv: Skotbenken laga ein av ein lang planke og kunde verta laga for høvet når ein bygde eller vølte hus.

Skotbenk som illustrerer svaret frå Wilhelm Kvalheim
Skotbenk som illustrerer svaret frå Wilhelm Kvalheim

Olav Sagen i Årdal skriv: Skotbenk som dei skaut bordi på.

I Sogn og Fjordane kom det inn til saman 15 svar på spørjelista. Heile 9 av svara nemner skottbenken med ein eller annan skrivemåte. 6 av svara har nemninga skotbenk eller varianten skåtbeink. 3 av svara har nemninga strokbenk eller strjukebenk. Det er nokre av forklaringane og teikningane som tyder på at desse svara beskriv andre typar benkar enn det vi vanlegvis snakkar om med skotbenk. Skåtbeinken som K. Gjesme har teikna er bygd opp på ein annan måte enn dei vanlege. Han er bygd opp med ein kraftig ås (aos te ha unde) som står på føter. Tilsvarande seg eg ser for meg kan stemme med korleis nokre av svara frå Møre og Romsdal beskriv i posten om Skottbenken i Norsk Folkeminnesamling, del 2. Benken som Wilhelm Kvalheim har teikna minner ein del om benken som Arne Høyland har skrive om på sin blogg.

Hordaland

Haldor Kåstad i Bruvik (delt mellom Osterøy og Vaksdal, dette gjeld truleg Vaksdal) skriv: Til å retta materialen vart den set i rettebenken, so var ein 8 alen lång, med påsett 2 klåsser frå undersiden, med håkar tå tre festa det fast, brugtes kjilar. Den arbeidsmåten brukes endå i bygder dei har skog og ikkje når the å få det opparbeidt på masjinar.

Knut Dalen i Røldal (i dag ein del av Odda Kommune) skriv: Strykebenken var bere i bruk når ein skulde kanthøvla lange bord, t.d. golvbord. Ein bruko da meihøvle. Han vart kalla so av di han hadde «meiar«, smale ripor på båe sidor av solen. Det bordet som skulde høvlast rett i kant , vart sett fast millom tvo bord som høyrde til benken. Benken sine bord laut vera heilt retta og nøgje vinkla i øvre kant. Når eit bord skulde rettast, let ein det stikka litt høgare upp enn benken sine bord. Meiane på høvlen gjekk då på ustida av det bordet ein høvla, og når bordet var nedhøvla slik at meiane tok benkebordi, var kanten på det rett.

Skisse av strykebenk i svaret frå Knut Dalen.
Skisse av strykebenk i svaret frå Knut Dalen.

Frå Hordaland var det heile 19 svar på spørjelista om snikkarhandverket. Berre to av desse har med noko om strykebenken eller rettebenken, som er dei to nemningane som er brukt.  Heldigvis er båe dei to svara ganske utfyllande og detaljerte. Knut Dalen har og med ei skisse som viser korleis strykebenken ser ut og korleis ein kiler fast borda.

Rogaland

Lars Gjels i Jelsa (i dag Suldal kommune) skriv: «Strykebenk» laga man mangesteds naar det trenges for at kantstryke og pløie gulvbord o. lign. Gjøres av 2 mand med okshøvel langt bedre end med langhøvel, festes med 2 kiler i strygebenken. Okshevla, = 2 mand arbeider sammen, uten høvelbenk. Kanthogge, stryga på kant og pløia (alt dette i strygebenk), for å lage gulvbord. Strygebenk lages av 2 solide rettkantede passende lange bord sat på kant i to sterke krakker. Mellom disse bord og krakken kjiles arbeidsvirket fast og rettes med øks og okshøvel med påsatte meier, samt pløies. To mand arbeider sammen.

Edvard Kageberg i Sjernarøy (i dag Finnøy kommune) skriv: Dei brukte strykebenk til å stryka (høvla) av bordi på kanten. Ein strykebenk var to krakkar med eit fast bord og eit laust bord. Når flatsida skulde høvlast sat dei på bordi og det gjer mange snikkarar endå.

Jon Line i Time skriv: Høvelbenk og strygebenk sa dei.

I  Rogaland var det til saman 10 svar på spørjelista og 3 av desse har med med strykebenk eller strygebenk. Lars Gjels får også med at når ein er 2 mann med okshøvel så høvlar ein lang betre enn med langhøvel.

Samanlagt for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland var det 44 svar på spørjelista. 14 av svara har med skottbenken som svar på korleis ein festar lange emne som skal høvlast. Så langt har vi berre presentert originale strykebenkar frå Rogaland tidlegare på bloggen. Det har vore skrive litt om nokre benkar i Sogn og Fjordane men desse er ikkje fullstendig dokumentert. Frå Hordaland har eg ikkje fått tips om gamle skottbenkar. Alle svara frå desse tre fylka viser at det kan vere grunn til å leite meir etter gamle skottbenkar i desse områda. Gjennomgangen av dei siste fylka kjem i ein siste bloggpost i nær framtid.

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 2

Høvling av golvbord med fjørhøvel på skottbenk. Av Konrad Stenvold har eg lært korleis ploghøvlane fungerer saman med skottbenken. Det er likevel mange sider av arbeidet med skottbenken som eg veit lite om. Då kan eg bruke andre kjelder til å supplere kunnskapen. Foto: Roald Renmælmo
Høvling av golvbord med fjørhøvel på skottbenk. Av Konrad Stenvold har eg lært korleis ploghøvlane fungerer saman med skottbenken. Det er likevel mange sider av arbeidet med skottbenken som eg veit lite om. Då kan eg bruke andre kjelder til å supplere kunnskapen. Foto: Roald Renmælmo

Eg held fram med den populære serien om kva som er å finne om skottbenken i svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Ei generell innleiing om materialet kan du lese i førre post som tok for seg dei 4 nordlegaste fylka i Noreg – Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Eg går gjennom fylke for fylke og siterer frå dei svara som har med noko om skottbenken.

Sør – Trøndelag

Joh. Bakken i Budal skriv: Lange stykker blev lagt på en rettbenk ; en benk med føter ved hver ende og skruv der gjennem. To lange, rette og vertikalt stående bord. 

S. J. Almås i Hølonda (i dag Melhus kommune) skriv: ved høvling av lange trestykker (fjøler) bruka dei sokalla «rettbenk«. I svaret har Almås teikna og forklart ein rettbenk og teikninga har eg lagt ved under.

Skisse av rettbenk av S. J. Almås i Hølonda frå 1934.
Skisse av rettbenk av S. J. Almås i Hølonda frå 1934.

Ola Grefstad i Meldal har intervjua snikkaren Jon Aspli og han har skrive: Bruka «skruvtvingo» til å feste lange fjøler, eller sette dei i maskinbenk, eller «skotbenk» som ein skaut fjølene i, fekk dei skotbein, bruka skottokse fyrst og så plog. Seinare kom maskinplogane som gjorde arbeidet for båe desse. 

Ola J. Rise i Oppdal har skrive: Skottbenk var vel 2 fjøler på kant med rom imillom til det ein skulle høvle, «skjøt«.

Av 7 svar frå Sør-Trøndelag har vi 4 som har skrive om skottbenken. To har brukt nemninga skottbenk og to har brukt nemninga rettbenk. I tillegg har Ola Grefstad skrive om maskinbenk og maskinplogar. Truleg er dette siste ploghøvlar som høvlar både rett kant og pløyer i same operasjon. Om det er nokon skilnad på «maskinbenk» og skottbenk er vanskeleg å seie ut frå forklaringa hans? Det kan vere lagt inn andre funksjonar i benken som gjer at han vert kalla maskinbenk? Kanskje er det benketypen som Thor Aage har funne i Oppdal som vert kalla «maskinbenk»? Det er slåande at benken er laga slik at det lause langbordet har spiler gjennom foten for at det skal halde seg rett når ein justerer med skruven. Kanskje det er tenkt slik at ein kan høvle begge vegar med høvelen og sleppe å endsnu bordet for å høvle andre kanten? «Maskinplog» kan vere ein ploghøvel som skyt bordet og pløyer i same operasjon slik som dei siste ploghøvlane eg har laga?

Hedmark

Håvard Skirbekk i Elverum skriv: Omframt den vanlege høvelbenken hadde dei pløybenken, der dei oksa plankar og gjorde not og fjør.

Aksel Andreassen i Løten skriv: Pløybenk (på Ringsaker «skottbenk«). På den høvla vi pløgjinsbord. Oksbenk til høvling på breisida. Teljebukk til underlag når dei skulle «bjelke» tømmer. 

S. J. Svenskløe i Nes (i dag Ringsaker kommune) skriv: På gardane hadde dei ein «skotbenk«, 5-6 meter lang. På den pløgde dei bordi. Dei la ein breid plank på benken når dei skulde pløgja, eller uksa lange bord. Den og var 5-6 meter. Ein «skotbenk» var laga av 3 sterke bukkar, ein planke som sat fast i bukkane på kant og ein like lang laus som stod på knektar, ein knekt i kvar bukk.

Håvard Skirbekk i Våler skriv: Utanom høvelbenken hadde dei skotbenken, «skottbenk«, ein benk av 2 – 2» plankar, den eine fast, den andre til å bleige fast med kilbleig. Skottbenken var 6-7 meter lang og vart brukt til spunningsbord (panel) o.l.

Av totalt 10 svar frå Hedmark er det 4 som har med skottbenken. Nemningane er pløybenk og skottbenk. Det er to svar frå Håvard Skirbekk og det skuldast at svara frå han er intervju med eldre snikkarar.

Møre og Romsdal

Knut Steinsvik i Dalsfjord (i dag Volda Kommune) skriv: Skotbenk – timmerstokk med påspikra bukrokar der ein feste med kilar bord som skulde skytast beine (rette), t.d. golv, bordkledning, paneling o. a. 

N. A. Lillebø i Sunnylven (i dag ein del av Stranda kommune) skriv: Ingen skilnad millom hjulmakar- og snikkarbenk, men bygningssnikkarane måtte ha plogbenk.

J. Haddal i Hareid skriv: Skotbenk – til det var brukt 2 plankar med skotne kantar (rette). Millom desse plankar sette ein det bordet som skulde skytast. For å halda bordet fast millom plankarne, hadde ei kilar paa sidorne. Haddal har også ei skisse som viser snitt av denne skotbenken med ein skothyvel.

Snitt av skotbenk og skothyvel teikna i svaret frå J. Haddal.
Snitt av skotbenk og skothyvel teikna i svaret frå J. Haddal i Hareid.

Jakob M. Bjørlykke i Sande kommune skriv: Forutan høvelbenk hadde dei også skotbenk. Skotbenken hadde 2 undeliggande tvertred med hakk på enden, og ved dette hakket feste dei då bordet som skulde skytast, med kilar. Bord som skulde høvlast til bordklædning og slikt, la dei berre paa ein vanleg bænk og sat 2 mann med ein tvimannshyvel, medan ein skuva og ein drog.

Hans Skeidsvoll i Tresfjord skriv: Forutan høvelbenk bruktest skaatbenk til aa «skjøte» og pløgje golv- og loftbord paa.

Bertil Bjørlykke i Volda skriv: Hadde dei arbeidsstykke som var for lange for vanlege hyvelbenkar, so brukte dei skotbenk. Det var tvo plankar lagde på kant, og so sette dei fjøli dei skulde hyvla, fast ned imillom, og skaut henne bein på den måten. Dei hadde då fest klampar under hyvelen, så han tok passeleg mykje.

Av totalt 18 svar frå Møre og Romsdal er det 6 som skriv om skottbenken. Benkane som Jakob M. Bjørlykke og Knut Steinsvik skriv om har eg litt vanskeleg med å sjå for meg. Det er mogleg skissa til J. Haddal viser ei tilsvarande benk? Det har vore veldig artig om vi kunne finne ein original skotbenk av denne typen i dette området. Eg kjenner ikkje til gamle skottbenkar frå Sunnmøre, men dei finnast i rikt monn på Nordmøre og i Romsdal. Kanskje vi har leita berre etter det vi kjenner som skotbenk og då oversett ein skotbenkvariant som ikkje hittil er dokumentert her på bloggen eller andre stader. Her må nokon ut og leite etter gamle benkar på Sunnmøre.

Oppland

G. Klevgard i Etnedal skriv: Skulde lange bord og planker pløgjas saman til paneling eld golv var det brukt skøtbenk.

S. A. Jørstad i Fåberg (i dag Lillehammer kommune) skriv: Tell-benken til aa halde fast planken medan dei høvla og pløygde golvplankane, med 3 høvler.

Jo Turtumøygard i Lom skriv: Likeeins var det skotbenk, til bruk når ein skulde skjote (høvle) borda bein på kant. Det var to lange beine fjøler som stod på kant og kunde førast nære og lenger frå kvarandre. Ein sette bordet millom desse og festa det med bløyg

Thv. Gaarder i Gran skriv: Skøtbenk til langhøvling, not og fjør.

A. Kløvrud i Nordre Land skriv: Dei hadde ei greia som dei festa store fjøler i som dei kalla kjerringa. Her er det uklart kva han meiner sidan han ikkje nemner at det er lange fjøler det dreier seg om, eller at fjølene vert festa for å høvlast på kant. Eg har det med likevel så nokon kan undersøkje kva han meiner med «kjerringa» i den samanhengen.

Ola Breivegen i Ringebu skriv: Dei hadde vanleg høvelbenk,  og so hadde dei noko dei kalla skottbenk. Skottbenken var veldig lang. Han brukte dei når dei skulde skjote (eller fuge) i hop noko riktig langt og so når dei pløygde bord. (Skottbenkar var det svært få som hadde, og dei gjekk i lånom.) På skottbenkene var det berre ein skruve og nokre haka til å halde bordet inntil benken med.

Halvor Trønsehaugen i Sør-Aurdal skriv: Naar dei festa lange stykker da hadde dei tillaga noko dei kalla for skøttbenk. I den pløygde dei også både gulvplanker og hemlingsbord

Det er ingen av svara frå Oppland som har skisser som viser utforminga av skottbenkar. Dette biletet er henta frå Maihaugens bok om Handverk frå år 2000. Teksten til biletet er: To mann høvler not og fjær på golvbord med okshøvel. Demonstrasjon i Vågå i 1987.  Det er heilt klart ein skottbenk med tilhøyrande høvel vi kan sjå på biletet, men dette er ikkje informasjon som er opplyst om i boka. Det kan altså vere grunn til å undersøkje om denne skottbenken framleis kan finnast i Våga.
Det er ingen av svara frå Oppland som har skisser som viser utforminga av skottbenkar. Dette biletet er henta frå Maihaugens bok om Handverk frå år 2000. Teksten til biletet er: «To mann høvler not og fjær på golvbord med okshøvel. Demonstrasjon i Vågå i 1987.» Det er heilt klart ein skotbenk med tilhøyrande høvel vi kan sjå på biletet, men dette er ikkje informasjon som er opplyst om i boka, det er mine tolkingar. Det kan altså vere grunn til å undersøkje om denne skottbenken framleis kan finnast i Våga?

I Oppland er det heile 7 av totalt 18 svar som nemner skøttbenk eller liknande nemningar. Svaret frå Kløvrud kan vere noko usikkert og såleis er det kanskje 6 stk. vi snakkar om? Det er likevel ein stor andel av svara som har med skottbenken og forklaring. Det har vore slåande få funn av gamle skottbenkar frå Oppland som vi har fått dokumentert her på bloggen. Eg har kjennskap til ein på Toten og har sett ein på Lillehammer for ein del år tilbake. Det har også vore ein på Hadeland som vi ikkje har klart å spore opp. Det kan vere eit stort potensiale for å finne gamle skottbenkar i Oppland og presentere dei på bloggen.

Totalt for Sør-Trøndelag, Hedmark, Møre og Romsdal og Oppland var det 53 svar på spørjelista. Av desse er det 20 stk som har skrive om skottbenk eller tilsvarande. Her er det litt meir variasjon i både utforming av benkar og på nemningar. Det er eit grunnlag for å gå vidare både for å leite etter benkar som ser annleis ut enn dei vi etterkvart kjenner frå bloggen, og også for å bruke dei aktuelle nemningane i vidare søk etter skriftlege kjelder. Totalt har eg gått gjennom i overkant av halvparten av alle svara på spørjelista og presentert i denne og førre post: Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Det går att i fleire av svara at ein skil mellom det å høvle golvbord (golvplankar) og himlingsbord (hemlingsbord). Det tyder på at det er skilnad på utforming og/eller arbeidsmåten på desse. Slike detaljar er det ingen som kjem inn på i svara sine. Eg kjem tilbake med fleire postar i denne serien og vil freiste å gå gjennom alle svara.

Kjelder:

Buggeland, Tord. «Maihaugens bok om handverk«. Maihaugen 2000

Svarmateriale frå spørjeliste nr 2. Snikkarhandverket, Ord og Sed, Norsk Folkeminnesamling, 1934.

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1

Skottbenken frå Kverndal i Målselv er ei av mange gamle skottbenkar som vi har presentert her på bloggen. Eigarane av denne hadde ikkje kjennskap til namnet eller bruket av denne. Slik informasjon må vi då hente frå andre kjelder. Foto: Siv K. Holmin
Skottbenken frå Kverndal i Målselv er ein av mange gamle skottbenkar som vi har presentert her på bloggen. Eigarane av denne hadde ikkje kjennskap til namnet eller bruken av denne. Slik informasjon må vi då hente frå andre kjelder. Foto: Siv K. Holmin

Sidan skottbenken ikkje er ein del av pensum i formalisert fagutdanning i snikkarfaget og ikkje med i faglitteraturen i faget er det ikkje så lett å finne felles, eller gode, nemningar på benken, delar av benken og arbeidsmåten. Vi har nokre spreidde kjelder som er med i oversikta over litteratur om skottbenk i menyen over. Vi har også presentert nokre bloggpostar om både nemningar og om ulike skriftlege kjelder. Med søkefunksjonen i bloggen kan ein enkelt spore opp alt som er skrive. Det er eit materiale som har vore nemnd ved nokre høve men som ikkje er skikkelig forklart; svara på spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling. Spørjelista vart sendt ut til snikkarar i heile Noreg i 1934. Det kom inn 168 svar, nokre er særs omfattande og detaljerte og andre har lite informasjon som er nyttig for oss. Eg har skrive ein artikkel med utgangspunkt i noko av dette materialet, Kjellingfot og ronghake – nemningar i snikkarhandverket omsett til handverkspraksis. Der skriv eg meir om bakgrunnen for spørjelista. Eg har også posta på høvelbenkbloggen om dette. Artikelen har utgangspunkt i svara på spørsmålet om høvelbenken.  Spørsmålet var formulert slik:

«Høvelbenken. Brukte dei andre måtar å festa arbeidsstykket enn i høvelbenk? Kann nokon hugsa ei tid dei ikkje nytta høvelbenk? Gjorde ein skilnad mellom hjulmakarbenk og snikkarbenk, og kva var skilnaden? Gjer greie for namni på dei ymse delane av høvelbenken. Var det t. d. tilsvarande eller andre nemningar på det som nemnest her: framtange, baktange, tangeskruve, platerom, benkehakar o. s. b. Uttrykk for å feste lange stykke som ikkje fekk rom på sjølve benken.»

Spørsmåla er godt formulert og grundig gjennomarbeidde. Det er tydeleg at dei som har laga spørsmåla har god kjennskap til snikkarhandverket. Likevel er nok spørjelista i stor grad basert på faglitteraturen i snikkarfaget. Denne er for det meste omsett frå tilsvarande utanlandske bøker og avspeglar i liten grad det tradisjonelle snikkarhandverket på bygdene i Noreg. Døme på dette er spørsmålet om skilnaden på hjulmakarbenk og snikkarbenk. Det baserer seg på ei feilaktig omsetjing frå terminologi på dansk der ein snakkar om karetmagerbænk som ein høvelbenk som var populær blant vognmakarar og som hadde ein spesiell baktange. Det ser ut til at det berre var eitt av dei 168 svara som hadde forstått dette og svart på dette. Tilsvarande var det også med nemninga benkehakar som var misforstått av dei aller fleste som har svart.

I innleiinga til spørsmåla er det forklart at det er dei lokale nemningane ein er ute etter og at det er bra om dei kan skrive orda slik dei vert uttala. Soleis er det stor variasjon i skrivemåtar i svara. Når det gjeld skottbenken spesielt så gjer fråværet av han i litteraturen at snikkarane ikkje har noko referanse til korleis ein skal skrive namnet.

Eg tvilar på at dei som formulerte spørsmålet «Brukte dei andre måtar å festa arbeidsstykket enn i høvelbenk?» tenkte på skottbenken? Eg har likevel tatt meg tid til å gå gjennom alle dei 168 svara, nærare 2000 handskrivne sider, for å sjå etter om skottbenken er med. Eg går gjennom svara fylkesvis og startar lengst nord i landet. Stadnamna eg brukar er dei som er oppgjeve i svaret. Som regel er det kommunenamn. Kommunestrukturen i 1934 var annleis enn i dag så det er ikkje heilt lett å få oversikt over geografien. Eg har likevel freista å merke posten med geografi-kategoriar ut frå dagens kommunestruktur. Nokre kommunar vart delt mellom fleire større kommunar i samband med samanslåing (Hillesøy og Sør-Rana) og då kan det vere vanskeleg å vite kor eg skal plassere svaret i høve til kommunestrukturen i dag. I vår samanheng er det ikkje eit stort problem om svaret er knytt til feil kommune. Eg skriv namnet på den som har svart så det går an å gjere meir inngåande undersøkingar lokalt.

I Finnmark er ikkje skottbenken med i det eine svaret som kom inn frå fylket. Vi har  tidlegare vist til andre kjelder som dekkjer tradisjonen med skottbenk i Finnmark. Eg startar difor med Troms.

Troms

Snikkaren Jens Solvang i Hillesøy kommune (i dag ein del av Tromsø kommune) var erfaren snikkar og hadde fleire svar som  var illustrerte. Om skottbenken skriv han: Den tid ein sjølv høvla og pløydde golv- og loftbord bruka dei «skottbenk» og «skotthøvel» til å høvle rett kant og pløye i. Han har og teikna ei skisse av ein skottbenk som har langbord på 8 alen. Han skil mellom golvbord og loftbord sjølv om desse kan sjå ganske like ut. Med loftbord meiner han nok bord som fungerer som golvbord på loftet men som også er synleg himling i etasjen under. Slike er det vanleg å høvle flate på margsida og pløye dei etter denne. Så legg ein borda med margsida ned. Baksida som vender opp kan vere meir eller mindre høvla.

Skisse av skottbenk teikna av Jens Solvang, Hillesøy i 1934.
Skisse av skottbenk teikna av Jens Solvang, Hillesøy i 1934.

Henri Reiersen på Skjervøy skriv: Ja, jamnt brukte dei skottbenken, fem alner lang, tvo «bokker«, støttestativ i endene og eit «sagbord» 6 tummar breid, tvo tjukk, fast i bukkane på kant (upp ned) og eit av same slag attmed og det kunde stillast tett inntil det faste eller frå ved kiler som vart slegne millom ein vinkelkloss og denne lause bordfjøla. Når snikkaren skulde kanthøvle eller pløye var det godt å kunne ha denne innretning. Og når snikkaren skulle høvle lange bord so la han nokre bord ovanpå bokkane og desse to kantståande borda hvis øverste kant svarte til øverste ende av bokken.

I Troms var det til saman 8 svar som kom inn. Dei to som har med skottbenken i svaret har også svart utfyllande på dei andre spørsmåla. Sjølv om det verkar som om skottbenken var vanleg og utbreidd i Troms på denne tida så har både Jens og Henri ei inngåande forklaring av benken og bruken. Eg tolkar det som at dei rekna med at dei som skulle lese svara trong denne innføringa for å forstå? Sidan skottbenken ikkje er nemnt i spørsmåla så skulle det tyde på at han var ukjent for dei som har laga spørsmåla? Skottbenk er den gjennomgåande nemninga i Troms. Det er døme på både skruvar og kile til stramming. Jens nemner og skotthøvel som namnet på høvelen til skyting av bord.

Nordland

Olav Engen i Sør – Rana (i dag truleg del av Hemnes kommune) skriv: Til å retta («skjota«) lange emne, golvplankar t.d. hadde dei sokalla skotbenk – 2 lange plankar nøgje beinka i yvekanten, festa i kvar sine to føter i passeleg lengd frå båe endar, kvart fotpar standande på ein tung tverrklamp, den eine litt lauseleg – rørleg – so dei med ein skruv eller eit drev kunde persa plankane saman um emnet, eller losna på dei og ta det ut att – det settast fast millom plankane med passeleg kant uppum til å høvla av med ein mei-okse, ein oksehøvel med to listor – meiar – fest under som gjekk på benkjeplankane på kvar si sida av emneplanken og sa frå når det var høvla nokk: kanten på emnet vart då retta, beint, som benkjekanten var. 

J. Fondal i Meløy nemner: Høvelbenkens høide er i skrittmålet på snikkarane. Skottbenken.

Fridtjov Wahl i Lurøy nemner: Høvelbenk var kjent, men dei nytta og skottbenk som dei nytta når dei pløgde bord. 

Ragnvald Mo i Saltdal nemner: Til å retta opp lange trestykke hadde dei skåttbenken

Også i Nordland er nemninga skottbenk gjennomgåande i dei 4 av totalt 14 svar som har nemnt skottbenken. Skrivemåten varierer mellom «skottbenk», «skåttbenken» og «skotbenk». Olav Engen nemner «mei-okse» som nemning på høvelen. Han nemner og «benkjeplankane» som nemning på langborda.

Nord – Trøndelag

Hans Vold i Frosta skriv: (først om høvelbenken) Dessutan har vi endno : oksbenk – lang planke – som lange bord okshøvles paa. Ataat disse har vi ogsaa: skottbænk for samanskjoting og pløining av gulvbord.

Olaf Tessem i Beitstad skriv: «Eg nyttar tre oksehyvla. Det er grovpjaulen med enkel tann med lidt rundig eg, omtrent slik (utydelig skisse). Den høvel skærer jupt og let. Den tjener istedet for øksen til at take (det) meste. Så nytter man oksen som er noget finere instillet og derpå finoksen med helt retslipet tann. Enda er ikkje bordet helt plant. Man må nu take rubanken, en skothøvel umkring en alen lang. Til finere arbeider må man have en skothøvel med lidt bredere tann retslipet og fint instillet. For at gjera det enda finare må man enda gå det over med slethøvlen. Den lyt vere mykket kvass og klaffen skruet såleis at den ikkje river en flis ved motved eller kvist. .. Den tid man arbeidet op loft og gulv, brukte dei ein skotbenk. Det vart to lange planker stillet på kant. Det var fastgjorte i to føter med et beveglige ben. Når et gulvobord skulde skøites (skytes?) og pløyes, vart det set imellom planken, som vart sammenklemt med grove skruer eller drev. Nu vart kanten høvlet med skotoksen. Denne var forsynet med spormeier eller klamper på kvar side. Skulle der pløyes fjer måtte plogen have lignende klamper. Sovare arbeid er no helt gået av bruk. Der ere høvlemaskiner som gjer arbeidet ganske billigt

Olav Urstad i Harran (i dag ein del av Grong kommune) skriv: Naar dei pløgde saman golvbord brukte dei skottbenk d. v. s. to plankar sette på kant  og imellom desse feste ein golvplanken ved å kile plankane saman med bløygar

H. O. Naem i Kvam (i dag ein del av Steinkjer kommune)  skriv: Ein annan slags benk som bruktes naar der skulde høvles lange bord  og plankar t. d. til golv og loft, var «skotbenken«. Den måtte helst vere noko lengre enn det som skulde høvles. Den var laget av to 2″ x 6»  eller bredere planker som stod på kant i to stativer, den fremste festet til disse og den andre bevegelig. Millom desse plankar vart saa det som skulde pløiast sat fast  med kilar, saamykje høgare enn skotbenken som «fjera» (plognaden). 

Edv. Kruken i Leksvik skriv: «Når bord skulde settes sammen til større bredde som måtte felles sammen i kantene særskilt når der var lange materialer så som gulv m. v. blev der brukt en slags benk som kaldtes skåttbenk. Det kaldes å skjøte bord sammen. … Å sette ihop flere fjøle eller planker til en bred flate kaldes å skjøt sammen, var det også fuget sammen så kaldtes det å pløie sammen, så kaldtes det å pløie sammen. Begge dele kunde være limet. Fugen kaldtes fårr og den delen som gikk neri fugen kaldtes fjerr. Det var gølvbord og loftbord».

Ingolv Svinset i Ogndal (i dag ein del av  Steinkjer kommune) skriv: Uframt høvelbenk brukte dei og skotbenk (lengre type). Lange stykke vart festa i skotbenk

I Nord-Trøndelag er skottbenken med i 6 av 11 svar. Skrivemåten varierer mellom «skåttbenk», «skotbenk» og «skottbenk«. Hans Vold nemner oksbenk bruka til å høvle flask på borda.

I dei fire nordlegaste fylka var det til saman 34 svar på spørjelista om snikkarhandverket. 12 av svara hadde med skottbenk men ein eller anna variant av skrivemåten. Dei fleste har også gitt ei ganske detaljert forklaring av korleis benken ser ut og korleis han vert brukt. Når ein ser det opp mot at det ikkje var spurt spesielt om skottbenk eller pløying av bord så er det stort for oss i Norsk Skottbenk Union at så mange likevel har tatt med skottbenken i svaret. Dei fire nordlegaste fylka sør til Trondheimsfjorden er omlag halve Noreg. Eg vel då å stoppe med dei i denne fyrste delen av gjennomgangen av svarmaterialet i Ord og Sed. Resten av Noreg får kome i 2 eller 3 postar til kring same tema.

%d bloggarar likar dette: