Trond Oalann med skottbenken i bakgrunnen. Frå kurs i høvling og høvelmaking på Voss i 2008. Foto: Roald Rennælmo
Trond Oalann var tidleg ute med å lage sin eige skottbenk. Alt i år 2008 då vi hadde kurs i høvelmaking og høvling på Voss kunne han stille med sjølvlaga skottbenk. Dette var før stiftinga av Norsk Skottbenk Union og difor vart det ikkje då skrive noko på bloggen om at Trond er kvalifisert og teke opp som medlem. Korkje Trond sjølv, eller eg, har hugsa å poste på bloggen om skottbenken til Trond slik at han kan verte offisiell medlem i Norsk Skottbenk Union. Kravet for å bli teke opp som medlem i Unionen er at ein har snikra sin eige skottbenk og kan vise at han fungerer. Dette må ein også sørgje for å få posta på bloggen vår slik at det blir «offisielt». Ein kan anten poste sjølv på bloggen, eller få ein av oss som skriv på bloggen til å poste bilete og litt tekst. Her kan du lese meir om korleis ein går fram for å bli medlem i Unionen: Om Norsk Skottbenk Union.
Høvling av golvbord på skottbenken til Trond Oalann. Her er det Erik Alfred Tessaker som høvlar.
Erik Alfred Tesaker er kanskje mest kjent frå NRK serien Oppfinneren. Her høvler han golvbord på skottbenken til Trond Oalann.
Erik Alfred høvlar golvbord.
Detalj av skottbenkbukk
Skyting og pløying av golvbord.
Skottbenken til Trond Oalann i bruk.
Pløyving av golvbord.
Pløying av golvbord. Golvplog.
I samband med produksjonen av NRK programserien Oppfinneren har Trond Oalann vore involvert som ekspert på tradisjonelle stavkonstruksjonar. Der har han vore med å byggje drømmetårnet til Erik Alfred Tesaker i ein byggjeteknikk som gjerne vert kalla for stegeverk og som er ein variant av grindbygga ein finn på Vestlandet. I år var også Trond med og hjalp til med delar av konstruksjonen til det nye kjøkkenet som Erik Alfred byggjer til huset sitt. Då tok Trond med seg skottbenken sin til utlån slik at Erik Alfred kunne høvle seg skikkelig golv til sitt nye kjøkken.
I Gyland som ligg i Flekkefjord kommune har ikkje Erik Alfred kome over lokale originale skottbenkar. I heile Vest-Agder fylke er det dårleg stelt med slike høvelbenkar. Det er berre i Marnadal at vi kjenner til at skottbenk har vore brukt gjennom svarmaterialet i spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Vi har ikkje kome over gamle skottbenkar i fylket. Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Østfold, Akershus og Oslo er alle fylka som ikkje kan vise til gamle originale skottbenkar. Om du kjenner til skottbenkar frå nokon av desse områda så er vi svært takksame for tips. Vi har ei eige side på bloggen der du kan sende oss tips om funn av lokale skottbenkar:
Vi ynskjer Trond Oalann velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union og ser fram til at han støttar oss vidare i dette viktige arbeidet med å fremje skottbenken. Vi oppmodar også andre som har snikra seg skottbenk om å sende oss bilete og informasjon slik at vi kan få lagt det ut på bloggen. Vi veit det er ein del mørketal, slike som har laga seg skottbenk og høvlar men ikkje har fått sendt inn dokumentasjon til oss. Eg kan nemne at det så langt ikkje er nokon av handverkarane frå Røros/Os som er registrert som medlemmar enda det truleg er kring 10 nybygde skottbenkar i bruk i området.
Kursdeltakar på høvelkurs på Voss i 2008 høvlar på skottbenken til Trond Oalann. Foto: Roald Renmælmo
Det har vore ganske stille frå våre sympatisørar på Vestlandet når det gjeld å presentere nye eller gamle strykebenkar her på bloggen. Vi kan lese på andre bloggar at det er litt aktivitet sjølv om det ikkje når heilt fram til oss som følgjer spent med her på bloggen om det skal dukke opp noko snart. Enn så lenge har vi ikkje fått presentert ordentleg ein einaste gamal original benk frå Hordaland eller Sogn og Fjordane. No har det omsider kome inn tips frå Arne Høyland om ein strykebenk på Osterøy. Han skriv litt om det på sin eige blogg Byggjeskikk.
Bukk til strykebenk. Denne står i dag i Bruvik kyrkje på Osterøy. Foto: Arne Høyland
Bukken er ein type som minner mykje om dei vi finn i Trøndelag og på Nordmøre. Han har vore stramma med kile som blir slått gjennom ein spenntapp. Langborda har vore festa i ein fals på stavane slik som er vanleg. Truleg har dei vore festa med spikar eller skruvar. Arne foreslår at bukken har vore brukt i ein skottbenk som har vore brukt i samband bygging av kyrkja. Bruvik kyrkje vart bygd i 1867 av byggmeister Ole Vangberg. Ole finn vi som busett i Bergen i 1885 i følgje folketeljinga det året. Då er han registrert som byggmeister på adressa Wesenbergsmuget 4, gård nr. 23-7c. Han er då ført opp som fødd i 1833 i Frosten pr. Trondhjem som fødestad og kona med Strinden Trondhjem som fødestad. Det kan kanskje forklare korfor denne bukken har så mykje felles med tilsvarande i områda rundt Trondheim? Det er ikkje godt å vite om benken har vore laga etter lokale tradisjonar, eller om det var byggmeisteren frå Trøndelag som stod for utforminga basert på sin tradisjon? Uansett er det i alle fall veldig artig at benken er teke vare på i kyrkja og at han mest truleg kan knytast til byggjearbeidet i 1867.
Det er no mogleg for medlemmar og sympatisørar å gjere nærare undersøkingar av både benken og kyrkja. Det er store sjansar for at det kan finnast material i kyrkja som har vore høvla på denne benken. Ole Vangberg var og byggmeister på ei rekkje kyrkjer på Vestlandet og ei oversikt over det finnast i Norsk kunsterleksikon som har eit eige oppslag om Vangberg. Kanskje kan det vere tilsvarande benkar i nokon av dei andre kyrkjene? Eg vil rette ei stor takk til Arne Høyland som tipsa om denne benken.
Einar Strand i Nord-Trøndelag høvlar med skottokse på sin nylaga skottbenk. Skottbenken er laga med utgangspunkt i gamle originale skottbenkar. Den låge benken til venstre er for å høvle flask på borda før kanthøvling. Foto: Roald Renmælmo
Eg held fram med gjennomgangen av svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesmling. Eg har frå før posta del 1. og del 2 med gjennomgang av dei nordlegare og austlegare fylka. Den generelle innleiinga som beskriv materialet og arbeidsmåten min er med i del 1.
Sogn og Fjordane
Ivar Rauboti i Balestrand skriv: Ikkje kjent noko redskap i staden for høvelbenk, men til å kantstryka lengere bord og plankar hadde dei strokbenk.
G. G. Bekmann i Hafslo (i dag ein del av Luster kommune) skriv: Strjukebenk: planke med trekloss og blegg.
Helge Dale i Hafslo (i dag ein del av Luster kommune) skriv: Når det var berre kantskjoting brukte dei strokbeink, strukebeink, tvo plankar festa loddbeint til stolpar, mellom plankane festa dei bordet som skulde «skjotast«.
K. Gjesme i Lærdal skriv: Dei brukte, å brukar endå, ein skåtbeink til å beinskjota bori i. Han saog paolag soleis ut. 1. (plo) aos te ha unde. 2. Ein planke pao kor sia. 3. Imødlo dei plankad´n bore so ska hevlast beint. 4. Føted´n me klemma uppe før plankad´n. 5. Kjila te å slao plankad´n å bore fast me.
Skisse av skåtbeink av K. Gjesme i Lærdal. Tala på skissa er forklara i teksten. 1. (plo) aos te ha unde. 2. Ein planke pao kor sia. 3. Imødlo dei plankad´n bore so ska hevlast beint. 4. Føted´n me klemma uppe før plankad´n. 5. Kjila te å slao plankad´n å bore fast me.
A. B. Vansråk i Kyrkjebø (i dag ein del av Høyanger kommune) skriv: Skotbenk
Anders Barmen i Selje skriv: Når ein skulde «skyta» kanten på t.d. uferdige bordkledsbord hadde dei ein «skotbenk» med nokre kilar i staden for skrue.
M. H. Berstad i Selje skriv: Ein bruka «skotbenk» med «benkehakjo», ja skotbenken var nytta heilt til 1890-åra.
Wilhelm Kvalheim i Volda (svaret gjeld for Vågsøy) skriv: Skotbenken laga ein av ein lang planke og kunde verta laga for høvet når ein bygde eller vølte hus.
Skotbenk som illustrerer svaret frå Wilhelm Kvalheim
Olav Sagen i Årdal skriv: Skotbenk som dei skaut bordi på.
I Sogn og Fjordane kom det inn til saman 15 svar på spørjelista. Heile 9 av svara nemner skottbenken med ein eller annan skrivemåte. 6 av svara har nemninga skotbenk eller varianten skåtbeink. 3 av svara har nemninga strokbenk eller strjukebenk. Det er nokre av forklaringane og teikningane som tyder på at desse svara beskriv andre typar benkar enn det vi vanlegvis snakkar om med skotbenk. Skåtbeinken som K. Gjesme har teikna er bygd opp på ein annan måte enn dei vanlege. Han er bygd opp med ein kraftig ås (aos te ha unde) som står på føter. Tilsvarande seg eg ser for meg kan stemme med korleis nokre av svara frå Møre og Romsdal beskriv i posten om Skottbenken i Norsk Folkeminnesamling, del 2. Benken som Wilhelm Kvalheim har teikna minner ein del om benken som Arne Høyland har skrive om på sin blogg.
Hordaland
Haldor Kåstad i Bruvik (delt mellom Osterøy og Vaksdal, dette gjeld truleg Vaksdal) skriv: Til å retta materialen vart den set i rettebenken, so var ein 8 alen lång, med påsett 2 klåsser frå undersiden, med håkar tå tre festa det fast, brugtes kjilar. Den arbeidsmåten brukes endå i bygder dei har skog og ikkje når the å få det opparbeidt på masjinar.
Knut Dalen i Røldal (i dag ein del av Odda Kommune) skriv: Strykebenken var bere i bruk når ein skulde kanthøvla lange bord, t.d. golvbord. Ein bruko da meihøvle. Han vart kalla so av di han hadde «meiar«, smale ripor på båe sidor av solen. Det bordet som skulde høvlast rett i kant , vart sett fast millom tvo bord som høyrde til benken. Benken sine bord laut vera heilt retta og nøgje vinkla i øvre kant. Når eit bord skulde rettast, let ein det stikka litt høgare upp enn benken sine bord. Meiane på høvlen gjekk då på ustida av det bordet ein høvla, og når bordet var nedhøvla slik at meiane tok benkebordi, var kanten på det rett.
Skisse av strykebenk i svaret frå Knut Dalen.
Frå Hordaland var det heile 19 svar på spørjelista om snikkarhandverket. Berre to av desse har med noko om strykebenken eller rettebenken, som er dei to nemningane som er brukt. Heldigvis er båe dei to svara ganske utfyllande og detaljerte. Knut Dalen har og med ei skisse som viser korleis strykebenken ser ut og korleis ein kiler fast borda.
Rogaland
Lars Gjels i Jelsa (i dag Suldal kommune) skriv: «Strykebenk» laga man mangesteds naar det trenges for at kantstryke og pløie gulvbord o. lign. Gjøres av 2 mand med okshøvel langt bedre end med langhøvel, festes med 2 kiler i strygebenken. Okshevla, = 2 mand arbeider sammen, uten høvelbenk. Kanthogge, stryga på kant og pløia (alt dette i strygebenk), for å lage gulvbord. Strygebenk lages av 2 solide rettkantede passende lange bord sat på kant i to sterke krakker. Mellom disse bord og krakken kjiles arbeidsvirket fast og rettes med øks og okshøvel med påsatte meier, samt pløies. To mand arbeider sammen.
Edvard Kageberg i Sjernarøy (i dag Finnøy kommune) skriv: Dei brukte strykebenk til å stryka (høvla) av bordi på kanten. Ein strykebenk var to krakkar med eit fast bord og eit laust bord. Når flatsida skulde høvlast sat dei på bordi og det gjer mange snikkarar endå.
Jon Line i Time skriv: Høvelbenk og strygebenk sa dei.
I Rogaland var det til saman 10 svar på spørjelista og 3 av desse har med med strykebenk eller strygebenk. Lars Gjels får også med at når ein er 2 mann med okshøvel så høvlar ein lang betre enn med langhøvel.
Samanlagt for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland var det 44 svar på spørjelista. 14 av svara har med skottbenken som svar på korleis ein festar lange emne som skal høvlast. Så langt har vi berre presentert originale strykebenkar frå Rogaland tidlegare på bloggen. Det har vore skrive litt om nokre benkar i Sogn og Fjordane men desse er ikkje fullstendig dokumentert. Frå Hordaland har eg ikkje fått tips om gamle skottbenkar. Alle svara frå desse tre fylka viser at det kan vere grunn til å leite meir etter gamle skottbenkar i desse områda. Gjennomgangen av dei siste fylka kjem i ein siste bloggpost i nær framtid.
For ei tid sidan hadde vi ein post om skottbenken til Ellev Steinsli som var spesielt utvikla til snikring av dører. Vi var inne på at denne benken var inspirert av «Jarlebenken» men med nokre modifiseringar i form av ein lågare benk på sida og stramming med kilar. Systemet for fastspenning verka for meg å vere nytt? No viser det seg at Ellev ikkje var først med akkurat denne varianten, han har ikkje hevda det heller. Knut Dalen i Røldal har midt på 1930-talet teikna ein strykebenk som nyttar same prinsippet for fastspenning, kile og kontrakile på høgkant. Knut har med namnet strykebenk som er vanleg elles i Hordaland og sørover. Han har også med nemninga «benkebord», om desse har vi få døme på nemningar, men langbord er kjent frå tidlegare.
Strykebenken frå Røldal teikna av Knut Dalen. Teikninga er frå svar til spørjelista om Snikkarhandverket i Ord og Sed på 1930-talet
I bygdebok for Huglo skriv Einar Heldal (fødd 1915) om då han fekk vere med Knut Brandvik (1859-1942) våren 1931 og bygge eit vilkårshus.
«Høvlinga var tungt arbeid. For bordhøvling med økshøvel sat me på bordstabelen og drog høvelen mellom oss. Me hadde to økshøvlar til dette arbeidet, ein grov-stilt og ein som var finare stilt til sluttarbeidet. Eg var dugeleg sår i bakenden den sommaren. Knut hadde arbeidd seg ein strykebenk som borda vart høvla rettkant i. Så var det pløying: me høvla not og fjør på golvbord og innvendig kledning.» (Bygdebok for Huglo, 1998)
Her er det også brukt namnet strykebenk. Her er det tydeleg at dei ikkje brukte ein eige benk til å høvle flask, men brukte bordstabelen som underlag for høvlinga. Det ser også ut til at strykebenken berre var brukt til retting av kanten og at det var andre høvlar til pløyinga av golvborda. Beskrivelsen av dei to okshøvlane (stava økshøvel) med forskjellig stille, stemmer med tilsvarande skildringar frå Trøndelag og Nord-Noreg. Det er ikkje med namn på høvelen til strykebenken men det kan kanskje vere strykhøvelen som Trond Oalann tidlegare har vore inne på? Det er naturleg at strykebenk og strykhøvel heng saman språkleg.
Kjelder:
Huglo bygdelag, ved Arne Sortland, Bygdebok for Huglo – Far etter menneske, Stord, 1998
I artikkelen til Trond om strykebenk i Hordaland er det snakk om å høvle veggtømmer i strykebenken (skottbenken). Då er det skrive om ein strykehøvel (skottokse) som er forklart som ein stor okshøvel med land på kvar sida. For å høvle grove stokkar eller 2-3 bord på same tid så ligg det i korta at høvelen kan vere ganske stor. Slike store høvlar med lister (land eller meiar) for å brukast i skottbenk finnast på fleire museum. Frå Osterøy museum har eg eit døme på ein slik høvel som er kring 60 cm lang, kring 1 alen med andre ord. Museet har ei omfattande samling av verktøy som det er verdt å ta turen for å sjå.
Strykehøvelen på Osterøy museum i Hordaland har registreingsnummer OM 1392. Høvelen er kring 60 cm lang og kan høvle kring 5″ bredde. Høvelstokken er ca 6″ brei. Foto: Roald RenmælmoStrykehøvelen på Osterøy museum med målestokk på breidda. Høvelen har påsette lister som djubdestopp. Foto: Roald Renmælmo
Dette er med dei største strykehøvlane (skottokse) eg kjenner til. Med denne kan ein skyte 3 stk 5/4″ bord samtidig i skottbenken. Elles kan ein stryke tømmer til kring 5″ tjukke tømmerveggar med høvelen. Til vanleg er ikkje skottoksar (strykehøvlar) lengre enn 12-14 tommar så det er eit særsyn at dei er så lange som denne. Når to mann legg seg på og dreg denne så vil den store massen til høvelen hjelpe på for å kome gjennom store kvistar og slikt.
Ola Tveiten (1881-1967) skreiv ein interessant og innholdsrik artikkel om hus og bygningsskikkar i Hosanger. artikkelen står i «Norveg» 1953. Her er eit utdrag frå denne. «Når det skulle pløgjast, dvs. byggjast med pløgt tømmer, vart tømmeret tillaga før byggjearbeidet tok til. Å laga til var å høvla, kantstyka og pløgja tømmeret, og det var oftast gjort i strykebenk. Det var mykje snarare å byggja med tillaga tømmer enn med hyvebygging.
Strykebenken var to tømmerstokkar som var strokne (hevleskotne) så beine og i vinkel som ein fekk dei. Dei var stilte opp i krykkjer som var sers tillaga til dette, og dei måtte vera sterke og godt fråseggjorne. I desse krykkjene vart dei to strokne stokkane sette med den strokne kanten opp jamhøge, og så langt i mellom at det var rom for ein tømmerstokk, og så han kunne kilast godt fast.
Til å stryka med hadde dei ein sers strykhøvel, ein høvel på skap som ein okshøvel, men større og med eit land på kvar sida. Stokken som skulle strykast, vart kilt fast og vart høvla så langt ned at lannet på høvelen tok ned på dei faste stokkane på benken, Etter betre benken og høvelen var, etter betre vart stokkane strokne. Etterpå vart dei så pløgde med tømmerplog og både stryking og pløgjing var tomanns arbeid, eit tungt slitarbeid. Golv- og panelingsbord var og strokne i strykebenk når dei hadde han oppe. Dei sette i benken og strauk 2 eller 3 bord om gongen etter så tjukke dei var.»